6 Partnarsamarbeidet
Samarbeidet med partnarland er eit sentralt element i arbeidet for transatlantisk tryggleik og stabilitet, også utanfor det transatlantiske området. Det overordna målet er å medverke til reform i partnarlanda og å gjere alliansen og partnarane betre i stand til å førebyggje og møte felles tryggingspolitiske utfordringar. Sidan tidleg på 1990-talet er partnarsamarbeidet vesentleg vidareutvikla, mellom anna med ei rekkje nye partnarland.
Partnarsamarbeidet omfattar i dag ei stor og differensiert gruppe land som kvar for seg har ulike referanserammer og ambisjonar i sitt samarbeid med NATO, og som til dels er samla i ulike geografisk dikterte, men fleksible strukturar. Fleksibilitet, pragmatisme og ulike prioriteringar ligg difor til grunn for partnaraktivitetane. Partnarane vel sjølve kva nivå dei vil samarbeide på.
Partnarsamarbeidet omfattar både politisk dialog og praktisk samarbeid. Den politiske dialogen er retta mot aktuelle tryggingspolitiske problemstillingar av felles interesse og blir ført på ei rekkje nivå og i ulike format. Dei alliansefrie vesteuropeiske partnarlanda Austerrike, Finland, Irland, Sveits og Sverige legg stor vekt på denne dialogen som ein inngang til den transatlantiske tenkinga rundt overordna problemstillingar, mens dialogen med andre partnarland i større grad er retta mot regionale og nasjonale saker.
Det praktiske samarbeidet omfattar støtte frå NATO til forsvars- og tryggingssektorreformer i partnarland, støtte frå partnarland til NATO-operasjonar og utstrekt samarbeid og erfaringsutveksling på ei rekkje andre område. Reformstøtta inngår i breiare reformprosessar i partnarland knytte til politisk omstilling og demokratisering, og medverkar til ei gradvis oppbygging av ein verdifellesskap med dei allierte. Reformarbeidet er spesielt utvikla innanfor rammene av det praktiske samarbeidsprogrammet Partnarskap for fred (PFP) under Euro-Atlantic Partnership (EAP). I 2008 var reformstøtta frå NATO spesielt retta mot Ukraina og Georgia og mot partnarlanda på Balkan og i Sentral-Asia.
Eit vesentleg formål med reformarbeidet er å styrkje samvirkeevna mellom militære styrkar frå NATO og partnarlanda. Partnarane spelar ei vesentleg rolle i NATO-operasjonane gjennom sine styrkebidrag og er òg med og styrkjer legitimiteten til desse operasjonane. Ved årsskiftet 2008/2009 deltok 16 partnarland i NATO-leidde operasjonar med styrkebidrag som utgjorde i overkant av 7 % av dei samla styrkane. NATO er i stor grad avhengig av partnarbidrag for å gjennomføre operasjonane sine.
I diskusjonen om utviklinga av partnarskapane har USA lagt særleg vekt på forholdet til land som kan yte vesentlege bidrag til NATO-operasjonar, deriblant Australia, Japan, New Zealand og Sør-Korea i tillegg til Finland og Sverige. Andre allierte la vekt på samarbeid med partnarane i det euroatlantiske området. Noreg såg det som særleg viktig å finne den rette balansen mellom styrkt politisk dialog og breitt praktisk samarbeid innanfor dei spesifikke partnarskapane. Behovet for fleksibilitet i samarbeidet med troppebidragsytande land blei understreka, då dette ville medverke til å vitalisere partnarskapane. Noreg tok òg særleg omsyn til ønskemåla til dei nordiske partnarlanda Finland og Sverige.
6.1 Euroatlantisk partnarskapsråd (EAPC)
Euroatlantisk partnarskapsråd (Euro-Atlantic Partnership Council – EAPC) er eit politisk dialogforum der allierte og partnarland møtest for å diskutere felles tryggingspolitiske utfordringar. Partnarane i EAPC er dei alliansefrie vesteuropeiske landa (Austerrike, Finland, Irland, Sveits og Sverige), kandidatlandet Makedonia, dei tre deltakarane i Partnarskap for fred (PFP) på det vestlege Balkan (Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia), dei tre landa i Sør-Kaukasus (Armenia, Aserbajdsjan og Georgia) som har individuelle samarbeidsprogram med NATO, dei fem sentralasiatiske landa (Kasakhstan, Kirgisistan, Tadsjikistan, Turkmenistan og Usbekistan) og Malta, Moldova, Kviterussland, Russland og Ukraina. Malta blei gitt status som partnarland på toppmøtet i Bucuresti. Dette er ei ueinsarta gruppe med ulike interesser og behov, og det er difor utfordrande å gjere dialogen substansiell og framtidsretta, også på bakgrunn av at EAPC ikkje er eit forum som kan ta avgjerder. Dette fører ofte til at manglande interesse og substans pregar dialogen.
I 2008 blei det arbeidd vidare med å følgje opp Riga-vedtaka om å gjere konsultasjonane innanfor EAPC meir fokuserte og prioriteringsorienterte, mellom anna gjennom bruk av fleksible møteformat. Ei utfordring har vore å finne fram til saker som kan vere til gjensidig nytte for allierte og partnarane. Ei vellukka eksempel er dialogen med dei fem sentralasiatiske landa om utviklinga i Afghanistan, der også afghanarane deltek. Dette var eit initiativ Noreg var med på å fremje saman med enkelte andre allierte.
6.2 Dei vesteuropeiske partnarlanda
Dei vesteuropeiske partnarlanda Austerrike, Finland, Irland, Sveits og Sverige står i ei særstilling i partnarsamanheng og har i lengre tid medverka betydeleg til NATO-operasjonar på Balkan og i Afghanistan. Dei kan tilby NATO veltrena og velutstyrte styrkar, og bidraga deira fyller viktige behov i operasjonane. Samtidig er desse landa aktive i den politiske dialogen og kjem med viktige innspel og synsmåtar.
Noreg var også i 2008 spesielt merksam på svenske og finske synspunkt i diskusjonen om utviklinga av partnarskapen. Regjeringa la særleg vekt på ønsket deira om å bli tettare inkluderte i planlegginga og gjennomføringa av operasjonar. Frå norsk side blei det framheva som fornuftig at dei troppebidragsytande partnarane får større tilgang til relevante diskusjonar og informasjon. Dette gir dei betre høve til å påverke avgjerder som har følgjer for deltakinga deira i NATO-operasjonar. Det vil styrkje motivasjonen til å stille relevante bidrag og sikre operasjonane større legitimitet, utan å røre ved den overordna politiske kontrollen NATO skal ha. Noreg støtta i så måte svenske og finske ønske om rettidig tilgang på relevant informasjon og høveleg innpass i kommandokjeda i NATO.
For Finland og Sverige var deltaking i NATO-operasjonar av stor verdi med tanke på å sertifisere og øve EU-styrkar som skal ta del i ESDP-operasjonar, deriblant den nordiske innsatsgruppa. Deltakinga er òg viktig for å leggje til rette for at dei skal kunne realisere ambisjonen om å få delta i NATOs reaksjonsstyrke (NATO Response Force – NRF). Også av desse grunnane var det i norsk interesse å arbeide for den graden av integrasjon med NATO som Finland og Sverige sjølve ønskjer.
6.3 Tilhøvet til middelhavslanda og Midtausten
Samarbeidet i Middelhavsdialogen (MD) og Istanbul-initiativet (ICI) illustrerer at trusselbiletet i dag gjer stabile og trygge forhold i Middelhavsregionen, Persiagolfen og Midtausten til eit viktig omsyn for dei allierte.
MD omfattar Algerie, Egypt, Israel, Jordan, Marokko, Mauritania og Tunisia og har som ei viktig målsetjing å medverke til tryggleik og stabilitet i regionen, forsterka dialog om felles tryggingsutfordringar og praktisk samarbeid i forsvars- og tryggingssektoren. MD er òg eit uttrykk for eit gjensidig ønske om samarbeid i kampen mot terror.
Både den politiske dialogen og det praktiske samarbeidet heldt fram med å utvikle seg positivt i 2008. Saman med m.a. Italia, Spania og Storbritannia var Noreg pådrivar for å styrkje samarbeidet. Frå norsk side blei det særleg lagt vekt på å utvikle den politiske dimensjonen, mellom anna med fleire møte på ministernivå.
I 2007 tok elles Noreg, saman med Spania og Sveits, initiativet til det første NATO-støttefondet for eit MD-land. Det har til formål å hjelpe jordanske styresmakter å fjerne udetonerte eksplosiv i landet og blei sett i verk i 2008.
Istanbul-initiativet (ICI) blei etablert på toppmøtet i Istanbul i 2004. Bahrain, Dei sameinte arabiske emirata (UAE), Kuwait og Qatar deltek i ICI. Samarbeidet er hovudsakleg av praktisk art og baserer seg på årlege program som mellom anna omfattar antiterrortiltak, forsvarsreform, ikkjespreiing, sivil beredskap og militært samarbeid. Også i 2008 gav Bahrain, Kuwait og UAE uttrykk for ønske om nærmare samarbeid med NATO, både politisk og praktisk. Dette er ei utvikling som mellom anna er tilskunda av Irak-krigen, regionale stormaktsambisjonar i Iran og tilhøvet mellom sunni- og sjiamuslimske grupper.
6.4 Tilhøvet til globale NATO-partnarar
Globale NATO-partnarar er land utanfor Europa som ikkje deltek i dei formelle partnarskapsstrukturane. Samarbeidet er tufta på felles tryggingspolitiske interesser og demokratiske verdiar som grunnlag for deltaking i NATOs operasjonar, tryggingssamarbeid og dialog om felles tryggingsutfordringar. Landa ønskjer ikkje eit utvida formalisert samarbeid med NATO, samtidig som dei i varierande grad er opptekne av å ha ein fortløpande dialog om felles tryggingsutfordringar og eit strukturert praktisk samarbeid. Dialogen er spesielt tett med Australia, Japan, New Zealand og Sør-Korea. Saman med Singapore bidreg desse på ulike måtar til NATO-operasjonen i Afghanistan. NATO har òg i ulik grad uformell kontakt med fleire andre land, deriblant Brasil, Colombia, Kina, Mexico og Mongolia. Samarbeidet med dei globale partnarane har utvikla seg vidare i 2008 på grunnlag av individuell tilnæring i det omfang den enkelte partnar finn passande.