Prop. 6 L (2024–2025)

Endringar i kulturlova (føremål, armlengd og kommunal planlegging)

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Kultur- og likestillingsdepartementet føreslår i denne proposisjonen endringar i lov 29. juni 2007 nr. 89 om offentlege styresmakters ansvar for kulturverksemd (kulturlova).

Departementet føreslår lovendringar på tre punkt.

Det blir føreslått å forankra ansvaret styresmaktene har på kulturfeltet i «infrastrukturkravet», jf. Grunnlova § 100 sjette leddet. Det vil seie plikta styresmaktene har til å «leggje til rette for eit ope og opplyst offentleg ordskifte». Føresegna er ei politisk programerklæring, som i seg sjølv ikkje utløyser juridiske rettar eller plikter. Føremålet er å tydeleggjere at offentleg politikk og offentlege verkemiddel på kulturfeltet er sentrale i innsatsen for å leggje til rette for ytringsfridom i samfunnet.

Vidare føreslår departementet ei todelt lovfesting av prinsippet om armlengds avstand («armlengdsprinsippet») på kulturfeltet. Forslaget inneber for det første ei føresegn i føremålsparagrafen. For det andre føreslår departementet ein meir konkret rettsregel for tilfelle der avgjerder heilt eller i hovudsak blir fatta på bakgrunn av kunstnarleg eller kulturfagleg skjønn. Innanfor fastsette økonomiske og juridiske rammer og overordna mål skal slike avgjerder treffast uavhengig av politiske styresmakter og av personer med relevant fagkompetanse. Føremålet er å leggje til rette for ytringsfridom ved å lovfeste prinsipp for avveginga mellom politisk styring og kunstnarleg og kulturfagleg autonomi. Departementet føreslår ikkje konkrete regler om sanksjonar eller andre rettslege konsekvensar av brot. I praksis vil regelen derfor hovudsakeleg ha ein normativ funksjon.

Det blir endeleg føreslått ei føresegn om fylkeskommunal og kommunal planlegging på kulturfeltet. Føresegna vil påleggje fylkeskommunar og kommunar å utarbeide ei skriftleg oversikt over status og utviklingsbehov på kulturfeltet. Oversikta skal liggje som grunnlag for planarbeidet. Vidare vil føresegna påleggje fylkeskommunar og kommunar å fastsetje overordna mål og strategiar for kulturfeltet. Måla og strategiane skal vere eigna til å møte dei utfordringane som er identifiserte. Kravet vil kunne oppfyllast gjennom samfunnsdelen i kommuneplanen. Føremålet er å sikre at fylkeskommunar og kommunar tar det ansvaret dei har for å «fremja og leggja til rette for eit breitt spekter av kulturverksemd» (jf. § 1).

Til forsida