Prop. 63 L (2023–2024)

Endringar i helsepersonelloven og helsetilsynsloven (administrative reaksjonar, karantenetid før søknad om ny autorisasjon mv.)

Til innhaldsliste

2 Bakgrunnen for lovforslaget

2.1 Innleiing

Helse- og omsorgsdepartementet oppnemnde 4. juni 2021 eit offentleg ekspertutval (Pasientovergrepsutvalget) for å gjennomgå og vurdere saksbehandlinga hos fylkesmennene (seinare statsforvaltarane), Statens helsetilsyn og Statens helsepersonellnemnd i saker om seksuelle overgrep utført av helsepersonell mot pasientar i perioden 2010 til 2020.

Pasientovergrepsutvalget vart nedsett i kjølvatnet av at det i media blei retta kritisk søkjelys mot handteringa til tilsynsmyndigheitene av saker om overgrep mot pasientar utført av helsepersonell, særleg psykologar og psykiatrar. Spesielt Varhaug-saka blei trekt fram. Tidlegare psykolog Sverre Varhaug (1920–2014) hadde over ein 30-årsperiode frå 1969 til 1998 forgripe seg på fleire pasientar og påført dei store, til dels ubotelege skadar. Overgrepa skjedde også etter at han blei frådømt retten til å utøve yrket som psykolog. I 1979 og i 1988 blei han dømd for seksuelle overgrep mot pasientar og for alltid frådømd retten til å utøve verksemd som psykolog. Like fullt heldt han fram praksisen sin fram til 1998, men utan autorisasjon. Han blei i 2002 dømd for tredje gong for seksuelle overgrep mot pasientar.

Utvalet fekk følgjande samansetning:

  • Bjørn Kristian Soknes, førstestatsadvokat (leiaren av utvalet)

  • Anne Kjersti Befring, førsteamanuensis

  • Karsten Hytten, psykiater

  • Mette Ekenes Garmannslund, psykolog

  • Jill Arild, landsleiar Mental Helse.

Utvalet fekk følgjande mandat:

«Utvalget skal gjøre en gjennomgang og vurdering av daværende fylkesmennenes, Statens helsetilsyns og Statens helsepersonellnemnds saksbehandling i saker som gjelder overgrep utført av helsepersonell mot pasienter i perioden 2010 til 2020. Vurderingen skal skje mot det aktuelle lovverk i denne perioden.
Sakskomplekset berører både Helse- og omsorgsdepartementet og Justis- og beredskapsdepartementets ansvarsområder. Den ønskede gjennomgangen skal primært omfatte Helse- og omsorgsdepartementets ansvarsområde, men må også se på grenseflaten mot Justis- og beredskapsdepartementets ansvarsområde.
Utvalget skal også gå gjennom Varhaugsaken for å se hvilke læringspunkter som kan trekkes fra denne saken når det gjelder dagens praksis. Denne gjennomgangen skal omfatte kontakt med ofre som er villige til å uttale seg.
Utvalget skal i tillegg til å vurdere tilsynsmyndighetenes saksbehandling peke på eventuelle svakheter i dagens regelverk. Særlig bør det vurderes om pasienter som er behandlet av helsepersonell som har utført overgrep, bør kontaktes både som ledd i tilsynet og for å hindre at overgrepene fortsetter. Lovgrunnlaget for slik kontakt må vurderes. Utvalget skal også vurdere hvordan helsepersonell som mister sin autorisasjon bør følges opp. Departementet ber om at det utarbeides forslag til eventuelle lovendringer.
Utvalget skal avgi sin rapport innen 1. april 2022.»

2.2 Pasientovergrepsutvalget si utgreiing og forslag

2.2.1 Utvalet si skildring av hovudutfordringar og forslag til endring av praksis

Pasientovergrepsutvalget har vurdert tilsynsmyndigheitene si behandling av saker som gjeld overgrep utført av helsepersonell mot pasientar i perioden frå 2010 til 2020. Utvalet har vurdert utvalde saker som blei endeleg avslutta hos dåverande fylkesmenn og Statens helsetilsyn. Utvalet har gjennomgått i alt 75 saker. Av saker som vart avslutta hos statsforvaltarane, har utvalet sett nærare på alle saker (25) om rollesamanblanding med seksuelle relasjonar, der statsforvaltarane konkluderte med brot på kravet til fagleg forsvarleg og omsorgsfull hjelp. Av saker som er avslutta hos Statens helsetilsyn, har utvalet sett nærare på alle saker (50) der legar og psykologar mista autorisasjonen sin, sidan desse yrkesgruppene nyt stor tillit i samfunnet. Utvalet har ikkje registrert saker som er i nærleiken av Varhaug-saka når det gjeld alvor og varigheit. Utvalet konkluderer med at gjennomgangen viser at det er behov for endring av både praksis og regelverk.

Utvalet beskriv følgjande funn og hovudutfordringar:

1. Reaksjonane og saksbehandlinga til Helsetilsynet er ikkje tilstrekkeleg når det er mistanke om at helsepersonell med og utan autorisasjon misbruker rolla si til å utføre overgrep. Reaksjonar og saksbehandling er ikkje godt nok målretta mot alvorsgraden i saka.

Helsetilsynet reagerer ikkje raskt og tilstrekkeleg nok ved grove og gjentekne seksuelle overgrep. Suspensjon blir ikkje nytta systematisk som eit strakstiltak der det er fare for pasienttryggleiken. Same reaksjonsform blir nytta uavhengig av alvoret i saka og om faren for gjentaking og risikoen for tryggleiken til pasienten er høg eller låg. Fleire får autorisasjonen tilbake etter relativt kort tid utan at det er gjort ei forsvarleg risikovurdering. Utan at dette følgjer av lova, blir saker som gjeld helsepersonell utan autorisasjon ikkje sende over til Statens helsetilsyn for vurdering av administrativ reaksjon. Alle saker med stor risiko for pasienttryggleiken skal etter systemet i lova sendast over til Statens helsetilsyn for vurderingar av reaksjonar og meldast til politiet.

Helsetilsynet må ha betre oversikt over saker som gjeld overgrep på landsbasis. Bortsett frå eigne saker som gjeld mistanke om overgrep, har den enkelte statsforvaltaren ikkje oversikt over andre tilsvarande saker som blir behandla av andre statsforvaltarar. Dette inneber mellom anna at helsepersonell som blir mistenkt for overgrep kan flytte mellom fylke utan at kunnskap om tilsynssaka blir kjend for aktuell ny statsforvaltar.

2. Involvering av påtalemakta må styrkjast, mellom anna ved meir systematisk samarbeid. Dette er særleg viktig i saker som gjeld helsepersonell utan autorisasjon som har utført overgrep, der helsetilsynet har avgrensa moglegheit til å reagere.

3. Arbeidsgivarar si oppfølging og praksis med å sende over saker til helsetilsynet (statsforvaltaren) ved mistanke om overgrep verkar vilkårleg. Arbeidsgivarar avsluttar arbeidsforholdet til helsepersonell som representerer ein risiko for pasientar. Dette inneber at helsepersonell kan søkje seg arbeid i andre helseverksemder hos arbeidsgivarar som er ukjende med tidlegare saker som gjeld grensekrenkingar. Det er nødvendig å melde desse sakene til helsetilsynet for oppfølging. Arbeidsgivarar bør kunne innhente politiattest for helsepersonell som arbeider innanfor psykiatri og rus, då gjennomgangen av saker viser at det er fleire overgrepssaker i denne delen av helsetenesta, samanlikna med andre delar av helsetenesta.

4. Posisjonen til pasientar og pårørande må styrkjast ved mistanke om grenseoverskridande åtferd. Pasientar må enklare kunne kome i kontakt med helsetilsynet (statsforvaltaren) for råd og oppfølging. Fleire pasientar har sagt at det er vanskeleg å få rettleiing. Personar som har blitt utsette for grenseoverskridande åtferd kan ha utfordringar med å orientere seg om kven dei skal kontakte. Det bør vere tilgjengeleg informasjon om at førespurnaden skal rettast til statsforvaltarane. Pasientar bør kunne vende seg på telefon for å diskutere situasjonen.

5. Førebyggjande arbeid for å motverke risiko for overgrep og for å rehabilitere helsepersonell må styrkjast. Utvalet meiner det blir gjort for lite for å førebyggje overgrep og for å hindre at nye overgrep skjer. Undervisning om etikk og jus for både autorisert og uautorisert helsepersonell må styrkjast.

Utvalet meiner at Helsetilsynet må endre praksisen sin slik at alvorlege saker med høg risiko for pasientar blir først prioritert og bruke suspensjonsordninga meir systematisk og raskt etter at saka er komen inn i tilsynet. Praksisen til helsetilsynet som gjeld personell utan autorisasjon, må endrast slik at dei alvorlege sakene blir følgde opp av tilsynet og påtalemakta. Det er nødvendig å forhalde seg konkret til variasjon i alvor når det gjeld grensekrenkingar. Utvalet tilrår å gi meir nyanserte reaksjonar basert på reelle individuelle vurderingar i kvar sak. Det er store variasjonar i sakene utan at dette i tilstrekkeleg grad blir reflektert i reaksjonane.

2.2.2 Forslag frå utvalet til lovendringar

2.2.2.1 Varig tilbaketrekking av autorisasjon

Pasientovergrepsutvalget har i sin rapport foreslått at Statens helsetilsyn skal kunne trekke tilbake autorisasjonen med varig verknad i dei alvorlegaste sakene når særlege grunnar tilseier det. Det betyr i praksis at helsepersonellet i desse tilfella vil bli avskorne frå å søkje om ny autorisasjon, og at ein søknad uansett vil bli avvist med referanse til vedtaket om varig tilbaketrekking.

Utvalet noterer at gjennomgangen av saker i perioden 2010–2020 som enda med tilbaketrekking av autorisasjon, viser at det er stor variasjon i kor alvorleg desse sakene har vore. Det er stor avstand frå ei grensekrenking der faren for gjentaking blir vurdert som liten eller fråverande til regelrette overgrep der risiko for gjentaking blir vurdert til å vere høg. Utvalet påpeiker at denne variasjonen i alvoret i sakene ikkje alltid blir reflektert i reaksjonane frå Helsetilsynet.

Utvalet meiner det er behov for meir nyanserte reaksjonsformer, basert på individuelle vurderingar og alvoret i saka. Ein må differensiere betre mellom sakene enn i dag, slik at avgjerdene ikkje ber preg av å vere behandla sjablongmessig. For at helsepersonellet skal få ny autorisasjon må vedkommande godtgjere å vere skikka, noko som føreset at tilliten er gjenvunnen. Utvalet uttaler at fleire saker som det har sett på er så alvorlege at det er vanskeleg å sjå for seg at det er mogleg å rette opp igjen tilliten til det aktuelle helsepersonellet, sjølv om rehabiliterande tiltak som rettleiing og behandling kunne redusert risikoen for nye grensekrenkingar.

Utvalet legg til grunn at helsepersonelloven ikkje gir heimel for å fatte vedtak om varig tilbaketrekking av autorisasjon. Utvalet meiner at ei lovføresegn som opnar for varig tilbaketrekking av autorisasjon kan bidra til å ta vare på tilliten som befolkninga har til helsesektoren og gi auka vern mot overgrep. Utvalet uttaler at ei slik lovføresegn vil ha preventiv effekt for det enkelte helsepersonellet og gi ei tydeleg forventningsavklaring om at vedkommande ikkje kan søkje om ny autorisasjon. På den måten vil Helsetilsynet få frigjort tid og ressursar som i dag blir brukt til behandling av unødvendige søknader om ny autorisasjon. Utvalet viser til at ein slik reaksjon er meint som eit unntak dersom forholdet viser at helsepersonellet vil halde fram med å utgjere ein fare for pasienttryggleiken i framtida.

Utvalet foreslår på denne bakgrunnen at det blir innført ei føresegn om varig tilbaketrekking av autorisasjon i dei alvorlegaste sakene. Utvalet kategoriserer desse sakene som «grad 5» og er kjenneteikna av følgjande:

  • Alvorlege seksuelle grensekrenkingar i form av overgrep og valdtekt.

  • Handlingane er svært skadelege og traumatiske for pasienten, og utgjer klare brot av føresegnene i straffeloven.

  • Det er stor fare for gjentaking og befolkninga har eit klart behov for vern.

Utvalet meiner ein også bør vurdere om tilbaketrekking av autorisasjon bør vere varig for saker i kategoriane «grad 3» og «grad 4». Desse sakene har følgjande til felles:

  • Åtferda til helsepersonellet vil vere ubehageleg, skadeleg og potensielt traumatisk for pasienten, påverke tilliten til befolkninga negativt og det er behov for å verne befolkninga mot gjentekne handlingar.

  • Handlingane kan vere brot på føresegnene i straffeloven om seksuell omgang som helsepersonellet har skaffa seg i samband med misbruk og utnytting og andre seksuelle handlingar utan samtykke, og seksuelt krenkjande åtferd.

Medan saker i kategori 4 er kjenneteikna av:

  • Grensekrenkande seksualiserte handlingar/overgrep i behandlingsrommet, til dømes metodikk som er avvikande og seksuelt motivert. Dette kan vere fysisk/seksuell kontakt forkledd som behandling, berøring, avkleding mv.,

er saker i kategori 3 kjenneteikna av:

  • Seksuelt grensekrenkande seksualiserte handlingar/overgrep mot pasienten utanfor arbeidsplass og arbeidstid, som invitasjon eller hint om seksuelt samvær, sending av intime bilete, oppsøking av pasienten på andre arenaer, trakassering mv.

Utvalet påpeiker at varig tilbaketrekking av autorisasjon er eit drastisk inngrep overfor helsepersonell og at det derfor må finnast gode rettstryggingsgarantiar. Utvalet understrekar at ein må etablere gode materielle og prosessuelle vilkår spesielt målretta mot desse avgjerdene. Sakene føreset kvalifiserte helsefaglege saksbehandlarar. Vidare bør tilsynsmyndigheitene inngå samarbeid med sakkunnige med nødvendig kompetanse om grensekrenkingar.

Utvalet foreslår på denne bakgrunnen følgjande endring i helsepersonelloven § 57 i form av ei føresegn i nytt andre ledd:

«Autorisasjon, lisens eller spesialistgodkjenning kan, når særlige grunner tilsier det, kalles tilbake for alltid.»

Med «særlege grunnar» meiner utvalet grunnar som inneber at det er overvegande sannsynleg at helsepersonellet vil vere ein fare for pasienttryggleiken framover i tid.

2.2.2.2 Tidsgrense for søknad om ny autorisasjon (karantenetid)

Pasientovergrepsutvalget tilrår at det i saker kor tilbaketrekking av autorisasjon ikkje er varig, bør setjast ein frist for når ein tidlegast kan søkje om ny autorisasjon.

Bakgrunnen for forslaget er at fleire søkjer om ny autorisasjon gjentekne gongar og gjerne kort tid etter vedtaket om tilbaketrekking. Utvalet viser til at vedtak om tilbaketrekking vanlegvis ikkje kan treffast utan at helsepersonellet blir sett på som ueigna over ei viss tid. Gjennomgangen frå utvalet av saker der helsepersonell har fått ny autorisasjon, viser at det ofte tar forholdsvis kort tid før helsepersonellet igjen blir sett på som eigna og får ny autorisasjon. Dette gjeld anten det blir gitt ein avgrensa autorisasjon eller full autorisasjon. Innbakt i denne tida ligg også Helsetilsynet si behandling av søknaden. Utvalet viser til Helsetilsynet sin internrapport som slår fast at det er for høg risiko for at helsepersonell får ny autorisasjon på mangelfullt grunnlag.

Utvalet viser til at når det blir søkt om ny autorisasjon, må helsepersonellet gjere det sannsynleg overfor Helsetilsynet at dei ikkje på nytt vil ha ei åtferd som er i strid med utøvinga av yrket. Ein del av denne dokumentasjonen kan vere at helsepersonellet har fått rettleiing og/eller behandling, og dessutan at dette har ført til endring som vil ha avgjerande betydning for meistringsevne og sjølvkontroll. Utvalet viser til at slik rettleiing og oppfølging kan vere nødvendig for å redusere risikoen for seinare grenseoverskridingar og overgrep.

Utvalet foreslår derfor at helsepersonell som søkjer om ny autorisasjon etter tilbaketrekking, ikkje bør få vurdert søknaden før ei viss tid er gått. Utvalet foreslår at denne fristen blir sett til to år etter vedtaket om tilbaketrekking. I saker om grensekrenkingar er utvalet av den oppfatninga at det vil ta minst to år før ein kan seie at helsepersonellet er rehabilitert og med det skikka igjen. Utvalet legg til grunn at ein slik regel også vil spare Helsetilsynet for ressursar knytt til behandling av søknader om ny autorisasjon som på det aktuelle tidspunktet openbert ikkje vil bli innvilga.

Utvalet har på denne bakgrunnen foreslått følgjande endring i helsepersonelloven § 62 i form av ei føresegn i nytt andre ledd:

«Ny søknad om autorisasjon kan tidligst behandles to år etter vedtaket om tilbakekall.»

2.2.2.3 Reaksjon overfor helsepersonell utan autorisasjon (forbod mot å gi helsehjelp)

Pasientovergrepsutvalget meiner det er nødvendig med fleire reaksjonsformer overfor helsepersonell utan autorisasjon. Utvalet viser til at gruppa av helsepersonell som arbeider i helse- og omsorgstenesta og som ikkje er omfatta av autorisasjonsordninga, har blitt større og at denne gruppa av helsepersonell kan ha stor betydning for tryggleiken til pasientar. Vidare har det vore få straffesaker dei siste åra og det verkar vilkårleg om helsepersonellet får dom på rettstap etter straffeloven. Dette gjeld også helsepersonell som er fråtekne autorisasjonen, men som held fram med å praktisere.

Utvalet meiner at den nye administrative reaksjonen om fagleg pålegg i helsepersonelloven skal kunne nyttast i enkelte av dei mindre alvorlege sakene der det ligg føre manglande rolleforståing, og at denne reaksjonen òg kan brukast overfor uautorisert helsepersonell.

Utvalet foreslår ei endring i helsetilsynsloven som inneber at alt helsepersonell utan autorisasjon kan få pålegg med forbod mot å gi helsehjelp dersom dei er til fare for liv og helse til pasientar eller brukarar. Eit typisk tilfelle som utvalet har sett for seg, vil vere ulike typar grenseoverskridingar, men det vil også kunne vere andre alvorlege hendingar der tilsynsmyndigheitene bør vurdere om helsepersonellet er eigna til å gi helsehjelp. Lovendringa er foreslått som eit nytt tredje ledd i helsetilsynsloven § 8:

«Dersom helsepersonell uten autorisasjon eller som er fratatt autorisasjonen er til fare for liv og helse til pasienter eller brukere, kan det gis et pålegg med forbud mot at de gir helsehjelp. Dette pålegget skal fremgå av helsepersonellregisteret. Dersom det ikke etterkommes, kan Statens helsetilsyn ilegge tvangsmulkt i samsvar med § 9.»

Forslaget inneber at saka først blir vurdert hos statsforvaltaren, som kan sende han til Helsetilsynet for vidare behandling der. Dette er på same måte som andre administrative reaksjonar, med unntak av fagleg pålegg som kan gis direkte av statsforvaltaren. Dersom Helsetilsynet kjem til at vilkåra for forbod mot å gi helsehjelp er til stades, er det foreslått at vedtaket skal kome fram av helsepersonellregisteret. Dette vil forhindre at dei som har fått eit slikt forbod seinare blir tilsette i helse- og omsorgstenesta.

Vidare er det foreslått ei endring av helsetilsynsloven § 9 som inneber at Helsetilsynet kan fastsette tvangsmulkt for helsepersonell utan autorisasjon som ikkje retter seg etter eit forbod mot å gi helsehjelp.

2.2.2.4 Innlevering av pasientjournalarkiv ved varig tilbaketrekking av autorisasjon

Pasientovergrepsutvalget foreslår at ved varig tilbaketrekking av autorisasjon bør hovudregelen vere at pasientjournalarkivet til helsepersonellet alltid skal leverast inn, dersom praksisen ikkje blir overtatt av nokre andre. Ein slik føresegn vil ivareta rettane til pasienten knytt til innsyn i, retting og sletting av eigne journalopplysningar, og dessutan ivareta forsvarleg oppbevaring av dei teiepliktige opplysningane. Det vil også gi moglegheit for flytting av journal til ny behandlar.

2.2.2.5 Klar heimel for at Helsetilsynet kan kontakte moglege utsette pasientar

Det kjem fram eksplisitt av mandatet for Pasientovergrepsutvalget at

«Utvalget skal i tillegg til å vurdere tilsynsmyndighetenes saksbehandling peke på eventuelle svakheter i dagens regelverk. Særlig bør det vurderes om pasienter som er behandlet av helsepersonell som har utført overgrep, i fremtiden bør kontaktes både som ledd i tilsynet og for å hindre at overgrepene fortsetter. Lovgrunnlaget for slik kontakt må vurderes».

Utvalet foreslår at i dei alvorlegaste sakene der det kan vere aktuelt med varig tilbaketrekking av autorisasjon, bør tilsynsmyndigheitene kunne kontakte andre tidlegare pasientar når det er grunn til å tru at dei også kan ha vore utsette for overgrep frå det aktuelle helsepersonellet. Føremålet med å kontakte andre pasientar er å avdekke moglege overgrep, for å kunne hjelpe ramma pasientar og i neste omgang sørgje for at overgriparen blir stansa. Sidan helsepersonell vanlegvis vil prøve å skjule overgrep mot pasientar, vil tilgang til pasientjournalen sjeldan vere tilstrekkeleg for å avdekke eventuelle overgrep. Når eit overgrep mot ein pasient først er avdekt, meiner utvalet at tilsynsmyndigheitene bør vurdere om dei andre pasientane til det aktuelle helsepersonellet skal orienterast om dette.

Utvalet viser til at det å innføre ein slik praksis reiser ei rekke faglege, etiske og juridiske problemstillingar, og mellom anna kan ha negative konsekvensar for tilliten som pasientar har til helse- og omsorgstenesta. Utvalet peiker også på dilemmaet ved å kontakte andre pasientar samtidig som at teieplikta i tilstrekkeleg grad blir ivaretatt.

Når det gjeld korleis slik pasientkontakt bør lovregulerast, viser utvalet til retten pasientar har til informasjon etter pasient- og brukerrettighetsloven § 3-2 sjuande ledd. Det kjem fram av føresegna at dersom det etter at behandlinga er avslutta, blir oppdaga at pasienten kan ha blitt påført betydeleg skade som følgje av helsehjelpa, skal pasienten om mogleg bli informert om dette. Utvalet reiser spørsmål om denne føresegna bør utvidast til å omfatte tilfelle der det er grunn til å tru at ein pasient som følgje av helsehjelpa kan ha blitt utsett for overgrep. Ei slik informasjonsplikt overfor pasienten må i så fall kvile på verksemda eller arbeidsgivaren til helsepersonellet. Utvalet legg til grunn at ei presisering av heimelen for at tilsynsmyndigheitene i visse situasjonar kan kontakte moglege utsette pasientar, må skje gjennom regulering i helsetilsynsloven. Utvalet har ikkje utarbeidt konkret forslag til føresegn på dette punktet.

2.2.2.6 Etablering av saksbehandlingsregister for deling av informasjon

Pasientovergrepsutvalget foreslår at det blir etablert eit utvida saksbehandlingsregister internt i Helsetilsynet og hos statsforvaltarane, slik at statsforvaltarane lettare kan få oversikt over og kunnskap om alvorlege saker som er oppretta mot helsepersonell i andre fylke. Utvalet overlèt til departementet å vurdere om forslaget krev lovendringar.

Gjennomgangen frå utvalet har avdekt at arbeidsforholdet til helsepersonellet i mange tilfelle blir avvikla når det blir avdekt at vedkommande kan ha utført grensekrenkingar. Utvalet har også erfart at helsepersonell i slike saker ofte flytter, gjerne til andre fylke/regionar eller ut av landet. Utvalet er av den oppfatninga at tilsette med tenestleg behov bør få tilgang til nødvendig informasjon som andre statsforvaltarar har eller har hatt i saker som gjeld grensekrenkingar på eit namngitt helsepersonell. Opplysningar om at helsepersonell har utført overgrep og andre grensekrenkingar overfor pasientar i ein region, er i dag vanskeleg tilgjengelege for tilsette hos statsforvaltarane i andre regionar. Dersom slike opplysningar blir gjorde tilgjengelege kan saksbehandlar ta kontakt med den aktuelle statsforvaltaren for eventuelt å få ytterlegare informasjon om den aktuelle saka.

2.2.2.7 Etablering av nasjonalt register med opplysning om autorisasjonsstatus

Pasientovergrepsutvalget foreslår at det blir innført eit nasjonalt register med opplysningar om autorisasjonsstatusen til helsepersonell som også skal vere tilgjengeleg for allmenta, inkludert arbeidsgivarar og pasientar. Utvalet overlèt til departementet å vurdere behovet for lovendringar.

Utvalet peiker på at det er avgrensa kva tilgang befolkninga faktisk har på opplysningar om autorisasjonsstatusen til helsepersonell. Utvalet meiner at det bør opprettast eit nasjonalt register med tilgang for allmenta, med opplysningar om helsepersonell har gyldig autorisasjon, lisens eller spesialistgodkjenning. Ein skal kunne søkje på namnet til helsepersonellet.

Det blir vist til fleire formål for etablering av eit slikt register. For saker som gjeld grensekrenkingar kan desse gå føre seg over svært lang tid, også etter at helsepersonellet er avslørte. Arbeidsgivarar som ikkje er kjende med tilsynssaka kan ha legitim interesse av å få informasjon, og tilgjengeleg informasjon kan forhindre nye grensekrenkingar og med det ha betydning for pasienttryggleiken. Tilgangen som pasientar har til opplysningar kan hindre nye grensekrenkingar, og stoppe pågåande. Eksistensen av registeret kan også ha ein førebyggjande verknad på framferda til helsepersonellet.

Utvalet peiker på at eit slikt register med personopplysningar om helsepersonellet har sider til rettstryggleiken til helsepersonell og konfidensialitet. Utvalet meiner registeret ikkje bør innehalde fleire opplysningar enn det som er relevant og nødvendig for formålet av registeret. Det blir foreslått at registeret skal vise opplysningar om helsepersonellet har autorisasjon, lisens og spesialistgodkjenning. Dersom autorisasjon eller lisens er suspendert, må det kome fram at vedkommande ikkje har gyldig autorisasjon, men bakgrunnen for tilbaketrekkinga skal ikkje kome fram. Utvalet meiner vidare at opplysningar om at ein autorisasjon er avgrensa som hovudregel ikkje skal kome fram, sidan Helsetilsynet i slike tilfelle har vurdert at helsepersonellet er skikka til å arbeide klinisk med dei avgrensingane som ligg til grunn i vedtaket. Utvalet uttaler at det likevel kan tenkjast unntak frå dette, der avgrensinga bør kome fram fordi pasientar kan ha behov for opplysningane.

Når ein autorisasjon er innvilga på nytt etter eit autorisasjonstap, meiner utvalet at det ikkje skal kome fram at han tidlegare har vore trekt tilbake. Opplysningane skal med andre ord gjelde aktuell autorisasjonsstatus. Opplysningar om andre administrative tiltak, som faglege pålegg, skal ikkje kome fram.

Utvalet meiner at idømd tap av retten til å inneha ei stilling eller for framtida inneha ei stilling (rettstap) også bør stå i registeret, og på den måten vere tilgjengeleg for allmenta. Informasjon om rettstapet bør vere tilgjengeleg så lenge tapet gjeld.

2.2.2.8 Utvida varslingsplikt for arbeidsgivarar til Helsetilsynet

Pasientovergrepsutvalget foreslår at varslingsplikta arbeidsgivarar og helseverksemder har til Helsetilsynet og Statens undersøkingskommisjon for helse- og omsorgstenesta (Ukom) bør utvidast til å omfatte mistanke om overgrep og andre alvorlege forhold av betydning for pasienttryggleiken, uavhengig av om det ligg føre ei konkret alvorleg hending. Utvalet meiner at grunnlaget for varsling bør tre inn når helsepersonell har ei åtferd som gjer vedkommande uskikka og som set pasienttryggleiken i fare.

Utvalet meiner at varslingsplikta ikkje berre bør reserverast for tilfelle der det har vore ein svikt ved helsehjelpa som har ført til alvorleg skade på ein pasient. Utvalet viser til at det er særleg viktig med rask varsling om alvorlege forhold som har betydning for pasienttryggleiken i tilfelle der helsepersonellet flytter mellom arbeidsverksemder, noko som gjer det vanskeleg for arbeidsgivarar å avdekke mogleg rollesamanblanding og overgrep. I denne situasjonen er det ikkje tilstrekkeleg med oppfølging i den enkelte helseverksemda då helsepersonellet kan søkje arbeid i andre verksemder. Utvalet foreslår at følgjande tillegg blir tatt inn i helsetilsynsloven § 6 og tilsvarande føresegner i spesialisthelsetjenesteloven § 3-3 a og helse- og omsorgstjenesteloven § 12-4:

«Virksomheten skal straks varsle om alvorlige forhold av betydning for pasientsikkerheten.»

2.2.2.9 Utvida krav til politiattest

Pasientovergrepsutvalget foreslår at arbeidsgivarar også bør kunne innhente politiattest for helsepersonell som arbeider innan rus og psykiatri i spesialisthelsetenesta, sidan mange av overgrepssakene har skjedd innanfor desse fagområda.

Pasientovergrepsutvalget meiner at arbeidsgivarar i større grad må kunne utføre førehandskontroll med helsepersonell i form av ei plikt til å leggje fram politiattest i fleire tilfelle enn i dag. Eit krav om politiattest kan innebere at arbeidsgivarar får informasjon om straffbare overgrep utført av helsepersonell. Utvalet viser til at gjennomgangen av saker viser at mange av overgrepssakene skjer innanfor rusbehandling og psykisk helsevern i spesialisthelsetenesta, overfor vaksne pasientar som tidlegare har opplevt krenkingar og som har problem med å vakte eigne grenser.

I dag kan det ikkje krevjast politiattest for å arbeide med vaksne pasientar utan utviklingshemming i spesialisthelsetenesta. Som eit tiltak for å ta vare på pasienttryggleiken, meiner utvalet at det bør vurderast å utvide plikta til å leggje fram politiattest etter helsepersonelloven § 20 a til å omfatte helsepersonell som skal yte spesialisthelsetenester innanfor fagfelta rus og psykiatri. Utvalet legg til grunn at det må vurderast kva brot på føresegnene i straffeloven som i så fall skal kome fram av politiattesten. Utvalet har ikkje framlagt eit konkret lovforslag på dette punktet.

2.3 Statens helsetilsyn sitt arbeid med endring av praksis mv.

Departementet viser til tilrådingar frå Pasientovergrepsutvalget under punkt 2.2.1 når det gjeld endringar av praksis. Statens helsetilsyn har i etterkant av eigen gjennomgang av saksbehandlinga i tilsynssaker, sett i gang eit omfattande forbetringsarbeid med sikte på å følgje opp relevante tilrådingar både i tilsynet sin internrapport og i Pasientovergrepsutvalget si utgreiing.

Helsetilsynet har gjort endringar i innleiinga av saksbehandlingsprosessen slik at tilsynsmyndigheitene raskare og meir systematisk vurderer suspensjon og melding til politiet i saker om overgrep og grenseoverskridande åtferd. Midtvegs i 2021 innførte Helsetilsynet meir systematiserte og omfattande dialogmøte med statsforvaltarane, knytt til drøfting og overføring av tilsynssaker til Helsetilsynet. Dialogmøta sikrar mellom anna at overføring skjer så snart som mogleg i saker der ein vurderer at det er nødvendig med suspensjon.

Vidare har tilsynsmyndigheitene endra praksis for melding til politiet i saker som blir vurdert til også å kunne vere straffbare etter straffeloven. Dette gjeld til dømes grenseoverskridande seksuelle handlingar, seksuelle overgrep og tilfelle der helsepersonell har misbrukt si stilling for å oppnå ein seksuell relasjon. Etter dialog med Riksadvokaten meldes slike forhold til politiet, uavhengig av om dei òg er melde av andre.

Rettleiinga om korleis tilsynsmyndigheitene skal handsame informasjon om overgrep og grenseoverskridande åtferd er revidert og utvida. Rettleiinga er eit verktøy til støtte for saksbehandlinga og handteringa av dei ulike utfordringane som desse sakene reiser. Eit overordna mål med rettleiinga er å få ein meir harmonisert og einskapleg praksis. Mellom anna er det utarbeidt ein rutine for gjennomføring av samtaler med pasientar, brukarar og pårørande.

Forbetringsarbeidet til Helsetilsynet i 2023 har primært hatt fokus på to større område som også er omtalte i Pasientovergrepsutvalget sin rapport: utvikling av vilkåra for bruk av avgrensa autorisasjon (inkludert rettleiing) og utvikling av praksis for behandling av søknader om ny og/eller avgrensa autorisasjon i etterkant av tilbaketrekking. Eit sentralt utviklingstema har her vore vurderingar av om helsepersonellet er eigna (skikka) til å utøve yrket.

Når det gjeld tilrådinga frå utvalet om at alvorlege tilsynssaker mot helsepersonell utan autorisasjon i større grad må følgjast opp av Helsetilsynet og påtalemakta, arbeider tilsynet med å sikre harmonisert praksis i dialog med statsforvaltarane som i dag melder dei fleste slike saker. Elles vil verksemdene sjølve kunne melde saker direkte til politiet.

Når det gjeld tilrådinga frå utvalet om meir nyanserte reaksjonar basert på konkrete individuelle vurderingar i kvar enkelt sak knytt til seksuell grenseoverskridande åtferd, har Helsetilsynet følgd opp dette med endringar i rettleiaren. Dei mest aktuelle reaksjonane i saker om overgrep og grensekrenkingar vil framleis vere tilbaketrekking og avgrensing av autorisasjon. Reaksjonen avgrensa autorisasjon gir nødvendig fleksibilitet både for sterkt inngripande avgrensingar og for meir moderate inngrep i yrkesutøvinga. Det går fram av rettleiaren at fagleg pålegg kan vere aktuelt ved dei mildaste formene for rollesamanblanding, til dømes der helsepersonellet fortrur seg om personlege forhold til pasienten, ved besøk heime eller ved at helsepersonellet involverer seg for mykje i behandlinga av pasienten eller anna oppfølging kor det kan oppstå uklarleik i rolleforståinga. Privatisering av relasjonen som ikkje er av intim eller seksuell art, kan like fullt bli så omfattande og grenseoverskridande at det må vurderast strengare reaksjonar, til dømes der pasienten flytter inn hos helsepersonellet. I rettleiaren er det presisert at fagleg pålegg ikkje er ein aktuell reaksjon i saker om seksualisert åtferd, inkludert verbale handlingar, seksuelle relasjonar eller ved seksuelle overgrep eller liknande.

Til forsida