5 Erklæring frå formannen, Brussel 13. juni 2008
Møte i NATO–Russland-rådet på forsvarsministernivå i NATO-hovudkvarteret
NATO–Russland-rådet møttest i Brussel på forsvarsministernivå 13. juni for å diskutere forsvars- og militærsamarbeid og aktuelle internasjonale tryggingsspørsmål.
Ministrane sa seg på ny forplikta til å vidareutvikle det praktiske samarbeidet, og såg i denne samanhengen positivt på at Russland planla å stille RFS LADNIY til operasjon ACTIVE ENDEAVOUR seinare i år. Ministrane såg på denne tredje utplasseringa av eit russisk fartøy i NATOs maritime antiterroroperasjon i Middelhavet som eit eksempel på utvida operativt samarbeid og eit signal på at NRC framleis engasjerer seg i kampen mot terrorismen.
Ministrane vedgjekk at det praktiske NRC-samarbeidet ikkje har nådd sitt fulle potensial enno, men merkte seg positive utviklingstrekk på område som avgrensa rakettforsvar (TMD), framgang i retning av ei innleiande operativ evne i det felles NRC-prosjektet for å motverke terrortruslar mot sivil luftfart (Initiativet for luftromsamarbeid (Cooperative Airspace Initiative, CAI)), og vedvarande innsats for å utvikle interoperabilitet på logistikkområdet. Ministrane såg òg positivt på framgangen som har vore på området søk og redning til havs, og særleg den vellukka russiske deltakinga i den nyleg avslutta NATO-øvinga i undersjøisk søk og redning, BOLD MONARCH 08.
Ministrane stadfeste at NRC er forplikta til større operativt samarbeid, og godkjende NRC-visjonen for forsvars- og militærsamarbeid på lang sikt. Langtidsvisjonen er ei rettesnor for det praktiske forsvars- og militærsamarbeidet i ein 10- til 15-årspersiode og vil støtte utviklinga av ei evne til effektiv felles handling når eit politisk vedtak om dette skulle bli gjort. Som eit ledd i gjennomgangen av igangsette samarbeidstiltak godkjende ministrane òg framdriftsrapporten om samvirkeevne for 2007–2008, og dei gav NRC i oppdrag å ta hand om hindringar for vidare framgang i utviklinga av samvirkeevne mellom styrkar frå Russland og NATO-land.
Ministrane drøfta òg fleire aktuelle internasjonale tryggingsspørsmål, mellom anna Afghanistan, CFE, rakettforsvar og situasjonen på Vest-Balkan. Sjølv om dei måtte seie seg ueinige i enkelte saker, stadfeste dei at NRC var eit verdifullt forum for konstruktiv meiningsutveksling. Ministrane uttrykte sterk felles interesse av å etablere fred og stabilitet i Afghanistan. I så måte såg dei positivt på ordningar for å lette transitt over land via russisk territorium av varer til støtte for ISAF, og på vedtaket om å vidareføre NRC-prosjektet for antinarkotikaopplæring av afghansk og sentralasiatisk personell. Ministrane sa seg på ny forplikta til auka praktisk samarbeid enno mens partane prøver å nærme seg kvarandre i vanskelege politiske spørsmål.