3 Erklæring frå formannen, Bucuresti 4. april 2008
Møte i NATO–Russland-rådet på stats- og regjeringssjefnivå
Stats- og regjeringssjefane i NATO–Russland-rådet møttest i Bucuresti i dag og vedtok å arbeide betre som 27 likeverdige partnarar for å kunne reagere samla på dei mangfaldige tryggingsrisikoane vi har felles. Dei sa seg på ny forplikta til måla og prinsippa som er nedfelte i Grunnakta og Roma-erklæringa. Dei stadfeste at NRC var tenkt som eit strategisk element i arbeidet for tryggleik i det euroatlantiske området, med utgangspunkt i det prinsippet at tryggleiken til alle statar i den euroatlantiske fellesskapen, som dei høyrer til, no som før er udeleleg. Partnarskapen vår har ti års historie å sjå tilbake på. I denne tida har medlemsstatane i NRC utvikla ein politisk dialog i eit breitt spekter av internasjonale tryggingsspørsmål og konkrete prosjekt der dei har felles mål og interesser.
Etter kvart som dialogen mellom medlemmene er blitt utvida og intensivert, har NRC vist seg som eit nyttig forum for ærleg og open meiningsutveksling, mellom anna i spørsmål der synspunkta har variert, til dømes: omdanninga av NATO, mellom anna utvidinga; missilforsvar; traktaten om konvensjonelle væpna styrkar i Europa (CFE) og Kosovo. Medlemsstatane i NRC vil framleis engasjere seg for at CFE-avtalen skal stå ved lag på lang sikt. I samsvar med dei relevante føresegnene i Roma-erklæringa og seinare NRC-vedtak vil NRC-medlemsstatane gjennom vidare dialog som ein del av ei mangesidig tilnærming søkje å leggje til rette for løysingar på uavklarte CFE-spørsmål. NRC innser at medlemmene har ulike syn på Kosovo, men står likevel fast på å skape ei stabil, demokratisk, multietnisk, fredeleg og trygg framtid for Vest-Balkan. NRC-medlemmene oppmoda alle på Vest-Balkan om å avstå frå vald og unngå alle handlingar som kan undergrave tryggleiken og det rettsstatlege styret i regionen. Spørsmål om tryggleiken i Kosovo står framleis høgt på saklista deira. NRC vil halde fram med den opne og aktive dialogen om missilforsvar trass i meiningsmotsetnader i denne saka.
Det var semje i NRC om at det er av aller største verdi at den internasjonale innsatsen til støtte for den afghanske regjeringa i arbeidet for fred og stabilitet i og rundt Afghanistan fører fram. Med tanke på dette er det definert ein mekanisme for å lette transitt av varer til ISAF over land via russisk territorium i samsvar med UNSCR 1386. NRC er klar over trusselen med narkotikatrafikk i regionen og har i dag også vedteke å gjere NRCs pilotprosjekt for antinarkotikaopplæring av afghansk og sentralasiatisk personell til ei vedvarande satsing.
Kampen mot terrorisme er framleis eit nøkkelområde i NRC-samarbeidet. NRC vil vidareføre arbeidet med å setje i verk NRC-handlingsplanen mot terrorisme, særleg tiltak for å hindre at terroristar får tak i masseøydeleggingsvåpen. NRC set stor pris på det vidare marinesamarbeidet innanfor ramma av NATO-operasjonen Active Endeavour i Middelhavet, som framleis yter eit vesentleg tilskot til kampen mot terrorisme. Stats- og regjeringssjefane i NRC gav NRC i oppdrag å få fortgang i arbeidet med NRCs fellesprosjekt for å motverke terroristtruslar mot sivil luftfart, initiativet for luftromssamarbeid (CAI), slik at CAI-systemet kan nå førebels operativ evne innan utgangen av 2008 og full operativ evne rundt utgangen av 2009.
NRC vil arbeide vidare med å styrkje dialogen til støtte for innsats mot spreiing av masseøydeleggingsvåpen og leveringsmiddel for slike våpen.
Stats- og regjeringssjefane i NRC rosa framgangen i NRC-prosjektet for å utvikle interoperabilitet mellom ulike TMD-system. NRC gjennomførte ei vellukka TMD-øving i Tyskland i januar 2008. Tilbod frå andre NRC-medlemsland om å vere vertskap for liknande øvingar i framtida blei òg verdsette. Forsvars- og militærsamarbeidet i NRC har òg vore med og fremja interoperabilitet og transparens. NRC vil halde fram med å styrkje det fagmilitære samarbeidet idet ein går inn i ein fase med meir praktiske aktivitetar, som mellom anna dei vellukka forsøka med søk og redning til havs har demonstrert. Stats- og regjeringssjefane i NRC har bedt NRC intensivere innsatsen for å komme fram til ein rammeavtale om lufttransport og påfølgjande gjennomføringsordningar for bruk av transportkapasitet frå dei russiske væpna styrkane. NRC set òg pris på dei positive resultata NATO–Russland-senteret for omplassering av dimittert militært personell frå dei russiske væpna styrkane har oppnådd.
NRC vil forbetre det viktige samarbeidet sitt innan sivil naudplanlegging, forskings- og miljøprosjekt for å auke beredskapen og vernet mot terrorhandlingar og natur- og menneskeskapte katastrofar.
Stats- og regjeringssjefane i NRC er overtydde om at mykje framleis kan gjerast for å gjere publikum betre kjende med arbeidet i NRC, mellom anna via Internet (www.nato-russia-council.info). Med tanke på dette gav dei NRC i oppdrag å få fortgang i arbeidet med å leggje til rette for andre former for dialog mellom statsvitarar, i det akademiske miljøet, i forskingsinstitusjonar og andre relevante organisasjonar.
Seks år etter at NATO–Russland-rådet vart oppretta, har det vist seg å vere eit nøkkelinstrument for politisk dialog, konsensbygging, samarbeid og felles avgjerdstaking der dei 27 medlemmene opptrer som nasjonale aktørar og på ein måte som er i tråd med deira kollektive tilsegner og plikter. Stats- og regjeringssjefane i NRC stadfeste at dei står fast på å arbeide vidare i ei slik konstruktiv ånd i framtida, for å sikre at NRC realiserer sitt fulle potensial ved å peike ut og ta opp eit breitt spekter av tryggingsspørsmål der det er rom for felles handling.