2 Strategisk visjon for ISAF, Bucuresti 3. april 2008
Erklæring frå stats- og regjeringssjefane i landa som medverkar til ISAF, den internasjonale NATO-leidde tryggingsstyrken under FN-mandat i Afghanistan
Vi er samla i Bucuresti for å stadfeste at vi er fast bestemte på å hjelpe folket og den valde regjeringa i Afghanistan å byggje opp ein varig, stabil, trygg, framgangsrik og demokratisk stat, som respekterer menneskerettane og er fri frå trusselen om terrorisme. Afghanistan er ein nøkkelprioritet for alliansen. Etter dei tragiske hendingane 11. september 2001 innsåg vi at tryggleiken i og utanfor det euroatlantiske området heng saman med framtida og stabiliteten til Afghanistan. Vi er i Afghanistan etter ønske frå den afghanske regjeringa og mandat frå FN. Verken vi eller partnarane våre i Afghanistan vil tillate ekstremistar og terroristar som Taliban eller Al Qaida å ta tilbake kontrollen med Afghanistan eller bruke det som base for terror som truar folket i landa våre, og som mange av landa våre og andre har fått kjenne på kroppen. I arbeidet for å hjelpe Afghanistan å byggje seg opp att har vi som leiande prinsipp:
eit fast og felles langsiktig engasjement;
støtte til auka afghansk leiarskap og ansvar;
ei brei tilnærming frå verdssamfunnets side, med både sivil og militær innsats;
auka samarbeid og samhandling med nabolanda til Afghanistan, særleg Pakistan.
Vi ønskjer president Hamid Karzai og generalsekretæren i FN, Ban Ki-moon, saman med spesialrepresentanten hans, Kai Eide, velkomne til dette toppmøtet og stadfester den felles visjonen vi har for Afghanistan.
Ved at vi hjelper det afghanske folket å tryggje landet sitt i dag, forsvarer vi grunnleggjande verdiar vi alle deler, mellom anna fridom, demokrati og menneskerettar og i tillegg respekt for kva andre meiner og trur. Sjølv om mykje står att å gjere, har Afghanistan teke viktige steg for å utvikle demokratiet og gjere livet betre for innbyggjarane, og regjeringa i landet styrkjer kapasiteten sin på desse områda. Ein forsoningsprosess for nasjonal einskap har teke til, og den grunnleggjande tryggleiken og infrastrukturen er betra. Dei seks siste åra er tilgangen til helsetenester tidobla, tilgangen til utdanning er seksdobla og kvinnene har på ny lovfeste rettar. Afghanske og internasjonale styrkar frå 40 land arbeider side om side for å skape tryggingstilstandar som gjer denne framgangen mogeleg. Likevel står fleire tryggingsutfordringar att. Valdsekstremistar går framleis til angrep på ustabile statsinstitusjonar og på folket i Afghanistan. Dei går meir og meir tilbake til vilkårlege terroråtak og truslar, men Afghanistan og vi får stadig større evne til å motarbeide dei.
Vi har ein klar visjon om når vi har lykkast: ekstremismen og terrorismen skal ikkje lenger vere nokon trussel mot stabiliteten, dei nasjonale afghanske tryggingsstyrkane skal stå i fremste rekkje og vere sjølvhjelpte, og den afghanske regjeringa skal vere i stand til å fremje eit godt styresett og gjenreising og utvikling i heile landet til beste for alle innbyggjarane. Denne erklæringa er underbygd av ein mellomlangsiktig, intern politisk-militær plan – i tråd med «Afghanistan Compact» (inngått under London-konferansen om Afghanistan i 2006) og den nasjonale afghanske utviklingsstrategien – som jamleg vil bli oppdatert og som vi vil måle framgangen etter.
Vårt felles langtidsengasjement
4. Vi vil framleis støtte regjeringa i Afghanistan i det vidare arbeidet med å etablere og oppretthalde eit trygt miljø og spreie godt styresett. For å styrkje tryggingsinnsatsen vil vi:
støtte kvarandre og dele på byrdene i Afghanistan;
skaffe dei militære sjefane våre dei verktøya dei treng for å lukkast, ved å fylle resterande manglar ved ISAF, mellom anna i styrkar, opplæringsteam og støttefunksjonar;
sikre ISAF-sjefen størst mogeleg fleksibilitet i bruken av styrkane våre;
halde fram med å sikre at alle tiltak blir sette i verk for å unngå sivile tap; og
auke vår evne til å motverke ekstremistpropaganda og kommunisere meir effektivt overfor afghanske og internasjonale publikum kva vi har til mål, kva vi har utretta og kva utfordringar som framleis står att.
Styrkt afghansk leiarskap
5. Berre afghanskleidde tryggingsstyrkar og institusjonar kan sikre rettsstatlege tilstandar på lang sikt. Den afghanske nasjonalhæren viser i aukande grad evne til å planleggje og utføre komplekse operasjonar med våre styrkar til støtte. Etter kvart som dei afghanske tryggingsstyrkane blir i stand til å leie og halde gåande operasjonar på eiga hand, reknar vi med at ISAFs rolle skal kunne utvikle seg i retning av først og fremst opplæring og rettleiing. Vi ser positivt på den aukande internasjonale fokuseringa på å byggje opp kapasitet i det afghanske politiet, som er livsviktig for stabiliteten og tryggleiken i landet. Til støtte for alt dette vil vi:
mønstre dei opplæringsteama og hjelpe å skaffe det utstyret som trengst for å oppfylle målet om ein effektiv afghansk hær på 80 000 mann innan 2010;
arbeide mot gradvis å overføre leiande tryggingsansvar i heile landet til afghanske styrkar, støtta av ISAF, etter kvart som tilhøva ligg til rette for det og afghanarane har kapasitet til det; vi ser difor positivt på at Afghanistan uttrykkjeleg aktar å ta på seg hovudansvaret for tryggleiken i Kabul så snart det lèt seg gjere;
oppmuntre til at det blir utpeika ein overordna afghansk offiser til ISAF-hovudkvarteret når omstenda tillèt det;
bistå i utviklinga av effektive sivilkontrollerte tryggings- og forsvarsinstitusjonar, mellom anna gjennom Samarbeidsprogrammet NATO–Afghanistan;
hjelpe til med å utvikle det afghanske nasjonalpolitiet slik vi har midlar og kapasitet til, eventuelt i nært samråd med relevante internasjonale aktørar;
støtte regjeringa i Afghanistan i arbeidet med å byggje kapasitet til å kommunisere effektivt og svare på ekstremistpropaganda;
vere med og styrkje afghanske institusjonar som er nødvendige for fullt ut å etablere rettsstaten, verne menneskerettane og fremje dei felles verdiane våre samtidig som vi respekterer afghansk kultur og tradisjon;
yte tryggingsstøtte til føreståande val i Afghanistan;
halde fram med å støtte afghanskleidd innsats for å takle narkotikaproblemet.
Betra samordning
6. Det blir ingen varig tryggleik utan utvikling, og inga utvikling utan tryggleik. Skal vi lukkast, må all tryggings-, forvaltnings- og utviklingsinnsats vere samordna, og lokale og internasjonale partnarar må arbeide saman til støtte for den afghanske regjeringa. Vi vil intensivere vårt eige bidrag til ei slik samla tilnærming, og vi:
ser positivt på tryggingsrådsresolusjon 1806, som skjerpar mandatet for FN-oppdraget i Afghanistan og vedtek å styrkje samarbeidet med ISAF;
ser fram til å arbeide nært saman med Kai Eide, spesialutsendingen for generalsekretæren i FN, og med FN-oppdraget i Afghanistan etter kvart som det ekspanderer til heile landet, til støtte for den leiande rolla det skal ha i arbeidet med å koordinere den samla internasjonale sivile innsatsen, forbetra sivil-militær samordning, politisk nærmiljøinnsats og styresett;
vil arbeide for meir regelmessig samråd med alle aktørar som er involverte i Afghanistan, slik det måtte passe og i nær samordning med den afghanske regjeringa,
ser positivt på den føreståande Paris-konferansen, som skal evaluere framgangen og styrkje den internasjonale innsatsen for å komme vidare i gjennomføringa av «Afghanistan Compact».
7. Regionale stabiliseringslag (Provincial Reconstruction Teams, PRTs) har ei viktig oppgåve i å leggje til rette for tryggleik, styresett og utvikling. Vi forpliktar oss til å stille så mange PRT som trengst, betre innsatskoordineringa mellom dei, styrkje den sivile komponenten i dei og ytterlegare bringe utviklingsstrategiane deira på linje med prioriteringane til den afghanske regjeringa inntil dei afghanske regjeringsinstitusjonane er sterke nok til å gjere PRT-ane unødvendige.
Nabolanda til Afghanistan, regionen
8. Nabolanda er viktige støttespelarar til Afghanistan i arbeidet for å skape ei tryggare og meir stabil framtid. Valdsekstremisme og narkotika er truslar som ikkje berre rettar seg mot Afghanistan. Heile regionen kan dra nytte av at desse truslane blir tekne effektivt hand om. Vi vil vere med og skape grobotn for ei langsiktig regional tilnærming til tryggingsutfordringar og tryggingssamarbeid. Det er med sikte på dette vi:
oppmodar nabolanda til Afghanistan til å handle resolutt til støtte for den afghanske regjeringa i innsatsen for å byggje eit stabilt Afghanistan med trygge grenser;
ser fram til å komme i djupare inngrep med nabolanda til Afghanistan, særleg Pakistan;
støttar innsats for å forbetre tryggleiken og stabiliteten langs den afghansk-pakistanske grensa, og
oppmuntrar til vidare samarbeid og intensivert dialog mellom Afghanistan og Pakistan, mellom anna gjennom Jirga-mekanismane, Ankara-prosessen og Trepartskommisjonen.
5. Konklusjon
9. Som allierte og partnarar står vi fullt og fast saman om å hjelpe det afghanske folket å realisere sine draumar om eit betre liv. Styret og folket i Afghanistan tek stadig større ansvar for tryggleiken, gjenreisinga og utviklinga i landet. Saman vil vi sjå til at dei kan få den framtida dei så lenge har vore nekta, og dermed gjere livet tryggare for folk i alle våre land.