10 Merknader til lovforslaget
Til § 1
I føremålsføresegna blir det lagt til ei tilvising til infrastrukturkravet, jf. Grunnlova § 100 sjette leddet, og til det kulturpolitiske prinsippet om «armlengds avstand». Forslaget inneber inga materiell endring, men framhevar samanhengar som allereie følgjer av førearbeida til kulturlova og Grl. § 100.
Til § 2 a
Første leddet første punktum slår fast at «avgjerder som i hovudsak skal baserast på kunstnarleg eller kulturfagleg skjønn, skal treffast av personar med relevant fagkompetanse». Føresegna regulerar ikkje kva for avgjerder som skal vere basert på slikt skjønn. Men der det er bestemt at avgjerder skal vere basert på slikt skjønn, til dømes avgjerder om tildeling av tilskot eller avgjerder om programmering eller produksjon i ein kulturinstitusjon, skal skjønnet i konkrete saker utøvast uavhengig av politiske styresmakter.
Omgrepet «avgjerder» er valt for å ikkje avgrense prinsippet til vedtak slik dette er definert i forvaltningslova § 2, dvs. avgjerder som «treffes under utøving av offentlig styresmakt og som generelt eller konkret er bestemmende for rettigheter eller plikter til private personer». Avgjerder om tildeling av økonomiske tilskot vil som regel vere enkeltvedtak. Derimot vil avgjerder om programmering av framsyningar, samansetjing av utstillingar, innkjøp, leie- eller låneavtalar osv. normalt ikkje vere enkeltvedtak. Slike avgjerder kan likevel vere omfatta av føresegna, som da vil sikre fagleg autonomi og at politisk styring vil skje på overordna nivå.
Omgrepet «kunstnarleg eller kulturfagleg skjønn» svarer til omgrepet brukt i reguleringa av «armlengdsprinsippet» i lov 7. juni 2013 nr. 31 om Norsk kulturråd. I utgangspunktet vil det derfor vere naturleg å forstå omgrepet på same vis i dei to lovene. Sjølv om omgrepet ikkje er nærmare definert i kulturrådslova, kan ein lese ei viss rettleiing ut av forskrift om tilskot frå Norsk kulturfond § 7, som tilseier at skjønnsmessige kvalitetsvurderingar av kunst eller kulturprodukt og -prosjekt i alle fall utgjer ei kjerne. Departementet legg til grunn at dette også stemmer overeins med alminneleg oppfatning og praksis på feltet. Føresegna bør derfor bli forstått slik at den gjeld der avgjerder blir treft på bakgrunn av vurderingar der kunstnarleg eller kulturfagleg kvalitet er eit vesentleg element i skjønnet. Avgjerder som ikkje inneheld slike vurderingar, vil ikkje vere omfatta.
Føresegna gjeld vidare berre der avgjerder heilt eller «i hovudsak» er basert på slikt skjønn. Konkrete avgjerder kan vere basert på ein kombinasjon av kunstnarlege eller kulturfaglege, økonomiske, juridiske og andre tilhøve. Føresegna vil ikkje avgrense den politiske avgjerdsmyndigheita i slike meir samansette saker.
Kravet til «relevant fagkompetanse», inneber ikkje eit vilkår om formell utdanning. Relevant realkompetanse – opparbeidd gjennom betalt eller ubetalt arbeid, etterutdanning, fritidsaktivitetar, osv. – er òg tilstrekkeleg. Meininga er i det heile ikkje å stille spesifikke krav til fagkompetansen, men å få fram at vurderinga i slike høve skal vere fagleg i motsetnad til politisk.
Første leddet andre og tredje punktum konkretiserer det overordna prinsippet i første punktum ved å nedfelle ei avveging mellom legitim politisk styring og kunstnarleg og kulturfagleg autonomi. Dette blir gjort ved å slå fast at autonomien vil gjelde innanfor dei generelle, overordna rammene som er fastsett. Typisk vil det dreie seg om vedtatte budsjett, regelverk og overordna politiske mål. Sjå elles drøftinga under pkt. 7.5.5. Føresegna får dermed fram at politiske styresmakter har ein rett til overordna styring og kontroll med bruken av offentlege ressursar. Men innanfor desse generelle rammene skal konkrete avgjerder basert på kunst- eller kulturfagleg skjønn treffast uavhengig av politiske styresmakter. Føresegna gjeld slike avgjerder som er nemnt i første leddet første punktum, det vil seie «[a]vgjerder som i hovudsak er basert på kunstnarleg eller kulturfagleg skjønn», jf. over.
«[P]olitiske styresmakter» sikter til det politiske nivået i alle delar av statleg, fylkeskommunal og kommunal forvaltning, uavhengig av korleis forvaltninga er organisert. Det kan derfor sikte til den politiske leiinga innad i eit organ eller til tilhøvet mellom eit direkte politisk styrt organ og underliggjande organ. Departementet har dermed valt å ikkje bruke det omgrepet som definerer pliktsubjekta i lova for øvrig, det vil seie «offentlege styresmakter». Årsaka er at kunstfaglege institusjonar sjølv kan vere ein del av dei «offentlege styresmaktene», jf. til dømes Kulturdirektoratet eller kulturetaten i ein kommune. Lova vil ikkje vere til hinder for slike løysingar, men føreset då at politisk styring av dei kunstnarlege og kulturfaglege vurderingane skjer på overordna nivå.
Andre leddet, bokstav a. slår fast at den særskilde lovreguleringa av «armlengdsprinsippet» i kulturlova § 2 a ikkje gjeld for kulturmiljøområdet. «[A]vgjerder om tildeling av tilskot til tiltak knytta til kulturmiljø» inkluderer mellom anna istandsetjing-, skjøtsel-, vedlikehald-, sikring-, dokumentasjon- eller konserveringstiltak av kulturminne og kulturmiljø. For at unntaket skal gjelde for avgjerder om tilskot til «ivaretaking av tradisjonshandverk», må tilskotet vere knytt til kulturminne- eller kulturmiljøtiltak.
Andre leddet, bokstav b. gjer unntak for behandling av klage etter forvaltningslova § 28 andre leddet, det vil seie klagar over enkeltvedtak som er treft av forvaltningsorgan oppretta i medhald av lov om kommunar og fylkeskommunar. Grunnen er at slike klagar som utgangspunkt blir handsama av politisk samansette organ som kommunestyre eller fylkesting, i motsetnad til på statleg nivå, der kunstnarleg og kulturfaglig skjønn som utgangspunkt ikkje blir vurdert på politisk nivå i klagesaker.
Til § 4 andre leddet
Første punktum set krav om at fylkeskommunen og kommunen skal ha oversikt over status og utviklingsbehov på kulturfeltet. Omgrepet «kulturfeltet» vil i prinsippet omfatte heile verkeområdet til kulturlova, sjå pkt. 4 om gjeldande rett.
Som eit rettleiande utgangspunkt bør ei oversikt over «status» beskrive aktørar og tilbod på kulturfeltet, samt organisering, forvaltning og samarbeidsstrukturar på feltet. Ei oversikt over «utviklingsbehov» bør beskrive utviklingstrekk som kan påverke behova over tid – til dømes i talet på innbyggjarar, alders- og kjønnsfordeling, sosioøkonomiske faktorar, geografisk fordeling osv. Det kan også vere relevant å vise korleis kulturfeltet samverkar med eller blir påverka av andre delar av fylkeskommunal og kommunal forvaltning og eventuelt anna relevant planverk. Departementet legg til grunn at det kan vere særleg aktuelt å sjå kultur- og utdanningssektorane i samanheng for å fremje eit breitt spekter av kulturverksemd for, med og av barn og unge, jf. mellom anna føresegna om kulturskole i opplæringslova.
Oversikta skal vere skriftleg. Om oversikta blir utforma som eit eige dokument eller inngår i anna skriftleg grunnlag for planarbeidet, vil vere opp til fylkeskommunane eller kommunane å vurdere.
Fylkeskommunen og kommunen skal fastsetje overordna mål og strategiar for kulturfeltet. Måla og strategiane skal inngå i planar etter plan- og bygningslova kapittel 8 (Regional plan og planbestemmelse) og kapittel 11 (Kommuneplan). «[M]ål og strategiar» kan omfatte korleis fylkeskommunen eller kommunen vil arbeide for å følgje opp pliktene i lova, inkl. å fremje og leggje til rette for eit breitt spekter av kulturverksemd (jf. kulturlova § 4), at kulturlivet har føreseielege utviklingskår, profesjonalitet og kvalitet i kulturtilbodet, og tilgang til relevant informasjon (jf. kulturlova § 5). Mål og strategiar kan òg omtale tilhøvet til andre forvaltningsnivå eller nabokommunar, andre sektorar i fylkeskommunen og kommunen og dessutan tilhøvet til private aktørar og frivillig kulturliv.
Andre punktum slår fast at måla og strategiane bør vere eigna til å møte dei utfordringane som er identifisert i den skriftlege oversikta.