15 Økonomiske og administrative konsekvensar av lovforslaga
Grunnskolen skal delast i eitt barnetrinn og eitt ungdomstrinn:
Forslaget har ikkje økonomiske eller administrative konsekvensar.
Nye nemningar på nivå og grupper av fag i vidaregåande opplæring:
Forslaget har ikkje økonomiske eller administrative konsekvensar.
Lovheimlar for fastsetjing av læreplanar og omfanget av opplæringa:
Forslaget har ikkje økonomiske eller administrative konsekvensar.
Saksbehandlingsreglar for spesialundervisninga:
Forslaga kan føre til at kompetansen i høvesvis skolen og PP-tenesta blir utnytta meir effektivt, under dette at det blir skapt rom for at PP-tenesta kan drive meir systemretta arbeid. Dersom kommunen/fylkeskommunen ikkje har ein god intern vedtaksprosess og skolen ikkje får til ein god dialog med elevar/foreldre, kan den auka handlefridommen som forslaget legg opp til, føre til uro, og dermed fleire klagesaker til fylkesmannen. Sidan målet er å få større effekt av den samla kompetansen, slik at opplæringa kan bli betre, kan det ikkje leggjast til grunn at forslaga vil gi innsparing.
Endring av retten til vidaregåande opplæring for ungdom:
Forslaget til endring inneber at elevane kan ta ut retten til vidaregåande opplæring innan dei fyller 24 år. I dag må denne retten takast ut innan fem (eventuelt seks) år etter at grunnskolen er fullført.
Det er ikkje foreslått noka endring i talet på år da elevane har rett til vidaregåande opplæring. Når eleven startar i vidaregåande opplæring, må retten takast ut i løpet av fem (seks) år. Det er heller ikkje foreslått noka utviding av ansvaret til oppfølgingstenesta. Endringa får ikkje tilbakeverkande kraft og skal berre gjelde for elevar som går ut av grunnskolen f.o.m. våren 2005.
Fylkeskommunen har i dag plikt til å gi tre års heiltids vidaregåande opplæring til all ungdom som har fullført grunnskolen. Forslaget til lovendring inneber ikkje nokon auke i talet på ungdommar som har rett til vidaregåande opplæring.
At dei elevane som er mest skoleleie eller usikre på valet av vidaregåande utdanning, får betre tid til å tenkje seg om, kan auke motivasjonen og føre til mindre fråfall, færre omval og større grad av gjennomføring på normert tid.
Forslaget vil ikkje ha vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar.
Ansvar for kompetanseutvikling:
Departementet foreslår ei lovendring som inneber ei klargjering av § 10-8 i opplæringslova, slik at det ansvaret skoleeigaren har for kompetanseutvikling i eiga verksemd, kjem tydelegare fram. Lovendringa er ei presisering av det ansvaret skoleeigarane har for kompetanseutvikling i dag, og medfører ikkje auka ressursbruk for skoleeigarane. Endringa vil ikkje ha økonomiske eller administrative konsekvensar.
Åremålstilsetjing for rektorar:
Departementet foreslår at rektorar kan tilsetjast anten i faste stillingar eller i åremålsstillingar. Det er føresett at eventuelle auka kostnader til administrasjon, lønn e.l. som følgje av åremålstilsetjingar er ein del av den vurderinga skoleeigarane må gjere i samband med valet mellom å tilsetje rektorar i faste stillingar eller åremålsstillingar.
Friare val av skole og skoletilbod i vidaregåande opplæring:
Departementet foreslår ei endring i dagens forskriftsheimel, slik at departementet på eit seinare tidspunkt eventuelt kan komme tilbake med forslag til endring av forskrifta til opplæringslova i retning av friare val av skole og skoletilbod i vidaregåande opplæring. Ei slik endring vil i så fall bli gjenstand for ny høring i eige høringsbrev. Forslaget til endring av forskriftsheimelen vil ikkje ha økonomiske eller administrative konsekvensar.
Skolemiljøutval:
Departementet foreslår at det skal opprettast skolemiljøutval ved alle skolar. Dette vil komme i tillegg til dei allereie eksisterande lovpålagde rådsorgana i skolen. Skolemiljøutvalet kan setjast saman av samarbeidsutvalet og tilleggsrepresentantar for elevane og foreldra. Endringa kan medføre noko auka møteverksemd for representantar for skoleleiingane, dei tilsette og skoleeigarane, men dette bør kunne dekkjast innanfor eksisterande budsjettrammer. Endringa er føresett ikkje å medføre vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar.
Politiattest for personar som skal tilsetjast i vidaregåande skole
Departementet foreslår å innføre eit krav om politiattest for personar som skal tilsetjast i vidaregåande opplæring. Forslaget vil kunne gi noko større arbeidsbelastning og noko auka kostnader for politietaten. Samla kan dette reknast til i underkant av 30 vekeverk på landsbasis for politietaten. Det er føresett at dette kan dekkjast innanfor dei eksisterande budsjettrammene.