6 Fellesfråsegn, Brussel 13. juni 2008
Møte i NATO–Ukraina-kommisjonen på forsvarsministernivå i NATO-hovudkvarteret
Vi, forsvarsministrane i NATO–Ukraina-kommisjonen, møttest i Brussel 13. juni 2008. Vi diskuterte den vidare utviklinga i forsvars- og tryggingsrelasjonane mellom NATO og Ukraina. Diskusjonane fokuserte på Ukrainas framgang og innsats i gjennomføringa av reformer i forsvars- og tryggingssektoren og på Ukrainas bidrag til tryggleik og stabilitet. Vi tok òg føre oss dei ukrainske planane om å delta i fleire av NATOs forsvarspolitiske initiativ.
På bakgrunn av vedtaka som stats- og regjeringssjefane i NATO gjorde på NATO-toppmøtet i Bucuresti om at Ukraina skal bli medlem av NATO, vedtok vi å vidareføre samarbeidet vårt under NATO–Ukraina-kommisjonen og fremje den spesielle partnarskapen, særleg gjennom intensivt engasjement på høgt politisk nivå for å løyse dei forsvarsrelaterte spørsmåla som gjeld Ukrainas MAP-søknad. MAP er neste steg for Ukraina på den direkte vegen mot medlemskap. Ei første evaluering vil bli gjort av forsvarsministrane i desember 2008.
Vi set stor pris på det betydelege bidraget partnarskapen mellom NATO og Ukraina har ytt til fred og stabilitet i og utanfor det euroatlantiske området. I så måte såg dei allierte positivt på at Ukraina, som einaste partnarland, aktivt støtta alle NATO-leidde operasjonar og oppdrag. I samanheng med NATOs helikopterinitiativ var dei allierte dessutan glade over å merkje seg Ukrainas vilje til å bli med i det britisk-franske initiativet til støtte for oppgradert helikopterkapasitet og for pilotopplæring, med sikte på å stille fleire helikopter til disposisjon for fleirnasjonale operasjonar. Dei allierte såg òg positivt på at Ukraina aktar å halde fram med å tilby sin strategiske lufttransportkapasitet til støtte for NATO-operasjonane. Vi gledde oss òg over at Ukraina var blitt med i utvekslingsprogrammet for luftsituasjonsdata. Dei allierte forsvarsministrane merkte seg med glede at Ukraina var parat til å få i stand ordningar for transitt av utstyr og forsyningar til ISAF via Ukraina.
Vedtaket i Det nordatlantiske rådet om å takke ja til tilbodet frå Ukraina om å yte betydelege bidrag til NATO-reaksjonsstyrken er endå eit steg på vegen mot betra tilhøve mellom NATO og Ukraina, og dei allierte såg positivt på den innsatsen Ukraina gjer for å førebu seg på slike mogelege bidrag.
Vi gjorde òg opp status for framgangen og innsatsen Ukraina har gjort og gjer for å bringe dei ukrainske væpna styrkane meir på linje med NATO-standardane, mellom anna ved å auke samvirkeevna mellom allierte og ukrainske styrkar. I denne samanhengen inviterte dei allierte forsvarsministrane Ukraina til i samråd med dei allierte å leie den andre strategiske forsvarsgjennomgangen og å halde fram med gjennomgangen av hovudkvarteret i det ukrainske forsvarsministeriet. Vi streka dessutan under at det er viktig å skaffe nok av ressursar og planlegging til å støtte opp under nødvendige reformer.
Vidare tok vi for oss reforminnsatsen til dei ukrainske styresmaktene i den utvida tryggingssektoren og understreka det strategisk viktige i tryggingssektorreform i Ukraina. I så måte oppmuntra dei allierte forsvarsministrane Ukraina til å leggje særleg vekt på reformer i etterretnings- og tryggingsorgana og merkte seg oppmodinga frå Ukraina om vidare alliert bistand i gjennomføringa av desse reformene. Vi oppmuntra òg Ukraina til å styrkje reforminnsatsen, også gjennomføringa av reformene, og såg positivt på at Ukraina står fast på å gjennomføre den nasjonale tryggingsstrategien for Ukraina som ein integrert del av den nasjonale tryggingssektorgjennomgangen. Dei allierte forsvarsministrane såg òg positivt på Ukrainas innsats med sikte på å leggje til rette for betre koordinering av euroatlantisk integreringsinnsats, mellom anna gjennom betra samordning etatane imellom for å handtere reformene.
Dei allierte forsvarsministrane gjorde det dessutan klart at NATO framleis støttar Ukraina i gjennomføringa av forsvars- og tryggingssektorreformer, særleg innanfor rammene av den felles arbeidsgruppa for forsvarsreform (Joint Working Group on Defence Reform (JWGDR)). På dette området såg vi positivt på framgangen JWGDR har oppnådd i gjennomføringa av kritisk viktige program og initiativ, mellom anna JWGDR-programmet for profesjonell sivil personalutvikling og NATO–Ukraina-arbeidsgruppa for sivil og demokratisk kontroll med etterretningssektoren. Vi ser òg fram til gjennomføringa av forsvars- og tryggingsrelaterte tiltak i den årlege målplanen for 2008. Vi understreka kor viktig det er å vidareføre samarbeidet mellom NATO og Ukraina i samsvar med planleggings- og gjennomgangsprosessen (PARP) og den årlege arbeidsplanen for Militærkomiteen med Ukraina.
Vi stadfeste vår støtte til innsats som blir gjort med sikte på å handtere konsekvensane av reformer i forsvars- og tryggingssektoren. I denne samanhengen såg vi positivt på framgangen som har vore i gjennomføringa av programma for omplassering av dimittert militært personell i Ukraina, mellom anna NATO/PFP-fondet for Khmelnitsky, og understreka det viktige i fornya arbeid med NATO/PFP-fondet for destrueringsprosjekt for overskotslager av ammunisjon, handvåpen og lette våpen (SALW) og berbare luftforsvarssystem (MANPADS).
Dei allierte forsvarsministrane oppmuntra Ukraina til å halde fram med å styrkje den offentlege informasjonsinnsatsen med sikte på å spreie kunnskap om NATO. Denne innsatsen omfattar mellom anna forsvars- og tryggingssektoren i Ukraina, dei væpna styrkane og anna tryggingspersonell, og det skal samtidig gjerast best mogeleg bruk av Partnarskapsnettverket NATO–Ukraina for kompetanseutvikling i sivilsamfunnet.
Vi verdsette invitasjonen frå forsvarsministeren i Estland til å oververe høgnivåkonsultasjonane mellom NATO og Ukraina for 2008 i Tallinn 12. og 13. november, som vil vere med og fremje dei forsvars- og tryggingsrelaterte målsetjingane med det intensive engasjementet med Ukraina.