Prop. 6 L (2024–2025)

Endringar i kulturlova (føremål, armlengd og kommunal planlegging)

Til innhaldsliste

Forslag
til lov om endringar i kulturlova (føremål, armlengd og kommunal planlegging)

I

I lov 29. juni 2007 nr. 89 om offentlege styresmakters ansvar for kulturverksemd skal det gjerast følgande endringar:

§ 1 skal lyde:

§ 1 Føremål

Lova skal leggja til rette for eit ope og opplyst offentleg ordskifte gjennom å fastleggja offentlege styresmakters ansvar for å fremja og leggja til rette for eit breitt spekter av kulturverksemd i tråd med prinsippet om armlengds avstand, slik at alle kan få høve til å delta i kulturaktivitetar og oppleva eit mangfald av kulturuttrykk.

Ny § 2 a skal lyde:

§ 2 a Avstand til politiske styresmakter i enkeltsaker

Avgjerder som i hovudsak skal baserast på kunstnarleg eller kulturfagleg skjønn, skal treffast av personar med relevant fagkompetanse. Politiske styresmakter kan ikkje overprøva eller instruera om innhaldet i slike avgjerder. Dette er ikkje til hinder for overordna styring gjennom økonomiske og juridiske rammer og generelle mål.

Første leddet gjeld ikkje

  • a. avgjerder basert på kulturmiljøfagleg skjønn, inkludert avgjerder om tildeling av tilskot til tiltak knytta til kulturmiljø, eller til ivaretaking av tradisjonshandverk når tilskotet har samanheng med slike tiltak

  • b. ved behandling av klage etter forvaltningslova § 28 andre leddet.

§ 4 nytt andre ledd skal lyde:

Fylkeskommunen og kommunen skal ha ei skriftleg oversikt over status og utviklingsbehov på kulturfeltet og fastsetja overordna mål og strategiar for dette feltet i arbeidet med planar etter plan- og bygningslova kapittel 8 og 11. Måla og strategiane bør vera eigna til å møta dei utfordringane som går fram i den skriftlege oversikta.

II

Lova gjeld frå den tida Kongen fastset. Kongen kan fastsetja at dei ulike føresegnene skal ta til å gjelde til ulik tid.

Til forsida