1 Hovudinnhaldet i proposisjonen
Helse- og omsorgsdepartementet gjer i denne proposisjonen framlegg om endringar i helsepersonelloven og helsetilsynsloven. Endringane er ein del av departementet si oppfølging av forslag i ein rapport frå Pasientovergrepsutvalget som blei framlagt 29. april 2022. Formålet med forslaga er å styrkje pasienttryggleiken og tilliten til helse- og omsorgstenesta. Departementet foreslår derfor å innføre lovheimlar for å kunne gi fleire og strengare administrative reaksjonar overfor helsepersonell som er til alvorleg fare for pasienttryggleiken eller som alvorleg svekkjer tilliten til helse- og omsorgstenesta. Dette kan til dømes vere helsepersonell som utfører overgrep mot eller utviser anna grensekrenkande åtferd overfor pasientar. Lovforslaga er like fullt generelle og omfattar også andre sakstypar og tilfelle.
Departementet foreslår ei ny føresegn i helsepersonelloven § 62 andre ledd som innfører ei generell karantenetid når det gjeld åtgangen til å søkje om ny autorisasjon, lisens eller spesialistgodkjenning etter at vedkommande har mista autorisasjonen mv. som følgje av tilbaketrekking. Forslaget inneber at det må gå minst to år etter vedtaket om tilbaketrekking før ein kan søkje om ny autorisasjon mv. Departementet foreslår samtidig at Statens helsetilsyn blir gitt myndigheit til å kunne gjere unntak frå kravet om karantenetid når det ligg føre særlege grunnar.
Vidare foreslår departementet ei ny føresegn i helsepersonelloven § 57 andre ledd som gir klar heimel for at Statens helsetilsyn kan gjere vedtak om tilbaketrekking av autorisasjon, lisens eller spesialistgodkjenning for alltid. Dette blir i proposisjonen omtalt som «varig tilbaketrekking». Departementet foreslår at Helsetilsynet kan trekke tilbake autorisasjonen mv. for alltid når eit eller fleire av grunnlaga for tilbaketrekking etter § 57 første ledd er oppfylte og helsepersonellet for framtida kan vere til alvorleg fare for pasienttryggleiken eller alvorleg svekkje tilliten til helsepersonell eller helse- og omsorgstenesta. Departementet foreslår samtidig ei ny føresegn i helsepersonelloven § 62 tredje ledd som tidsavgrensar åtgangen til å sette fram søknad om ny autorisasjon mv. i tilfelle som blir omfatta av § 57 andre ledd. I slike tilfelle kan ny søknad setjast fram tidlegast ti år etter vedtak om tilbaketrekking.
I tillegg foreslår departementet nye reaksjonar mot helsepersonell som har mista autorisasjonen ved tilbaketrekking, men som held fram med å yte helsehjelp og som er til alvorleg fare for pasienttryggleiken eller alvorleg svekkjer tilliten til helse- og omsorgstenesta. Departementet foreslår ei ny føresegn i helsepersonelloven § 57 a som opnar for at Statens helsetilsyn i slike tilfelle kan ileggje forbod mot å yte helsehjelp. Forslaget omfattar ikkje uautorisert helsepersonell, det vil seie helsepersonell som fell utanfor autorisasjonsordninga for visse yrkesgrupper, mellom anna ufaglært personell. Vidare blir det foreslått ei endring i helsetilsynsloven § 9 første ledd, slik at Statens helsetilsyn kan fastsette tvangsmulkt overfor helsepersonell utan autorisasjon som ikkje retter seg etter forbod som er gitt etter helsepersonelloven § 57 a.