4 Samarbeidet med Russland
Samarbeidet mellom NATO og Russland går føre seg i regi av NATO–Russland-rådet (NRC). Her er dei allierte og Russland likeverdige partnarar, og avgjerder krev konsensus mellom alle medlemslanda og Russland. Utgangspunktet for samarbeidet er ei gjensidig erkjenning av at NATO og Russland deler mange utfordringar som best kan løysast i fellesskap gjennom dialog og praktisk samarbeid. Grunnakta mellom Russland og NATO (1997) og opprettinga av NRC (2002) utgjer det formelle rammeverket for samarbeidet.
Regjeringa legg stor vekt på den overordna tillitsskapande funksjonen til NRC, på dialogen om felles tryggingspolitiske problemstillingar og på det praktiske samarbeidet som denne strukturen opnar for.
Kontakten var i første halvdel av 2008 framleis prega av usemje i fleire sentrale tryggingspolitiske spørsmål. Det var klare motsetnader i synet på NATO-utviding austover, utviklinga i Kosovo, missilforsvar og avtalen om konvensjonelle styrkar i Europa (CFE). Frå russisk side blei det spesielt reagert negativt på georgisk og ukrainsk tilnærming til NATO og vedtaket frå Bucuresti i april, der regjeringssjefane slo fast at Ukraina og Georgia skulle bli medlemmer. Desse problemstillingane blei tekne opp i den fortløpande dialogen i NRC. Her blei det òg diskutert utfordringar der dei allierte og russarane har samanfallande interesser, mellom anna stabilisering av Afghanistan, kamp mot terror, nedrusting og ikkjespreiing og sivil krisehandtering.
Den russiske invasjonen av Sør-Ossetia og Abkhasia og andre delar av georgisk territorium 8. august 2008 fekk straks konsekvensar for forholdet. Invasjonen førte til at NATO heldt eit ekstraordinært utanriksministermøte 19. august. Der blei det vedteke at NRC-samarbeidet skulle nedjusterast inntil vidare, og ein erklærte «no business as usual» overfor Russland. Den russiske reaksjonen lét ikkje vente på seg. 21. august suspenderte Russland det militære samarbeidet med NATO. Utviklinga var eit alvorleg tilbakeslag i tilhøvet mellom NATO og Russland. At Russland deretter anerkjende Sør-Ossetia og Abkhasia som sjølvstendige statar, noko som blei fordømt av alliansen og dei enkelte allierte, gjorde tilhøvet endå dårlegare.
Utover hausten oppstod ei usemje blant dei allierte om den vidare handteringa av forholdet på grunnlag av vedtaket på utanriksministarmøtet. Bakgrunnen for denne usemja var mellom anna at NATO var vesentleg meir restriktivt i kontakten med Russland enn med EU. I OSSE og Europarådet, der Russland er medlem, heldt samarbeidet fram. Dermed blei NATO etter kvart ståande åleine blant dei regionale organisasjonane med si restriktive tilnærming. I NATO blei det berre halde nokre få møte med Russland av teknisk karakter på arbeidsnivå.
Nokre allierte ville i alle fall på kort sikt ikkje ta opp att samarbeidet i NRC. Også av historiske årsaker reagerte dei svært sterkt på invasjonen og den påfølgjande russiske godkjenninga av utbrytarområda som sjølvstendige statar, og dei meinte at dette måtte få meir langvarige konsekvensar.
Andre allierte såg i NRC eit høve til å formidle også kritiske synspunkt på den russiske handlemåten. Desse var òg opptekne av at samarbeidet med Russland var av langsiktig og grunnleggjande betydning for å kunne løyse sentrale regionale og globale tryggingspolitiske utfordringar. Frå norsk side blei det lagt stor vekt på desse perspektiva. Sjølv om Noreg støtta ei mellombels avgrensing av samarbeidet, blei det på same tid påpeika at NRC nettopp hadde sin styrke i å opne for dialog og tillitsbygging når motsetningane var sterke. Etter norsk syn var det viktig å ta opp att samarbeidet i NRC, også fordi det opna for ein samla reaksjon frå alliert side på utfordringar prega av usemje.
Regjeringa var oppteken av å vidareføre det praktiske samarbeidet på område der NATO og Russland har felles interesser. Frå norsk side vart det lagt vekt på å stå som vertskap for øvingar og konferansar innanfor ramma av NRC. I første halvdel av 2008 blei det halde ei større ubåtredningsøving i norske farvatn med russisk deltaking, og i 2009 er det planlagt ei sivil krisehandteringsøving i Noreg. Frå norsk side bidrog ein dessutan i 2008 til NRC-prosjektet for opplæring og trening av personell til antinarkotikainnsats i Afghanistan. Forutan dei allierte og Russland omfattar prosjektet Afghanistan, Kasakhstan, Kirgisistan, Tadsjikistan, Turkmenistan og Usbekistan. Det er retta mot eit problem som vedgår alle landa, og er samtidig knytt til ei av dei sentrale utfordringane når det gjeld å skape eit trygt og stabilt Afghanistan. Under toppmøtet i Bucuresti bidrog Russland ved å leggje til rette for auka samarbeid i Afghanistan gjennom inngåinga av en transittavtale for ISAF-materiell over russisk landterritorium. Dette legg til rette for vesentleg kostnadsreduksjon ved transport av visse typar militært materiell til ISAF, føresett at NATO kjem til semje med Kasakhstan og Usbekistan om tilsvarande avtalar. Denne transportruta vil vere eit supplement til transitten via Pakistan.
Regjeringa er òg oppteken av å sjå på utsiktene for samarbeid med Russland innanfor NRC-ramma i nordområda.
Usemja i alliansen om tilnærminga til fornya politisk dialog med Russland heldt seg fram mot utanriksministermøtet i desember 2008. Der blei ministrane samde om at samarbeidet gradvis skulle takast opp att, etter aktiv innsats mellom anna frå norsk side. Eit første uformelt møte på ambassadørnivå blei halde i januar 2009.