1 Erklæring frå toppmøtet, Bucuresti 3. april 2008
Ved stats- og regjeringssjefane som deltok på møtet i Nordatlantisk råd
Vi, stats- og regjeringssjefane i medlemslanda i Det nordatlantiske forsvarssambandet, møttest i dag for å utvide alliansen og ytterlegare styrkje evna vår til å møte dei noverande og framveksande truslane i det 21. hundreåret. Vi tok for oss den monalege framgangen vi har gjort dei siste åra for å omdanne NATO, og var samde om at dette er ein prosess som må halde fram. Vi erkjende den varige verdien av dei transatlantiske banda og av NATO som det sentrale forumet for samråd i tryggingsspørsmål mellom Europa og Nord-Amerika, og stadfeste solidariteten og det indre samhaldet oss imellom og vår forpliktande oppslutnad om den felles visjonen og dei felles demokratiske verdiane som er nedfelte i Washington-traktaten. Prinsippet om den udelelege alliansetryggleiken er grunnleggjande. Eit sterkt kollektivt forsvar av folk, territorium og styrkar er kjerneformålet med alliansen og er og blir vår viktigaste tryggingsoppgåve. Vi gjentek vår tru på formåla og prinsippa i FN-pakta.
Vi har i dag invitert Albania og Kroatia til å innleie tiltredingssamtalar med sikte på å bli medlemmer i alliansen. Vi gratulerer dei to landa med dette historiske resultatet, som dei har oppnådd gjennom fleire års hardt arbeid og eit påvist engasjement for vår felles tryggleik og dei felles NATO-verdiane. Når desse nye medlemmene tiltrer, kjem det euroatlantiske området til å bli tryggare for alle, og det vil føre oss nærmare målet om eit Europa som er heilt og fritt og lever i fred.
Vi ser fram til toppmøtet i samband med 60-årsjubileet i 2009, som vil understreke den varige verdien av dei transatlantiske banda. Vi held fram med å omdanne alliansen med nye medlemmer, betre svar på tryggingsutfordringar på grunnlag av lærdom vi har hausta, meir utplasseringsdyktige kapasitetar og nye tilhøve til partnarane våre. På toppmøtet får vi høve til ytterlegare å formulere og styrkje alliansens visjon for rolla han skal ha i arbeidet med å møte dei framveksande utfordringane i det 21. hundreåret og å bevare evna til å utføre heile sitt spekter av oppdrag, idet vi kollektivt forsvarer tryggleiken heime og medverkar til stabilitet ute. Difor ber vi Det faste rådet utarbeide ei erklæring om alliansetryggleiken som kan vedtakast på toppmøtet for å leggje endå betre til rette for denne viktige oppgåva.
I Bucuresti har vi teke imot ei rekkje partnarland, generalsekretæren i FN, Ban Ki-moon, og framståande representantar for andre internasjonale organisasjonar. Mange av tryggingsutfordringane i dag kan ikkje NATO ta hand om åleine. Best kan dei møtast gjennom ein brei partnarskap med verdssamfunnet i vidare forstand, som ein del av ei tilnærming på verkeleg brei front, basert på ei felles forståing av openheit og samarbeid og med fast vilje på alle kantar. Vi er fast bestemte på å fremje fred og stabilitet og å arbeide saman for å møte dei globale utfordringane som stadig sterkare påverkar tryggleiken hos oss alle.
Kor godt vi kjem til å lukkast med denne felles innsatsen, er i stor grad avhengig av individuelt engasjement. Vi rosar profesjonaliteten og motet til dei over seksti tusen mennene og kvinnene frå allierte og andre nasjonar som er involverte i NATOs oppdrag og operasjonar. Vi uttrykkjer vår djupaste medkjensle med familiane og dei kjære til dei som har mist livet eller er blitt skadde mens dei har gjort si plikt. Dei skal ikkje ha ofra seg til fånyttes.
Tryggleiken i det euroatlantiske området og verda elles er nært knytt til ei framtid for Afghanistan som ein fredeleg, demokratisk stat som respekterer menneskerettane og er fri terrortrusselen. Difor er det den internasjonale styrken under FN-mandat, ISAF, som no omfattar 40 nasjonar, vi prioriterer høgast. I samarbeid med afghanarane har vi gjort ein god del framgang, men vi innser at uløyste utfordringar krev ytterlegare innsats. Verken vi eller dei afghanske partnarane våre vil tillate ekstremistar og terroristar å ta tilbake kontrollen over Afghanistan eller å bruke det som base for terror, som er ein trussel mot alle våre folk. Saman med ISAF-partnarane våre og med president Karzai som medspelar vil vi komme med ei erklæring om Afghanistan. Denne erklæringa formulerer ein klar visjon styrt av fire prinsipp: eit fast og felles langsiktig engasjement, støtte til utvida afghansk leiarskap og ansvar, ei samla tilnærming frå det internasjonale samfunnet si side med både sivil og militær innsats og auka samarbeid og samhandling med nabolanda til Afghanistan, særleg Pakistan. Vi ser positivt på kunngjeringar frå allierte og partnarar om nye styrkebidrag og andre former for støtte som ytterlegare teikn på at vi står på vårt, og vi ser fram til ytterlegare bidrag. Vi ser òg positivt på utpeikinga av ambassadør Kai Eide til spesialutsending for FNs generalsekretær til Afghanistan og leiar for FNs hjelpestyrke i Afghanistan (UNAMA), som vil skape auka framdrift og samhøyr i den samla internasjonale innsatsen. Vi gler oss over den tilstundande Paris-konferansen som skal vurdere framdrifta i arbeidet med Afghanistan-avtalen (Afghanistan Compact) og styrkje den internasjonale innsatsen i den vidare gjennomføringa av avtalen.
Vi held fast ved engasjementet for regional tryggleik og stabilitet på heile Balkan. Vi rosar den raske, upartiske og effektive måten KFOR har takla valden på, og beklagar alle åtak på denne NATO-leidde styrken under FN-mandat og på anna internasjonalt nærvær i Kosovo. Vi gjentek at KFOR, så lenge Tryggingsrådet ikkje bestemmer noko anna, blir ståande i Kosovo på grunnlag av tryggingsrådsresolusjon (UNSCR) 1244 for å sikre eit trygt og sikkert miljø i Kosovo, der alle mellom anna kan reise fritt.
I Kosovo vil NATO og KFOR framleis samarbeide med styresmaktene, og på bakgrunn av operasjonsmandatet sitt vil KFOR, slik det fell seg, samarbeide med og hjelpe FN, EU og andre internasjonale aktørar for å støtte utviklinga av eit stabilt, demokratisk, mulitetnisk og fredeleg Kosovo. Vi støttar FN-tiltak for å sikre respekt for rettsstaten og ber alle partar gå aktivt til verks for å hindre og fordømme vald i Kosovo. NATO og KFOR ser positivt på den moderasjonen styresmaktene i Kosovo har vist til no. Vi ventar at dei held fram med å innfri alle sine tilsegner, særleg når det gjeld rettsstatsprinsippa og vern av etniske minoritetar og samfunn, og likeins vern om historiske og religiøse stader, og kampen mot kriminalitet og korrupsjon.
NATO står parat til å gjere sitt i gjennomføringa av framtidige tryggingsordningar. Idet vi minner om UNSCR 1244, merkjer vi oss behovet for å oppretthalde det internasjonale nærværet i heile Kosovo, som mellom anna gjennom grenseovervaking er med og sikrar fri ferdsle og tryggjer transporten av menneske og varer. Vi oppmodar alle aktørar i regionen til å engasjere seg konstruktivt og unngå handlingar eller retorikk som kan undergrave tryggingssituasjonen i Kosovo eller nokon annan del av regionen. KFOR vil vidareføre ein nær dialog med alle partar i tryggingsspørsmål.
Informasjonsklimaet i dag, særleg når det gjeld operasjonane i Afghanistan og Kosovo, stiller ekstra krav til eigna, rettidig, presis og lydhøyr kommunikasjon med lokale og internasjonale publikum om NATOs politikk og engasjement i internasjonale operasjonar. Vi gler oss over framgangen i arbeidet med å skaffe NATO auka strategisk kommunikasjonsevne, som mellom anna det hurtigarbeidande Medieoperasjonssenteret er eit døme på. Vi ser òg positivt på at NATO har lansert ein ny TV-kanal på Internett, som skal ha jamlege nyheitsoppdateringar og videorapportar, særleg frå dei ulike regionane i Afghanistan. Vi understrekar at vi vil støtte vidare forbetring av den strategiske kommunikasjonen vår innan toppmøtet i 2009.
Erfaringane i Afghanistan og på Balkan viser at verdssamfunnet må samarbeide tett og gå fram på brei front for å lukkast i å møte tryggingsutfordringane i dag og i framtida. Effektiv gjennomføring av ei brei tilnærming krev samarbeid og medverknad frå alle større aktørar, også ikkje-statlege organisasjonar og relevante lokale organ. For å få til dette er det avgjerande at alle større internasjonale aktørar handlar på ein samordna måte og gjer bruk av eit breitt spekter av sivile og militære verkemiddel i ein samordna innsats som tek omsyn til deira ulike sterke sider og mandat. Vi har slutta oss til ein handlingsplan med eit sett pragmatiske forslag til korleis NATO-bidraget til ei samla tilnærming kan utviklast og gjennomførast. Desse forslaga tek sikte på betre og meir konsekvent bruk av NATOs eigne krisehandteringsverktøy og auka praktisk samarbeid på alle plan med andre aktørar der det fell naturleg, mellom anna føresegner om støtte til stabilisering og gjenreising. Dei knyter seg til område som planlegging og gjennomføring av operasjonar, opplæring og utdanning og auka samarbeid med eksterne aktørar. Vi gir Det faste rådet i oppgåve å gjennomføre denne handlingsplanen som ei prioritert sak og å halde han under kontinuerleg oppsyn idet ein tek omsyn til alle relevante tendensar og til lærdom som er hausta.
Vi gler oss over meir enn ti års samarbeid mellom FN og NATO til støtte for FN i arbeidet for å sikre internasjonal fred og tryggleik. Vi har utvikla eit operativt samarbeid om fredsbevaring gjennom dei NATO-leidde operasjonane under FN-mandat på Balkan og i Afghanistan. Desse felles erfaringane har demonstrert verdien av effektiv og rasjonell samordning mellom dei to organisasjonane. Vidare samarbeid vil medverke vesentleg til å takle truslane og utfordringane som verdssamfunnet må svare på. NATO stadfester si tru på formåla og prinsippa i FN-pakta, mellom anna utøving av den grunnleggjande retten til individuelt eller kollektivt sjølvforsvar som artikkel 51 i FN-pakta anerkjenner, slik det kjem til uttrykk i Washington-traktaten. Hovudansvaret for å oppretthalde internasjonal fred og tryggleik ligg hos FNs tryggingsråd.
NATO spelar òg ei rolle ved å medverke til at nasjonane gjennomfører UNSCR 1373 og tilknytte tryggingsrådsresolusjonar i kampen mot terrorisme, og støttar ikkjespreiing av masseøydeleggingsvåpen ved å gjere sitt til at nasjonane gjennomfører UNSCR 1540.
Tilhøvet mellom NATO og EU dekkjer eit vidt spekter av spørsmål av felles interesse med omsyn til tryggleik, forsvar og krisehandtering, mellom anna kamp mot terrorisme, utvikling av samspelande og gjensidig forsterkande militære kapasitetar og sivil kriseplanlegging. Det vellukka samarbeidet vårt på Vest-Balkan, mellom anna med EU-operasjonen Althea gjennom Berlin-Pluss-ordningane, bidreg til fred og tryggleik i regionen. På bakgrunn av felles verdiar og strategiske interesser arbeider NATO og EU side om side i sentrale krisehandteringsoperasjonar og vil halde fram med det. Vi erkjenner at eit sterkare og meir effektivt europeisk forsvar tilfører verdi ved at det skaffar kapasitetar til å møte dei felles utfordringane både NATO og EU står overfor. Vi støttar difor opp om gjensidig forsterkande innsats med sikte på det. Skal dette og framtidige samarbeidssatsingar lukkast, krev det auka engasjement for å sikre effektive samarbeidsmetodar. Difor er vi fast bestemte på å forbetre den strategiske partnarskapen mellom NATO og EU slik våre to organisasjonar er samde om, for å oppnå tettare samarbeid og større effektivitet ved å opptre ope og såleis unngå unødig dobbeltarbeid, samtidig som vi respekterer autonomien til begge organisasjonane. Eit sterkare EU vil ytterlegare bidra til vår felles tryggleik.
Vi fordømmer på det sterkaste all terrorisme, utan omsyn til ytringsform og motiv. Nasjonane våre er fast bestemte på å kjempe mot denne plaga, individuelt eller kollektivt, så lenge det trengst og i samsvar med folkeretten og FN-prinsippa. Terroristar bruker ei rekkje konvensjonelle våpen og taktikkar og prøver kanskje å bruke masseøydeleggingsvåpen for å true freden og tryggleiken internasjonalt. Vi legg stor vekt på å verne folk, territorium, infrastruktur og styrkar mot følgjene av terroriståtak. Vi vil halde fram med å utvikle og medverke til politikk som kan førebyggje og motverke spreiing, med sikte på å hindre terroristar i å få tak i og bruke masseøydeleggingsvåpen. Vi vil òg halde fram med å støtte arbeidsprogrammet vårt for å utvikle avanserte kapasitetar til forsvar mot terroriståtak, mellom anna gjennom vidare utvikling av nye teknologiar. Vi er stadig forplikta til å styrkje alliansens evne til å dele informasjon og etterretning om terrorisme, særleg til støtte for NATO-operasjonar. Alliansen er ein sentral transatlantisk dimensjon i forsvaret mot terrorisme, og nasjonane våre vil framleis medverke til full gjennomføring av UNSCR 1373 og tilknytte tryggingsrådsresolusjonar, særleg UNSCR 1540, og til den vidare innsatsen verdssamfunnet gjer på dette området. Dialog og samarbeid med andre internasjonale organisasjonar der det er aktuelt, og med partnarane våre, er avgjerande, og vi ser positivt på innsats for å setje fart i gjennomføringa av Partnarskapshandlingsplan mot terrorisme. Vi seier oss på ny forplikta til operasjon Active Endeavour, den maritime operasjonen vår i Middelhavet, som framleis yter eit vesentleg bidrag til kampen mot terrorisme.
Vi er djupt uroa over valden og ugjerningane som held fram i Darfur, og ber alle partar om å innstille kamphandlingane. NATO er førebudd på å støtte den fredsbevarande innsatsen FN og Den afrikanske unionen (AU) driv i regionen, i samråd med og etter tilslutnad frå dei to organisasjonane. Etter oppmoding frå Den afrikanske unionen har NATO sagt seg villig til å yte støtte til AU-oppdraget i Somalia, og vi er førebudde på å vurdere ytterlegare oppmodingar om støtte til oppdraget. Som eit eksempel på den samla tilnærminga vi arbeider etter, er vi positive til direkte samarbeid mellom NATO og AU, til dømes i form av avgjerda vi nyleg tok om å støtte AU-oppdraget i Sudan, og at vi vidarefører støtta til den afrikanske beredskapsstyrken. NATO ser positivt på EU-operasjonen EUFOR i Tsjad / Den sentralafrikanske republikken og EU-bidraget til stabilitet og tryggleik i regionen.
Vi gjentek at alliansen er forplikta til å støtte regjeringa og folket i Irak og å hjelpe til i utviklinga av irakiske tryggingsstyrkar. Vi har reagert positivt på ei oppmoding frå statsminister Al-Maliki om å forlengje NATO-opplæringsoppdraget i Irak (NTM-I) ut 2009. Vi ser òg positivt på oppmodinga frå regjeringa i Irak om å styrkje NTM-I-oppdraget på område som leiarskapsopplæring i marine og flyvåpen, politiopplæring, grensetryggleik, kamp mot terrorisme, forsvarsreform, institusjonsbygging i forsvaret og rekneskap med handvåpen og lette våpen. NTM-I yter framleis eit viktig bidrag til internasjonal innsats for å lære opp og utstyre irakiske tryggingsstyrkar og har til i dag lært opp over 10 000 medlemmer av desse styrkane. Som tillegg til denne innsatsen har NATO òg godkjent forslag til eit strukturert samarbeid for å utvikle det langsiktige tilhøvet mellom NATO og Irak og å vidareutvikle Iraks kapasitet til å møte felles utfordringar og truslar.
Den pågåande utvidingsprosessen i NATO har vore ein historisk suksess og fremja stabilitet og samarbeid og ført oss nærmare vårt felles mål om eit Europa som er heilt og fritt, sameint i fred, demokrati og felles verdiar. Døra til NATO blir ståande open for europeiske demokrati med vilje og evne til å ta på seg ansvaret og pliktene som følgjer med medlemskap, i samsvar med artikkel 10 i Washington-traktaten. Vi gjentek at det er NATO sjølv som skal gjere vedtak om utviding.
Invitasjonen til Albania og Kroatia om å innleie tiltredingssamtalar med sikte på å bli medlemmer i alliansen markerer byrjinga på eit nytt kapittel for Vest-Balkan og viser veg mot ei framtid der ein stabil region er fullt integrert i euroatlantiske institusjonar og i stand til å yte eit større bidrag til internasjonal tryggleik.
Vi anerkjenner det harde arbeidet og engasjementet for NATO-verdiane og allianseoperasjonane den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia1 har lagt for dagen. Vi rosar dei for innsatsen dei har gjort for å byggje eit multietnisk samfunn. Innanfor ramma av FN har mange aktørar arbeidd saman for å løyse namnespørsmålet, men alliansen har merkt seg at desse samtalane dessverre ikkje har ført fram. Difor var vi samde om at ein invitasjon til den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia vil bli send så snart ei gjensidig akseptabel løysing på namnespørsmålet er funnen. Vi oppmuntrar om at forhandlingane må takast opp att straks, og går ut frå at dei blir fullførte snarast råd.
Å ta opp Albania og Kroatia vil gjere alliansen betre i stand til å møte utfordringane i dag og i framtida. Desse landa har demonstrert eit solid engasjement for grunnprinsippa i Washington-traktaten og vist at dei kan og vil verne om fridommen og fellesverdiane våre ved å bidra til alliansens kollektive forsvar og til alle oppdraga i alliansen.
Vi vil omgåande setje i gang samtalar med sikte på å underteikne tiltredingsprotokollar innan utgangen av juli 2008 og å fullføre ratifikasjonsprosessen snarast. I tida fram til tiltreding vil NATO dra dei inviterte landa mest mogeleg med i allianseaktivitetane og vil halde fram med å yte støtte og bistand, mellom anna gjennom handlingsplanen for medlemskap (MAP). Vi ser fram til å få overlevert tidsskjema for reformer frå dei inviterte landa, og vidare framgang vil vere forventa både før og etter tiltreding slik at dei kan yte meir for alliansen.
NATO ser positivt på at Ukraina og Georgia nærer euroatlantiske ambisjonar om medlemskap i NATO. Vi var i dag samde om at landa skal bli medlemmer i NATO. Begge har ytt verdifulle bidrag til allianseoperasjonane. Vi gler oss over dei demokratiske reformene i Ukraina og Georgia og ser fram til frie parlamentsval i Georgia i mai. MAP er neste steget for Ukraina og Georgia på den direkte vegen mot medlemskap. Vi gjer det i dag klart at vi støttar MAP-søknadene frå desse landa. Difor vil vi no innleie ein periode med intensiv kontakt med begge på høgt politisk nivå for å ta fatt på dei spørsmåla som enno står att når det gjeld MAP-søknadene deira. Vi har bede utanriksministrane om å gjere ei første evaluering av framgangen på desembermøtet sitt i 2008. Utanriksministrane har mynde til å avgjere MAP-søknadene for Ukraina og Georgia.
Vi er framleis forplikta til den strategisk viktige Balkan-regionen, der euroatlantisk integrasjon, basert på demokratiske verdiar og regionalt samarbeid, framleis er ein føresetnad for varig fred og stabilitet. Vi ser positivt på framgangen sidan Riga-toppmøtet når det gjeld å utvikle samarbeidet vårt med Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia. Vi oppmuntrar kvart av desse tre landa til å gjere størst mogeleg bruk av sjansane til dialog, reform og samarbeid som ligg i Euroatlantisk partnarskap, og vi har gitt Det faste rådet i oppdrag å følgje med på utviklinga i relasjonane med kvar av desse partnarane.
Vi ser positivt på at Bosnia-Hercegovina og Montenegro har vedteke å utarbeide kvar sin individuelle partnarskapshandlingsplan (IPAP) med NATO. Vi ser fram til ambisiøse og substansielle handlingsplanar som vil fremje dei euroatlantiske ambisjonane til desse landa, og vi lovar å støtte dei i reforminnsatsen dei må gjere for å nå dette målet. For å hjelpe og rettleie dei i denne innsatsen har vi vedteke å invitere Bosnia-Hercegovina og Montenegro til å innleie ein intensivert dialog om heile spekteret av politiske, militære, økonomiske og tryggingspolitiske spørsmål i tilknyting til medlemskapsambisjonane deira, utan å forskottere eit eventuelt seinare alliansevedtak.
Vi er innstilte på å vidareutvikle eit ambisiøst og substansielt tilhøve til Serbia, der ein dreg full nytte av at landet er medlem av Partnarskap for fred, med sikte på ytterlegare framgang mot serbisk integrasjon i det euroatlantiske fellesskapet. Vi seier oss på ny villige til å utdjupe samarbeidet med Serbia, særleg ved å utvikle ein IPAP, og vi vil vurdere ein intensivert dialog dersom Serbia ber om det.
Vi ventar at Serbia og Bosnia-Hercegovina vil samarbeide fullt ut med Den internasjonale straffedomstolen for det tidlegare Jugoslavia, og vil følgje nøye med på deira respektive innsats i så måte.
Vi minner om at partnarskapen mellom NATO og Russland var tenkt som eit strategisk element for å fremje tryggleiken i det euroatlantiske området, basert på sentrale prinsipp, verdiar og tilsegner, mellom anna demokrati, sivile fridommar og politisk pluralisme. Når vi ser tilbake på ei meir enn tiårig historie, har vi utvikla ein politisk dialog og konkrete prosjekt i eit vidt spekter av internasjonale tryggingsspørsmål der vi har felles mål og interesser. Sjølv om vi i det siste har vore uroa over utsegner og handlingar på russisk hald i sentrale tryggingsspørsmål av gjensidig interesse, mellom anna CFE-avtalen, er vi framleis innstilte på å samarbeide med Russland som likeverdige partnarar på område av felles interesse, slik Roma-erklæringa og Grunnlagsakta legg opp til. Vi bør vidareføre den felles innsatsen i kampen mot terrorisme og innan ikkjespreiing av masseøydeleggingsvåpen og leveringsmiddel for slike våpen. Vi ber Russland innstendig om å ta aktivt imot viktige samarbeidstilbod som er sette fram. Vi meiner at bilaterale diskusjonar mellom USA og Russland om mellom anna rakettforsvar og CFE kan vere eit viktig bidrag på dette området. Vi meiner at potensialet i NATO–Russland-rådet ikkje er fullt utnytta, og vi står klar til å peike ut og følgje opp aktuelle område for felles innsats i 27-format, samtidig som vi minner om det prinsippet at NATO og Russland tek avgjerder og handlar uavhengig av kvarandre. Vi stadfester overfor Russland at NATO med sin open-dør-politikk og sin noverande og eventuelle framtidige rakettforsvarsinnsats har til mål at vi betre skal kunne møte tryggingsutfordringane vi alle står overfor, og vi gjentek at dei ikkje er meinte som ein trussel mot forholdet oss imellom, men snarare kan brukast til å styrkje samarbeidet og stabiliteten.
Vi merkjer oss at Russland har ratifisert styrkestatusavtalen for Partnarskap for fred, og vonar at dette vil leggje til rette for praktisk samarbeid. Vi set pris på at Russland er klar til å støtte NATOs ISAF-oppdrag i Afghanistan ved å leggje til rette for transitt via russisk territorium. Vi vil sjå positivt på djupare samarbeid mellom NATO og Russland til støtte for og etter avtale med regjeringa i Afghanistan, og ser fram å byggje på det solide arbeidet som alt er utretta i opplæringa av afghanske og sentralasiatiske antinarkotikaoffiserar. Det vidare samarbeidet vårt etter samarbeidsinitiativet for luftrom og Russlands støtte til operasjon Active Endeavour i Middelhavet medverkar til vår felles kamp mot terrorismen. Vi ser òg positivt på samarbeidet vårt om militær samvirkeevne, kortdistanserakettforsvar (TMD), søk og berging til havs og sivil naudplanlegging.
Vi stadfester at politikken for tilnærming gjennom partnarskap, dialog og samarbeid er ein sentral del av alliansens formål og oppgåver. Partnarskapane verda over har ein varig verdi og medverkar til stabilitet og tryggleik både i og utanfor det euroatlantiske området. Med dette i minnet gler vi oss over framgangen som er oppnådd sidan siste toppmøtet vårt i Riga når det gjeld å styrkje politikken for partnarskap og samarbeid, og stadfester vår forpliktande vilje til å gjere ytterlegare innsats på dette området.
Vi set stor pris på bidraga partnarane våre yter til oppdraga og operasjonane i NATO. Sytten nasjonar utanfor alliansen deltek i operasjonane og oppdraga våre, og mange andre yter ulike former for støtte. Vi vil framleis streve etter å skape større samvirkeevne mellom våre eigne styrkar og styrkar frå partnarland, auke informasjonsdelinga og konsultasjonane med nasjonar som bidreg til NATO-leidde operasjonar ytterlegare og tilby partnarland råd og bistand i samband med forsvars- og tryggingsrelaterte sider ved reformer.
Vi helsar dei euroatlantiske partnarane våre velkomne til Bucuresti-toppmøtet og minner om den varige verdien av Euroatlantisk partnarskapsråd (EAPC) og Partnarskap for fred (PFP). Vi forpliktar oss framleis til substansielle politiske diskusjonar og effektivt samarbeid innanfor desse rammene. Vi ser positivt på at Malta er tilbake i PFP, og ser fram til landet skal engasjere seg aktivt i EAPC. Vi ser positivt på styrkinga av den politiske dialogen gjennom Tryggingsforumet i EAPC. Vi vil prioritere ei rekkje nye praktiske initiativ som mellom anna omfattar integritetsbygging i forsvarsinstitusjonar og den viktige rolla kvinner spelar i konfliktløysing, som skissert i UNSCR 1325. Vi verdset Euroatlantisk samordningssenter for katastrofereaksjon og dei gode resultata det har oppnådd dei siste ti åra innan koordinering av bidrag til katastrofehjelp frå NATO-land og partnarland. Vi vil halde fram med å gjere full bruk av NATO/PFP-fonda og dra nytte av at dei opnar seg mot andre partnarland. Vi ser positivt på og vil framleis støtte at alle interesserte partnarar i heile det euroatlantiske området kan engasjere seg i program til støtte for forsvarsreformer og andre, vidare reformer, mellom anna Handlingsplan for individuelle partnarskapar. Vi minner om vedtaket vi gjorde på Istanbul-toppmøtet, og er forplikta til å engasjere partnarane våre i dei strategisk viktige regionane Kaukasus og Sentral-Asia, mellom anna ved å styrkje kontaktordningane i desse regionane, og vil vidareføre dialogen med dei sentralasiatiske partnarane våre om Afghanistan. Vi set pris på dei betydelege bidraga EAPC-partnarane våre yter til allianseoperasjonane, og ser fram til å samarbeide med dei om å løyse tryggingsutfordringane i det 21. hundreåret.
Vi gler oss over den vesentlege framgangen vi har hatt i Middelhavsdialogen sidan toppmøta i Istanbul og Riga. Dei politiske konsultasjonane med partnarane våre i Middelhavsdialogen er styrkte både i frekvens og innhald, og møtet mellom utanriksministrane våre og dei sju partnarane deira i Middelhavsdialogen i desember i fjor bidrog til ei ytterlegare utdjuping av partnarskapen. Vi planlegg difor å halde oppe denne framdrifta gjennom å utdjupe kontaktordningane våre med regionen, på frivillig basis. Det praktiske samarbeidet har auka på fleire område, og nye sjansar er skapte, særleg innan opplæring og utdanning. Vi ser positivt på framgangen som er oppnådd i gjennomføringsaktivitetane i NATO-initiativet for opplæringssamarbeid, i ei ånd av felles eigarskap og på bakgrunn av lanseringa av NATO-kurset i regionalt samarbeid ved NATOs forsvarshøgskule, der det med hell er gjennomført to pilotkurs. Vi oppmuntrar partnarane våre i Middelhavsdialogen til å arbeide saman med oss om å utvikle dette initiativet ytterlegare. Inngåinga av individuelle samarbeidsprogram (ICP) med Egypt og Israel vil vere til hjelp i å etablere eit langsiktig, strukturert og effektivt samarbeid med desse landa. Vi oppmuntrar dei andre partnarane våre i Middelhavsdialogen til å utvikle sine eigen ICP i nær framtid. Vi gler oss over gjennomføringa av det første prosjektet nokon gong med støtte frå Middelhavsdialogfondet, som skal hjelpe Jordan å kvitte seg med ueksploderte sprenglekamar og ammunisjon, og lanseringa av forstudien til fondsprosjektet som skal hjelpe Mauritania å kvitte seg med ammunisjon. Vi takkar partnarane våre i Middelhavsdialogen for dei ulike bidraga dei har ytt til operasjonane og oppdraga våre.
Vi ser positivt på responsen frå fire land i Golfregionen på tilbodet om samarbeid innanfor rammene av samarbeidsinitiativet frå Istanbul (ICI), og oppmuntrar andre land i regionen til å ta imot tilbodet. Med sikte på dette planlegg vi å utvikle kontaktordningane med denne regionen, på frivillig basis. Vi er nøgde med den aukande interessa og deltakinga deira i opplærings- og utdanningsaktivitetane i NATO, og står parat til å auke samarbeidet vårt på dette området og elles. Vi gler oss over framgangen som er oppnådd i gjennomføringsaktivitetane i samband med NATO-initiativet til opplæringssamarbeid, i ei ånd av felles eigarskap og på bakgrunn av lanseringa av NATO-kurset i regionalt samarbeid ved NATOs forsvarshøgskule, der det med hell er gjennomført to pilotkurs. Vi oppmuntrar ICI-partnarane våre til å arbeide saman med oss for å vidareutvikle dette initiativet. Vi oppmuntrar ICI-partnarane våre til å utarbeide individuelle samarbeidsprogram (ICP) med sikte på å strukturere samarbeidet vårt betre. Vi set stor pris på støtta ICI-partnarane våre har ytt til operasjonar og oppdrag i alliansen.
Alliansen ser på dei varierte og stadig meir omfattande relasjonane til andre partnarar verda over som svært verdifulle. Måla våre i slike relasjonar er mellom anna støtte til operasjonar, tryggingssamarbeid og auka felles forståing med sikte på å fremje felles tryggingsinteresser og demokratiske verdiar. Vi har gjort vesentleg framgang når det gjeld å byggje politisk dialog og utvikle individuelle, skreddarsydde samarbeidspakkar med fleire av desse landa. Særleg ser vi positivt på det vesentlege bidraget Australia, Japan, New Zealand og Singapore har ytt til den NATO-leidde innsatsen i Afghanistan. Vi set òg pris på dei verdifulle bidraga Republikken Korea har ytt til innsatsen for å støtte det NATO-leidde oppdraget i Afghanistan. Sidan vi veit at desse landa ønskjer seg ulik grad av samkvem med NATO, og at kanskje andre land òg ønskjer seg dialog og samarbeid med NATO, seier vi oss på ny villige til å vidareutvikle eksisterande enkelttilhøve og opne for nye, med atterhald om at Nordatlantisk råd godkjenner det og i eit tempo som tek omsyn til gjensidige interesser.
Vi stadfester at Svartehavs-regionen framleis er viktig for den euroatlantiske tryggleiken. I den samanhengen ser vi positivt på framgangen med konsolidering av regional eigarskap gjennom effektiv bruk av eksisterande initiativ og mekanismar. Alliansen vil i aktuelle tilfelle halde fram med å støtte denne innsatsen i samsvar med regionale prioriteringar og på grunnlag av transparens, komplementaritet og inkludering for å utvikle dialog og samarbeid blant svartehavsstatane og med alliansen.
Spreiing av ballistiske missil utgjer ein aukande trussel mot styrkane, territoria og befolkningane til alliansen. Missilforsvar er ein del av eit vidare svar for å motverke denne trusselen. Difor anerkjenner vi det vesentlege bidraget til vern av allianselanda mot langtrekkande ballistiske missil som den planlagde utplasseringa av Europa-baserte amerikanske missilforsvarskapasitetar kjem til å utgjere. Vi undersøkjer no korleis denne kapasiteten kan knytast til pågåande NATO-missilforsvarsinnsats, som ein måte til å sikre at det ville bli ein integrert del av ein eventuell framtidig NATO-omspennande missilforsvarsarkitektur. På bakgrunn av prinsippet om den udelelege alliansetryggleiken og NATO-solidariteten gir vi Det faste rådet i oppgåve å utarbeide alternativ for ein omfattande missilforsvarsarkitektur som skal sikre dekning for alle allierte territorium og befolkningar som elles ikkje kjem inn under det amerikanske systemet. Desse alternativa skal leggjast fram for oss til vurdering på toppmøtet i 2009 og skal tene som grunnlag for ei eventuell framtidig politisk avgjerd.
Vi rosar òg arbeidet som alt er i gang for å styrkje missilforsvarssamarbeidet mellom NATO og Russland. Vi er forplikta til maksimal transparens og gjensidige tillitsbyggjande tiltak for å dempe eventuelle bekymringar. Vi oppmuntrar Den russiske føderasjonen til å ta imot dei amerikanske forslaga til missilforsvarssamarbeid, og vi er klare til å sondere potensialet for å knyte saman missilforsvarssystem i USA, NATO og Russland når tida skulle vere inne.
Vi stadfester at rustingskontroll, nedrusting og ikkjespreiing framleis vil vere eit viktig bidrag til fred, tryggleik og stabilitet, mellom anna til å hindre spreiing og bruk av masseøydeleggingsvåpen og leveringsmiddel for slike våpen. Vi merkte oss rapporten som er utarbeidd for oss om å heve NATO-profilen på dette området. Som ein del av eit breiare svar på tryggingsspørsmål bør NATO halde fram med å bidra til internasjonal innsats på området rustingskontroll, nedrusting og ikkjespreiing, og vi gir Det permanente rådet i oppgåve å ha desse spørsmåla til aktiv vurdering.
Alliansen har redusert dei konvensjonelle styrkane sine vesentleg sidan den kalde krigen og redusert mengda av NATO-disponible kjernevåpen med over 90 %. Allianselanda har òg redusert kjernevåpenarsenala sine. Frankrike har redusert talet på kjernevåpensystem til to og talet på leveringsmiddel for kjernevåpen med over halvparten, og har kunngjort at det vil redusere talet på kjernefysiske stridshovud til under 300, utan andre våpen enn dei det har i det operative arsenalet. Storbritannia har skore ned til eitt kjernevåpensystem og redusert sprengkrafta i det kjernefysiske arsenalet sitt med 75 % og talet på operativt tilgjengelege atomstridshovud til under 160. USA har redusert kjernevåpenlagera sine til under 25 % av det dei var mens den kalde krigen var på det verste, og har redusert talet på NATO-disponible taktiske kjernevåpen med nær 90 %.
Vi er framleis djupt uroa over spreiingsrisikoane ved dei kjernefysiske og ballistiske missilprogramma i Iran. Vi ber Iran rette seg fullt ut etter UNSCR 1696, 1737, 1747 og 1803. Vi er òg djupt uroa over spreiingsaktivitetane til Den demokratiske folkerepublikken Korea og ber landet rette seg etter UNSCR 1718. Allianselanda stadfester si støtte til eksisterande fleirnasjonale ikkjespreiingsavtalar, mellom anna ikkjespreiingsavtalen om kjernefysiske våpen, og oppmodar alle land til å etterleve NPT og rette seg etter tilleggsprotokollen til IAEA-avtalen om sikringsmekanismar og å etterleve UNSCR 1540 fullt ut. Allianselanda er samde om å doble innsatsen for fullt ut å gjennomføre ikkjespreiingsavtalane og relevante tryggingsrådsresolusjonar som allianselanda stadfester si støtte til og er bundne av.
Vi støttar fullt opp om erklæringa frå Nordatlantisk råd av 28. mars 2008 og stadfester at alliansen forpliktar seg til CFE-regimet, slik det kjem til uttrykk i alliansens posisjon som går fram av avsnitt 42 i erklæringa frå Riga-toppmøtet i 2006, slutterklæringa frå allianselanda på den ekstraordinære CFE-konferansen i Wien og allianseerklæringar som reflekterer seinare utviklingstrekk. Vi legg stor vekt på CFE-regimet med alle sine element og understrekar den strategiske betydninga CFE-avtalen, medrekna flankeregimet, har som ein hjørnestein for tryggleiken i det euroatlantiske området. Vi er djupt uroa over at Den russiske føderasjonen held fram med den einsidige ”suspensjonen” av dei rettslege pliktene staten har teke på seg i CFE-avtalen. Denne handlinga fremjar ikkje den felles målsetjinga om å sikre eit levedyktig CFE-regime på lang sikt, og vi oppmodar Den russiske føderasjonen til å ta opp att etterlevinga. Den noverande situasjonen, der NATO-allierte CFE-partar gjennomfører avtalen, men Russland ikkje, kan ikkje halde fram i lengda. Vi har tilbydd eit sett konstruktive og framtidsretta forslag til parallelle tiltak i sentrale spørsmål, mellom anna tiltak frå NATO-alliert hald i samband med ratifikasjon av den tilpassa CFE-avtalen og frå russisk hald når det gjeld uoppfylte tilsegner i tilknyting til Georgia og Republikken Moldova. Vi meiner at desse forslaga tek for seg alle punkt som Russland har uttrykt uro over. Vi oppmuntrar russiske styresmakter til å samarbeide med oss og andre berørte CFE-partar for å komme til semje om grunnlaget for parallelltiltakspakken slik at vi saman kan bevare fordelane med dette skjelsetjande regimet.
Vi er uroa over at dei regionale konfliktane i Sør-Kaukasus og Republikken Moldova varer ved. Nasjonane våre støttar territorial integritet, sjølvstende og suverenitet for Armenia, Aserbajdsjan, Georgia og Republikken Moldova. Vi vil halde fram med å støtte innsats for ei fredeleg løysing på desse regionale konfliktane på grunnlag av desse prinsippa.
Vi har alt gjort mykje for å omdanne styrkane og kapasitetane våre i samsvar med dei politiske måla, særleg prioriteringane som går fram av den samla politiske rettleiinga, og den operative erfaringa vi har. Vi vil vidareføre denne prosessen for å sikre at alliansen er i stand til å oppfylle dei operative oppgåvene han har teke på seg og å utføre alle sine oppdrag. Operasjonane våre framhevar behovet for å utvikle og mønstre moderne, samvirkedyktige, fleksible og uthaldande styrkar. Desse styrkane må, når Rådet vedtek det, kunne utføre kollektive forsvars- og krisereaksjonsoperasjonar på og utanfor allianseterritorium, i utkanten av det og i strategisk avstand, med lite eller inga støtte frå vertsnasjonen. Vi vil òg sikre at vi har rett slag kapasitetar til å møte dei framveksande utfordringane i det 21. hundreåret, og for å klare det vil vi omdanne, tilpasse og omforme slik det trengst.
Omdanning er ein kontinuerleg prosess og krev konstant og aktiv merksemd. Vi støttar difor forsvarsministrane våre i innsatsen dei gjer for å føre tilsyn med korleis forsvarsaspekta ved omdanninga blir handterte, for å sikre at NATO framleis kan vere effektivt og rasjonelt, særleg ved å vidareføre pågåande innsats på desse områda:
Vi må sikre at vi har dei styrkane operasjonane våre og andre plikter krev. For å klare det vil vi vidareføre innsatsen for å kunne utplassere og vedlikehalde fleire styrkar. Vi er forplikta til å støtte NATO-reaksjonsstyrken ved å stille dei nødvendige styrkane og å forbetre tilgangen til operative og strategiske reservestyrkar for operasjonane våre. Vi vil søkje større heimleg støtte til operasjonane våre, mellom anna gjennom betring av det offentlege diplomatiet.
Vi vil vidareutvikle kapasitetane som er nødvendige for å utføre heile vårt spekter av oppdrag og rette på konkrete manglar. Særleg vil vi arbeide med å forbetre strategisk transport og lufttransport i krigsområde, særleg oppdragsdyktige helikopter, og ser positivt på nasjonale initiativ til støtte for dette arbeidet; i tillegg vil vi ta for oss fleirnasjonal logistikk. Vi vil skaffe oss endå sterkare informasjonsovertak gjennom nettintegrerte kapasitetar, mellom anna eit integrert luftkommando- og flykontrollsystem, auka maritim situasjonskjennskap og snarleg overlevering av bakkeovervakingskapasiteten til alliansen. Vi vil halde fram med å betre kapasiteten og interoperabiliteten til spesialoperasjonsstyrkane våre. Med støtte i forsvarsplanleggingsprosessen vil vi auke innsatsen for å utvikle og stille dei rette kapasitetane og styrkane, med størst mogeleg interoperabilitet og standardisering. Dette kan fremjast ved å betre det transatlantiske forsvarsindustrisamarbeidet.
Vi er forplikta til å utvikle politikk og kapasitet til å handtere framveksande utfordringar og truslar. Dette omfattar utvikling av ein samla politikk for å hindre spreiing av masseøydeleggingsvåpen og forsvare oss mot kjemiske, biologiske, radiologiske og kjernefysiske truslar.
Vi arbeider med å tilpasse og omdanne strukturane og prosessane i alliansen. I denne samanhengen går vi gjennom fredstidsutforminga av kommandostrukturen i NATO for å gjere han slankare, meir effektiv og rasjonell og reformere forsvarsplanleggingsprosessane for å leggje til rette for rettidig framskaffing av dei kapasitetane den samla politiske rettleiinga etterlyser.
Omdanning er ikkje mogeleg utan tilstrekkelege og rett prioriterte ressursar. Vi er forplikta til å halde fram med å stille til rådvelde, individuelt og kollektivt, dei ressursane som trengst for at alliansen skal kunne utføre oppgåvene vi krev av han. Difor oppmuntrar vi nasjonar med nedgang i forsvarsbudsjetta til å stanse nedgangen og sikte mot ein reell auke i forsvarsforbruket.
NATO er som før forplikta til å styrkje nøkkelinformasjonssystema i alliansen mot dataangrep. Vi har nyleg vedteke ein dataforsvarspolitikk og er i ferd med å utvikle strukturane og fullmaktene for å setje han ut i livet. Dataforsvarspolitikken understrekar behovet for at NATO og nasjonane beskyttar nøkkelinformasjonssystem i samsvar med sine respektive oppgåver, deler beste praksis og etablerer ein kapasitet til etter oppmoding å hjelpe allierte nasjonar å motverke dataangrep. Vi ser fram til å vidareføre utviklinga av NATOs dataforsvarskapasitet og å styrkje tilknytingspunkta mellom NATO og nasjonale styresmakter.
Vi har merkt oss ein rapport om ”NATOs rolle i energitryggleik”, utarbeidd som svar på oppdraget frå Riga-toppmøtet. Allierte har identifisert prinsipp som vil styre NATOs tilnærmingsmåte på dette området, og skissert alternativ og tilrådingar for ytterlegare aktivitetar. Basert på desse prinsippa vil NATO engasjere seg på følgjande område: fusjon og deling på informasjons- og etterretningssida, prosjektstabilitet, fremjing av internasjonalt og regionalt samarbeid, støtte til konsekvenshandtering og støtte til vern av livsviktig energiinfrastruktur. Alliansen vil halde fram med å rådføre seg om dei mest presserande risikoane på energitryggingsområdet. Vi vil sikre at NATO-innsatsen tilfører verdi og er fullt koordinert og innarbeidd i innsatsen til verdssamfunnet, som omfattar ei rekkje organisasjonar som er spesialiserte på energitryggleik. Vi har gitt Det faste rådet i oppdrag å utarbeide ein konsolidert rapport om oppnådd framgang på energitryggingsområdet, som vil skal få til vurdering på toppmøtet i 2009.
Dei siste tjue åra er det blitt stilt stadig meir komplekse krav til alliansen vår etter kvart som tryggingsmiljøet har endra seg og både oppdrags- og operasjonsspekteret vårt har auka og vi er blitt fleire medlemmer. Dette krev kontinuerleg tilpassing og reform av strukturar og prosessar i NATO-hovudkvarteret. Vi merkjer oss framgangen som er oppnådd på dette området som ein del av den samla omdanninga av NATO; men meir må gjerast, mellom anna for å få full nytte av flyttinga til ein ny hovudkvarterbygning. I evalueringa av kvar vi må endre oss, må vi i større monn dra nytte av lærdom vi har hausta gjennom erfaring med å levere kjernefunksjonane vår, mellom anna å møte operative krav, krav til kapasitetsutvikling, partnarskapskrav og strategiske kommunikasjonskrav. På grunnlag av arbeidet forsvarsministrane våre har gjort for å fremje forsvarsaspekta ved omdanninga, vil dei allierte også måtte vurdere korleis ein kan oppnå raskast og mest samanhengande flyt av gode politiske, militære og ressursmessige råd for å støtte vår konsensbaserte avgjerdstaking og å bli meir lydhøyre for tidssensitive operative behov som mellom andre dei militære NATO-sjefane måtte ha. Vi har bede generalsekretæren stake ut ein kurs, tidsnok til toppmøtet i 2009, som viser korleis desse måla kan nåast.
Vi takkar varmt for den gjestfrie måten regjeringa i Romania har teke mot oss på. Byen Bucuresti har vore arena for det største NATO-toppmøtet nokon gong, noko som understrekar kor fast bestemt alliansen er på å samarbeide nært med verdssamfunnet, og kor eineståande eit bidrag alliansen sjølv yter til tryggleik og stabilitet i eit strategisk klima i rask endring. På møtet har vi teke avgjerder og gitt vidare rettleiing om korleis NATO sjølv kan tilpasse seg dette klimaet gjennom oppdraga og operasjonane sine, modernisering av strukturane og kapasitetane til alliansen og tettare medverknad av andre nasjonar og organisasjonar, samtidig som alliansen framleis stiller seg open for opptak av nye medlemsstatar. Vi har styrkt dialogen og samarbeidet med andre land og organisasjonar som er livsviktige for tryggleiken vår. Vi møtest igjen neste år i Strasbourg og Kehl for å feire 60-årsjubileet for NATO, gjere opp status for tilpassinga av organisasjonen og gi rettleiing til moderniseringa av alliansen for å møte tryggingsutfordringane i det 21. hundreåret.