Forslag til lov om endringer i lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane
I lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane gjøres følgende endringer:
I
§ 8 A-1 første ledd første punktum skal lyde:
Kommunefordeling av grunnlaget for eigedomsskatt for kraftanlegg med kraftstasjon med installert effekt på eller over 1.000 kW sett i drift pr. 1. januar 1997, skal byggje på plasseringa pr. 1. januar 2000 av slike særskilte driftsmiddel i kraftanlegget som nemnt i § 1-1 andre leden i forskrift av 20. januar 1997 nr. 79 om fastsettelse av skattemessige inngangsverdier pr. 1. januar 1997 for særskilte driftsmidler i kraftforetak og det fastsette gjenanskaffingsverdet (GAV) for slike driftsmiddel etter reglane i kapittel 2 i same forskrift.
§ 8 A-1 første ledd siste punktum skal lyde:
GAV for reguleringsanlegg med tilhøyrande driftsmiddel skal fordelast mellom alle kraftanlegg som har kraftstasjonar med installert effekt på eller over 1.000 kW som ligg nedanfor reguleringsanlegget, i høve til registrerte energiekvivalenter registrert hos Norges vassdrags- og energidirektorat for desse kraftstasjonane pr. 1. januar 2000.
§ 8 A-1 annet ledd siste punktum skal lyde :
(2) Slik korrigering vert første gong gjennomført med verknad for eigedomsskatteåret 2003.
§ 8 A-1 nytt sjette ledd skal lyde:
(6) Som GAV etter denne paragraf skal reknast dei verdiar som vart fastsett av NVE og rapportert i 1997 og i 2001 etter § 2-3 i forskrift av 20. januar 1997 nr. 79 om fastsettelse av skattemessige inngangsverdier pr. 1. januar 1997 for særskilte driftsmidler i kraftforetak, jf. § 2 nr. 2 i forskrift av 20. desember 2000 nr. 1343 om kommunefordeling av grunnlaget for eigedomsskatt for kraftanlegg.
II
Endringene under I trer i kraft straks med virkning fra og med eiendomsskatteåret 2001.