6 Forslag i høringsbrevet om tiltak for å auke rekrutteringa av personar med innvandrarbakgrunn til vidaregåande opplæring
6.1 Gjeldande rett og praksis
All ungdom som har fullført grunnskolen eller tilsvarande opplæring, har rett til inntak til vidaregåande opplæring, jf. opplæringslova § 3-1. Med «tilsvarande opplæring» er meint utdanning tilsvarande norsk grunnskole, jf. forskrifta til opplæringslova § 6-10. Det betyr at ungdom som har vitnemål for fullført grunnskole frå heimlandet, eller som kan stadfeste eller sannsynleggjere dette, har rett til inntak til vidaregåande opplæring.
Dei som ikkje har rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1 pga. mangelfull grunnskole, og heller ikkje har rett til grunnskoleopplæring etter opplæringslova § 2-1 fordi dei er over opplæringspliktig alder, har rett til grunnskoleopplæring for vaksne etter opplæringslova § 4A-1. Dette inneber at alle har rett til å få nødvendig grunnskoleopplæring for inntak til vidaregåande opplæring.
Det er som hovudregel kommunen som har ansvaret for å oppfylle retten til grunnskoleopplæring for vaksne etter opplæringslova § 4A-1. Kommunen har stor fridom til å organisere opplæringstilbodet, og lova er ikkje til hinder for at opplæringa blir gitt i tilknyting til ein vidaregåande skole.
Somme innvandrarar kjem til landet med liten eller ingen skolegang frå heimlandet. Somme kjem også så seint i opplæringspliktig alder (6 til 16 år) at dei etter kort tid i ungdomsskolen blir skrivne ut pga. alder. I slike tilfelle må det gjerast ei konkret vurdering av om vedkommande har fullført grunnskolen og dermed fyller vilkåra for inntak til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1, eller om vedkommande har rett til grunnskoleopplæring for vaksne etter opplæringslova § 4A-1.
Det dreier seg om relativt få ungdommar som har ufullstendig grunnskoleopplæring, slik at dei ikkje fyller vilkåra for inntak til vidaregåande opplæring. Per 1. oktober 2003 var det i alt 4 208 vaksne som fekk grunnskoleopplæring etter opplæringslova § 4A-1, av desse var 2 354 frå språklege minoritetar. Det ligg ikkje føre statistikk som viser korleis dette talet fordeler seg på dei ulike aldersgruppene, men det er grunn til å tru at det er ein relativt stor del i aldersgruppa 16-20 år.
Når det gjeld den praktiske tilrettelegginga ved overgangen frå grunnskole til vidaregåande opplæring, går det i regi av Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring (NAFO) føre seg samarbeid mellom utdanningsavdelingane hos fylkesmennene, fylkeskommunar/kommunar, høgskolar/universitet og fokusskolar på grunnskolenivå og vidaregåande nivå for å gi eit godt tilbod til minoritetsspråklege som manglar eller har mangelfull grunnskole. Det finst også eksempel på at mindreårige innvandrarar som manglar grunnskole for inntak til vidaregåande opplæring, i dag får grunnskoleopplæring for vaksne lagd til ein vidaregåande skole.
Samarbeidet generelt mellom kommunar og fylkeskommunar på dette området er også i utvikling. Det er møte mellom ungdomsskole, vidaregåande skole og vaksenopplæring i god tid før det blir søkt om inntak til vidaregåande opplæring, slik at ein skal kunne informere om kva for tilbod som er moglege, og kva for elevar som bør søkje kvar. Da ser ein også på høva til konkret samarbeid mellom kommune og fylkeskommune om enkeltelevar.
Somme fylkeskommunar lagar forkurs/innføringskurs med yrkesorientering i form av hospitering i ulike yrkesfaglege studieretningar, kombinert med opplæring i språk og andre allmenne samfunnsfag, og i nær kontakt med kommuneleddet. Minoritetsspråklege søkjarar som tek imot tilbod om innføringskurs som forkurs til grunnkurs, får utsett opplæringsretten etter opplæringslova § 3-1 tredje ledd.
6.2 Høringsutkastet frå departementet
I høringsutkastet frå departementet vart det vist til St.meld. nr. 30 (2003-2004):
«For å øke rekrutteringen av personer med innvandrerbakgrunn til videregående og høyere utdanning, vil departementet fremme forslag om å endre opplæringsloven slik at ufullstendig grunnskoleopplæring i hjemlandet ikke står til hinder for inntak i videregående opplæring. Siktemålet er å gi ungdom fra språklige minoriteter med ufullstendig grunnskoleopplæring, opplæring sammen med jevnaldrende majoritetsspråklig ungdom så snart som mulig. Dette innebærer at grunnskoleopplæringen gis integrert i videregående opplæring, og at fylkeskommunen blir ansvarlig for denne opplæringen.»
Forslaget vart ikkje kommentert i Innst. S. nr. 268 (2003-2004).
Unge over opplæringspliktig alder (16 år) som ikkje fyller inntaksvilkåra til vidaregåande opplæring om «fullført grunnskole eller tilsvarande opplæring», er ei svært heterogen gruppe. Dei kunnskapar og dugleikar ungdommane har, varierer over heile spennet, frå dei som er analfabetar, dei som heilt eller delvis manglar grunnskole frå heimlandet, dei som har ein kombinasjon av kort opplæringstid frå heimlandet og kort opplæringstid i norsk grunnskole, til dei som har kort tid igjen før grunnskolen kan seiast å vere fullført.
I høringsutkastet vart det vist til siktemålet om auka rekruttering av personar med innvandrarbakgrunn til vidaregåande og høgare utdanning. For at dette skal vere ei realistisk målsetjing, la departementet i høringsutkastet til grunn at ei lovendring om unntak frå inntaksvilkåret om fullført grunnskole for inntak til vidaregåande opplæring måtte avgrensast til å gjelde dei ungdommane som har lite igjen før grunnskolen kan seiast å være fullført. Elevar som manglar eller har svært mangelfull grunnskoleopplæring frå før, vil i alle tilfelle måtte ha eigne, særskilde opplæringsopplegg.
Det vart også vist til at eit eventuelt unntak frå inntaksvilkåret om fullført grunnskole ikkje bør vere ein særrett for personar med innvandrarbakgrunn, men bør gjelde all ungdom som av ulike grunnar ikkje har fullført grunnskolen. Ein del barn og ungdommar som har vakse opp i Noreg, har også, av ulike grunnar, «hol» i grunnskoleopplæringa. Somme har vore sjuke under delar av oppveksten, eller det har vore andre grunnar som har gjort at dei ikkje har vore i stand til å ta imot opplæring i periodar. Det er m.a. barn og ungdom i barneverninstitusjonar som droppar ut, særleg i ungdomsskolen.
På denne bakgrunnen foreslo departementet i høringsutkastet ei lovendring som inneber at ungdom som er over opplæringspliktig alder, men som ikkje fyller vilkåret om fullført grunnskole eller tilsvarande opplæring, likevel etter konkret vurdering får rett til inntak til vidaregåande opplæring. Forslaget inneber at elevane kan ta delar av grunnskoleopplæringa samtidig som dei får opplæring i fag innanfor vidaregåande opplæring, og at all opplæring blir gitt ved den vidaregåande skolen. Det vart vist til at den foreslåtte endringa også vil ha betydning ved inntak til frittståande vidaregåande skoler.
I høringsbrevet vart dei økonomiske konsekvensane omtalte slik:
«Lovendringen medfører at fylkeskommunene får ansvar for å gjennomføre manglende grunnskoleopplæring for de elevene som ikke har fullført dette tidligere. Dette innebærer en merutgift for fylkeskommunene samtidig som det fører til en innsparing for kommunene, som ikke må tilby grunnskoleopplæring for disse elevene. Totalt sett medfører ikke dette økonomiske konsekvenser for kommunesektoren, kun en kostnadsoverføring fra kommunene til fylkeskommunene. (...)
Med en gjennomsnittlig kostnad per elev i grunnskolen på 63 500 kroner vil kostnaden ved at 1 000 elever benytter seg av en slik rett anslås til om lag 60 mill. kroner for fylkeskommunene med en tilsvarende innsparing for kommunene. Dersom 2 000 elever benytter seg av en slik rett, vil kostnaden/innsparingen for fylkeskommunene/kommunene kunne anslås til om lag 130 mill. kroner.»
Forslaget til nytt andre ledd i opplæringslova § 3-1 i høringsbrevet lydde slik:
«Ungdom som er over opplæringspliktig alder og ikkje fyller vilkåra om fullført grunnskole eller tilsvarande opplæring for inntak til vidaregåande opplæring etter første ledd, men som er komne så langt at det kan vere formålstenleg å få resten av grunnskoleopplæringa i vidaregåande opplæring, har etter konkret vurdering rett til vidaregåande opplæring.»
6.3 Høringsinstansane
Det er 67 instansar som har gitt realitetsfråsegn. Av desse er det 18 som støttar forslaget, medan 49 anten går imot forslaget eller støttar det under klare føresetnader. I tillegg til desse har 9 instansar nøytrale kommentarar, og 15 instansar har ikkje merknader.
6.3.1 Dei som støttar forslaget
Følgjande instansar støttar forslaget: 3 kommunar, Akershus fylkeskommune, 4 fylkesmenn, Kontaktutvalet mellom innvandrarar og myndigheitene (KIM), Foreldreutvalet i grunnskolen (FUG), Norsk lektorlag, Barneombodet, Elevorganisasjonen, Utdanningsforbundet, Utdanningsgruppenes Hovedorganisasjon og Universitets- og høgskolerådet.
Dei som støttar, meiner at dette er eit positivt forslag til lovendring, og at det ikkje minst kan hjelpe fleire med innvandrarbakgrunn inn i vidaregåande opplæring.
Elevorganisasjonen uttaler:
«Elevorganisasjonen er glad for at departementet åpner for at personer med innvandrerbakgrunn med ufullstendig opplæring fra grunnskolen, kan begynne på videregående skole. Vi mener det er hensiktsmessig at disse får gå på skole med jevnaldrende, samtidig som de får tatt igjen den manglende grunnskolekompetansen på ett og samme sted.»
KIM ønskjer lovforslaget velkomme, men etterlyser samtidig mykje tydelegare signal om korleis ein skal gå fram når det gjeld gruppa analfabetar hovudsakleg frå 10 år og oppover, vaksne inkludert. Denne gruppa krev for det første spesialkunnskap hos lærarpersonalet. Dernest krevst det omfattande innsikt og evne til å tilpasse ulike undervisningsløp til ulike aldersgrupper. F.eks. kan somme i denne gruppa vere barnesoldatar eller ha svært traumatiske opplevingar bak seg. Dei kjem med ei livserfaring som dei færraste evnar å setje seg inn i, og som er umogleg å omsetje i det norske skolesystemet. Samtidig er målet normalisering. Denne typen elevar krev lærarar med både spesialpedagogisk innsikt og kunnskapar om barnepsykiatri. Også dei eldre unge og dei vaksne krev spesialsydde opplegg. Kontaktutvalet sine erfaringar er at kunnskapen og innsikta på dette området er svært mangelfull, og meiner målretta skolering av lærarpersonell er nødvendig.
6.3.2 Dei som støttar forslaget under bestemte føresetnader og dei som er betenkte
Høringsinstansar som støttar forslaget og intensjonen i forslaget, men som likevel har klare føresetnader/atterhald eller er betenkte, er m.a. 9 kommunar, 3 fylkeskommunar, 7 fylkesmenn, Kommunenes Sentralforbund (KS), Innvandrernes Landsorganisasjon (INLO), Skolenes Landsforbund, Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund (YS), Norsk Skolelederforbund, Kommunal- og regionaldepartementet, Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet ( NTNU), Utlendingsdirektoratet.
Krav om full økonomisk kompensasjon
Mange høringsinstansar støttar forslaget under føresetnad av full økonomisk kompensasjon til fylkeskommunane. Fleire fylkeskommunar peiker på at gjennomsnittskostnaden for ein elev i vidaregåande opplæring er atskilleg høgare enn gjennomsnittskostnaden per elev i grunnskolen. Det blir også vist til at innsparinga i kommunane ved at fylkeskommunane overtek ansvaret for somme elevar ikkje tilsvarer gjennomsnittskostnaden per elev, fordi innsparinga ved å ha éin elev mindre i det kommunale grunnskoletilbodet ikkje er lik gjennomsnittskostnaden per elev. Kommunen må framleis halde oppe eit opplæringstilbod til dei som fylkeskommunen ikkje overtek ansvaret for etter dette forslaget.
Rogaland fylkeskommune uttaler:
«Gjennomsnittskostnaden pr elev i grunnskolen ligger i underkant av kr 65 000,-. Gjennomsnittskostnaden i videregående opplæring i Rogaland ligger i overkant av 95 000,- kroner pr elev. Det er derfor ikke riktig når departementet i sitt høringsbrev hevder at dette kun representerer en kostnadsoverføring fra kommune til fylkeskommune. En overføring av ansvar fra kommuner til fylkeskommuner vil, dersom eleven forutsettes å få et tilbud av den samme kvalitet som andre elever i vg.skole, isolert sett bli dyrere for samfunnet.»
KS uttaler:
«KS ser det som generelt viktig å bedre rekrutteringen av personer med innvandrerbakgrunn til videregående opplæring. (...) KS støtter forslaget til et nytt andre ledd i opplæringsloven § 3-1 ut fra hensynet til elevens situasjon - dvs at de fleste elevene i denne kategorien totalt sett vil oppleve et bedre miljø i en videregående skole fremfor å skulle gå på en grunnskole eller et voksenopplæringstilbud. Dette med tanke både på læringssituasjonen og sosial gruppetilhørighet. Ettersom det er fylkeskommunen som uansett får ansvaret for den påfølgende videregående opplæringen, er det pedagogisk sett gode grunner for at fylkeskommunen også får ansvaret for å gjennomføre den manglende grunnskoleopplæringen for disse elevene. Dette vil uten tvil måtte medføre merutgifter for fylkeskommunene. En forutsetning for at fylkeskommunene skal påta seg dette ansvaret, må derfor være at merutgiftene kompenseres fullt ut.»
Faglege innvendingar m.m.
Høringsintansane har gitt uttrykk for følgjande faglege innvendingar:
Av miljømessige grunnar og ut frå elevane sin situasjon kan det vere positivt å vere saman med jamaldrande ungdom (sosialt gruppetilhør) i ein vidaregåande skole framfor å skulle gå på ein grunnskole eller i eit vaksenopplæringstilbod. Samtidig er det ein risiko for at elevar utan fullført grunnskole vil stille med enda større handikap i høve til medelevar i vidaregåande opplæring enn det enkelte minoritetsspråklege elevar medfullført grunnskole allereie gjer i dag.
Det blir peikt på at fråfallet i vidaregåande opplæring blant minoritetsspråklege er høgare enn blant majoritetsspråklege, og at forslaget aukar sjansen for ytterlegare fråfall.
Forskjellane i basiskunnskapar blant elevar med og utan fullført grunnskole i vidaregåande opplæring kan bli uforholdsmessig store. Dei utan fullført grunnskole skal også «ta igjen» dei andre, i tillegg til at dei kanskje også skal lære norsk.
Somme peiker på at elevane må vere modne nok både fagleg og mentalt før dei startar i vidaregående opplæring.
Skolen er ein viktig arena for sosialisering, og for den gruppa som er omfatta av forslaget, vil dette vere vel så viktig som sjølve opplæringstilbodet. Atter andre meiner at den overordna målsetjinga må vere det faglege utbyttet elevane kan få.
Forslaget stiller krav om samarbeid mellom kommune og fylkeskommune.
INLO uttaler:
«INLO er glad for at innvandrere med ufullstendig (og/eller ikke anerkjent) grunnskoleopplæring fra hjemlandet kan få inntak i videregående opplæring. Vi vil imidlertid advare mot den skjevhet dette kan medføre for elevenes vedkommende. Faren for at elevene får en «formell» skolegang, uten at det foreligger vurdering av deres spesialbehov vil være tilstede. Det vil etter INLOs mening være fare for at unge med liten skolebakgrunn får en skolehverdag de ikke makter, hvis de forutsettes å ta grunnskoleopplæring ved siden av videregående opplæring. Her må man legge stor vekt på, og sørge for oppfølging av, en konkret vurdering i hvert enkelt tilfelle.»
Utlendingsdirektoratet uttaler m.a.:
«Utlendingsdirektoratet er i utgangspunktet enig i at det er en fordel at minoritetsspråklige elever snarest mulig får komme sammen med jevnaldrende og at dette kan øke rekrutteringen til videregående og høyere utdanning. Vi ser imidlertid en viss risiko for at disse elevene uten fullført grunnskoleutdanning, vil stille med enda større handikap i forhold til medelelevene enn det vi vet enkelte minoritetsspråklige elever med fullført grunnskole i Norge allerede gjør. Forskjellene i basiskunnskaper blant elever med og uten fullført grunnskole kan bli uforholdsmessig store. Dessuten har de minoritetsspråklige elevene en utfordring i å lære norsk som kommunikasjons- og fagspråk. For å kompensere for dette, er det avgjørende at den videregående skolen kan gi et pedagogisk tilbud som gjør disse elevene i stand til å ta igjen det faglige forspranget de andre elevene har, parallelt med at de skal følge den videregående opplæringen. En må unngå at disse elevene blir tapere i forhold til øvrige elever, og at den videregående skolen for enkelte blir en form for «oppbevaring» uten noe læringsmessig utbytte som de kan bygge videre på i arbeidsliv eller høyere utdanning. Frafallet fra videregående opplæring er allerede høyere blant minoritetsspråklige elever enn blant andre. Det blir derfor viktig at elever som i utgangspunktet stiller med svakere basiskunnskaper, gis den oppfølging og støtte som er nødvendig for at de skal kunne fullføre løpet. Dette vil by på pedagogiske og ressursmessige utfordringer som den videregående skolen må være i stand til å møte.»
Fylkesmannen i Sør-Trøndelag uttaler:
«Fylkesmannen støtter intensjonen med lovendringen, men frykter at lovteksten vil virke mot sin hensikt og heller redusere rettssikkerheten for denne gruppen elever. Ansvaret for opplæringen utydeliggjøres og forslaget øker risikoen for at verken kommune eller fylkeskommune vil iverksette grunnskoleopplæring. Uklarheten vil kunne medføre at opplæringstilbudet utsettes i tid, noe vi vet er svært uheldig, ikke minst for denne gruppen elever. Ordlyden; «at det kan vere formålstenleg» gjør at det fylkeskommunale skjønnet blir svært sentralt, og i realiteten begrenses klageinstansens mulighet til å overprøve vedtaket. Vi frykter for at økonomiske forhold vil prege vurderingene i vedtaket.»
Mange høringsinstansar presiserer også at dersom forslaget blir fremja, må det utarbeidast forskrift med presise retningslinjer for kva som skal liggje i den konkrete vurderinga for inntak, og reglar for korleis ein skal løyse spørsmålet om dokumentasjon og vitnemål for fullført grunnskoleopplæring når denne blir avslutta i vidaregåande opplæring.
6.3.3 Dei som går imot forslaget
Dei som går imot forslaget er 5 kommunar, 13 fylkeskommunar og Høgskolen i Agder,og desse har først og fremst trekt fram følgjande:
Forslaget fører til uklar ansvarsfordeling mellom kommune og fylkeskommune, noko som igjen vil kunne gå ut over elevane.
Kommunen har kompetansen og ressursane til å gi grunnskoleopplæring.
Men det blir også vist til at
forslaget berre vil gjelde den gruppa som har lite igjen før grunnskolen er fullført (antyda om lag eitt år i høringsbrevet). Det betyr at det framleis vil vere ei større gruppe ungdom med manglande grunnskoleopplæring som i alle tilfelle må få denne i kommunal regi;
denne ungdomsgruppa har per i dag lovfesta rett til grunnskoleoplæring i kommunal regi, jf. opplæringslova § 4A-1 (dvs. ikkje noko rettstomt rom).
Oppegård kommune meiner lovforslaget
«vil kunne øke sjansen til frafall fra videregående skole. Elevene mangler de grunnleggende kunnskapene i norsk og de faglige kravene blir for store. Elevene mister motet, får ikke den oppfølgingen de trenger og slutter. På grunn av manglende språkkunnskaper, vil det ikke nødvendigvis bli mer kontakt med jevnaldrende ungdom. Rådmannen stiller seg tvilende til at man skal kunne gi et bedre grunnskoletilbud til minoritetsspråklige elever mellom 16 og 19 år på fylkeskommunalt nivå. Kommunen har gjennom flere år opparbeidet stor kompetanse på feltet og fått erfaring i hvordan man skal gjennomføre den manglende grunnskoleopplæringen. Det er også å bemerke at mange elever er mindreårige asylsøkere. De har ikke nettverk eller familie til å støtte seg gjennom skoleløpet. Det er derfor svært viktig at de er modne nok både mentalt og faglig før de starter på et videregående skoleløp. Rådmannen mener elevene får et bedre tilbud ved grunnskoleopplæring på kommunalt nivå.»
Bergen kommune uttaler:
«Bergen kommune er enig i målsettingen om å øke rekrutteringen til videregående opplæring. Kommunene har i dag ansvar for opplæring på grunnskolens område ut fra et prinsipp om ansvarsplassering ut fra kompetanseområde. Det er stor frihet med hensyn til organisering av opplæringstilbud, og nåværende lovbestemmelse er ikke til hinder for tilknytning til en videregående skole. Etter St.meld. nr. 30 Kultur for læring vil det dessuten bli arbeidet med styrking av samarbeidet mellom kommune og fylkeskommune på ulike felt. En viktig forutsetning for godt samarbeid er imidlertid at ansvar er tydelig plassert og avgrenset.» Kommunen mener at «inntil prinsipper og konsekvenser er nærmere utredet bør forslaget trekkes og nåværende ordning videreføres.»
6.4 Vurderingar og forslag frå departementet
Departementet viser til at forslaget har fått relativt lite tilslutning, medan det er eit stort fleirtal av høringsinstansane som anten går imot forslaget eller som støttar det under bestemte føresetnader. På denne bakgrunnen er departementet komme til at forslaget i høringsutkastet ikkje blir halde oppe.
Målsetjinga med forslaget var auka rekruttering av innvandrarar til vidaregåande opplæring og høgare utdanning. Høringsfråsegnene viser at det kan vere grunn til å tvile på om målsetjinga med lovforslaget kan nåast. Fråfallet i vidaregåande opplæring blant minoritetsspråklege elevar er per i dag høgare enn blant majoritetsspråklege, og høringsinstansane er bekymra for at forslaget kan medføre større sjanse for ytterlegare fråfall. Det er også peikt på at forslaget fører til uklar ansvarsfordeling mellom kommune og fylkeskommune, noko som også vil kunne gå ut over elevane. Etter departementet sitt syn er dette tungtvegande omsyn som taler for at kommunane framleis bør ha ansvaret for den grunnskoleopplæringa det her er tale om, og at denne skal vere gjennomført før inntak til vidaregåande opplæring.
Høringsinstansar viser også til at forslaget vil føre til større meirutgifter for fylkeskommunen, og mindre innsparing for kommunane enn det departementet har lagt til grunn i høringsbrevet. Mange høringsinstansar støttar forslaget under føresetnad av at staten gir full økonomisk kompensasjon til fylkeskommunane.
Departementet vil også vise til at ungdom som er over opplæringspliktig alder, og som ikkje har rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1 på grunn av at grunnskolen ikkje er fullført, har rett til grunnskoleopplæring for vaksne etter opplæringslova § 4A-1. Alle har rett til å få nødvendig grunnskoleopplæring for inntak til vidaregåande opplæring. Ansvaret for gjennomføringa og finansieringa av opplæringa er lagt til kommunen, men kommunen har stor fridom til å organisere opplæringstilbodet, og opplæringslova er heller ikkje til hinder for at grunnskoleopplæringa kan leggjast til ein vidaregåande skole.
Ungdom som har fullført grunnskolen eller tilsvarande opplæring, har rett til tre års vidaregåande opplæring, jf. opplæringslova § 3-1. Inntaksvilkåra er nærmare regulert i forskrifta § 6-10. Eitt av vilkåra er at søkjaren har gjennomgått utdanning tilsvarande norsk grunnskole. Det er ikkje presisert nærmare kva som ligg i dette. Kravet går i praksis ut på at søkjaren har eit visst antal år i grunnskole frå heimlandet og/eller Noreg som i omfang tilsvarar norsk grunnskole. Departementet vil foreslå å endre forskrifta § 6-10 slik at det blir klarare kriterium for kva som er meint med at søkjaren har gjennomgått utdanning tilsvarande norsk grunnskole. Ei presisering av denne forskriftsføresegna vil få betydning for denne ungdomsgruppa.