Prop. 63 L (2023–2024)

Endringar i helsepersonelloven og helsetilsynsloven (administrative reaksjonar, karantenetid før søknad om ny autorisasjon mv.)

Til innhaldsliste

3 Høyringa

3.1 Høyringsnotatet

Pasientovergrepsutvalget leverte frå seg sin rapport til Helse- og omsorgsdepartementet 29. april 2022. Rapporten har ikkje vore på høyring, men den er publisert og dannar grunnlaget for departementet sine forslag i høyringsnotatet. Høyringsnotatet blei sendt på høyring 28. mars 2023 med høyringsfrist 28. juni 2023.

3.2 Høyringsinstansar

Høyringsnotatet blei sendt til følgjande instansar:

  • Departementa

  • Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet

  • Barne-, ungdoms- og familieetaten

  • Barneombodet

  • Bioteknologirådet

  • Datatilsynet

  • Direktoratet for e-helse

  • Diskrimineringsnemnda

  • Folkehelseinstituttet

  • Forbrukarrådet

  • Forbrukartilsynet

  • Helsedirektoratet

  • Høgskular med helsefagleg utdanning

  • Innovasjon Noreg

  • Institutt for helse og samfunn HELSAM

  • Kreftregisteret

  • Likestillings- og diskrimineringsombodet

  • Direktoratet for medisinske produkt (tidlegare Statens legemiddelverk)

  • Nasjonalt klageorgan for helsetenesta (Helseklage)

  • Noregs forskingsråd

  • Norsk pasientskadeerstatning (NPE)

  • Pasient- og brukaromboda

  • Personvernnemnda

  • Politidirektoratet

  • Regelrådet

  • Regionsentera for den psykiske helsa til barn og unge

  • Regjeringsadvokaten

  • Rådet for legeetikk

  • Rådet for psykisk helse

  • Senter for medisinsk etikk ved Universitetet i Oslo

  • Statens helsetilsyn

  • Statens råd for likestilling av funksjonshemma

  • Statens seniorråd

  • Statistisk sentralbyrå (SSB)

  • Statsadvokatembeta

  • Statsforvaltarane

  • Sysselmeisteren på Svalbard

  • Universiteta

  • Velferdsforskingsinstituttet NOVA

  • Noregs institusjon for menneskerettar (NIM)

  • Riksadvokaten

  • Riksrevisjonen

  • Sametinget

  • Sivilombodet

  • Fylkesråda for funksjonshemma

  • Helse- og sosialombudet i Oslo

  • Kommunane

  • Dei regionale helseføretaka

  • Helseføretaka

  • Nasjonal kompetansetjeneste for sjeldne diagnoser

  • Nasjonalt kompetansesenter for migrasjons- og minoritetshelse – NAKMI

  • Nasjonalt kompetansesenter for prehospital akuttmedisin – NAKOS

  • Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress – NKVTS

  • Norsk helsenett SF

  • ACOS AS

  • Advokatforeningen

  • Akademikerne

  • Allmennlegeforeningen

  • Apotekforeningen

  • Arbeidsgiverforeningen Spekter

  • Aurora – støtteforening for menneskre med psykiske helseproblemer

  • Autismeforeningen i Norge

  • Barnekreftforeningen

  • CGM (Compugroup Medical Norway AS)

  • Den Norske Jordmorforening

  • Den norske legeforening

  • Den norske tannlegeforening

  • Diabetesforbundet

  • DIPS ASA

  • Dixi – ressurssenter i Oslo

  • Fagforbundet

  • Fampo

  • Fellesorganisasjonen (FO)

  • Foreningen for blødere i Norge

  • Foreningen for hjertesyke barn

  • Foreningen for kroniske smertepasienter

  • Foreningen for muskelsyke

  • Forskerforbundet

  • Forskingsstiftelsen FAFO

  • Frambu

  • Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO)

  • HIV-Norge

  • Hørselshemmedes Landsforbund

  • IKT Norge

  • Infodoc

  • Institutt for samfunnsforskning

  • Juristforbundet

  • JURK – Juridisk rådgiving for kvinner

  • Juss-Buss

  • Jussformidlingen

  • Jusshjelpa

  • Kliniske ernæringsfysiologers forening

  • Kreftforeningen

  • KS – Kommunesektorens organisasjon

  • Landsforbundet for utviklingshemmede og pårørende

  • Landsforeningen Alopecia Areata

  • Landsforeningen for Huntingtons sykdom

  • Landsforeningen for Nyrepasienter og Transplanterte

  • Landsforeningen for pårørende innen psykisk helse

  • Landsforeningen mot fordøyelsessykdommer

  • Landsforeningen mot seksuelle overgrep (LMSO)

  • Landsgruppen av helsesykepleiere, NSF

  • Landsgruppen av psykiatriske sykepleiere

  • Landsgruppen mot seksuelle overgrep

  • Landsorganisasjonen i Norge (LO)

  • Legeforeningens forskningsinstitutt

  • Legemiddelindustrien

  • LHL

  • LHL Hjerneslag og Afasi

  • Likestillingssenteret

  • Mental Helse Norge

  • Munn- og halskreftforeningen

  • MS-forbundet

  • Nasjonalforeningen for folkehelsen

  • NHO – Næringslivets Hovedorganisasjon

  • Nok. Norge

  • Norges Astma- og Allergiforbund

  • Norges Blindeforbund

  • Norges Døveforbund

  • Norges Farmaceutiske Forening

  • Norges Fibromyalgi Forbund

  • Norges Handikapforbund

  • Norges kristelige legeforening

  • Norges kvinne- og familieforbund

  • Norges Parkinsonforbund

  • Norsk Biotekforum

  • Norsk Cøliakiforening

  • Norsk Epilepsiforbund

  • Norsk Ergoterapeutforbund

  • Norsk Forbund for Osteopatisk Medisin

  • Norsk Forbund for psykoterapi

  • Norsk Forbund for Utviklingshemmede

  • Norsk Forening for cystisk fibrose

  • Norsk Forening for Ernæringsfysiologer

  • Norsk Forening for nevrofibromatose

  • Norsk forening for palliativ medisin

  • Norsk Forening for Psykisk Helsearbeid

  • Norsk Forening for Tuberøs Sklerose

  • Norsk Forum for terapeutiske samfunn

  • Norsk Fysioterapeutforbund

  • Norsk Gestaltterapeut foreining

  • Norsk gynekologisk foreining

  • Norsk Immunsviktforening

  • Norsk Intravenøs Forening

  • Norsk Kiropraktorforening

  • Norsk Logopedlag

  • Norsk Manuellterapeutforening

  • Norsk OCD forening, ANAKE

  • Norsk Ortopedisk Forening

  • Norsk Osteopatforbund

  • Norsk Osteoporoseforening

  • Norsk Pasientforening

  • Norsk Presseforbund

  • Norsk Psoriasis Forbund

  • Norsk Psykiatrisk Forening

  • Norsk Psykoanalytisk Forening

  • Norsk Psykologforening

  • Norsk Radiografforbund

  • Norsk Revmatikerforbund

  • Norsk selskap for ernæring

  • Norsk sykehus og helsetjenesteforening (NSH)

  • Norsk sykepleierforbund

  • Norsk Tannpleierforening

  • Norsk Tjenestemannslag (NTL)

  • Norsk Tourette Forening

  • Norske Fotterapeuters Forbund

  • Norske Ortoptisters forening

  • NUPI

  • Organisasjonen Vaksne for Barn

  • Parat

  • Pensjonistforbundet

  • Personskadeforbundet

  • Private sykehus

  • Privatpraktiserende Fysioterapeuters Forbund

  • Reform – ressurssenter for menn

  • Rettspolitisk forening

  • ROS – Rådgiving om spiseforstyrrelser

  • Rusmisbrukernes interesseorganisasjon (RIO)

  • Ryggforeningen i Norge

  • Ryggmargsbrokk- og Hydrocephalusforeningen

  • Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner (SAFO)

  • SINTEF Helse

  • Spiseforstyrrelsesforeningen

  • Statstjenestemannsforbundet

  • Stiftelsen Menneskerettighetshuset

  • Stiftelsen Norsk Luftambulanse

  • Stiftelsen Organdonasjon

  • Stiftelsen Psykiatrisk Opplysning

  • Stoffskifteforbundet

  • Turner Syndrom foreningen i Norge

  • Unio

  • Utdanningsforbundet

  • Vestlandske Blindeforbund

  • Virke

  • Visma

  • Volvat Medisinske Senter AS

  • Yngre legers forening

  • Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund (YS)

3.3 Generelt om synet til høyringsinstansane

Departementet har fått i alt 46 høyringssvar, og 34 av desse inneheld kommentarar til høyringa.

Følgjande instansar har hatt merknader til høyringsforslaget:

  • Datatilsynet

  • Folkehelseinstituttet

  • Helsedirektoratet

  • Nasjonalt klageorgan for helsetenesta (Helseklage)

  • Pasient- og brukaromboda (fellesfråsegn)

  • Politidirektoratet

  • Rådet for psykisk helse

  • Senter for medisinsk etikk ved Universitetet i Oslo

  • Statens helsetilsyn

  • NTNU v/Fakultet for medisin og helsevitskap

  • Riksadvokaten

  • Bergen kommune

  • Molde kommune

  • Oslo kommune

  • Stavanger kommune

  • Trondheim kommune

  • Helse vest RHF

  • Oslo universitetssjukehus HF

  • Sjukehuset Østfold HF

  • Vestre Viken HF

  • Fellesorganisasjonen (FO)

  • KS – Kommunesektorens organisasjon

  • Den norske legeforening

  • Den norske tannlegeforening

  • Norsk Kiropraktorforening

  • Norsk sykepleierforbund

  • Norsk psykologforening

  • Norske Ortoptisters forening

  • Pasientorganisasjonen for kjønnsinkongruens (PKI Norge)

  • Pilar – Kompetanseteneste for psykisk syke og barnevern

  • Stiftelse 99

I tillegg er det tre privatpersonar som har kommentert høyringa.

Følgjande instansar har svart at dei ikkje har merknader:

  • Forsvarsdepartementet

  • Justis- og beredskapsdepartementet

  • Landbruks- og matdepartementet

  • Klima- og miljødepartementet

  • Samferdselsdepartementet

  • Statistisk sentralbyrå (SSB)

  • Statsforvaltaren i Oslo og Viken

  • Autismeforeningen i Norge

  • Norsk Osteopatforbund

  • Norsk Tannpleierforening

  • Skien kommune

  • Noregs forskingsråd v/Avdeling for helse

Departementet vil gjere nærare greie for merknadane til høyringsinstansane til dei enkelte av lovforslaga i kapitla 6 til 10 i proposisjonen. Her blir det berre gitt ei kortfatta oversikt over det generelle inntrykket frå høyringssvara. Enkelte av høyringsinstansane har kome med merknader som ikkje direkte knyter seg til lovforslaget til departementet. Departementet har merka seg innspela, men desse høyringssvara blir ikkje omtalte nærare i proposisjonen her.

Departementet sine forslag får brei oppslutning blant eit fleirtal av høyringsinstansane. Pasient- og brukaromboda gir i ei fellesfråsegn støtte til forslaga. Det same gjer pasientorganisasjonen Stiftelse 99 og Rådet for psykisk helse. Blant profesjonsorganisasjonane som støttar dei fleste forslaga, er Norsk Kiropraktorforening, Norsk sykepleierforbund og Den norske tannlegeforening. Tannlegeforeningen viser til at det går fram av Pasientovergrepsutvalget sin rapport at fleire får tilbake autorisasjonen etter relativt kort tid, og på feil grunnlag utan at det er gjort ei forsvarleg risikovurdering.

Forslaga får òg jamt over støtte frå verksemder innanfor spesialisthelsetenesta, representert ved Helse vest RHF, Oslo universitetssykehus HF, Sykehuset Østfold HF og Vestre Viken HF.

Vidare er både Folkehelseinstituttet, Helsedirektoratet og Nasjonalt klageorgan for helsetenesta gjennomgåande positive til forslaga. Av dei få kommunane som har uttalt seg om lovforslaga, mellom anna Oslo, Stavanger og Trondheim, er dei fleste i all hovudsak positive. Også Fellesorganisasjonen (FO) støttar i hovudsak forslaga. KS – Kommunesektorens organisasjon uttaler generelt at omsynet til kvalitet og tryggleik i helse- og omsorgstenesta tilseier at helsepersonell som er ueigna eller som representerer ein risiko, må kunne takast ut av tenesta. KS meiner at heimel for fleire og strengare reaksjonar i kombinasjon med føresegner om karantene, kan bidra til å rette opp igjen den tilliten til helse- og omsorgstenestene som pliktbrot fører til, både overfor pasientar, pårørande og samfunnet elles.

Fleire av høyringsinstansane som i utgangspunktet støttar innretninga på departementet sine forslag, har kommentarar og innspel til utforminga av dei konkrete lovforslaga. Nokon meiner det er behov for å klargjere i lovteksten, lovforarbeida, rundskriv mv. i kva tilfelle heimlane for varig tilbaketrekking av autorisasjon og forbod mot å yte helsehjelp skal kunne nyttast. Andre etterlyser òg meir konkrete døme på kva sakstypar som blir rekna blant dei alvorlegaste sakene som kan gi grunnlag for slike reaksjonar.

Enkelte av høyringsinstansane meiner at departementet ikkje går langt nok, og at det ikkje bør vere mogleg å søkje om ny autorisasjon etter vedtak om varig tilbaketrekking, og dessutan at eit forbod mot å yte helsehjelp også bør omfatte uautorisert helsepersonell, mellom anna ufaglærte. Pasient- og brukaromboda viser til at uautorisert helsepersonell er ei veksande yrkesgruppe og at dei kan utgjere ein minst like stor fare for pasienttryggleiken, også fordi mange ikkje har tilstrekkeleg kompetanse om regelverk og etisk refleksjon til løysing av situasjonar med rollesamanblanding mv., som helsepersonell med utdanning og autorisasjon skal kunne handtere på ein betre måte. Norsk sykepleierforbund peiker på at forslaget om forbod mot å yte helsehjelp inneber at det vil vere ein fare for at uautorisert helsepersonell kan halde fram virket sitt hos ein annan arbeidsgivar utan at alvoret av handlingane deira følgjer dei. Den norske tannlegeforening viser på si side til at arbeidsgivar har ansvar for å følgje opp uautorisert helsepersonell i slike situasjonar og at det er ein risiko for at saksmengda hos Helsetilsynet blir umogleg å handtere viss også uautorisert helsepersonell skal kunne påleggjast forbod mot å yte helsehjelp. Fleire kommunar, mellom anna Bergen, Oslo og Stavanger, viser på si side til at kommunen som arbeidsgivar ikkje alltid har verkemiddel som kan forhindre at tilsette som er uautorisert helsepersonell held fram med å yte helsehjelp i ein annan kommune.

Nokre høyringsinstansar problematiserer at forslaget om forbod mot å yte helsehjelp er avgrensa til «helsehjelp» og peiker på at helsepersonell lett kan omgå eit slikt forbod ved å halde fram med å utøve tilsvarande verksemd under nemninga av «coaching», «rådgiving», «terapi» mv. etter å ha mista autorisasjonen.

Statens helsetilsyn har gitt ei omfattande høyringsfråsegn med fleire konkrete innspel til departementet sine forslag til lovendringar. Helsetilsynet er samd med departementet om at det er behov for fleire verkemiddel enn ein har i dag, men viser til at i motsetning til Pasientovergrepsutvalget sitt forslag som berre gjeld ein type saker, er forslaga i høyringsnotatet generelle og vil omfatte mange ulike sakstypar. Helsetilsynet meiner det i avgrensa grad er greidd ut korleis lovendringane vil slå ut i andre saker enn der helsepersonell utfører overgrep mot pasientar. Tilsynet viser mellom anna til at det allereie etter dagens lovgiving er slik at ein autorisasjon i utgangspunktet blir trekt tilbake på ubestemt tid, som i svært alvorlege tilfelle kan vere for alltid. Tilsynet meiner derfor at det ikkje er behov for ei særskild lovfesting av åtgangen til varig tilbaketrekking. Dette synet blir støtta av Bergen kommune som viser til at tilbaketrekking av autorisasjon i dag blir vedtatt utan tidsavgrensing og dermed i prinsippet kan bli varig, såframt helsepersonellet ikkje på nytt kan godtgjere å vere skikka til å få ny autorisasjon. Bergen kommune stiller derfor spørsmål om forslaga til lovendringar er nødvendige.

Statens helsetilsyn meiner at forslaget om ei karantenetid på ti år før søknad om ny autorisasjon i dei alvorlegaste sakene, er eit svært inngripande forvaltningsvedtak som reiser utfordringar knytt til rettstryggleik. Når det gjeld forslaget om forbod mot å yte helsehjelp uttaler tilsynet at ein slik reaksjon ikkje høyrer heime i helselovgivinga, men i straffelovgivinga. Helsetilsynet meiner derfor det må gåast opp ein grensegang for kva som bør vere verkemidla til tilsynet som forvaltningsorgan og kva som bør vere strafferettslege verkemiddel som ligg til påtalemakt og domstolar. Dette synet blir støtta av Riksadvokaten, som etterlyser ei grundigare vurdering og avklaring av forholdet mellom forslaga om varig tilbaketrekking og forbod mot helsehjelp etter helsepersonelloven på den eine sida, og dom på rettstap etter straffeloven på den andre sida.

Eit mindretal av høyringsinstansane er i all hovudsak negative til forslaga. Den norske legeforening viser til lovendringane som blei sett i kraft 1. juli 2022, der formålet har vore å styrke tilsynsmyndigheitenes rådgivings- og rettleiingsrolle, fremme læring og forbetring og gjere straffeaspektet mindre framtredande. Legeforeningen er bekymra for at dei aktuelle forslaga vil føre til ein vriding av fokus og signaleffekt i retning av meir straffeliknande reaksjonar, der det er andre beviskrav. Dette kan gjere rolla til tilsynsmyndigheitene vanskelegare. Legeforeningen peiker også på at forslaga er oppfølging av tilrådingar frå eit utval som berre har sett på éin type saker, pasientovergrep, medan lovendringane vil gjelde generelt. Føresegnene er også generelt og skjønnsmessig utforma. Legeforeningen meiner at ønsket om meir nyanserte reaksjonar og større grad av differensiering av saker kan tryggjast med justeringar i praktiseringa av eksisterande regelverk, i form av konstruktive, tydelege vedtak med ein tilpassa reaksjon og nyanserte, konkrete tilbakemeldingar om tiltak som blir sett i verk og eventuelt anslått tid som bør gå for å kunne søkje om ny autorisasjon.

Norsk psykologforening peiker særleg på at forslaga ikkje løyser utfordringa med at helsepersonell held fram som før etter å ha mista autorisasjonen, jf. Varhaug-saka. Psykologforeningen er derfor bekymra for at forslaga ikkje vil ha ønskt effekt og dermed ikkje auke pasienttryggleiken, men i staden skape ein falsk tryggleik for pasientane.

Pasientorganisasjonen for kjønnsinkongruens (PKI Norge) uttaler at forslaga i høyringsnotatet kan verke fornuftige på generell basis, men at dei kan ramme pasientar med kjønnsinkongruens på utilsikta måtar, og at det er viktig at den vidare behandlinga av forslaga tar høgd for dette. Foreininga uttaler at ein går ut frå at forslaga knytt til tilbaketrekking av autorisasjon at kompetanse og ressursar i helsevesenet er bevart, forankra og skalert for å møte alle pasientgrupper. Dette er likevel ikkje tilfelle for transpersonar, som konsekvent opplever at dei ikkje har eit fungerande offentleg helsetilbod. Foreininga er bekymra for at Nasjonal behandlingstjeneste for kjønnsinkongruens eller andre aktørar kan nytte helsepersonelloven §§ 57 og 62 som eit politisk verkemiddel for å ytterlegare sanksjonere legar utanfor spesialisthelsetenesta.

Til forsida