13 Merknader til dei enkelte paragrafane i lovforslaget
13.1 Til endringar i helsepersonelloven
Til § 57
Føresegna i andre ledd er ny og gir heimel for at autorisasjon, lisens eller spesialistgodkjenning på visse vilkår kan kallast tilbake for alltid (varig tilbaketrekking). Føresegna supplerer den generelle føresegna om tilbaketrekking av autorisasjon mv. i § 57 første ledd.
Bokstav a og b angir vilkåra for varig tilbaketrekking av autorisasjon mv. Vilkåra er kumulative, noko som inneber at alle vilkåra i andre ledd må vere oppfylt.
For det første må minst eitt av grunnlaga for tilbaketrekking etter føresegna i § 57 første ledd må vere oppfylt, jf. bokstav a. Fleirtalsformuleringa «vilkåra» betyr ikkje at alle grunnlaga for tilbaketrekking som er nemnt i første ledd må vere oppfylt. Det er tilstrekkeleg at éin av tilbaketrekkingsgrunnene i første ledd ligg føre, og at dette forholdet gjer helsepersonellet ueigna til å utøve yrket sitt forsvarleg.
For det andre må det aktuelle helsepersonellet for framtida anten utgjere ein alvorleg fare for pasienttryggleiken, eller alvorleg svekkje tilliten til helsepersonell og helse- og omsorgstenesta, jf. bokstav b. Formuleringa «for framtida» inneber at Statens helsetilsyn må gjere ei risikovurdering, sjølv om moglegheita blir avgrensa av at det kan vere vanskeleg å sannsynleggjere framtidig farepotensial.
Føresegna skal tolkast restriktivt og bør berre nyttast heilt unntaksvis. Sjølv om vilkåra i bokstav a og b er oppfylte, har Statens helsetilsyn høve til å la vere å fatte vedtak om varig tilbaketrekking, jf. omgrepet «kan». Statens helsetilsyn må gjere ei konkret vurdering av om det ligg føre forhold som tilseier at det likevel ikkje bør fattast vedtak om varig tilbaketrekking.
Føresegna er meint for dei aller mest alvorlege sakene. Det kan vere aktuelt der helsepersonell har utført alvorlege seksuelle grensekrenkingar i form av overgrep, valdtekt eller utvist anna grensekrenkande seksualisert åtferd overfor pasientar, både i og utanfor behandlingsrommet. Dette vil typisk gjelde handlingar som er klare brot på føresegnene i straffeloven, der handlingane er svært skadelege og traumatiske for pasienten, det finnast stor fare for gjentaking og befolkninga har eit klart behov for vern. Forhold som ligg innanfor den nedre grensa for kva som etter omstenda kan omfattast av føresegna i andre ledd, er mellom anna handlingar som inneber ein avvikande og seksuelt motivert behandlingsmetodikk med fysisk kontakt forkledd som avkleding og berøring. Vidare kan føresegna omfatta anna seksualisert rollesamanblanding og grensekrenkande åtferd over pasientar som til dømes invitasjon eller antyding om seksuelt samkvem, oversending av intime bilete, oppsøking av pasienten på andre arenaar, trakassering mv. Dette er åtferd som er ubehageleg, skadeleg og potensielt traumatisk for pasienten, som kan påverke befolkninga si tillit til helse- og omsorgstenesta og kor òg befolkninga kan ha behov for vern.
Føresegna er generelt utforma og kan også omfatte andre alvorlege saker enn seksualisert rollesamanblanding og grensekrenkande åtferd overfor pasientar. Dette kan mellom anna vere saker der helsepersonellet har utført alvorlege straffbare handlingar på fritida, som til dømes drap og grov vald. Slike handlingar kan verke svært støytande på allmenta og kan føre til at pasientar unngår å oppsøkje helse- og omsorgstenesta på grunn av manglande tillit.
Om alvorskriteriet er oppfylt må vurderast konkret i den enkelte saka. I den graden alvorlege handlingar som ikkje har noko med yrkesutøvinga å gjere kan gi grunnlag for tilbaketrekking etter første ledd, vil dei også kunne gi grunnlag for varig tilbaketrekking etter andre ledd. Føresegna er ikkje meint å utvide grunnlaga for tilbaketrekking etter første ledd. I praksis vil det i hovudsak vere handlingar som er straffbare, som er omfatta av føresegna om varig tilbaketrekking. Dette er ikkje til hinder for at også andre tilfelle kan vere omfatta. Varig tilbaketrekking bør også kunne nyttast i saker der helsepersonellet gjentekne gonger viser seg ueigna for å utøve yrket. Dette kan vere tilfelle der helsepersonellet tidlegare har fått trekt tilbake autorisasjonen og deretter fått innvilga ny, men likevel ikkje innrettar seg ved å endre åtferd i tråd med den tilliten som gjentekne gongar er vist vedkommande frå samfunnet.
Ordlyden i føresegna inneber at helsepersonellet som utgangspunkt mister autorisasjonen «for alltid». Vedkommande kan likevel søkje om ny autorisasjon når det er gått minst ti år etter vedtak om tilbaketrekking, jf. helsepersonelloven § 62 tredje ledd.
Til ny § 57 a
Føresegna i første ledd har til hensikt å skjerme pasientar og brukarar frå helsepersonell som er til alvorleg fare for pasienttryggleiken eller alvorleg svekkjer tilliten til helse- og omsorgstenesta. Nemninga «helsepersonell som ikkje lenger har autorisasjon eller lisens» vil innebere at føresegna ikkje gjeld for helsepersonell som aldri har hatt ein lisens eller autorisasjon etter helsepersonelloven §§ 48 og 48 a, som til dømes ufaglærte eller personar frå andre faggrupper som arbeider i helse- og omsorgstenesta.
Eit forbod vil derfor berre vere aktuelt for tidlegare autorisert helsepersonell, der autorisasjonen eller lisensen har blitt trekt tilbake eller helsepersonellet frivillig har gitt avkall på den etter helsepersonelloven §§ 57 og 61.
Omgrepet «helsehjelp» følgjer definisjonen i helsepersonelloven § 3 tredje ledd som omhandlar alle handlingar som har førebyggjande, diagnostisk, behandlande, helsebevarande, rehabiliterande eller pleie- og omsorgsformål og som blir utførte av helsepersonell. Dette inneber mellom anna at også omsorgstenester blir omfatta av forbodet.
Vilkåra om at helsepersonellet er til «alvorleg fare for pasienttryggleiken» eller «alvorleg svekkjer tilliten til helse- og omsorgstenesta» angir ein høg terskel for å gi forbod, men det kan også hende at vilkåret er oppfylt av same årsaker som at autorisasjonen eller lisensen er trekt tilbake eller gitt frivillig avkall på. Forhold som kan føre til forbod vil både vere straffbare handlingar som overgrep, men også grove brot på helselovgivinga som urettmessig bruk av tvang eller alvorleg mangel på fagleg innsikt. Også åtferd utanfor yrkesutøvinga som kan svekkje tilliten til helse- og omsorgstenesta kan vere grunnlag for eit forbod mot å yte helsehjelp. Dette vil som regel vere alvorlege straffbare forhold som nedlasting av overgrepsmateriale eller vald i nære relasjonar.
Forbodet skal gå fram av helsepersonellregisteret, sjå foreslått endring av helsetilsynsloven § 10 første ledd. Vidare skal arbeidsgivar varslast og Statens helsetilsyn skal utan hinder av teieplikta underrette dei landa Noreg er folkerettsleg forplikta til å varsle dersom eit forbod blir vedtatt, jf. forslaget om endring av helsetilsynsloven § 10 andre ledd og helsepersonelloven § 66 tredje ledd.
Føresegna i andre ledd tar høgd for at det i enkelte situasjonar vil vere nødvendig å fastsette tvangsmulkt for å skjerme pasientar for helsepersonell som held fram med å utgjere ein alvorleg fare for pasienttryggleiken eller svekkjer tilliten til helse- og omsorgstenesta, sjølv om dei er gitt eit forbod mot å yte helsehjelp. For å fatte vedtak om tvangsmulkt må det ligge føre brot på forbodet mot å yte helsehjelp i første ledd. Vidare må det vere høg risiko for at helsepersonellet vil helde fram med denne praksisen som anten vil føre til fare for pasienttryggleiken eller at tilliten til helse- og omsorgstenesta vil bli alvorleg svekt. Nærare regulering av tvangsmulkt går fram av forslaget til endringar i helsetilsynsloven § 9.
Det går fram av tredje ledd at forbodet blir oppheva dersom søknad om ny autorisasjon eller lisens etter § 62 blir innvilga. Det vil seie at når eit helsepersonell er gitt forbod mot å yte helsehjelp, vil forbodet gjelde så lenge vedkommande ikkje har autorisasjon eller lisens, og det vil ikkje vere mogleg isolert sett å søkje om at forbodet blir oppheva.
Føresegna i fjerde ledd slår fast at til liks med andre administrative reaksjonar, er eit forbod mot å yte helsehjelp eit enkeltvedtak etter forvaltningsloven, noko som inneber at reglane i forvaltningsloven om saksbehandling, vedtak, klage og omgjering ved enkeltvedtak gjeld. Det er Statens helsepersonellnemnd som er klageinstans, jf. helsepersonelloven § 68.
Til § 62
Føresegna i andre ledd første punktum er ny og slår fast at det gjeld ei generell karantenetid på to år før helsepersonell som har mista autorisasjon, lisens eller spesialistgodkjenning kan søkje om ny autorisasjon mv. Føresegna tar høgd for at det vanlegvis vil gå noko tid etter at autorisasjonen er trekt tilbake før helsepersonellet igjen kan reknast som skikka.
Føresegna skal nyttast ved tilbaketrekking av autorisasjon etter § 57 første ledd. I tillegg skal føresegna nyttast når helsepersonellet frivillig har gitt avkall på autorisasjonen etter § 61 i samband med ei pågåande tilsynssak.
Starttidspunktet for utrekning av karantenetida er tidspunktet for vedtak om tilbaketrekking eller frivillig avkall. Føresegna inneber at søknader som blir sette fram før det er gått to år, som hovudregel kan avvisast utan realitetsbehandling. Det er høve til å klage på vedtak om avvising. Dersom helsepersonellet søkjer om ny autorisasjon etter utløpet av karantenetida og søknaden blir avslått, gjeld det inga ny karantenetid på to år for eventuelt enda ein ny søknad.
Føresegna i andre ledd andre punktum gir Statens helsetilsyn høve til å gjere unntak frå kravet om to års karantenetid for ny søknad om autorisasjon når «særlege grunnar» tilseier det. Føresegna skal tolkast restriktivt. Om det bør gjerast unntak frå karantenetida, er avhengig av ei konkret vurdering av den enkelte saka på tidspunktet for behandlinga av søknaden om ny autorisasjon.
Unntaksåtgangen omfattar tilfelle der kravet til karantenetid kan slå særleg uheldig ut. Unntak kan vere aktuelt dersom helsepersonellet har tatt tak i eigen situasjon og kan godtgjere at vedkommande igjen er skikka før det har gått to år. Dette kan til dømes vere aktuelt der autorisasjonen er trekt tilbake på grunn av rusmiddelbruk og helsepersonellet i etterkant gjennomgår eit langvarig og omfattande testregime for å dokumentere rusfridom, og kan godtgjere at vedkommande er skikka før det har gått to år.
Unntak kan også tenkjast der autorisasjonen er trekt tilbake som følgje av alvorleg psykisk sjukdom, men der helsepersonellet viser stabilt godt funksjonsnivå og tilstrekkeleg sjukdomsinnsikt før det er gått to år. Dei nemnde døma er på linje med dagens praksis for å innvilge ny autorisasjon, jf. Helsetilsynet sitt rundskriv IK-2/2017. Døme på ein tredje type saker der det kan vere aktuelt å gjere unntak frå karantenetida, er der det er fatta vedtak om tilbaketrekking av autorisasjon for helsepersonell som ikkje har eit tilsetjingsforhold, men der det samtidig er formidla til helsepersonellet at Helsetilsynet vil vurdere ein søknad om avgrensa autorisasjon dersom vedkommande får tilbod om ei stilling og arbeidsgivar er villig til å etablere dei rammene og tiltaka som er nødvendige for å ivareta omsyna til forsvarleg verksemd, pasienttryggleik og kvalitet.
Føresegna i tredje ledd er ny og fastset ei eiga karantenetid på ti år for å kunne søkje om ny autorisasjon etter vedtak om varig tilbaketrekking etter § 57 andre ledd. Dersom vilkåra for varig tilbaketrekking er oppfylt, er utgangspunktet at helsepersonellet mister autorisasjonen for alltid. Føresegna i § 62 tredje ledd opnar likevel for at vedkommande kan søkje om ny autorisasjon når det har gått ti år etter vedtaket. Føresegna tar høgd for at eit vedtak om varig tilbaketrekking av autorisasjonen er svært inngripande og at situasjonen kan endre seg over tid, sjølv i dei alvorlegaste sakene. Det er høve til å klage på vedtak om avvising av søknad som er sett fram før det er gått ti år.
Åtgangen til å søkje om ny autorisasjon etter ti år betyr ikkje at søknaden blir innvilga. For å få ny autorisasjon må helsepersonellet dokumentere at vedkommande igjen er skikka. I dei alvorlegaste sakene vil helsepersonellet aldri meir kunne reknast som eigna til å utøve yrket sitt forsvarleg og tilbaketrekkinga vil derfor i praksis kunne bli livsvarig. Dersom helsepersonellet søkjer om ny autorisasjon etter utløpet av karantenetida og søknaden blir avslått, gjeld det inga ny karantenetid for eventuell enda ein ny søknad.
Til § 62 a
Føresegna i andre ledd er ny og må sjåast i samanheng med føresegna i § 57 nytt andre ledd om varig tilbaketrekking av autorisasjon. Det kjem fram av føresegna at helsepersonellet ved vedtak om tilbaketrekking av autorisasjon, lisens eller spesialistgodkjenning for alltid etter § 57 andre ledd, straks pliktar å levere inn pasientjournalarkivet sitt til Helsedirektoratet. Dette gjeld likevel ikkje tilfelle der pasientjournalarkivet blir overført til eit bestemt helsepersonell eller til ei bestemt verksemd.
Til § 66
Det er presisert i første ledd at tilsynsmyndigheitene har plikt til å varsle arbeidsgivar også der det blir gitt forbod mot å yte helsehjelp.
I tredje ledd er det presisert at Statens helsetilsyn utan hinder av teieplikta skal underrette dei landa Noreg er folkerettsleg forplikta til å informere når det blir gitt forbod mot å yte helsehjelp.
13.2 Til endringar i helsetilsynsloven
Til § 9
Føresegna i første ledd må sjåast i samanheng med føresegna i helsepersonelloven § 57 a andre ledd. Tvangsmulkt kan fastsetjast av Statens helsetilsyn også overfor tidlegare autorisert helsepersonell som ikkje retter seg etter eit gitt forbod mot å yte helsehjelp etter helsepersonelloven § 57 a.
Til § 10
Føresegna i andre ledd inneber at vedtak om forbod mot å yte helsehjelp etter helsepersonelloven § 57 a er lagd til lista over administrative reaksjonar som skal førast inn i eit nasjonalt register.
Til § 11
Føresegna i første ledd gir den som har fått eit pålegg eller vedtak etter § 7 fjerde ledd og §§ 8 og 9 rett til å klage til den instansen Kongen bestemmer. Klageåtgangen gjeld ikkje berre pålegg og vedtak gitt av Statens helsetilsyn, men også av statsforvaltarane.
Det går fram av Prop. 150 L (2016–2017) Lov om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenesten mv. (helsetilsynsloven) at Arbeids- og inkluderingsdepartementet er delegert myndigheit til å vurdere klagar over vedtak som gjeld spesialisthelsetenesta, og Helse- og omsorgsdepartementet er klageinstans for vedtak som gjeld dei kommunale helse- og omsorgstenestene. Delegasjonen blir vidareført, med unntak av vedtak om administrative reaksjonar overfor helsepersonell, der Statens helsepersonellnemnd blir delegert myndigheit til å vurdere klagar.