14 ILO-rekommandasjon. Utvikling av menneskelege ressursar: Utdanning, opplæring og livslang læring
14.1 Innleiing
17. juni 2004 vedtok ILO (International Labour Organisation) ILO-rekommandasjon nr. 195 om utvikling av menneskelege ressursar: utdanning, opplæring og livslang læring. ILO-rekommandasjon nr. 195 av 2004 erstattar ILO-rekommandasjon nr. 150 av 1975 Human resources development and training.
Ein rekommandasjon inngår som ein del av det internasjonale rammeverket som gir føringar for politikkutforminga innanfor sektoren i medlemslanda. Rekommandasjonen er likevel ikkje folkerettsleg bindande.
I samsvar med ILOs konstitusjon er medlemslanda forplikta til å gjere vedtekne rekommandasjonar kjende for dei lovgivande myndigheitene innan eitt år.
Heile rekommandasjonen er vedlagd.
14.2 Formålet med rekommandasjonen
Rekommandasjonen skal fungere som eit instrument for å utvikle og leggje til rette for livslang læring. Sjølv om rekommandasjonen slår fast at livslang læring omfattar alle nivå i utdanningssystemet, er målgruppa i dokumentet hovudsakleg vaksne. Rekommandasjonen slår vidare fast betydninga av trepartssamarbeidet og det ansvar dei ulike partane har for å leggje til rette for at livslang læring blir ein realitet.
Rekommandasjonen skal såleis vere eit instrument for medlemslanda til å
anerkjenne at utdanning i eit livslangt læringsperspektiv er viktig for å fremje interessene til enkeltindividet, arbeids- og næringslivet og samfunnet, spesielt når det gjeld utfordringar som full sysselsetjing, sosial integrasjon og å halde oppe den økonomiske veksten i den globale økonomien;
fornye pliktene til alle aktuelle partar, ved at regjeringane forsterkar investeringane i utdanning på alle nivå, og ved at partane i arbeidslivet, og den enkelte sjølv, nyttar dei tilgjengelege moglegheitene;
identifisere samanhengar mellom utdanningspolitikk og andre politikkområde som er viktige for å halde oppe den økonomiske veksten;
fremje ordna arbeidsforhold for alle, både kvantitativt og kvalitativt, og å auke tilgjenget til utdanning og arbeid for sårbare grupper;
anbefale at medlemslanda formulerer, bruker og revurderer den nasjonale utdanningspolitikken slik at han blir konsistent i forhold til og komplementerer andre politikkområde. Arbeidet må vere basert på sosial dialog og reflektere rollene mellom myndigheitene og partane i arbeidslivet.
14.3 Hovudpunkt i rekommandasjonen
Kapittel 1beskriv formål, verkeområde og definisjonar for utforminga av ein nasjonal politikk for å utvikle menneskelege ressursar i eit livslangt læringsperspektiv. Utforminga av den nasjonale politikken på feltet skal gå føre seg på grunnlag av sosial dialog og vere i samsvar med andre politikkområde.
Kapittel IIomhandlar utviklinga og iverksetjinga av utdannings- og opplæringspolitikken. I samarbeid med partane skal medlemslanda utvikle strategiar og rammeverk for utdanning og opplæring på alle nivå, frå det nasjonale nivået til det enkelte føretaket. Vidare blir det peikt på det ansvaret det offentlege har for grunnleggjande utdanning og opplæring før inngangen i arbeidslivet. Utdanning og opplæring før inngangen i arbeidslivet er definert som obligatorisk grunnutdanning, som omfattar grunnleggjande kunnskapar, lese-, skrive- og reknedugleik og formålstenleg bruk av IKT.
Kapittel IIIomhandlar utdanning og opplæring før inngangen i arbeidsmarknaden. I samarbeid med partane skal det skapast betre høve for alle til å heve sine kvalifikasjonar for sysselsetjing. Det skal utviklast system for å anerkjenne ikkje-formell opplæring, særleg for vaksne, og for å betre tilgjenget til yrkes- og karriererettleiing og rettleiing om arbeidsmarknaden for dei utdanningssøkjande. Vidare skal medlemslanda sørgje for relevante utdanningsprogram og yrkesopplæring som opnar for godkjenning av kompetanse som er relevant i arbeidsmarknaden.
Kapittel IVomhandlar dei ulike partane sitt ansvar for og deltaking i utvikling av kompetanse: det ansvar det offentlege har for å leggje til rette tilbod, arbeidsgivarane sitt ansvar for å investere i opplæring, og arbeidstakarane sitt ansvar for å stimulere til deltaking i opplæringstilboda.
Kapittel Vomhandlar opplæring som verkemiddel for anstendig arbeid og sosial integrasjon. Det blir peikt på det grunnleggjande ansvaret det offentlege har for personar som står utanfor arbeidsmarknaden og for personar med spesielle behov.
Kapittel VIomhandlar utvikling av rammeverk for anerkjenning og godkjenning av fagleg dugleik, uavhengig av kvar dugleiken er opparbeidd og om han er tileigna på formell eller uformell vis.
Kapittel VIIomhandlar det ansvaret medlemslanda har for å leggje til rette for eit mangfald av opplæringstilbod innanfor nasjonale rammeverk for kvalitetssikring.
Kap VIIIomhandlar det ansvaret medlemslanda har for å leggje til rette for tilgjenge til karriere og opplæringsstøtte, og å samarbeide med partane i arbeidslivet om å klargjere roller og ansvar for dei enkelte aktørane.
Kap IXomhandlar forsking og utvikling innanfor kompetansesektoren og gjennomføring av analysar av arbeidsmarknaden. Det er føresett at det blir oppretta databasar på alle nivå, med detaljert informasjon.
Kap Xomhandlar internasjonalt og teknisk samarbeid for å fremje utviklinga av menneskelege ressursar. Samarbeidet skal medverke til etablering av anstendige jobbar og dermed til økonomisk vekst.
14.4 Vurdering frå departementet
Departementet støttar dei grunnleggjande intensjonane i rekommandasjonen og meiner dei fleste paragrafane er i samsvar med norsk kompetansepolitikk. Noreg har allereie etablert system og komme langt i utvikling i forhold til anbefalingane i rekommandasjonen. Etter departementet si vurdering vil rekommandasjonen derfor ha størst betydning som verkemiddel for politikkutforminga i utviklingsland. I prosessen har Noreg hovudsakleg prøvd å forenkle rekommandasjonen og å definere eit innhald som ligg på eit realistisk nivå, særleg for utviklingsland.
Enkelte av føresegnene i rekommandasjonen treng særleg omtale:Punkt 5f om å
«styrkje den sosiale dialogen og kollektive forhandlingar om opplæring på internasjonalt, nasjonalt, regionalt og lokalt nivå, og på sektor- og føretaksnivå, som eit grunnleggjande prinsipp for utvikling av system og for relevansen, kvaliteten og kostnadseffektiviteten i programma»:
Dette er den mest omstridde paragrafen og inneber ei klar interessemotsetning mellom arbeidstakar- og arbeidsgivarsida, noko som også kom til uttrykk i forhandlingane. Konsekvensen av forslaget kan bli ei uheldig samanblanding av kompetansepolitikken og lønns- og tariffpolitikken. Departementet meiner det er viktig for alle land å føre ein kompetansepolitikk som medverkar til nødvendig utvikling og omstilling i arbeids- og samfunnslivet, og som gjer den enkelte eleven/arbeidstakaren rusta til å møte endringane. Dersom kompetansepolitikken blir for sterkt knytt til lønns- og tariffpolitikken, kan det motverke ei slik utvikling fordi merksemda vil vere retta mot her-og-no-behova hos den enkelte arbeidstakaren. I Noreg er det lange tradisjonar for trepartssamarbeid i fag- og yrkesopplæringa. Samarbeidet er regulert gjennom Samarbeidsrådet for yrkesopplæringa (SRY) og faglege råd. Denne oppbygginga og mandata for råda inneber at dei fungerer som fora for utvikling. Det er derfor etablert ein kultur for å oppnå felles forståing av politikkutforminga i Noreg. Departementet vil byggje vidare på dette samarbeidet gjennom råda. Men denne føresegna har ført til at arbeidsgivarorganisasjonane i alle medlemslanda har reservert seg mot rekommandasjonen. Departementet beklagar at det ikkje lukkast å komme fram til semje på dette punktet, og meiner dette kan medverke til å svekkje autoriteten av rekommandasjonen.
Punkt 9j om å
«oppmode multinasjonale selskap om å gi opplæring til alle sine tilsette på alle nivå, både i heimlandet og i andre land der dei har verksemder, for å komme føretaka sine behov i møte og å medverke til utvikling i landet»:
I forhandlingane peikte arbeidstakarsida og mange av regjeringane på det ansvaret dei multinasjonale selskapa har for å medverke til velstandsutvikling gjennom kompetanseutvikling av arbeidstakarar, særleg for verksemder i den tredje verda. Desse partane ønskte også ei tydelegare presisering av den økonomiske ansvarsdelinga. Arbeidsgivarsida støtta prinsippet om ansvar for kompetanseutvikling hos dei multinasjonale selskapa, men meinte dette arbeidet må gå føre seg på frivilleg basis. Departementet meiner det er viktig å presisere det ansvaret for kompetanseutvikling dei multinasjonale selskapa har når det gjeld lokal arbeidskraft, særleg når dei opererer i utviklingsland. Departementet hadde derfor forventa ei formulering som gav ei tydelegare ansvarsplassering på dette punktet.
Kapittel VI om rammeverk for anerkjenning og godkjenning av fagleg dugleik ligg nær opp til dei tiltaka Noreg allereie har sett i verk, f.eks. når det gjeld vurdering av realkompetanse. Føresegnene er også i samsvar med EUs arbeid med eit kvalifikasjonsrammeverk som skal medverke til å fremje mobilitet, jf. ambisjonane i København-erklæringa.
Føresegnene i punkta 18 og 19 om innhenting av data og utvikling av indikatorar for komparative studium føreset ein detaljeringsgrad som det kan bli vanskeleg å oppnå. Det er føresett informasjon frå verksemdnivået som det ikkje er mogleg å få utan betydelege kostnader. Dette er også påpeikt av NHO.
Å utvikle eit formålstenleg datagrunnlag og indikatorar for måling av kvaliteten i fagopplæringa er eit viktig punkt i samband med København-erklæringa. Departementet har eit nært samarbeid med partane i arbeidslivet i oppfølgingsarbeidet, og vil sjå dette i samanheng.