Prop. 6 L (2024–2025)

Endringar i kulturlova (føremål, armlengd og kommunal planlegging)

Til innhaldsliste

2 Bakgrunnen for lovforslaget

Det følgjer av Hurdalsplattforma at:

Kulturen bidrar til å skape både levande lokalsamfunn og eit godt liv for den enkelte. Regjeringas kulturpolitikk vil derfor støtte opp under eit ope, inkluderande og mangfaldig kulturliv i heile landet og leggje til rette for eit kontinuerleg samspel mellom den profesjonelle og den frivillige kulturen. Regjeringa vil gjennomføre eit nytt kulturløft som skal komme heile landet til gode, og særleg satse på den lokale og regionale kulturen. Folk skal ha tilgang til kunst og kultur, uavhengig av kven dei er, og kor dei bur.

Eit overordna mål er derfor at kunst- og kulturlivet skal vere tilgjengeleg for alle. Det er òg eit mål å oppmuntre den einskilde til å oppleve og delta i kulturaktivitetar, uavhengig av til dømes bustad.

Kulturlova (lov 29. juni 2007 nr. 89 om offentlege styresmakters ansvar for kulturverksemd) tredde i kraft i 2007 og har som føremål «å fastleggja offentlege styresmakters ansvar for å fremja og leggja til rette for eit breitt spekter av kulturverksemd, slik at alle kan få høve til å delta i kulturaktivitetar og oppleva eit mangfald av kulturuttrykk».

Lova, som var den første generelle kulturlova i Noreg, gjekk inn som eitt av fleire tiltak i «Kulturløftet» under regjeringa Stoltenberg II. Tanken var at ei overordna, generell lov som slår fast ansvaret til offentlege styresmakter, kunne gi kulturfeltet «tyngd og klårare status som offentleg ansvarsområde». Det var samstundes ein uttalt føresetnad at lova skulle vere «enkel utan detaljerte føringar for løyvingsnivå, prioriteringar eller organisering av kulturområdet i staten, fylkeskommunar og kommunar». Lova skulle ikkje gi føringar som ville hindre tilpassingar til lokale føresetnader og behov. Lova inneheld derfor få konkrete rettslege plikter og ingen sanksjonar eller reaksjonar ved brot.

Kulturlova har vore ei prinsipielt viktig understreking av at styresmakter på alle forvaltningsnivå har eit ansvar for å leggje positivt til rette for ei breidd av kulturverksemd. I ettertid tyder likevel erfaringane på at lova ikkje fullt ut har fungert etter føresetnadene. I Meld. St. 8 (2018–2019) Kulturens kraft – kulturpolitikk for framtida (heretter kulturmeldinga) la departementet til grunn at «[u]lempa er at lova i liten grad fungerer som eit styringsverktøy og derfor har liten innverknad på politikkutforminga lokalt og regionalt». Departementet varsla derfor ein gjennomgang av lova «med sikte på at ho skal vere eit styringsverktøy for oppgåve- og ansvarsfordelinga mellom forvaltningsnivåa og reflektere nasjonale mål for kulturpolitikken».

Ytringsfridomskommisjonen hadde mellom anna som mandat å vurdere tiltak for å sikre og fremje kunstnarleg ytringsfridom, med utgangspunkt i den demokratiske rolla som kunsten og kulturen har. I utgreiinga som blei levert 15. august 2022 (NOU 2022: 9 En åpen og opplyst offentlig samtale – Ytringsfridomskommisjonens utredning), viste kommisjonen til at kunst har eigenarta funksjonar som ytringar. Kunsten kan til dømes opne det offentlege rommet for ytringar om privatlivet. Kunsten kan uttrykkje intime og menneskelege erfaringar på måtar som journalistikken og vitskapen ikkje kan. Vidare kan kunsten utforske moral og etikk på ein eigen måte. Kommisjonen konkluderte med at ytringsfridomen er godt beskytta for kunstnarar i Noreg. Samstundes viste kommisjonen til infrastrukturkravet i Grunnlova § 100 sjette leddet, og peika på at ytringsfridom i form av fridom frå rettslege inngrep ikkje er nok. I tillegg må ein sikre reelle ytringshøve for kunstnarar:

Den kunstneriske produksjonen og mottakelsen fordrer et finmasket nett av institusjoner og arenaer: Fra muligheter for arbeidsfellesskap som teatergrupper eller skriveverksted til distribusjonskanaler som teatre, strømmetjenester, forlag og salgskanaler, bibliotek og en offentlighet der kunsten kan leve videre blant mottakere, formidlere, kritikere og så videre.

Kommisjonen tilrådde at infrastrukturkravet blir forankra i kulturlova, og understreka kor viktig det er med ein godt utbygd og breitt tilgjengeleg infrastruktur for kunst og kultur. Vidare viste kommisjonen til at prinsippet om armlengds avstand skal sikre at kunsten er fri frå politisk styring, og foreslo at dette prinsippet òg blir lovfesta. Forslaget frå Ytringsfridomskommisjonen og responsen i høyringa blir nærmare kommentert i pkt. 6 og 7.

Til forsida