8 Sluttkommuniké, Brussel 3. desember 2008
Møte i Nordatlantisk råd på utanriksministernivå i NATO-hovudkvarteret
NATO er grunnlagt på det varige prinsippet om den udelelege alliansetryggleiken, og er framleis det sentrale forumet for tryggleikskonsultasjonar mellom dei allierte i Europa og Nord-Amerika og den transatlantiske ramma for sterkt kollektivt forsvar av alliansens befolkningar, territorium og styrkar, som er kjerneformålet til alliansen og den viktigaste tryggingsoppgåva han har. Vi stadfeste i dag samhaldet, solidariteten og engasjementet vi kjenner for den felles visjonen og dei delte demokratiske verdiane i Washington-traktaten, som reflekterer formåla og prinsippa i FN-pakta. Vi avtala i dag tiltak som, samtidig som dei aukar evna vår til å halde ved lag kjerneformålet vårt, også vil setje oss i stand til meir effektivt å møte framveksande truslar og auke framdrifta i gjennomføringa av vedtaka som blei gjorde på NATO-toppmøtet i Bucuresti i april i år. Vi gav òg ytterlegare pålegg om arbeid som skal vere gjort før toppmøtet i Strasbourg og Kehl i april 2009 i samband med 60-årsjubileet for alliansen.
Utvidingsprosessen som går føre seg i NATO, har vore ein historisk suksess når det gjeld å fremje visjonen om eit Europa som er heilt og fritt, sameint i fred, demokrati og felles verdiar. På toppmøtet vårt neste år tek vi sikte på å helse Albania og Kroatia velkomne som nye medlemmer av alliansen, og vi gler oss over at kollegaene våre frå desse to landa, som stiller seg bak denne erklæringa, er saman med oss i dag. På ein måte som er i samsvar med prinsippa i FN-charteret, held NATO døra open for alle europeiske demokrati som har vilje og evne til å ta på seg oppgåvene og pliktene med medlemskap, i samsvar med artikkel 10 i Washington-traktaten.
Vi har i dag stadfest at vi er forplikta til ein felles visjon av korleis eksisterande tryggingsutfordringar kan møtast på måtar som bidreg til varig fred og tryggleik i det euroatlantiske området. Vi understrekar at eksisterande strukturar – NATO, Den europeiske unionen (EU), Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OSSE) og Europarådet – grunnlagde på felles verdiar framleis byr på alle sjansar til at land kan engasjere seg reelt i den euroatlantiske tryggleiken gjennom eit omfattande regelverk, etablert over fleire tiår, som omfattar respekt for menneskerettane, territorial integritet, suverenitet for alle statar, utan skiljelinjer, og kravet om å oppfylle internasjonale tilsegner og avtalar. Innanfor desse rammene er allianselanda opne for dialog innanfor OSSE om oppfatningar av tryggleik og korleis ein skal reagere på nye truslar, og søkjer breiast mogeleg samarbeid blant deltakarstatane for å fremje eit felles euroatlantisk område med fred og stabilitet. Det felles målet bør vere å forbetre gjennomføringa av eksisterande tilsegner og å fortsetje å forbetre eksisterande institusjonar og verkemiddel for effektivt å fremje verdiane våre og den euroatlantiske tryggleiken.
Vi hyller profesjonaliteten og motet til dei mange mennene og kvinnene frå allierte og andre land som er involverte i NATOs operasjonar og oppdrag. Vi uttrykkjer vår djupaste sympati med familiane og dei kjære til dei som har døydd er blitt skadde mens dei har gjort si plikt.
NATO seier seg på ny forplikta på lang sikt til å støtte regjeringa i Afghanistan med å byggje eit stabilt og demokratisk Afghanistan som respekterer menneskerettane, kan ta hand om eigen tryggleik og lever i fred med naboane. Vi erkjenner at det er nær samanheng mellom eit trygt Afghanistan og tryggleik for oss, og stadfester at den NATO-leidde internasjonale styrken under FN-mandat, ISAF, framleis er hovudprioriteten for oss. Vi fordømmer taktikken og handlingane til opprørarar som med overlegg set respekten for menneskeliv til side. Vi sørgjer over alle sivile tap. ISAF held fram med å treffe alle mogelege tiltak for verne sivile og har forsterka innsatsen på dette området. Trass i at handlingane til ekstremistar og terroristar framleis er ein trussel mot det afghanske folket, styrkane våre og stabiliteten i regionen som heilskap, har vi saman med Afghanistan og partnarane våre gjort framgang i oppfyllinga av den strategiske visjonen som blei skissert på toppmøtet i Bucuresti, ved å gjennomføre dei fire prinsippa i den samla strategiske politisk-militære planen vår:
Ei fast og felles forplikting blant allierte: Vi er fast bestemte på å utstyre ISAF med nok styrkar, ressursar og fleksibilitet til å sikre at oppdraget kan lukkast. Sidan toppmøtet har vi utvida ISAF-bidraget til Afghanistan med mannskap og utstyr, og vi ser positivt på den sterke og aukande støtta frå partnarnasjonar i ISAF. President- og provinsvala som skal haldast i 2009, og parlaments- og distriktsvala som etter planen skal følgje i 2010, blir viktige merkesteinar for den demokratiske utviklinga i Afghanistan. ISAF vil støtte den afghanske regjeringa i innsatsen for å tryggje valprosessen, mellom anna gjennom mellombels utplassering av ekstrastyrkar.
Støtte til auka afghansk leiarskap og ansvar: Det er gjort vesentleg framgang i utviklinga av dei afghanske nasjonale tryggingsstyrkane. Dei har teke på seg leiande tryggingsansvar for Kabul by, i aukande grad teke føringa i tryggingsoperasjonar og begynt å utvide området sitt til heile landet. Vi er forplikta til å støtte utviding av den afghanske nasjonale hæren (ANA) og å skaffe fram nødvendige ressursar, mellom anna fleire trenings- og mentoreringslag. Vi ser dessutan på korleis ANA-fondet eventuelt kan lette denne utvidinga. Tilsvarande støttar vi større innsats frå allierte nasjonar og partnarar, i samordning med program og oppdrag i regi av USA og EU, for å setje fart i utviklinga av det afghanske nasjonale politiet.
Ei samla sivil-militær tilnærming frå verdssamfunnet: NATO erkjenner at ei reint militær løysing ikkje finst, og står òg parat til å støtte afghanskleidd innsats for å komme fram til ei politisk løysing på konflikten. ISAF vil hjelpe den afghanske regjeringa med å skaffe seg autoritet over heile landet og nå fram til alle sine innbyggjarar for å leggje til rette for godt styre og utvikling, på grunnlag av den nasjonale afghanske utviklingsstrategien og tilsegnene frå «Afghanistan Compact» og Paris-konferansen. I denne samanhengen oppmuntrar vi den afghanske regjeringa til å halde fram med å investere i godt styresett. Vi understrekar vår sterke støtte til den leiarrolla FNs bistandsoppdrag utfører i Afghanistan. Regionale stabiliseringslag (PRT) spelar framleis ei vesentleg rolle for å fremje godt styresett, kapasitetsbygging, gjenreising og utvikling. Vi vil arbeide for å styrkje einskapen i PRT-innsatsen ytterlegare og vil halde fram med å styrkje samanhengane mellom PRT-aktivitetar og målsetjingane til den afghanske regjeringa når det gjeld godt styresett og engasjement i lokalsamfunna.
Auka samarbeid med nabolanda til Afghanistan, særleg Pakistan: Som eit bidrag til å fremje regional fred og stabilitet ser vi positivt på betringa i tilhøvet mellom Kabul og Islamabad og på militære tiltak Pakistan i det siste har sett i verk mot ekstremistar langs grensa til Afghanistan. Vi ser positivt på tettare samordning NATO–ISAF/Afghanistan/Pakistan gjennom Trepartskommisjonen og andre forum, og vil treffe tiltak for å forbetre grensetryggleiken, mellom anna sondere om det kan etablerast fleire grensekoordineringssenter og andre mogelege fellesinitiativ. NATO er ope for tettare fagmilitært samarbeid og betre politisk dialog med Pakistan på høgt nivå. Vi vil vidareføre den utvida dialogen vi har med sentralasiatiske partnarar til støtte for regionalt samarbeid og eit stabilt Afghanistan, samtidig som vi oppmuntrar til aktiv medverknad frå dei, mellom anna gjennom å avtale transittordningar mellom sentralasiatiske land og alliansen.
Det robuste KFOR-nærværet under NATO-leiing og FN-mandat blir verande i Kosovo på grunnlag av tryggingsrådsresolusjon 1244. I heile Kosovo vil NATO og KFOR samarbeide med styresmaktene, og på bakgrunn av sitt operative mandat vil KFOR samarbeide med og bistå FN, EU og andre internasjonale aktørar slik det fell seg, for å støtte utviklinga av eit stabilt, demokratisk, multietnisk og fredeleg Kosovo. Omgåande utplassering av EUs rettsstatsoppdrag (EULEX) i heile Kosovo er ei høgt prioritert og presserande oppgåve, og i denne samanhengen merkjer vi oss at Tryggingsrådet har vedteke ei erklæring frå formannskapen til støtte for ei omlegging av FN-oppdraget i Kosovo (UNMIK). Vi oppmuntrar styresmaktene i Kosovo og Serbia sterkt til å samarbeide fullt ut med alle relevante aktørar i og etter tidsrommet for overføring av makta. Vi forventar at alle partar i Kosovo som saka vedkjem, blir med og førebyggjer vald. Vi legg vekt på tett samordning mellom alle relevante internasjonale aktørar og med styresmaktene i Kosovo. Vi ser positivt på den vedvarande innsatsen desse styresmaktene gjer, og ventar at dei fullt ut oppfyller krav dei har teke på seg, særleg dei som gjeld rettsstat og vern av etniske minoritetar og grupper, og likeins vern av historiske og religiøse plassar, og arbeider mot kriminalitet og korrupsjon. NATO står parat til å spele si rolle i gjennomføringa av framtidige tryggingsordningar, og arbeider i samanheng med sine nye oppgåver vidare for å avvikle Vernekorpset for Kosovo og opprette Tryggingsstyrken for Kosovo på grunnlag av våre frivillige fond.
Vi gjentek at alliansen er forplikta til å støtte regjeringa og folket i Irak og å hjelpe til i utviklinga av irakiske tryggingsstyrkar. Vi har svart positivt på ei oppmoding frå statsminister Al-Maliki om å vidareføre NATO-treningsoppdraget i Irak (NTM-I) og utvide oppdraget på fleire område, mellom anna leiarskapsopplæring for marine og luftforsvar, politiopplæring, grensevern, forsvarsreform, institusjonsbygging i forsvaret og kontroll med handvåpen og lette våpen. NATO samarbeider òg med regjeringa i Irak om ei strukturert samarbeidsramme for å utvikle alliansens langsiktige tilhøve til Irak.
I Afghanistan og Kosovo har vi sett at tryggingsutfordringane i dag krev ei samla tilnærming frå verdssamfunnets side, med samordna sivile og militære tiltak. Effektiv gjennomføring av ei samla tilnærming krev at alle større aktørar samarbeider og bidreg med ei open og bestemt innstilling. Det er sentralt at alle internasjonale aktørar handlar i ein samordna innsats som tek omsyn til deira respektive mandat og sterke sider. I tråd med handlingsplanen som blei vedteken i Bucuresti, blir det arbeidd for å forbetre NATOs eige bidrag til ei slik samla tilnærming, mellom anna gjennom meir konsekvent bruk av NATO sine krisehandteringsverkemiddel og innsats for å kople dei militære kapasitetane til organisasjonen med sivile ressursar. Som ein del av handlingsplanen utviklar vi metodar til å forbetre planlegginga og gjennomføring av pågåande og framtidige operasjonar, der det fell seg slik, og å sikre eigna bruk av lærdom vi har hausta, mellom anna i opplæring, utdanning og øvingar. Vi er òg i gang med å styrkje vår evne til å arbeide effektivt saman med partnarland for å auke synergien på alle nivå. Vi har merkt oss ein framdriftsrapport og ser fram til vidare konkrete resultat innan neste toppmøte. Vi har delt hovudtyngda av arbeidet med større internasjonale aktørar for å dra nytte av deira synspunkt og innspel.
Meir enn ti års samarbeid mellom NATO og FN, særleg på Balkan og i Afghanistan, har vist verdien av effektiv samordning mellom dei to organisasjonane. Vi er fast bestemte på å vidareutvikle samarbeidet vårt på ein strukturert måte for betre å kunne handtere truslane og utfordringane som verdssamfunnet blir bedt om å reagere på. Felleserklæringa frå FN og NATO, som dei to generalsekretærane underteikna i september 2008, er eit stort steg framover i denne retninga. Ho stadfester dessutan at vi, innanfor dei mandat og kapasitetar vi kvar på vår side rår over, er villige til å yte bistand til regionale og subregionale organisasjonar, etter oppmoding og slik det passar.
Som den raske utplasseringa av NATO-operasjonen Allied Provider viste, er vi sterkt opptekne av den aukande førekomsten av sjørøveri utanfor kysten av Afrikas horn, og vi er forplikta til å bistå i kampen mot dette vondet, med full respekt for relevante tryggingsrådsresolusjonar. Som svar på oppmodingar frå FNs generalsekretær er marinestyrkar frå NATO og allierte enkeltnasjonar i gang med å utføre eit avskrekkingsnærvær og eskorterer fartøy chartra av Verdas matvareprogram som fraktar humanitær bistand til Somalia. Marinestyrkar frå NATO har òg stått for eit maritimt tryggingsnærvær og eskortert fartøy chartra av Den afrikanske unionen som fraktar logistikkforsyningar til AMISOM, operasjonen Den afrikanske unionen driv i Somalia. Vi ser positivt på den føreståande EU-operasjonen ATALANTA. Etter kvart som fleire aktørar engasjerer seg i denne viktige innsatsen, er det avgjerande å sikre komplementaritet mellom dei. NATO står parat til å vurdere ytterlegare oppmodingar om bruk av alliansens marineressursar for å slå tilbake sjørøveriet i denne regionen.
I tillegg til bistand i arbeidet mot sjørøveri er NATO forplikta til å bistå Den afrikanske unionen (AU) også på andre måtar i dei fredsbevarande og stabilitetsfremjande operasjonane organisasjonen driv. Vi samordnar framleis lufttransportstøtte til AMISOM. Vi yter òg støtte til kapasitetsoppbygging innanfor dei langsiktige fredsbevaringsressursane til AU, særleg den afrikanske beredskapsstyrken, etter oppmoding frå AU. Vi er villige til å vurdere ytterlegare oppmodingar om å støtte AU, mellom anna innan regional maritim kapasitetsbygging.
Som det vart påpeikt i Bucuresti, dekkjer relasjonane mellom NATO og EU eit breitt spekter av saker av felles interesse i tilknyting til tryggleik, forsvar og krisehandtering, mellom anna kamp mot terrorisme, utvikling av heilskaplege og gjensidig forsterkande militære kapasitetar og sivil kriseplanlegging. NATO og EU har òg felles verdiar og strategiske interesser, og vil halde fram med å arbeide side om side i sentrale krisehandteringsoperasjonar, og vil unngå unødig dobbeltarbeid i ei ånd av gjensidig openheit som respekterer autonomien til kvar organisasjon. Sidan Bucuresti er det teke fleire initiativ som ledd i den vidare innsatsen for å forbetre den strategiske partnarskapen mellom NATO og EU, slik det er avtalt mellom dei to organisasjonane. NATO erkjenner det viktige i eit sterkare og meir kompetent europeisk forsvar og ser positivt på det EU gjer for å skaffe seg større evne og kapasitet til å møte felles tryggingsutfordringar som både NATO og EU står overfor i dag. Denne utviklinga har omfattande implikasjonar og relevans for heile alliansen, og NATO står difor parat til å støtte og samarbeide med EU i slik gjensidig forsterkande innsats, samtidig som ein er klar over at enkelte allianseland stadig er betenkte. Allianseland utanfor EU har ytt og yter framleis viktige bidrag til denne innsatsen. I denne samanhengen meiner vi framleis det er viktig at alle som er med i denne innsatsen, gjer alt dei kan, og at også allianseland utanfor EU må få høve til å engasjere seg i størst mogeleg grad.
Informasjonsklimaet i dag understrekar behovet for passande, rettidig, nøyaktig og lydhøyr kommunikasjon med lokale og internasjonale publikum om NATOs politikk og engasjement i internasjonale operasjonar. Vi ser positivt på framgangen i arbeidet med å skaffe NATO auka strategisk kommunikasjonskapasitet, som både det hurtigarbeidande Medieoperasjonssenteret og fjernsynskanalen NATO har lansert på Internett, er døme på. Vi understrekar at vi er forplikta til å støtte ytterlegare forbetring av vår strategiske kommunikasjon innan toppmøtet vårt i 2009.
Vi fordømmer i dei sterkaste ordelag angrepa i Mumbai sist veke og uttrykkjer vår djupaste medkjensle med offera og deira pårørande.
Vi uttrykkjer på ny vår fordømming av alle terrorhandlingar, utan omsyn til motiv og form. Vi er fast bestemte på å kjempe mot terrorismen enkeltvis og samla så lenge det er nødvendig, i samsvar med folkeretten og prinsippa i FN-pakta. Alliansen utgjer framleis ein sentral transatlantisk dimensjon i reaksjonen på terrorisme, og vi er framleis forplikta til full gjennomføring av tryggingsrådsresolusjonane i tilknyting til terrorisme. Vi fordømmer eintydig alle terrorhandlingar som uakseptable og kriminelle og beklagar taktikkar som sjølvmordsbombing og gisseltaking, og likeins rekruttering av unge og svakarestilte til slike formål. Vi fordømmer òg terroristar som misbruker fridommar som er sjølvsagde i demokratiske samfunn, til å spreie hat og hisse til vald. Fast bestemte på å verne våre befolkningar, territorium, infrastruktur og styrkar mot terroriståtak vil allianselanda halde fram med å utvikle sine nasjonale evner på dette viktige feltet, og å styrkje alliansen i evna til å dele informasjon og etterretning om terrorisme. Operasjon Active Endeavour, den maritime operasjonen vår i Middelhavet, yter framleis eit verdifullt bidrag til kampen mot terrorisme. Vi er framleis forplikta til å ytterlegare å forbetre dialogen og samarbeidet med partnarane våre på dette viktige området, mellom anna innanfor ramma av Partnarskapshandlingsplan mot terrorisme.
Vi ser fram til å helse Albania og Kroatia velkomne som nye medlemmer i alliansen, noko som vil styrkje tryggleiken for alle i det euroatlantiske området. Albania og Kroatia har alt gjennomført viktige reformer og yter betydelege bidrag til tryggleiken vår. Når dei snart blir med oss i den kontinuerlege omdannings- og reformprosessen i alliansen, oppmuntrar vi Albania og Kroatia til å gjere vidare reformframgang, både før dei fullfører det pågåande arbeidet med handlingsplanen for medlemskap (MAP), og etter tiltredinga, for å auke bidraget deira til alliansen. Vi rosar underteikninga av tiltredingsprotokollane i juli 2008 og ser fram til fullføringa av ratifikasjonsprosessen. Målet vårt er å ta opp dei to nye medlemmene i alliansen på det neste toppmøtet vårt.
Vi stiller oss bak semja mellom stats- og regjeringssjefane på toppmøtet i Bucuresti om å sende ein invitasjon til Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia så snart ei gjensidig akseptabel løysing på namnespørsmålet er oppnådd innanfor FN-rammene, og tek til orde for intensivert innsats mot det målet. På same tid vil vi halde fram med å støtte og bistå reforminnsatsen til regjeringa i Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia.
Vi stadfester alle element i vedtaka om Ukraina og Georgia som stats- og regjeringssjefane våre gjorde i Bucuresti. Begge landa har gjort framgang, men begge har òg mykje att å gjere. Difor har vi vedteke å gi ytterlegare bistand til begge landa i gjennomføringa av tiltrengde reformer etter kvart som dei går vidare på vegen mot NATO-medlemskap.
Gjennom ein resultatbasert prosess vil NATO yte maksimal rådgiving, bistand og støtte til reforminnsatsen deira innanfor rammene av NATO–Ukraina-kommisjonen og NATO–Georgia-kommisjonen, som har ei sentral rolle å spele ved å overvake prosessen som blei sett i gang på Bucuresti-toppmøtet. I denne samanhengen har vi bestemt oss for å endre NATO–Ukraina-charteret om ein distinkt partnarskap saman med dei ukrainske partnarane våre for å reflektere denne sentrale rolla til NATO–Ukraina-kommisjonen, slik tilfellet allereie er i NATO–Georgia-kommisjonen. Vi har òg bestemt oss for å forsterke informasjons- og liaisonkontora til NATO i Kiev og Tbilisi. Endeleg har vi, utan å forskottere framtidige vedtak som må takast når det gjeld MAP, avtalt at det under NATO–Georgia-kommisjonen og NATO–Ukraina-kommisjonen skal utarbeidast nasjonale årsprogram for å hjelpe Georgia og Ukraina å fremje reformene sine, program som skal reviderast årleg av allianselanda.
Vi ser positivt på framgangen Bosnia-Hercegovina og Montenegro har gjort i samarbeidet med alliansen og utviklinga av ambisiøse individuelle partnarskapshandlingsplanar med begge landa. Vi ventar at begge landa vil halde oppe framdrifta i gjennomføringa av desse handlingsplanane, og merkjer oss i positiv lei at dei aktar å auke integreringa gjennom regionale samarbeidsinitiativ. Vi ser positivt på starten av ein intensivert dialog med begge landa om heile spekteret av politiske, militære, finansielle og tryggingsrelaterte spørsmål i samband med medlemskapsambisjonane deira, utan å forskottere eit seinare alliansevedtak. Utan å forskottere vår framtidige avgjerd om oppmodinga frå Montenegro om å få delta i MAP, ser vi positivt på at Montenegro viser interesse for å nærme seg euroatlantisk integrasjon.
Trass i framgang på nokre område er vi uroa over forverringa i det politiske klimaet i Bosnia-Hercegovina dei siste månadene, som set landets konstitusjonelle struktur og euroatlantiske integrasjonsutsikter på spel. Vi oppmuntrar alle politiske leiarar i landet til å ta ei meir ansvarleg haldning og oppmodar om tidleg gjennomføring av nyleg inngåtte avtalar, mellom anna om forsvarseigedom. Vi er djupt uroa over uansvarleg politisk retorikk og tilsvarande handlingar som svekkjer den bosniske staten og stiller spørsmålsteikn ved eksistensen til einingane der, mellom anna om deling av staten Bosnia-Hercegovina, alt ting som kan ha djuptgripande implikasjonar. Den politiske avtalen av 8. november mellom nokre bosniske leiarar er eit kjærkomme teikn på dialog. Vi oppmodar sterkt alle politiske leiarar i Bosnia-Hercegovina til å gjennomføre konkrete endringar i tråd med fredsgjennomføringsrådets krav om stenging av kontoret til den høge representanten. NATO er framleis på vakt og vil følgje nøye med på den politiske utviklinga. Vi ser det som viktig at det internasjonale nærværet i Bosnia-Hercegovina tek omsyn til den politiske og tryggingsmessige situasjonen. NATO er framleis forplikta til å halde fram med å støtte operasjonen EUFOR-ALTHEA gjennom Berlin-pluss-ordningane. Såleis legg vi den største vekt på effektivt samarbeid og konsultasjonar mellom EU og NATO og allianseland utanfor EU.
I lys av at den nye serbiske regjeringa har sagt seg forplikta til euroatlantisk verdisyn og partnarskap, går NATO framleis inn for at Serbia skal bli integrert i den euroatlantiske nasjonsfellesskapen. Vi ser positivt på Serbias ønske om å forfølgje ytterlegare praktisk samarbeid med NATO, mellom anna gjennom full bruk av Partnarskap for fred (PFP). Avtalen som nyleg vart underteikna med NATO om informasjonstryggleik, representerer eit viktig steg i så måte. Vi står parat til å vidareutvikle partnarskapen vår, særleg gjennom utarbeiding av ein individuell partnarskapshandlingsplan i samsvar med PFP-prinsippa om inkludering og sjølvdifferensiering. Alle vegar til politisk konsultasjon og praktisk samarbeid som NATO-partnarskap inneber, ligg opne for Serbia. Vi ber Serbia påverke dei aktuelle partane i Kosovo til å avstå frå vald.
Vi takkar Serbia for pågripinga og utleveringa av den krigsbrotsverktiltalte Radovan Karadzic nyleg, og ber Serbia innstendig om å halde fram med innsatsen, særleg for å pågripe og utvise Ratko Mladic og andre som er på flukt. Vi forventar framleis at Serbia og Bosnia-Hercegovina samarbeider fullt ut med Den internasjonale straffedomstolen for det tidlegare Jugoslavia, og vil følgje nøye med på det dei føretek seg i så måte.
Samtidig som vi framleis trur at det er viktig for den euroatlantiske tryggleiken å ha relasjonar mellom NATO og Russland som er baserte på konstruktiv dialog – også i spørsmål som splittar alliansen og Russland – og på samarbeid, har russiske handlingar og utsegner i det siste alvorleg svekt tilliten vår til at Moskva framleis kjenner seg forplikta av dei grunnleggjande verdiane og prinsippa i tilhøvet mellom NATO og Russland. Etter dei uforholdsmessige militære handlingane frå russisk side under konflikten med Georgia i august avgjorde vi at det ikkje kunne bli snakk om å halde fram som før i relasjonane med Russland. Den påfølgjande russiske godtakinga av regionane Sør-Ossetia og Abkhasia i Georgia, som vi fordømmer og ber Russland gjere om, er i strid med OSSE-prinsippa som tryggleiken i Europa kviler på, og med tryggingsrådsresolusjonane om Georgias territoriale integritet som Russland har slutta seg til. Vi stadfester vår oppslutnad om desse verdiane og prinsippa og ber Russland vise at dei òg forpliktar seg til dei. Vi ber Russland avstå frå konfronterande utsegner, også påstandar om ein påverknadssfære, og frå truslar mot tryggleiken til allianseland og partnarar, mellom anna trusselen om utplassering av kortdistanserakettar i regionen Kaliningrad. Vi oppmodar òg Russland om fullt ut å gjennomføre tilsegnene som blei avtala med Georgia etter mekling ved EU 12. august og 8. september 2008. I samanheng med Georgia ser vi på Russlands tilbaketrekking frå områda det har forplikta seg til å forlate, som eit sentralt steg, og ser positivt på det som hittil er gjort for å gjennomføre desse tilsegnene, samtidig som det blir understreka som viktig at internasjonale kontrollørar får fullt tilgjenge og at Russland blir mint om sitt ansvar for tryggleik og orden. Vi uttrykkjer vår støtte til dei konstruktive meiningsutvekslingane mellom alle involverte partar i dei internasjonale diskusjonane i Genève med sikte på å komme raskt vidare i uavklara spørsmål knytte til tryggleik og humanitære saker. Vi ber Russland og alle andre relevante aktørar om å halde fram med å engasjere seg konstruktivt for å løyse desse uteståande spørsmåla når Genève-samtalane held fram.
Partnarskapen NATO–Russland var tenkt som eit strategisk element til å fremje tryggleiken i det euroatlantiske området. Dialog og samarbeid er framleis viktig for vår samla evne til å møte felles tryggingsrelaterte truslar og utfordringar på ein effektiv måte. Vi har ikkje hatt vanleg verksemd i NATO–Russland-rådet (NRC) sidan august. I ein partnarskap basert på felles verdiar fører mangel på felles oppslutnad om desse verdiane naturleg nok til at både tilhøvet og rommet for samarbeidsaktivitetar blir skadelidande. Såleis har vi i dag lite høve til praktisk samarbeid. På bakgrunn av dette har vi avtalt ei moderat og fasedelt tilnærming: Vi har gitt generalsekretæren mandat til å ta opp att kontakten med Russland på politisk nivå, blitt samde om uformelle diskusjonar i NRC og bede generalsekretæren melde tilbake til oss før eit eventuelt vedtak om å engasjere Russland formelt i NRC.
NATO-politikken med samfunnsinnsats gjennom partnarskapar, dialog og samarbeid er ein sentral del av formålet og oppgåvene til alliansen. Partnarskapane våre rundt om i verda er av varig verdi og medverkar til stabilitet og tryggleik både i og utanfor det euroatlantiske området. Vi set stor pris på bidraga partnarane våre yter til NATOs oppdrag og operasjonar.
Vi engasjerer oss framleis for substansielle politiske diskusjonar og effektivt samarbeid i Euroatlantisk partnarskapsråd (EAPC) og Partnarskap for fred, basert på felles verdiar og prinsipp. NATO forventar at alle partnarar oppfyller sine forpliktingar til desse verdiane og prinsippa. Vi oppmuntrar og vil fortsetje å støtte ytterlegare reformer i forsvar og på andre område, mellom anna i dei strategisk viktige regionane Kaukasus og Sentral-Asia. Vi ser fram til tryggingsforumet i EAPC som skal haldast i Kasakhstan i juni 2009.
I går hadde vi møte med dei sju Middelhavs-partnarane våre for å gå gjennom den betydelege framgangen i Middelhavsdialogen sidan siste møtet vårt i 2007 og diskutere andre spørsmål av felles interesse. Vi ser fram til å byggje vidare på denne framgangen og utdjupe forholdet vårt ytterlegare gjennom politisk dialog og praktisk samarbeid, mellom anna i samanheng med NATO-initiativet til opplæringssamarbeid og gjennom bruk av fondsmekanismar, som til dømes med Jordan. Vi ser på fred og stabilitet i Middelhavsregionen som vesentleg for vår eigen tryggleik. Vi ser positivt på tilbodet frå den spanske regjeringa om å vere vertskap for neste ministermøte i Middelhavsdialogen våren 2009.
Vi er nøgde med responsen frå dei fire golfstatane som deltek i samarbeidsinitiativet frå Istanbul (ICI), mellom anna på NATO-initiativet til opplæringssamarbeid, og er bestemte på ytterlegare å intensivere samarbeidet vårt på dette og andre område. Den noverande utplasseringa av NATOs ståande maritime gruppe 2 i Golfregionen og øvingane denne driv saman med ICI-partnarar, viser vår gjensidige interesse av å utvikle evna vår til å operere saman.
Vi er òg nøgde med den aukande interessa i mange land utanfor det euroatlantiske området for å utvikle tettare relasjonar med NATO. Mange av desse landa støttar operasjonane våre, er involverte i praktisk samarbeid med alliansen på nøkkelområde som utdanning og opplæring og engasjerer seg i regulære konsultasjonar med NATO i spørsmål som kamp mot terrorisme og spreiing av masseøydeleggingsvåpen. Vi er interesserte i at NATO skal engasjere seg saman med partnarar verda over og vidareutvikle den politiske dialogen og det praktiske samarbeidet vi har med desse landa på område av felles interesse.
Omdanninga av NATO er ein kontinuerleg prosess som krev konstant politisk merksemd og aktivt engasjement frå allianselanda. Vi må sikre at det kan stillast styrkar som gjer at alliansen kan utføre heile sitt spekter av oppdrag, også fellesforsvar og krisereaksjonsoperasjonar, slik det strategiske konseptet og den samla politiske rettleiinga ser føre seg. Som allianse er vi forplikta til å utvikle politikk og kapasitetar til å handtere framveksande utfordringar og truslar, idet det blir teke omsyn til regionale og nasjonale forhold, og å ta hand om dei omgåande tryggingsbehova til alle allianseland. Til dette ser vi positivt på vedtaket som blei gjort om å auke dei politiske måla for utplasseringsevne hos bakkestyrkar. I tillegg vil alliansen vidareføre innsatsen for å kunne utplassere NATO-reaksjonsstyrken ved å stille dei nødvendige styrkane til disposisjon. Gjennom ein forsvarsplanleggingsprosess i stadig utvikling vil NATO vidareutvikle evnene som er nødvendige for å utføre heile vårt spekter av operasjonar og å rette på konkrete manglar. Særleg vil vi arbeide med å forbetre strategisk lufttransport, auke tilgangen på oppdragsdyktige helikopter og ytterlegare styrkje dataforsvaret. Vi er framleis forplikta til å utvikle ein samla politikk for å hindre spreiing av masseøydeleggingsvåpen og å betre det kjemiske, biologiske, radiologiske og kjernefysiske forsvaret i alliansen.
Spreiing av ballistiske missil utgjer ein aukande trussel mot alliansens styrkar, territorium og folk. Missilforsvar er ein del av eit vidare svar for å motverke denne trusselen. Vi erkjenner difor det vesentlege bidraget til vern av alliansen mot langtrekkande missil som den planlagde utplasseringa av amerikanske missilforsvarskapasitetar med base i Europa vil utgjere. Som det blei gitt pålegg om på toppmøtet i Bucuresti, ser vi nærmare på korleis denne kapasiteten kan knytast til pågåande missilforsvarsinnsats i NATO for å sikre at han vil bli ein integrert del av ein eventuell framtidig NATO-omspennande missilforsvarsarkitektur. Sett på bakgrunn av prinsippet om udeleleg alliansetryggleik og NATO-solidaritet merkte allianselanda seg framgangen i utarbeidinga av alternativ for ein samla missilforsvarsarkitektur for å utvide dekninga til alle europeiske allianselands territorium og folk som elles ikkje er dekte av USA-systemet; desse alternativa skal vurderast på toppmøtet i 2009 og skal tene som grunnlag for eit eventuelt framtidig politisk vedtak. Sidan alle alternativa inneheld den planlagde utplasseringa av amerikanske missilforsvarskapasitetar med base i Europa, merkjer vi oss som ei relevant utvikling at Den tsjekkiske republikken og Polen har underteikna avtalar med USA om desse ressursane. Som forsvarsministrane gjorde på ministermøtet i Budapest i oktober 2008, merkte også vi oss i dag planen om å fullføre analysen av alternativ for ein samla missilforsvarsarkitektur innan forsvarsministermøtet i Krakow i februar 2009. Ein rapport om desse alternativa vil bli lagd fram for stats- og regjeringssjefane til vurdering på deira neste toppmøte. Vi støttar framleis arbeidet som er i gang for å styrkje missilforsvarssamarbeidet mellom Russland og NATO, og er framleis forplikta til maksimalt innsyn og gjensidige tillitsskapande tiltak for å dempe eventuelle bekymringar, slik det blei sagt på toppmøtet i Bucuresti. Vi oppmuntrar også Russland til å dra fordel av forslag frå USA om missilforsvarssamarbeid, og vi er parat til å sondere potensialet for å knyte missilforsvarssystem i USA, NATO og Russland saman når tida skulle vere inne.
Vi stadfester at rustingskontroll, nedrusting og ikkjespreiing kjem til å vere eit viktig bidrag til fred, tryggleik og stabilitet også heretter, som ein del av eit vidare svar på tryggleiksspørsmål. Vi har merkt oss gjennomføringsrapporten om ein høgare NATO-profil på dette området. Rapporten viser eit breitt spekter av tiltak som blir gjennomførte, mellom anna vidare innsats for å hindre spreiing av masseøydeleggingsvåpen, og destruksjon av overskotslager av lette våpen, handvåpen og ammunisjon. Vi har til siktemål å auke kunnskapen blant publikum om kva NATO gjer på området rustingskontroll, nedrusting og ikkjespreiing. Det faste rådet vil halde desse spørsmåla under aktivt oppsyn.
Vi legg den største vekt på CFE-avtalen med alle sine element. Vi strekar under den strategisk viktige rolla CFE-avtalen, med flankeregimet, har som hjørnestein i den euroatlantiske tryggleiken. Vi gjentek stats- og regjeringssjefane sin tilslutnad på Bucuresti-toppmøtet til erklæringa frå Nordatlantisk råd av 28. mars 2008. Vi stadfester at alliansen er forplikta til CFE-regimet slik det er uttrykt i alliansens posisjon som går fram av avsnitt 42 i erklæringa frå Riga-toppmøtet i 2006, slutterklæringa frå allianselanda under den ekstraordinære CFE-konferansen i Wien og allianseerklæringar som svar på seinare utviklingstrekk. Vi er djupt uroa over at Russland i nesten eit heilt år, sidan 12. desember 2007, einsidig har ”suspendert” sine juridiske plikter etter CFE-avtalen. Vidare har måten Russland har gått fram på i Georgia, stilt spørsmålsteikn ved kor vidt landet kjenner seg forplikta av dei grunnleggjande OSSE-prinsippa som stabiliteten og tryggleiken i Europa kviler på, prinsipp som underbyggjer CFE-avtalen. Desse handlingane strir mot vår felles målsetjing om å sikre at CFE-regimet er livskraftig på lang sikt, og vi oppmodar Russland til å begynne å etterleve avtalen igjen utan opphald. Fordi vi er forplikta til tryggleik gjennom samarbeid og oppfylling av internasjonale avtalar, og fordi vi ser på tilliten som følgjer med militær openheit og føreseielegheit som svært viktig, har vi halde fram med å etterleve avtalen trass i den russiske ”suspensjonen”. Den noverande situasjonen, der NATO-allierte CFE-land gjennomfører avtalen, mens Russland ikkje gjer det, kan ikkje vare ved i lengda. For over eit år sidan tilbaud vi eit sett konstruktive og framtidsretta forslag til parallelle tiltak i nøkkelsaker; for NATO-allierte mellom anna tiltak med tanke på ratifikasjon av den tilpassa CFE-avtalen, for Russland tiltak i samband med uinnfridde tilsegner om Georgia og Republikken Moldova. Vi meiner framleis at desse forslaga dekkjer alle bekymringar Russland har gitt uttrykk for. Vi oppmodar Russland innstendig til å samarbeide med oss og andre vedkommande CFE-partar om å nå fram til semje på basis av parallelltiltakspakken, slik at vi saman kan ta vare på goda ved dette skjelsetjande regimet.
Vi er framleis bekymra over at dei regionale konfliktane varer ved i Sør-Kaukasus og Republikken Moldova. Vi støttar framleis den territoriale integriteten, sjølvstendet og suvereniteten til Armenia, Aserbajdsjan, Georgia og Republikken Moldova. Fredeleg konfliktløysing på grunnlag av desse prinsippa er blitt meir relevant for den samla tryggleiken i regionen. Vi vil halde fram med å støtte innsats til dette formålet og står parat til å innleie samråd med desse landa i saker av regional interesse. Vi vil òg støtte desse landa i innsatsen deira for å dra full nytte av mekanismane for konfliktførebygging og fredeleg konfliktløysing.
Vi rosar initiativa som skal styrkje samarbeidet, tryggleiken og stabiliteten i Svartehavsregionen, og vil framleis støtte den regionale innsatsen med sikte på dette.
I tråd med rapporten frå Bucuresti-toppmøtet om NATOs rolle innan energitrygging har alliansen halde fram med å rådføre seg om dei mest nærliggjande risikoane på energitryggingsområdet, som ein del av vår uro over risikoen for brot i tilførsla av livsviktige ressursar. I Bucuresti identifiserte allianselanda prinsipp som styrer korleis NATO stiller seg til energitryggleik, og skisserte alternativ og tilrådingar for vidare aktivitetar. Alliansen har såleis starta ein prosess for implementering av aktivitetar på fem område som er utpeika i rapporten, mellom anna gjennom dialog og praktisk samarbeid frå sak til sak med partnarar, relevante internasjonale organisasjonar og privat sektor, med sikte på å fremje energitryggleik på område der NATO kan tilføre verdi. Vi merkjer oss framgangen som er oppnådd, og ser fram til å få ein konsolidert rapport om emnet energitryggleik til vurdering på toppmøtet i 2009.
Vi er bestemte på å skape ny framdrift i reformene ved NATO-hovudkvarteret. Målet vårt er å gjere arbeidet ved hovudkvarteret meir effektivt, lydhøyrt, transparent og ressurseffektivt for å støtte opp under dei konsensusbaserte vedtaksprosessane våre. Vi ser positivt på arbeidet som blei sett i gang av generalsekretæren som svar på oppmodinga frå stats- og regjeringssjefane våre i Bucuresti, og merkjer oss den substansielle diskusjonen i påfølgjande forsvarsministermøte i London og Budapest. Vi ser fram til at generalsekretæren skal rapportere til neste forsvarsministermøte, og til vårt eige neste møte, om framgangen i dette arbeidet og med andre framlegg for å styrkje alliansen i evna til å utføre heile sitt spekter av operasjonar og oppdrag og å møte tryggingsutfordringane i dag.
På møtet vårt i dag har vi teke for oss framgangen i gjennomføringa av vedtaka frå Bucuresti-toppmøtet, diskutert nøkkelutfordringane alliansen står overfor, og avtalt tiltak for å styrkje allianseoperasjonane. Vi har lagt til rette for eit vellykka toppmøte i samband med 60-årsjubileet neste år der stats- og regjeringssjefane våre vil vedta ei erklæring om alliansetryggleik som skal uttrykkje korleis alliansen ser føre seg si rolle når det gjeld å møte dei framveksande utfordringane i det 21. hundreåret og halde ved lag evna til å utføre heile sitt spekter av oppdrag, kollektivt forsvare tryggleiken vår heime og medverke til stabilitet ute.