7 Forslag om endring av retten til vidaregåande opplæring for ungdom
7.1 Gjeldande rett
Etter opplæringslova § 3-1 har ungdom med fullført grunnskole eller tilsvarande etter søknad rett til tre års heiltids vidaregåande opplæring. Ungdom har rett til å komme inn på eitt av tre alternative grunnkurs og til to års vidaregåande opplæring som byggjer på grunnkurset. Retten til vidaregåande opplæring blir etter søknad om omval utvida med inntil eitt år. Elev med rett til spesialundervisning etter opplæringslova kapittel 5 har rett til vidaregåande opplæring i inntil to år ekstra når eleven treng det i høve til opplæringsmåla for den enkelte. Retten til vidaregåande opplæring må normalt takast ut innan fem år etter fullført grunnskole, og innan seks år når opplæringa heilt eller delvis blir gitt i lærebedrift. Elevar i vidaregåande skole kan ha rett til spesialundervisning etter kapittel 5 og til skyss etter kapittel 7 i opplæringslova.
Etter § 4A-3 første ledd i opplæringslova har vaksne fødde før 1978 som har fullført grunnskole eller tilsvarande, men som ikkje har fullført vidaregåande opplæring, etter søknad rett til vidaregåande opplæring. Dei har også rett til å få vurdert realkompetansen sin og til å få utferda kompetansebevis. Vidaregåande opplæring for vaksne skal, m.a. på grunnlag av ei vurdering av realkompetansen, tilpassast til dei behova den enkelte har. Retten er ikkje avgrensa når det gjeld tidsbruken.
7.2 Høringsutkastet frå departementet
I høringsutkastet frå departementet vart det vist til at sjølv etter innføringa av rett til vidaregåande opplæring for ungdom og rett til vidaregåande opplæring for vaksne som er fødde før 1978, er det i dag personar som er utan rett til vidaregåande opplæring. Etter departementet si vurdering har dette samanheng med at ein del ungdommar ikkje er motiverte for vidaregåande opplæring direkte etter grunnskolen. Andre har av ulike grunnar slutta undervegs. Dei har ikkje rett til vidaregåande opplæring som vaksne fordi dei er fødde etter 1978. Ei anna gruppe utan rett til vidaregåande opplæring er innvandrarar som har komme til Noreg så seint at dei ikkje har kunna nytte ungdomsretten.
Departementet viste til St.meld. nr. 30 (2003-2004) der det ble foreslått ei aldersgrense på 25 år for uttak av ungdomsretten. Dette vart grunngitt med at det vil kunne ta hand om vaksne sine behov på ein betre måte enn i dag. I meldinga vart det likevel presisert at ei slik aldersgrense berre er ei av fleire moglege endringar for å sikre at vaksne skal ha høve til å fullføre eller ta vidaregåande opplæring seinare i livet.
I Innst. S. nr. 268 (2003-2004) vart det vist til at Regjeringa har varsla at det vil bli utarbeidd ein langsiktig strategi for kompetanseutvikling fram mot 2010. Komiteen føresette at departementet vil vurdere ulike løysingar for å stimulere til kompetanseheving, m.a. stimulere vaksne til å ta vidaregåande utdanning, i samband med utarbeidinga av strategiplanen.
Departementet uttalte i høringsutkastet at utdanning har mykje å seie for både samfunnet og den enkelte, og det er eit problem at talet på personar utan vidaregåande opplæring stadig aukar. På denne bakgrunnen foreslo departementet å utvide retten for ungdom til vidaregåande opplæring fram til og med det året dei fyller 24 år. På denne måten vil den enkelte få betre tid til å tenkje seg om og bli meir motivert når det gjeld val av studieretning.
I forlenginga av dette forslaget vurderte departementet også om gjeldande tidsgrenser for bruken av retten bør førast vidare. Departementet viste i denne samanhengen til at ein ved å utvide ungdomsretten til 24 år kan få ein negativ verknad for gjennomføringa. Departementet kom derfor til at regelen i opplæringslova § 3-1 om at retten må takast ut innan fem (seks) år, bør førast vidare, men i ei noko endra form. Høringsutkastet inneheldt to alternative forslag. Det eine alternativet er at retten til vidaregåande opplæring som hovudregel må takast ut i løpet av ein samanhengande periode på fem år rekna frå det tidspunktet vedkommande begynner i vidaregåande opplæring, og ikkje som i dag frå det tidspunktet vedkommande har fullført grunnskolen. Dette forslaget inneber at den disiplinerande effekten ein reknar med ligg i at vidaregåande opplæring må gjennomførast i løpet av ei viss tid, framleis er til stades.
Det andre alternativet som vart foreslått i høringsutkastet, er å oppheve kravet om at retten til vidaregåande opplæring normalt må takast ut innan fem år. Dette alternativet inneber at ungdom, etter å ha fullført grunnskolen, fritt kan velje når dei vil ta ut retten til vidaregåande opplæring, så lenge heile retten blir teken ut innan utgangen av det året vedkommande fyller 24 år. For den enkelte ungdommen vil dette forslaget innebere stor fleksibilitet og kunne medverke til at kvar enkelt begynner på vidaregåande opplæring når motivasjonen er størst. Slik sett kan dette alternativet medverke til at fleire av dei som begynner på vidaregåande opplæring, også fullfører utdanninga. På den andre sida vil det kunne gjere dei årlege elevtala i vidaregåande opplæring meir uføreseielege. På grunnlag av desse to alternativa bad departementet spesielt om høringsinstansane sitt syn på spørsmålet om det bør vere ei tidsgrense knytt til retten til vidaregåande opplæring for unge.
7.3 Høringsinstansane
Eit klart fleirtal av dei høringsinstansane som har uttalt seg til dette punktet, sluttar seg til prinsippet om å utvide ungdomsretten til 24 år. Blant dei få høringsinstansane som er imot endringa, er Kommunenes Sentralforbund (KS).KS uttaler at mykje taler for utviding, men at spørsmålet må vurderast grundigare. Blant dei som sluttar seg til forslaget, er Samordna Opptaksom viser til at den foreslåtte endringa vil vere positiv for innvandrarar. Det same meiner Innvandrernes Landsorganisasjonog Utlendingsdirektoratet.
Blant høringsinstansane er det eit fleirtal som sluttar seg til alternativ 2 i høringsutkastet. Grunngivingane er i hovudsak knytte til at dette alternativet gir større fleksibilitet for ungdommen enn alternativ 1, og til betydninga av at ungdommen er motivert for vidaregåande opplæring.
Av fylkeskommunane er det likevel drygt halvparten som sluttar seg til alternativ 1. Fleire av desse fylkeskommunane viser til at alternativ 1 vil verke mest disiplinerande, samtidig som dei viser til at alternativ 2 gjer grunnlaget for planlegginga i fylkeskommunane meir uføreseieleg. Utdanningsforbundet uttaler at alternativ 1 vil gi best gjennomstrøyming. Rogaland fylkeskommune går imot forslaget om utviding av ungdomsretten og grunngir dette med at forslaget er for dårleg utgreidd. Subsidiært støttar denne fylkeskommunen alternativ 2. Fleire av fylkeskommunane meiner at oppfølgingstenesta berre skal ha ansvar fram til fylte 20 år.
Skolenes Landsforbundgir ikkje tilslutning til nokon av alternativa, men meiner at vaksenretten og oppfølgingstenesta bør styrkjast. Det same synspunktet har Sarpsborg kommune.
Fleire av høringsinstansane reiser spørsmålet om kva konsekvensar ei utviding av ungdomsretten vil få for den fylkeskommunale oppfølgingstenesta. Det blir vist til at dersom ansvaret til oppfølgingstenesta blir utvida tilsvarande, vil dette innebere økonomiske og administrative meirkostnader. Somme av instansane foreslår derfor at det ansvaret oppfølgingstenesta har, ikkje skal utvidast i høve til gjeldande ordning. Det blir i tillegg vist til at behovet for oppfølgingstenesta vil vere mindre dess eldre ungdommen er.
7.4 Vurderingar og forslag frå departementet
Etter departementet si vurdering er det bekymringsfullt at talet på personar utan vidaregåande opplæring er aukande. Det vil derfor vere formålstenleg å gjere regelverket meir fleksibelt, slik at høvet til å få vidaregåande opplæring blir utvida. Det vil m.a. opne for at fleire ungdommar kan vente med å ta ut retten til vidaregåande opplæring til dei er tilstrekkeleg motiverte. Dette kan gjerast ved å utvide ungdomsretten slik at han må takast ut innan utgangen av det året vedkommande fyller 24 år. Departementet har merkt seg at høringsinstansane har ulike syn når det gjeld spørsmålet om det framleis bør vere ei tidsgrense knytt til ungdomsretten til vidaregåande opplæring. Etter departementet sitt syn har tidsgrensa slik ho er etter gjeldande reglar, ein disiplinerande effekt som bør haldast oppe.
På denne bakgrunnen foreslår departementet at opplæringslova blir endra slik at retten til vidaregåande opplæring for ungdom gjeld fram til utgangen av det året vedkommande fyller 24 år. Vidare foreslår departementet at dagens reglar om at retten må takast ut innanfor ei tidsramme på fem (seks år) blir ført vidare. Dette betyr at den vidaregåande opplæringa må fullførast i løpet av fem (seks) år frå det tidspunktet vedkommande begynner på opplæringa.
Departementet sluttar seg til dei av høringsinstansane som peiker på at behovet for den fylkeskommunale oppfølgingstenesta vil vere mindre dess eldre ungdommen er. Departementet vil derfor ikkje foreslå at ansvaret for oppfølgingstenesta blir utvida, men at dagens reglar blir førte vidare. Dagens reglar inneber at oppfølgingstenesta har ansvar i fem (seks) år etter at vedkommande har fullført grunnskolen, dvs. til ungdommen er om lag 21 år. Departementet foreslår derfor ei endring i lova som inneber at fylkeskommunen skal ha ei oppfølgingsteneste for ungdom til og med det året dei fyller 21 år.
Elles viser departementet til lovutkastet og til merknadene til dei enkelte føresegnene i kapittel 16.