10 Fråsegn frå leiaren, Brussel 3. desember 2008
Møte i NATO–Ukraina-kommisjonen på utanriksministernivå i NATO-hovudkvarteret
Utanriksministrane i NATO–Ukraina-kommisjonen møttest i Brussel i dag for å diskutere samkvemmet mellom NATO og Ukraina og eit intensivt engasjement i samband med vedtaka frå Bucuresti-toppmøtet om dei euroatlantiske ambisjonane til Ukraina.
Dei har stadfest kor viktig tilhøvet mellom NATO og Ukraina er, og teke føre seg utviklinga i samkvemmet dei imellom sidan Bucuresti-toppmøtet. Dei merkte seg med glede at den politiske dialogen mellom NATO og Ukraina er ytterlegare utdjupa, og eit aukande tal kontaktar på høgt nivå har funne stad i perioden med intensiv samhandling, mellom anna den vellukka gjestinga Nordatlantisk råd var på i Ukraina i juni 2008, og høgnivåkonsultasjonane i Tallinn mellom forsvarsministrane i NATO og Ukraina i november 2008. Dei gjentok at det velstrukturerte tilhøvet som har vore mellom NATO og Ukraina dei siste 11 åra i den distinkte partnarskapen, og som begge sider har fordel av, har medverka og kjem til å medverke til tryggleiken regionalt og i euroatlantisk samanheng.
Utanriksministrane orienterte sin ukrainske kollega om vedtaka om Ukraina og Georgia som vart gjorde under møtet i Nordatlantisk råd 2. og 3. desember 2008. På det møtet stadfeste dei alle elementa i vedtaka om Ukraina og Georgia som stats- og regjeringssjefane gjorde i Bucuresti. Dei merkte seg at Ukraina har hatt framgang, men har mykje att å gjere. Difor har dei vedteke å yte vidare hjelp til Ukraina i gjennomføringa av reformer som Ukraina må gjere på vegen mot NATO-medlemskap.
Gjennom ein resultatbasert prosess er utanriksministrane i NATO dessutan blitt samde om å maksimere NATOs rådgiving, bistand og støtte til reforminnsatsen i Ukraina innanfor NATO–Ukraina-kommisjonen, som har ei sentral rolle i tilsynet med prosessen som blei sett i gang på toppmøtet i Bucuresti. I denne samanhengen har NATO-utanriksministrane saman med dei ukrainske partnarane sine vedteke å endre charteret om ein distinkt partnarskap mellom NATO og Ukraina, slik at det kan spegle denne sentrale rolla til NUC. Dei har òg bestemt seg for å forsterke NATO-senteret for informasjon og dokumentasjon og liaisonkontoret for NATO i Kiev. Endeleg har dei, utan å forskottere ytterlegare vedtak som må gjerast om MAP, avtalt at det under NATO–Ukraina-kommisjonen skal utarbeidast eit årleg nasjonalt program som skal hjelpe Ukraina å fremje sine reformer, og som skal gjennomgåast av allianselanda kvart år.
Dei allierte utanriksministrane sa seg på ny overtydde om at suverenitet, sjølvstende og territorial integritet for Ukraina er nøkkelfaktorar for å sikre stabiliteten i Europa.
Idet dei gjekk gjennom utfordringane ein står overfor, og med glede merkte seg framgangen som er oppnådd i gjennomføringa av NATO–Ukraina-handlingsplanen og den intensiverte dialogen, la NATO-utanriksministrane vekt på at Ukraina må halde fram med å gjennomføre demokratiske, politiske og økonomiske reformer og reformer i forsvars- og tryggingssektoren. Særleg oppmoda dei innstendig om at Ukraina måtte halde fram med å konsolidere dei demokratiske institusjonane sine, og understreka det viktige i eit sjølvstendig rettsvesen. Dei understreka at ytterlegare betring av den politiske dialogen og det praktiske samarbeidet mellom Ukraina og alliansen vil vere til hjelp for landet i å fremje demokratiomlegging, reformmålsetjingane og oppfyllinga av internasjonale plikter. Dei allierte oppmoda dei politiske leiarane i Ukraina om å ordne opp seg imellom på ein måte som sikrar stabiliteten innanlands.
Utanriksminister Ohryzko merkte seg vedtaka til NATO-utanriksministrane og såg fram til at dei skulle bli iverksette. Han minte om vedtaka i NUC under toppmøtet i Bucuresti og understreka at den politiske dialogen og det praktiske samarbeidet mellom Ukraina og NATO både er blitt vesentleg breiare og djupare i 2008. Samarbeidet mellom NATO og Ukraina utvikla seg aktivt og dynamisk og dekte større område av felles interesse, og auka i intensitet og omfang. Dei uløyste spørsmåla i samband med Ukrainas MAP-søknad blei tilfredsstillande behandla.
Den ukrainske utanriksministeren stadfeste på ny at Ukrainas strategiske kurs er euroatlantisk integrasjon, med sikte på å oppnå full medlemskap i alliansen. Han stadfeste at Ukraina er fast bestemt på å fullføre relevante reformer og å intensivere samarbeid som er til nytte for begge partar for å sikre regional fred og stabilitet, mellom anna gjennom støtte til NATO-leidde oppdrag og operasjonar. Minister Ohryzko streka vidare under framgangen i reformarbeidet i forsvars- og tryggingssektoren, den ukrainske gjennomføringa av årsmålplanen for 2008 og utarbeidinga av utkast til ny slik plan for 2009, den vellukka vidare gjennomføringa av NATO-støtta omskoleringsprogram for dimittert militært personell og programmet for fagleg utvikling hos sivilt personell tilsett i tryggingsinstitusjonar, og vesentleg auka offentleg informasjonsinnsats i Ukraina, som har ført til positive trendar i folkemeininga.
NATO-utanriksministrane understreka at Ukraina må følgje opp reformplanar med tilstrekkelege ressursar, forbetre systemet for samordning og samarbeid med NATO og auke kjennskapen til NATO-spørsmål blant publikum.
Allianselanda takka for den aktive ukrainske støtta til fire NATO-leidde operasjonar og oppdrag: i Kosovo, i Middelhavet i operasjon Active Endeavour, i Afghanistan og i NATO-opplæringsoppdraget i Irak (NTM-I). Gjennom slike bidrag demonstrerer Ukraina forpliktande vilje til å ta sin del av dei felles tryggingsoppgåvene. Dei såg fram til at det operative samarbeidet skulle bli endå betre i framtida. Dei allierte ministrane oppmuntra Ukraina til å arbeide vidare for regionalt samarbeid og godt naboskap.
Utanriksministrane i NATO–Ukraina-kommisjonen sette pris på at det praktiske samarbeidet er blitt endå betre i siste perioden ved at Ukraina har bestemt seg for å bidra til det fransk-britiske helikopterinitiativet, tiltredd utvekslingsprogrammet for luftsituasjonsdata (ASDE), tilbydd seg å delta i NATO-reaksjonsstyrken (NRF) og vist interesse for samarbeid om dataforsvar. Dei såg fram til å underteikne ei brevveksling for å lette landverts transitt gjennom ukrainsk territorium av utstyr og forsyningar til ISAF.
Til sist merkte dei seg ein rapport om gjennomføringa av årsmålplanen for 2008 og arbeidsplanen for militærkomiteen med Ukraina for 2009/2010. I denne samanhengen stadfeste dei allierte ministrane på ny at NATO er fast bestemt på å hjelpe Ukraina i innsatsen gjennom konsultasjonar og praktisk samarbeid.