4 Gjeldande rett
Lov 29. juni 2007 nr. 89 om offentlege styremakters ansvar for kulturverksemd (kulturlova) slår fast ansvaret som staten, fylkeskommunane, og kommunane har for å «fremja og leggja til rette for eit breitt spekter av kulturverksemd, slik at alle kan få høve til å delta i kulturaktivitetar og oppleva eit mangfald av kulturuttrykk». Lova er dermed ei rammelov som gir uttrykk for det overordna ansvaret som offentlege styresmakter har for tilrettelegging for eit levande kulturliv.
I lova § 2 heiter det:
Med kulturverksemd meiner ein i denne lova å
-
a. skapa, produsera, utøva, formidla og distribuera kunst- og andre kulturuttrykk,
-
b. verna om, fremja innsikt i og vidareføra kulturarv,
-
c. delta i kulturaktivitet,
-
d. utvikla kulturfagleg kunnskap og kompetanse.
Det blir med andre ord lagt til grunn ein brei definisjon av kulturverksemd, som omfattar både profesjonell kulturverksemd og aktiviteten i den frivillige delen av kulturlivet.
Etter førearbeida, sjå Ot.prp. nr. 50 (2006–2007), omfattar bokstav a «verksemd utført av kunstnarar og andre kulturarbeidarar, organisasjonar og institusjonar som opera, teater, orkester og ensemble for å skapa, produsera, utøva, distribuera og formidla alle former for kunstuttrykk, slike som biletkunst, arkitektur, design, kunsthandverk, duodji, musikk-, scenekunst-, film- og litteraturuttrykk i tillegg til ulike blandingsformer».
Bokstav b omfattar mellom anna «arbeid innanfor arkiv-, bibliotek- og museumsområdet med mottak, innsamling, forsking, dokumentasjon, bevaring, vidareføring og formidling av kunnskap om og innsikt i kultur og levesett i Noreg og i andre land».
Bokstav c tar brukaren sitt perspektiv og omfattar både det å vere tilskodar og det å sjølv delta i kunst- og kulturaktivitetar, inkludert frivillig kulturliv, fritidsklubbar, UKM og andre «kulturfritidstilbod» for barn og unge.
Bokstav d omfattar «kunst- og anna kulturfagleg opplæring og utdanning, både innanfor grunnopplæring, inkludert obligatorisk grunnskule og kulturskulane, dessutan innanfor høgare utdanning og vaksenopplæring». Med andre ord omfattar lova dei pliktene staten, fylkeskommunane og kommunane har på opplæringsfeltet, sjølv om dei konkrete pliktene til å ha eit kulturskoletilbod, følgjer av opplæringslova.
Både stat, fylkeskommune og kommune har etter lova eit ansvar for «økonomiske, organisatoriske, informerande og andre relevante verkemiddel og tiltak» som kan bidra til å oppnå lovføremålet, jf. §§ 3 og 4. Staten har ansvar for heile landet, medan fylkeskommunen og kommunen har ansvaret regionalt og lokalt. Staten har i tillegg ansvar for rettslege verkemiddel og tiltak, og «skal utforma verkemiddel og gjennomføra tiltak for å fremja og verna eit mangfald av kulturuttrykk i samsvar med internasjonale rettar og plikter», jf. § 3 Statens oppgåver.
Lova fastset i tillegg ei rekke oppgåver som dei ulike forvaltningsnivåa skal ivareta i fellesskap. I § 5 Felles oppgåver heiter det:
Staten, fylkeskommunen og kommunen skal syta for
-
a. at kulturlivet har føreseielege utviklingskår,
-
b. å fremja profesjonalitet og kvalitet i kulturtilbodet og leggja til rette for deltaking i kulturaktivitetar,
-
c. at personar, organisasjonar og institusjonar har tilgang til informasjon om ordningar med økonomisk støtte og om andre verkemiddel og tiltak.
I førearbeida til lova blei dei felles oppgåvene særleg understreka, og det blei lagt vekt på verdien av samarbeid mellom staten, fylkeskommunane og kommunane.
Da lova blei vedtatt, blei det samstundes lagt vekt på at ho ikkje måtte leggje føringar som hindrar nødvendige tilpassingar til lokale behov og løpande endringar i kultursektoren. Lova er derfor enkel og overordna, og gir handlingsrom og fleksibilitet til å utforme og gjennomføre ein kulturpolitikk som er tilpassa og forankra i regionale og lokale føresetnader. Det er i tillegg lagt vekt på at kulturpolitikken heile tida må kunne tilpasse seg ein sektor i rask endring og fange opp nye behov. Lova er derfor eit resultat av ei avveging mellom omsynet til å styrkje kulturverksemd som politikkområde, omsynet til fleksibilitet og omsynet til lokalt sjølvstyre. Som følgje av dette inneheld lova ingen sanksjonar og i liten grad konkrete rettslege plikter.