2 Forslag om å dele grunnskolen i eitt barnetrinn og eitt ungdomstrinn
2.1 Gjeldande rett
Sjølv om det ikkje går eksplisitt fram av opplæringslova, er det i praksis lagt til grunn at lova byggjer på ein forpliktande føresetnad om at det er tre hovudtrinn i grunnskolen. Det er berre i § 2-4 fjerde ledd at nemninga «småskoletrinnet» er brukt. Elles er nemningane knytte til det eller dei enkelte klassetrinna.
2.2 Høringsutkastet frå departementet
Forslaget i høringsbrevet frå departementet er i samsvar med vurderingane frå departementet i St.meld. nr. 30 (2003-2004) og komiteen sine vurderingar i Innst. S. nr. 268 (2003-2004). I stortingsmeldinga vart det vist til at ein ved å fjerne nasjonale føresegner om inndeling i småskoletrinn og mellomtrinn vil kunne opne for betre tilpassing til føresetnadene hos den enkelte eleven. Komiteen viste til at det ville gi større handlingsrom for skolane når det gjaldt å skape betre samanheng i opplæringa, og slutta seg dermed til forslaget frå departementet om å oppheve inndelinga av barnetrinnet i eit småskole- og eit mellomtrinn.
På denne bakgrunnen foreslo departementet at det ikkje skal givast nasjonale føresegner om inndeling av barnetrinnet i eit småskoletrinn og eit mellomtrinn, men at skoleeigarane sjølv vel organisering ut frå lokale forhold og behov. Høringsforslaget innebar at ungdomstrinnet blir halde oppe som eige trinn.
2.3 Høringsinstansane
Om lag 80 høringsinstansar har uttalt seg til dette punktet. Dei aller fleste støttar forslaget om at grunnskolen skal delast inn i eitt barnetrinn og eitt ungdomstrinn, og at omgrepet «klassetrinn» blir erstatta med «årstrinn». Det blir m.a. peikt på at dette er eit fornuftig grep som gir rom for større lokal fleksibilitet både når det gjeld pedagogisk opplegg og når det gjeld bruk av ressursar.
Øvre Eiker kommune uttaler:
«Vi ser ikke at denne endringen medfører andre store praktiske konsekvenser enn at den gir større muligheter for fleksibilitet i organiseringen av årstimeramme, fagstoff og progresjon mellom det som tidligere ble kalt småskoletrinn og mellomtrinn i barnetrinnet. Vi har stor tro på at det pedagogiske mangfoldet må understøttes av størst mulig grad av fleksibilitet og støtter derfor forslaget.»
Somme kommunar viser m.a. til at omgrepet årstrinn allereie er innarbeidd, og Rennebu kommune uttaler:
«Kommunen ser positivt på forslag til ny inndeling i grunnskolen. For vår kommune som har fådelte og udelte skoler, vil dette være enklere å forholde seg til mht. organisering og inndeling av gruppene. I få-deltskolen er årstrinnsbegrepet allerede innarbeidet, med den betydning det er tillagt i endringsforslaget.»
Somme instansar peiker på forhold som det bør takast omsyn til.
Universitetet i Oslo v. Institutt for spesialpedagogikk uttaler m.a.:
«Selv om det å operere med ett trinn kan være klargjørende juridisk og administrativt sett, er det fremdeles behov for en pedagogisk hensyntaken til og profilering av opplæringen knyttet til egenskaper ved ulike aldersgrupper. Barnetrinnet, og dermed aldersgruppen fra 6 til 13 år, representerer en periode preget av radikale forandringer og forskjeller i barnets utvikling, og tilsvarende utfordringer for den opplæringen skolen skal møte barnet med. Samtidig som det er behov for å se hele barnetrinnet i sammenheng, er det også behov for å ta hensyn til og tilpasse opplæringen til egenarten ved ulike aldergrupper. Selv om opplæringsloven endres, vil det være fordelaktig at dette tilpasningshensynet fremdeles kommer klart til uttrykk i læreplanverket for grunnskolen.»
Bykle kommune uttaler:
«Å dele inn i eit barnesteg i staden for småskulesteg og mellomsteg vil vel ikkje by på dei store endringane. Men det som kan skje er at på små skular kan dette brukast til å spare ressursar ved å lage grupper på tvers av dei noverande stega og etter dei gamle tala for gruppedeling. Det er viktig å understreka at det framleis må satsast på stabilitet og samanheng for dei gruppene elevane skal høyre til.» Kommunen minner også om at «Førskulelærarar sin status må og avklårast etter årssteg i framtida. I alle fall må dette tenkjast på som ein del av arbeidet i tilknyting til denne lovtekstendringa.»
Skolenes Landsforbund går imot forslaget, og uttaler:
«Departementet har tidligere vektlagt kontinuitet i opplæringen også for dem som flytter, og det er det mange elever som gjør. Ut fra dette vil vi bevare todelingen av barnetrinnet i småskoletrinn og mellomtrinn, slik at elevene er sikret et visst antall årstimer i de ulike fag innenfor bolker som ikke overskrider 4 år.»
2.4 Vurderingar og forslag frå departementet
Departementet fremjar forslag i samsvar med høringsutkastet.
Etter departementets vurderingar bør det gå klart fram av opplæringslova at grunnskolen er delt i to hovudtrinn, eitt barnetrinn og eitt ungdomstrinn, og foreslår endringar i lova i samsvar med dette. Departementet viser i denne samanhengen til at for vidaregåande opplæring er inndelinga nedfelt i lova, jf. opplæringslova § 3-3. Ei lovendring vil også gjere endringa frå inndeling i tre trinn til inndeling i to trinn tydelegare.
Forslaget pålegg ikkje kommunane å gjere endringar i skolestrukturen i kommunen. Skoleeigarane kan framleis fastsetje inndelinga i årstrinn ved den enkelte skolen.
Sidan klasseomgrepet ikkje lenger er brukt i lova, foreslår departementet at omgrepet «klassetrinn» blir endra til «årstrinn».
Elles viser departementet til lovutkastet og merknadene til føresegnene i kapittel 16.