4 Nylege endringar i reaksjonssystemet etter helsepersonelloven
Forslaget frå Pasientovergrepsutvalget og departementet sitt forslag i denne proposisjonen må sjåast i samanheng med lovendringar som tok til å gjelde 1. juli 2022, jf. Prop. 57 L (2021–2022) Endringer i helsepersonelloven, pasient- og brukerrettighetsloven mv. (administrative reaksjoner, tilsynsmyndighetenes saksbehandling av henvendelser om pliktbrudd m.m.).
Lovendringane har som formål å bidra til at verksemda til tilsynsmyndigheitene og reaksjonssystemet er meir formålstenleg når det gjeld å ivareta omsynet til pasienttryggleik og tillit til helse- og omsorgstenesta. Formålet er å gi tilsynsmyndigheitene eit større handlingsrom til å prioritere saker og å innrette tilsynet på ein best mogleg måte. Endringane skal bidra til at det går kortare tid frå hendingar som inneber brot på helselovgivinga til det blir reagert overfor helsepersonell eller verksemd, slik at brota ikkje blir gjentekne. Ei raskare oppfølging av lovbrot vil også betre tilliten som pasientar, brukarar og pårørande har til helse- og omsorgstenesta.
I tillegg til endringar i saksbehandlinga og presiseringa til statsforvaltaren om at verksemder i helse- og omsorgstenesta har plikt til å svare på førespurnadar frå pasientar, brukarar og pårørande, er det også innført ei rekkje endringar i helsepersonelloven kapittel 11 om reaksjonar ved brot på føresegnene i loven. Dei viktigaste endringane sett i samanheng med forslaga frå Pasientovergrepsutvalget, er innføringa av den administrative reaksjonen fagleg pålegg og utvidinga av åtgangen Helsetilsynet har til å suspendere helsepersonell.
Lovendringane inneber at den administrative reaksjonen åtvaring i helsepersonelloven er oppheva, samtidig som fagleg pålegg til helsepersonell er innført i helsepersonelloven § 56. Eit fagleg pålegg gir inga avgrensing i sjølve autorisasjonen, men helsepersonellet kan påleggjast å få rettleiing eller gjennomføre andre tiltak som hever kompetansen. Tilsynsmyndigheitene skal også kunne påleggje arbeidsgivar å leggje til rette for å følgje opp faglege pålegg til helsepersonell, jf. helsetilsynsloven § 8 tredje ledd. Tilsvarande pålegg kan givast til kommunar når det gjeld fastlegar. Både Helsetilsynet og statsforvaltaren har myndigheit til å gi fagleg pålegg. Statens helsepersonellnemnd er klageinstans.
Det er også gjort endringar i reaksjonen avgrensing i autorisasjon, jf. helsepersonelloven § 59. Det er frå departementet si side, jf. Prop. 57 L (2021–2022) punkt 7.4, lagt føringar for at reaksjonen avgrensa autorisasjon bør nyttast i større grad. Stortinget har vedtatt lovendringar for å understøtte dette, der tidlegare §§ 59 og 59 a er slått saman. Samanslåinga inneber inga større endring av dei materielle vilkåra, men ein ny ordlyd som ikkje knyter vurderingane opp mot vilkåra for tilbaketrekking i helsepersonelloven § 57, gjer lovteksten enklare. Ei avgrensing i autorisasjonen inneber at arbeidsoppgåvene til helsepersonellet vil bli innskrenka på visse område, til dømes ved at helsepersonellet ikkje lenger har pasientkontakt eller at yrket berre kan utøvast under rettleiing av anna autorisert helsepersonell.
Vidare er det gjort justeringar i helsepersonelloven når det gjeld reglane om suspensjon (mellombels tilbaketrekking av autorisasjon mv.) i § 58 og ny § 58 a. Endringane inneber mellom anna at Helsetilsynet no kan avgrense suspensjonen til berre å gjelde åtgangen til helsepersonell til å utføre visse arbeidsoppgåver i ein periode, det vil seie ei mellombels avgrensing i autorisasjonen, framfor å suspendere all rett til å praktisere yrket. Sett i samanheng med forslaga til Pasientovergrepsutvalget, kan ei mellombels avgrensing til dømes innebere at helsepersonellet for den perioden det er tale om, ikkje skal ha pasientkontakt eller vere åleine med pasientar. På same måte som tidlegare, kan Helsetilsynet framleis suspendere ein autorisasjon fullstendig i dei tilfella dette er nødvendig. Suspensjon eller mellombels avgrensing vil berre vere aktuelt for ein avgrensa periode medan ei tilsynssak er under behandling.