Prop. 63 L (2023–2024)

Endringar i helsepersonelloven og helsetilsynsloven (administrative reaksjonar, karantenetid før søknad om ny autorisasjon mv.)

Til innhaldsliste

11 Andre tiltak for å betre pasienttryggleiken

Dette kapittelet inneheld ei kort omtale og vurdering av forslag frå Pasientovergrepsutvalget til andre rettslege tiltak for å betre pasienttryggleiken. Forslaga er omtalte under punkt 2.2.2.5 til 2.2.2.9 og blir ikkje følgde opp i denne proposisjonen. Fleire av forslaga blir likevel følgde opp i andre samanhengar.

Når det gjeld forslaget frå utvalet om utvida varslingsplikt for arbeidsgivarar/verksemder til Helsetilsynet, viser departementet til at Regjeringa i mai 2022 oppnemnde eit offentleg utval (Varselutvalget) for å gjere ein heilskapleg gjennomgang av varselordningane for alvorlege hendingar, mellom anna vurdere behovet for endringar i ordningane og utarbeide eventuelle forslag til regelverksendringar. Varselutvalet leverte sin rapport 12. april 2023, og han blir no følgd opp i departementet. Departementet vil i samband med dette arbeidet vurdere behovet for å utvide varslingsplikta for helseverksemdene. Planen er at et høyringsnotat med forslag til lovendringar skal sendast på høyring i løpet av 2024.

Når det gjeld forslaget frå utvalet om å etablere klarare heimel for at tilsynsmyndigheitene kan kontakte andre pasientar, legg departementet til grunn at føresegna i helsetilsynsloven § 7 første ledd mellom anna gir heimel for tilsynsmyndigheitene si tilgang til elektroniske pasientjournalar. Tilsynsmyndigheitene har på den måten høve til å spore opp andre pasientar via journalsystema til helsepersonellet. Etter kva departementet forstår, kontaktar tilsynsmyndigheitene allereie i dag pasientar dersom dei finn det nødvendig for å opplyse saka, jf. omtale av Helsetilsynets arbeid med praksisendringar under punkt 2.3. Vidare blir det vist til forvaltningsloven § 17 som regulerer forvaltningsorgans utgreiings- og informasjonsplikt. Forvaltningsorganet skal sjå til at saka er så godt opplyst som mogleg før vedtak blir fatta. I dette ligg det også eit krav om å innhente supplerande opplysningar i samband med tilsynet. Departementet si vurdering er derfor at tilsynsmyndigheitene allereie i dag har tilstrekkeleg lovheimel for å kunne finne og ved behov kontakte andre moglege pasientar som er ramma. Det visast til omtalen av Helsetilsynet sitt arbeid med praksisendringar under punkt 2.3 i proposisjonen.

Departementet har vidare merka seg forslaget frå Pasientovergrepsutvalget om å etablere eit utvida saksbehandlingsregister internt i Helsetilsynet og hos statsforvaltarane. Etter det departementet forstår, er det ikkje tilgang til dagens saksregister (NESTOR) på tvers av statsforvaltarembeta, men det er mogleg å gjere endringar i tilgangsstyringa for å få slik tilgang. Dette synest i første rekkje å vere eit teknisk og økonomisk spørsmål. Departementet legg til grunn at den alminnelege teieplikta etter forvaltningsloven § 13 set visse avgrensingar i åtgangen for statsforvaltarane til å dele teiepliktig informasjon seg imellom. Det er ikkje klart om det er rettslege hinder for å utvide innhaldet i det eksisterande saksbehandlingsregistert og for å utvide tilgangen til dette innhaldet. Departementet legg til grunn at spørsmålet om det er behov for lovendring for å leggje til rette for slik informasjonsutveksling, eventuelt må vurderast nærare når det er avklart kva opplysningar som skal liggje i registeret og kva tilgangar som skal givast.

Vidare har departementet merka seg utvalet sitt forslag om å innføre eit nasjonalt register med opplysningar om autorisasjonsstatusen til helsepersonell som også skal vere tilgjengeleg for allmenta. Departementet legg til grunn at helsepersonellregisteret (HPR) gir allmenta tilgang på opplysningar om aktuell autorisasjonsstatus for det enkelte helsepersonellet, men ser på same tid at det er skrankar for tilgangen til opplysningar. For å få tilgang til opplysningane må ein anten ha det gjeldande HPR-nummeret til vedkommande helsepersonell, eller fødselsdato og namn i kombinasjon. For potensielle arbeidsgivarar meiner departementet dette kan vere akseptabelt, men for allmenta gir dette ein vanskelegare tilgang enn om ein kunne søkje i registeret til dømes på berre etternamnet til helsepersonellet. Omsyn til pasienttryggleik kan tilseie at det bør vere mogleg å få enklare tilgang til autorisasjonsstatus for helsepersonell som ein ønskjer å få helsehjelp frå. Dette kan særleg gjelde for helsepersonell som tilbyr tenester i eigen praksis og er sjølvstendig næringsdrivande. I slike tilfelle finnast det ingen arbeidsgivar som kunne ha kontrollert autorisasjonsstatus ved tilsetting. Departementet meiner det ikkje er nødvendig å gjere lovendringar for å betre allmenta si tilgang på opplysningar om autorisasjonsstatus. Departementet vil derfor arbeide vidare med andre eigna tiltak for å gjere slik informasjon enklare tilgjengeleg og med det betre pasienttryggleiken.

Når det gjeld forslaget frå Pasientovergrepsutvalget om utvida krav til politiattest, viser departementet til at ein politiattest dokumenterer eventuelle tidlegare straffedommar og ikkje nødvendigvis er ein garanti for framtidig åtferd og at helsepersonellet er eigna for yrkesutøvinga. Departementet er derfor i tvil om eit utvida krav til framlegging av politiattest vil vere eit formålstenleg tiltak som kan bidra til å hindre at helsepersonell utfører overgrep og andre grensekrenkingar overfor pasientar. Etter departementet sitt syn er spørsmålet om å utvide kravet til politiattest ikkje avgrensa til spesialisthelsetenesta, men av generell art og bør sjåast i samanheng med eventuelle andre behov for krav om politiattest.

Til forsida