10 Endringar i helsetilsynsloven § 11 om klage
10.1 Innleiing
Departementet foreslår i dette kapittelet ei endring i helsetilsynsloven § 11 som regulerer klage på vedtak etter § 7 § fjerde ledd og §§ 8 og 9 i lova.
10.2 Gjeldande rett
Det går fram av helsetilsynsloven § 7 fjerde ledd at tilsynsmyndigheitene kan gi pålegg til personell og verksemder i helse- og omsorgstenesta om å gi opplysningar eller tilgang til verksemda dersom oppmoding om dette ikkje blir etterkomme.
Helsetilsynsloven § 8 første og andre ledd gir Helsetilsynet myndigheit til å gi pålegg om retting og eventuelt stenging dersom verksemda blir driven uforsvarleg eller på ein måte som kan ha skadelege følgjer for pasientar, brukarar eller andre.
I samsvar med helsetilsynsloven § 8 tredje ledd, kan Statens helsetilsyn og statsforvaltaren (tilsynsmyndigheitene) gi pålegg til verksemder i helse- og omsorgstenesta og kommunar om å følgje opp faglege pålegg etter helsepersonelloven § 56 for helsepersonell som dei har arbeidsgivaransvar for.
Av helsetilsynsloven § 9 går det fram at det kan fastsetjast ei tvangsmulkt ved utløp av fristen som er sett for pålegg etter § 7 fjerde ledd og § 8.
Helsetilsynsloven § 11 gir den det gjeld rett til å klage på pålegg gitt av Statens helsetilsyn etter § 7 fjerde ledd og vedtak etter §§ 8 og 9 til den instansen Kongen bestemmer.
10.3 Forslag i høyringsnotatet
I høyringsnotatet foreslo departementet endringar i helsetilsynsloven § 11 for å klargjere at føresegna om klageåtgang også omfattar pålegg gitt av statsforvaltaren, ikkje berre av Statens helsetilsyn. Endringa fører til at § 11 inkluderer alle instansar som fattar vedtak og gir pålegg etter reglane i helsepersonelloven § 56 og helsetilsynsloven §§ 7 til 9.
10.4 Høyringsinstansane sitt syn
Eit fåtal av høyringsinstansane har uttalt seg om forslaget. KS støttar forslaget og påpeiker at endringa klargjer kva pålegg og vedtak som blir omfatta av føresegna om klageåtgang, og at dette gjer regelverket lettare tilgjengeleg. Nasjonalt klageorgan for helsetenesta (Helseklage) legg til grunn at forslaget er ein nødvendig konsekvens av endringane i helsepersonelloven.
10.5 Departementet sine vurderingar
Ved innføring av fagleg pålegg i helsepersonelloven § 56 fekk statsforvaltaren myndigheit til å gi ein administrativ reaksjon, noko som er nytt samanlikna med tidlegare lovgiving. I samband med dette blei også tilsynsmyndigheitene, det vil seie både Statens helsetilsyn og statsforvaltarane, i helsetilsynsloven § 8 tredje ledd gitt myndigheit til å påleggje verksemder og kommunar å følgje opp faglege pålegg for helsepersonell som dei har arbeidsgivaransvar for.
Ved klage på eit pålegg etter helsetilsynsloven § 8 tredje ledd, går det fram av § 11 at pålegg gitt av Statens helsetilsyn etter § 7 fjerde ledd og vedtak etter §§ 8 og 9 kan klagast inn for den instansen som Kongen fastset. Føresegna regulerer med dette ikkje pålegget gitt av statsforvaltaren.
Departementet fastheld forslaget om å endre helsetilsynsloven § 11 slik at det går klart fram av føresegna at klageåtgangen ikkje berre omfattar pålegg gitt av Statens helsetilsyn, men også pålegg gitt av statsforvaltaren.
Når det gjeld vedtak om administrative reaksjonar overfor helsepersonell, er Statens helsepersonellnemnd delegert myndigheit til å vurdere klagen.