9 Økonomiske og administrative konsekvensar
Kultur- og likestillingsdepartementet legg til grunn at forslaga til føremålsføresegn og føresegn om avstand til politiske styresmakter i enkeltsaker ikkje vil ha større økonomiske eller administrative konsekvensar. Forslaget om å forankre føremålsføresegna i infrastrukturkravet i Grunnlova § 100 er i praksis ei påminning om ei kopling som allereie eksisterer, medan forslaget til føresegn om «armlengdsprinsippet» er ei lovfesting av eit grunnleggjande og innarbeidd kulturpolitisk prinsipp.
Også forslaget til føresegn om fylkeskommunal og kommunal planlegging er i hovudsak ei presisering og klargjering av plikter som allereie ligg – meir eller mindre uttalt – i kulturlova og førearbeida til lova. Det ligg òg føringar i plan- og bygningslova sitt føremål og opplistinga av oppgåver og omsyn i planlegginga i kommunane og fylkeskommunane. Forslaget vidarefører og klargjer derfor fylkeskommunane og kommunane sitt ansvar for å fremje og leggje til rette for eit breitt spekter av kulturverksemd, men med nye krav til integrering av kulturomsyn i planarbeidet.
Fordi dette likevel var noko usikkert, bad departementet i høyringsnotatet særskilt om innspel frå kommunesektoren om dei økonomiske og administrative konsekvensane av forslaget til planføresegn. Det er 17 høyringsinstansar som kommenterer spørsmålet (av i alt 47 kommunar og fylkeskommunar som uttalte seg i høyringa). Av desse meiner åtte at forslaget ikkje vil ha nemneverdige konsekvensar. Fire meiner at forslaget vil ha konsekvensar, men ingen av desse talfester konsekvensane nærmare. I tillegg er det tre høyringsfråsegner der spørsmålet ikkje blir kommentert i sjølve høyringssvaret, men der saksframstillinga syner at administrasjonen har vurdert at forslaget kan få konsekvensar. Endeleg er det éin fylkeskommune og éin kommune som ikkje kommenterer spørsmålet direkte, men som likevel gir uttrykk for ei forventing om at dei økonomiske rammene til kommunane vil bli styrkt som følgje av ei ny planføresegn.
Kravet om oversikt over status og utviklingsbehov på kulturfeltet er i dag berre underforstått i lova. Forslaget inneber at kravet blir uttalt og presisert, mellom anna ved at oversikta skal vere skriftleg. Eit krav om skriftleg oversikt vil vere ei formalisering og skjerping av pliktene til fylkeskommunane og kommunane. Ut over dette inneheld forslaget ingen formkrav og opnar i stor grad for lokale tilpassingar. Det er derfor grunn til å tru at det i all hovudsak vil dreie seg om samanstilling av informasjon som kommunane allereie har tilgang til. Departementet legg derfor til grunn at forslaget ikkje fører med seg vesentlege økonomiske konsekvensar for fylkeskommunane og kommunane.