11 Forslag om skolemiljøutval
11.1 Gjeldande rett
Etter opplæringslova kapittel 11 er det krav om følgjande organ i skolane: samarbeidsutval (grunnskolen), skoleutval (den vidaregåande skolen), elevråd (begge skoleslaga) og foreldreråd (grunnskolen). § 11-1 første ledd sikrar elev- og foreldrerepresentasjon i samarbeidsutvalet. I skoleutvalet skal elevane vere representerte, jf. § 11-5 første ledd. Friskolane skal ha desse organa: styre, elevråd og foreldreråd, jf. friskolelova kapittel 5.
Det er etter gjeldande rett ikkje noko krav til skolane om å ha eige skolemiljøutval. Opplæringslova og friskolelova er likevel ikkje til hinder for at skolane kan opprette skolemiljøutval, f.eks. samansette av representantar for dei tilsette, elevane, foreldra og skolehelsetenesta.
Både kapittel 11 i lova, om organ for brukarmedverknad i skolen, og kapittel 9a i lova, om elevane sitt skolemiljø, inneheld reglar om medverknad frå elevar og foreldre i skolemiljøarbeidet. Føresegnene i opplæringslova kapittel 9a er knytte til allereie eksisterande organ i skolen. Reglane i opplæringslova kapittel 9a gjeld også for friskolar, jf. friskolelova § 2-4 andre ledd.
Å arbeide for skolemiljøet vil vere ei sentral oppgåve for dei ulike råda og utvala i skolen. At skolemiljøarbeidet er ei av hovudoppgåvene for elevrådet, følgjer av opplæringslova §§ 11-2 og 11-6 og friskolelova § 5-3. Opplæringslova § 11-2 seier at elevrådet i grunnskolen skal arbeide for å skape godt lærings- og skolemiljø. Tilsvarande seier § 11-6 at elevrådet i vidaregåande skolar skal arbeide for læringsmiljøet, arbeidsforholda og velferdsinteressene til elevane. Elevrådet har også rett til å utnemne skolemiljørepresentantar som skal fungere som talspersonar for elevane i skolemiljøsaker, jf. opplæringslova § 9a-5 andre ledd. To av skolemiljørepresentantane skal kunne møte og uttale seg i arbeidsmiljøutvalet ved skolen når dette behandlar saker som vedkjem skolemiljøet for elevane. Elevdeltakinga i skolemiljøarbeidet er dessutan regulert i opplæringslova § 9a-5, som slår fast at elevane på alle klassetrinn skal engasjerast i det systematiske arbeidet med skolemiljøet. Vidare følgjer det av opplæringslova § 11-4 og friskolelova § 5-4 at foreldrerådet skal ha som oppgåve å medverke til at elevar og foreldre tek aktivt del i arbeidet for å skape godt skolemiljø.
Samarbeidsutvalet, skoleutvalet, elevrådet og foreldrerådet skal haldast løpande underretta om tilhøve som har vesentleg betydning for skolemiljøet, jf. § 9a-6 første ledd. Skolen har dessutan plikt til å informere elevane og foreldra om tilhøve som kan ha negativ verknad for helsa til elevane, jf. § 9a-6 tredje ledd. Utvala og råda har også rett til å bli tekne med i planlegging og gjennomføring av skolen/skoleeigaren sine miljøtiltak ved den enkelte skolen på eit så tidleg tidspunkt som mogleg, jf. § 9a-6 andre ledd.
Opplæringslova § 9a-6 andre ledd presiserer vidare at råda og utvala i skolen har rett til å uttale seg og komme med forslag i alle saker som har betydning for skolemiljøet. Ein slik rett for samarbeidsutvalet og skoleutvalet følgjer også av opplæringslova §§ 11-1 andre ledd og 11-5 andre ledd. For elevrådet følgjer ein tilsvarande rett etter § 11-2 fjerde ledd, som seier at elevrådet i grunnskolen skal kunne uttale seg og komme med forslag i saker som gjeld nærmiljøet til elevane.
11.2 Høringsutkastet frå departementet
I høringsutkastet gjorde departementet greie for tidlegare behandling av spørsmålet om skolemiljøutval. Det vart m.a. vist til eit oppmodingsvedtak frå Stortinget 17.06.04, vedtak nr. 519 (2003-2004), der det heiter:
«Stortinget ber regjeringen snarest legge frem en sak om sammensetning og organisering av skolemiljøutvalg.»
I Innst. O. nr. 7 (2002-2003) om skolemiljø for elevane gjekk det fram at fleirtalet i komiteen (Arbeidarpartiet, Fremskrittspartiet, Sosialistisk Venstreparti, Senterpartiet og representanten Simonsen) er svært opptekne av brukarmedverknad frå elevar og foreldre. Fleirtalet viste til at elevar og foreldre er i mindretal i både samarbeidsutval og skoleutval, og peikte på betydninga av at elevar og foreldre er i fleirtal i spørsmål knytte til skolemiljøet.
Vidare gav fleirtalet uttrykk for at det skal vere eit skolemiljøutval ved alle skolar, som skal arbeide for godt arbeidsmiljø i verksemda. Samarbeidsutvalet og skoleutvalet kan vere utgangspunkt for dette, men må endrast i samansetninga slik at brukarane, elevane og foreldra, er i fleirtal. Vidare gav fleirtalet også uttrykk for at foreldreutvalet i grunnskolen skal nemne opp foreldrerepresentantane i skolemiljøutvalet.
I høringsutkastet viste departementet til forslaget i St.meld. nr. 30 (2003-2004) om å erstatte føresegnene om samarbeidsutval, foreldreråd og skoleutval i opplæringslova med ei føresegn om at skolen skal etablere ei ordning for samarbeid mellom heim, skole og elevar på både individ- og skolenivå.
I innstillinga om meldinga uttalte fleirtalet i utdanningskomiteen ønske om å halde på lovføresegna om samarbeidsutval, foreldreråd og skoleutval.
I høringsutkastet la departementet dermed til grunn at Stortinget har gitt klart uttrykk for at det skal opprettast skolemiljøutval, og at dette skal komme i tillegg til dei allereie eksisterande lovpålagde rådsorgana i skolen.
Departementet foreslo at skolemiljøutvalet skal vere samansett av representantar for elevane, foreldrerådet (gjeld grunnskolane), dei tilsette, skoleleiinga og kommunen/fylkeskommunen/styret. Departementet bad særleg om høringsinstansane sitt syn på om foreldra også bør vere representerte i skolemiljøutvalet ved vidaregåande skolar.
Samarbeidsutvalet og skoleutvalet kan etter høringsforslaget sjølv vere skolemiljøutval. Elevane og foreldra må i så fall møte med fleire enn dei som allereie sit i samarbeidsutvalet, slik at dei til saman blir i fleirtal. I skoleutvalet skal elevane etter høringsforslaget vere i fleirtal.
Departementet bad også om høringsinstansane sitt syn på eit alternativt forslag der skolemiljøutvalet blir innført som obligatorisk organ til erstatning for samarbeidsutvalet og skoleutvalet. Departementet bad også om synspunkt på kva konsekvensar det kan få for fleksibiliteten og medverknaden frå skoleeigaren dersom ein fastset i lova kva for organ den enkelte skolen skal ha.
Høringsforslaget innebar at skolemiljøutvalet skal ha eit særleg ansvar for å halde seg orientert og uttale seg om skolemiljøet. Utvalet skal arbeide for å auke deltakinga frå elevane, foreldra, skolen og dei tilsette i arbeidet med skolemiljøet. Skolemiljøutvalet skal vere rådgivande organ for skolen i arbeidet for skolemiljøet.
Etter departementet si vurdering kan skolemiljøutvalet kalle inn f.eks. skolehelsetenesta og den pedagogisk-psykologiske tenesta som sakkunnige. Desse vil likevel verken ha møteplikt, møterett eller stemmerett.
Departementet foreslo at skolemiljøutvalet sjølv vel leiar, nestleiar og sekretær, slik dei andre organa i skolen gjer.
Representantar som er valde inn i skolen sine organ, vil vere omfatta av teieplikta i forvaltningslova § 13. Dette gjeld også mindreårige elevar. Teieplikta gjeld sjølv om brot på plikta ikkje kan straffast fordi eleven sjølv er under kriminell lågalder. Departementet bad spesielt om høringsinstansane sitt syn på om elevrepresentantane i grunnskolen ikkje bør vere til stades når skolemiljøutvalet i grunnskolen behandlar saker eller tek opp forhold som er omfatta av teieplikt etter forvaltningslova. Departementet bad også om høringsinstansane sitt syn på korleis skolemiljøutvalet skal vere samansett når elevane ikkje er til stades.
I høringsutkastet la departementet til grunn at også friskolane skal ha skolemiljøutval. Departementet meinte at det kan vere aktuelt at dette ikkje blir innført som eit krav etter friskolelova, og bad derfor om høringsinstansane sitt syn på dette.
11.3 Høringsinstansane
Fleirtalet av høringsinstansane har kommentert forslaget, og fleire uttrykkjer at arbeid med skolemiljøet er viktig. Likevel er eit stort tal av dei som uttaler seg, betenkte over mengda av utval i skolen, ikkje minst fordi utvala har samanfallande arbeidsområde. Fleire av høringsinstansane uttaler at det er meir formålstenleg å vitalisere og utvikle dei utval og råd som allereie er lovpålagde, enn å opprette eit nytt utval.
Høringsinstansane trekkjer fram følgjande argument som taler imot å gi støtte til forslaget:
Mange skolar strevar med å få oppnemnt eit tilstrekkeleg tal (engasjerte) representantar til dei ulike utvala i skolen. Å opprette enda eit utval kan føre til at det blir vanskeleg å skape nok interesse for innsats.
Eit nytt utval vil verke byråkratiserande og overflødig. For mange utval kan lett føre til ansvarspulverisering og koordineringsproblematikk, og effekten og synet av det enkelte utvalet kan forsvinne.
Arbeid med skolemiljø blir teke hand om gjennom eksisterande organ. Skolen treng derfor ikkje fleire organ. Det er vanskeleg å bøte på manglande effekt ved dagens organ ved å opprette enda fleire utval.
Dei faktiske oppgåvene til skolemiljøutvalet synest ikkje å liggje så langt frå dei oppgåvene samarbeidsutvalet og skoleutvalet har i dag. «Skolemiljø» er ikkje eit eintydig og avgrensa omgrep, og det vil i praksis nok omfatte det aller meste som skjer på skolen. Det er vanskeleg å definere kva som er skolemiljøsaker og kva som ikkje er det.
Forslaget kan medføre at same personar må sitje i ulike utval som behandlar dei same sakene.
I staden for å opprette enda eit organ som skal arbeide med dei same sakene som dei andre rådsorgana i skolen, kan det vere formålstenleg med ei samla gjennomgåing av skolens rådsstruktur.
Høringsinstansar som støttar forslaget, peiker på at det er positivt at forslaget opnar for at kommunen/fylkeskommunen sjølv kan velje om samarbeidsutvalet/skoleutvalet skal vere skolemiljøutval, og at representasjonen blir tilpassa når skolemiljøsaker skal behandlast.
Rømskog kommune, som går imot forslaget, uttaler:
«Vi finner at dagens løsning med 3 utvalg i grunnskolen er mer enn nok for å ivareta skolemiljøet ved skolen. Elevråd, foreldreråd og samarbeidsutvalg burde være mer enn tilstrekkelig antall for å belyse og arbeide for et bedre skolemiljø. Opplæringsloven har allerede bestemmelser om at rådene og utvalgene ved skolen har rett til å uttale seg og komme med forslag i alle saker som har betydning for skolemiljøet. Ved en veldrevet skole fungerer disse rådene godt allerede, også når det gjelder skolemiljøsaker. Dersom det er problemer med skolemiljøet på en skole, løses ikke dette ved å opprette flere råd, men å finne løsninger på skolens utfordringer gjennom allerede eksisterende råd og utvalg.
Så lenge dette nye organet blir nok et rådgivende organ uten beslutningsmyndighet, stiller vi spørsmålstegn ved nytteverdien av organet. Organet vil også legge beslag på tid som kunne vært brukt til nyttigere formål.
Rømskog kommune og Rømskog skole mener altså at et nytt skolemiljøutvalg er høyst unødvendig samtidig som vi mener at sakene som det foreslåtte skolemiljøutvalget skal arbeide med godt kan behandles innefor allerede eksisterende råd og utvalg.»
Oslo kommune meiner også at det er lite formålstenleg å lovfeste oppretting av eit skolemiljøutval. Kommunen skriv at det er for mange utval som skal gi råd om dei same sakene. Oslo kommune kan ikkje sjå at det har avgjerande betydning at elevar og foreldre er i fleirtal. Kommunen meiner at samarbeidsutvalet og skoleutvalet sitt ansvar for skolemiljøsaker kan presiserast i lova.
Utdanningsforbundet og Utdanningsgruppenes hovedorganisasjon støttar forslaget om at det skal opprettast eit skolemiljøutval som skal komme i tillegg til dei allereie eksisterande lovpålagde rådsorgana i skolen. Desse høringsinstansane uttaler:
«Vi støtter at det kan avgjøres lokalt om samarbeidsutvalget og skoleutvalget skal fungere som skolemiljøutvalg. Vi legger til grunn at samarbeidsutvalget og skoleutvalget skal ha utvidet representasjon for at elever og foreldre skal få flertall når utvalgene formelt fungerer som skolemiljøutvalg. Det er viktig at det i hvert enkelt tilfelle blir klargjort hvilket organ som formelt behandler en sak, og at representasjonen følger av denne avklaringa.»
Utdanningsforbundet og Utdanningsgruppenes hovedorganisasjon går sterkt imot alternativet der skolemiljøutvalet blir innført som eit obligatorisk organ som erstattar samarbeidsutvalet og skoleutvalet, og seier m.a.:
«Vi mener at det er naturlig å opprettholde disse utvalgene for å beholde muligheten til å delegere styringsoppgaver fra kommunen/fylkeskommunen til samarbeidsutvalg/skoleutvalg etter gjeldende regler.»
Levanger kommune, Spydberg kommune, Nesseby kommune, Trondheim kommune, Fylkesmannen i Finnmark, Gjennestad gartnerskole meiner at skolemiljøutvalet bør erstatte samarbeidsutvalet/skoleutvalet.
Enkelte høringsinstansar foreslår ei mellomløysing som går ut på at kommunen/fylkeskommunen sjølv må kunne velje om skolemiljøutvalet skal erstatte skoleutvalet, og at det med innføring av skolemiljøutval kan være aktuelt å gjennomgå ordninga med samarbeidsutval og skoleutval på nytt. Andre foreslår at det ikkje blir oppretta skolemiljøutval, men at samarbeidsutvalet blir utvida med elev-/foreldrerepresentantar i saker som vedkjem skolemiljøet.
Departementet har bedt om høringsinstansane sitt syn på om elevrepresentantane i grunnskolen ikkje bør vere til stades når skolemiljøutvalet behandlar saker eller tek opp forhold som er omfatta av teieplikta. Elevorganisasjonenkan ikkje sjå kvifor elevar i grunnskolen ikkje skal kunne delta i saker der det er teieplikt. Organisasjonen Voksne for barn er derimot imot at elevar skal vere til stades, og uttaler:
«Det foreslås at elever ikke skal delta når taushetsbelagte saker skal behandles i skolemiljøutvalget. Dette har klart en juridisk side som bør ivaretas. Vi finner likevel grunn til å presisere at dette ikke må frata elevene mulighet til å uttale seg om saker som angår deres miljø. En mulig løsning, slik vi ser det, er at slike saker legges fram prinsipielt så langt det lar seg gjøre, og at elever er med på behandlingen av saken på dette nivå. Vi tror det vil være nyttig for alle parter at en personrelatert sak blir hevet opp til et prinsipielt nivå, da det ofte er et problem at miljøproblemer personifiseres.»
Midtre Gauldal kommune og Rennebu kommune skriv:
«På grunnskolenivå vil det være viktig at elevrepresentantene fratrer under behandling av saker som er omfattet av taushetsplikt etter forvaltningsloven. En kan ikke kreve eller forvente at barn skal forvalte et slikt ansvar som dette vil innebære. En vil heller ikke ha mulighet til noen adekvat reaksjonsform overfor barn i tilfelle taushetsplikten brytes.»
Alle høringsinstansar som uttaler seg om rolla til skolemiljøutvalet i skolens arbeid for å fremje helse, miljø og tryggleik (HMS), seier at dette arbeidet bør gå føre seg i samarbeid med skolemiljøutvalet. Høringsinstansane meiner også at skolemiljøutvalet skal ha den same retten til informasjon og til å uttale seg som dei andre organa i skolen har.
Høringsinstansane har ulik oppfatning av om også foreldra bør vere representerte i skolemiljøutval ved vidaregåande skolar. Dei aller fleste av høringsinstansane, blant dei Elevorganisasjonen, meiner at foreldra ikkje skal vere representerte. Fylkesmannen i Oppland skriv at dei finn det naturleg at skolemiljøutvalet på dette området er samansett etter same prinsipp som dei andre lovbestemte organa. Barne- og familiedepartementet, Akershus fylkeskommune,Oslo kommune, Norsk Forbund for Utviklingshemmede og Handikappede Barns Foreldreforening meiner derimot at foreldra bør vere representerte i utvalet. Grunngivingane for dette er m.a. at elevane i vidaregåande skole i hovudsak er umyndige, og at for elevar med ulike funksjonsnedsetjingar vil det vere den einaste måten dei reelt kan ta del i utvalet på. Rogaland fylkeskommune, som ikkje tilrår at foreldra skal vere representerte, skriv:
«Selv om elevene begynner på videregående opplæring før de når myndighetsalderen, har de på mange områder voksnes rettigheter når de begynner i videregående. Det er for eksempel elevene selv som søker videregående skoleplass, og elever som begynner i videregående har allerede som 16-åringer selv rett til å melde seg ut av eller inn i trossamfunn. I løpet av årene i videregående blir alle elever 18 år og har med det stemmerett og fulle borgerrettigheter.»
Enkelte av dei høringsinstansane som uttaler seg om friskolane skal ha skolemiljøutval, meiner at det ikkje bør vere forskjell mellom offentlege skolar og friskolar når det gjeld krav om eit slikt utval. Steinerskolene i Norge og friskolane Den norske skole Gran Canaria og Skjærgårdsskolen er imot å innføre skolemiljøutval i friskolar. Skjærgårdsskolen skriv at mange friskolar har få elevar, og at eit skolemiljøutval ville medføre eit ytterlegare press om ansvar og deltaking på foreldre som allereie er engasjerte i skolens organ. Steinerskolene i Norge meiner at gjennomføring og samarbeid rundt kapittel 9a i opplæringslova best blir teke vare på gjennom godt samarbeid mellom skolens forskjellige organ. Kristne friskolers fellesforbund uttaler at det ikkje nødvendigvis bør stillast same krav til lovpålagde organ ved ein friskole som ved ein offentleg skole. Forbundet skriv at
«Grunnen til at behovet for brukerorganer ikke er det samme i friskoler som i offentlige skole er naturligvis at ved en friskole er brukergruppene (foreldre, elever, ansatte) representert med møte- og tale rett i det organ som fatter beslutninger, nemlig skolestyret. Tilsvarende «direktevei» til det styrende organ har jo brukergruppene ikke i offentlig skole».
11.4 Vurderingar og forslag frå departementet
Hovudformålet med Stortingets oppmodingsvedtak om å opprette eit skolemiljøutval med elevar og foreldre i fleirtal er å auke innverknaden på skolekvardagen frå brukarane. Departementet merkjer seg at fleire av høringsinstansane er kritiske til å opprette eit nytt organ i skolen, og at fleire uttaler at samansetninga og oppgåvene til samarbeidsutvalet og skoleutvalet bør vurderast i staden for å opprette enda eit utval. Departementet har også merkt seg synspunktet om at eit nytt utval i skolen vil vere overflødig fordi skolen allereie etter dagens lovverk har organ som har som hovudoppgåve å arbeide for skolemiljøet. Det blir også uttalt at eit nytt lovpålagt organ kan hindre nødvendig og ønskeleg fleksibilitet for kommunar og fylkeskommunar som skoleeigarar når det gjeld organisering og utvikling av ulike modellar for brukarmedverknad.
Det handlingsrommet departementet i dette tilfellet har, er avgrensa på bakgrunn av Stortingets oppmodingsvedtak om å opprette skolemiljøutval. Med dette utgangspunktet foreslår departementet at opplæringslova i det vesentlege blir endra i samsvar med høringsforslaget.
Mellomløysingar i forhold til høringsutkastet, som går ut på anten å overlate til kommunen/fylkeskommunen å velje om skolemiljøutvalet skal erstatte samarbeidsutvalet/skoleutvalet, eller ei løysing der det ikkje blir oppretta skolemiljøutval, men at samarbeidsutvalet blir utvida med elev-/ foreldrerepresentantar i saker som vedkjem skolemiljøet, vil føre med seg nye problemstillingar. Slike løysingar vil medføre at gjeldande ordning med samarbeidsutval i opplæringslova § 11-1 og skoleutval i opplæringslova § 11-5 må gjennomgåast. Vidare må konsekvensar knytte til spørsmålet om å oppheve reglane om at kommunen/fylkeskommunen kan ha fleirtal når det blir delegert styringsoppgåver, greiast ut. Med bakgrunn i at Stortinget under behandlinga av Innst. S. nr. 268 (2003-2004) gjekk inn for å behalde føresegnene om samarbeidsutval m.v. i opplæringslova, har departementet ikkje vurdert desse alternativa.
Departementet vil understreke at det lovforslaget departementet går inn for, gir kommunen/fylkeskommunen fridom til å velje om samarbeidsutvalet og skoleutvalet skal vere skolemiljøutval så lenge kommunen sørgjer for å oppfylle dei lovpålagde krava til representasjon. Forslaget tek samtidig vare på Stortingets intensjon om at brukarane skal vere i fleirtal i spørsmål knytte til skolemiljøet. Lovforslaget inneber at samarbeidsutvalet, skoleutvalet og skolemiljøutvalet er sjølvstendige utval. Kommunen/fylkeskommunen kan derfor ikkje velje å la vere å ha eit samarbeidsutval/skoleutval.
På bakgrunn av merknadene frå enkelte høringsinstansar vurderer departementet det slik at det bør presiserast nærmare i merknadene til dei enkelte paragrafane korleis samansetnaden av skolemiljøutvalet skal vere. For å oppfylle kravet om at elevane og foreldra skal vere i fleirtal, må utvalet i grunnskolen vere samansett av minst 1 representant for dei tilsette, 1 for skoleleiinga, 1 for kommunen, 2 representantar for elevane og 2 for foreldra. Skolemiljøutval ved vidaregåande skolar må vere samansette av minst 1 representant for dei tilsette, 1 for skoleleiinga, 1 for fylkeskommunen og 4 representantar for elevane. Utover dette står kommunen og fylkeskommunen fritt til å ha fleire representantar for dei ulike gruppene så lenge representantane på brukarsida (elevane og foreldra) er i fleirtal. Etter departementet sitt syn bør kommunane og fylkeskommunane sjølv velje sine representantar til utvalet. Det opnar mellom anna for at ein frå skolehelsetenesta kan representere kommunen eller fylkeskommunen.
Departementet foreslår at berre elevane, ikkje foreldra, bør vere representerte i skolemiljøutval ved vidaregåande skolar. Dette samsvarer med fleirtalet av høringsinstansane sitt syn, og utvalet blir samansett lik dei andre lovbestemte organa i vidaregåande skole når det gjeld brukarrepresentasjon.
Departementet foreslår i samsvar med høringsutkastet at elevar i grunnskolen ikkje skal vere til stades når saker med teieplikt blir behandla i skolemiljøutvalet. Departementet viser til at ein ikkje kan krevje eller forvente at barn i grunnskolealder skal forvalte det ansvaret teieplikta vil innebere. Forslaget harmonerer med tilsvarande føresegn for samarbeidsutvalet i opplæringslova § 11-1 første ledd. Når elevane ikkje er til stades, kan foreldrerepresentantane givast dobbeltstemme tilsvarande bortfallet av stemmene frå elevrepresentantane, eller talet på foreldrerepresentantar kan aukast tilsvarande, f.eks. med foreldre som er vararepresentantar. Det må vere opp til foreldrerådet å avgjere korleis dette skal løysast.
Departementet foreslår å endre opplæringslova § 9a-6 slik at skolemiljøutvalet får den same retten som dei andre organa i skolen har til informasjon, til å uttale seg, til å komme med forslag og til å bli teke med i planlegginga og gjennomføringa av miljøtiltak ved skolen.
Departementet har merkt seg fråsegnene frå friskolane og dei ulike friskoleforbunda når det gjeld spørsmålet om å lovfeste eit krav om at også friskolane skal ha skolemiljøutval, sjå kapittel 11.3. På denne bakgrunnen fremjar ikkje departementet forslag om krav om skolemiljøutval for friskolane. Ellers viser departementet til lovutkastet og merknadene i kapittel 6.