Ot.prp. nr. 57 (2004-2005)

Om lov om endringar i opplæringslova og friskolelova

Til innhaldsliste

5 Forslag om endringar i saksbehandlingsreglane for spesialundervisning

5.1 Gjeldande rett

Gjeldande reglar om spesialundervisning er gitt i opplæringslova kapittel 5, og det er dei same reglane som gjeld for både grunnskole og vidaregåande skole. Sjølve retten til spesialundervisning går fram av § 5-1. Føresegna inneber at elevar som ikkje har eller som ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, har rett til spesialundervisning. Vidare er det fastsett skjønnsmessige kriterium for kva som skal liggje til grunn når det blir teke stilling til kva opplæringstilbodet skal gå ut på. Det er også fastsett at elevar som får spesialundervisning, skal ha det same totale undervisningstimetalet som andre elevar.

Før det blir gjort enkeltvedtak om spesialundervisning, skal det liggje føre ei sakkunnig vurdering av dei særlege behova eleven har, jf. § 5-3. Vurderinga skal ta stilling til både om eleven har behov for spesialundervisning, og kva tiltak som eventuelt bør setjast i verk. Dette er ytterlegare utdjupa, slik at den sakkunnige vurderinga m.a. skal greie ut og ta stilling til følgjande:

  • kva utbytte eleven har av det ordinære opplæringstilbodet

  • lærevanskar hos eleven, og andre særlege forhold som er viktige for opplæringa

  • realistiske opplæringsmål for eleven

  • om ein kan hjelpe på dei vanskane eleven har innanfor det ordinære opplæringstilbodet

  • kva for opplæring som gir eit forsvarleg opplæringstilbod

Dersom enkeltvedtaket avvik frå den sakkunnige vurderinga, skal grunngivinga for vedtaket m.a. vise kvifor vedtaksorganet meiner at eleven likevel får eit opplæringstilbod som er i samsvar med lova, jf. § 5-3 siste ledd.

I § 5-4 er det fastsett at eleven eller foreldra til eleven kan krevje at skolen gjennomfører dei undersøkingane som er nødvendige for å finne ut om eleven treng spesialundervisning, eventuelt kva slags opplæring eleven treng. I tillegg er det fastsett at undervisningspersonalet har eit sjølvstendig ansvar for å vurdere om ein elev har behov for spesialundervisning, og å melde frå til rektor når eit slikt behov ligg føre. Det er også fastsett i § 5-4 at det er nødvendig med samtykke frå eleven eller foreldra til eleven, både for at det kan bli gjort sakkunnig vurdering, og for at det kan bli gitt spesialundervisning. Det står vidare at eleven/foreldra normalt har rett til å gjere seg kjende med innhaldet i den sakkunnige vurderinga. Tilbod om spesialundervisning skal så langt som mogleg utformast i samarbeid med eleven og foreldra, og det skal leggjast stor vekt på deira syn.

I § 5-5 er det fastsett at dei reglane om innhaldet i opplæringa som følgjer av opplæringslova og forskriftene til opplæringslova, gjeld for spesialundervisninga så langt dei passar. Dette gjeld da også læreplanane. I same føresegn er det fastsett at det skal utarbeidast ein individuell opplæringsplan for ein elev som får spesialundervisning. Denne planen skal vise måla for og innhaldet i opplæringa, og korleis opplæringa skal drivast. Vidare er det fastsett at skolen kvart halvår skal utarbeide ein skriftleg rapport som inneheld både ei oversikt over den opplæringa eleven har fått, og ei vurdering av utviklinga til eleven. Skolen skal sende rapporten til eleven/foreldra og til kommunen/fylkeskommunen.

Kommunen og fylkeskommunen skal ha ei pedagogisk-psykologisk teneste (PP-teneste), jf. § 5-6. Det er vidare fastsett at denne tenesta skal hjelpe skolen i arbeidet med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling for å leggje opplæringa betre til rette for elevar med særlege behov, også kalla systemretta arbeid. Det er presisert at denne tenesta skal sørgje for at det blir utarbeidd sakkunnig vurdering der lova krev det.

I § 5-7 er det fastsett at barn under opplæringspliktig alder som har behov for spesialpedagogisk hjelp, har rett til slik hjelp. Også for slik hjelp gjeld mange av dei ovannemnde saksbehandlingsreglane, men da så langt dei passar.

I § 4A-2, om rett til spesialundervisning på grunnskolens område for vaksne, er det fastsett at ei rekkje av reglane i opplæringslova kapittel 5 også gjeld for vaksne.

Reglane om spesialundervisning i opplæringslova kapittel 5 gjeld også for elevar ved frittståande grunnskolar og vidaregåande skolar, jf. friskolelova § 3-6, med unntak av friskolar som er godkjende etter friskolelova § 6A-1 (dvs. skolar som har som formål å gi yrkesretta opplæring som ikkje blir gitt i offentlege vidaregåande skolar).

5.2 Høringsutkastet frå departementet

I høringsutkastet frå departementet er det vist til dei vurderingane som vart gjorde i St.meld. nr. 30 (2003-2004). I meldinga vart det lagt opp til å styrkje høvet til at alle kan få god, tilpassa opplæring. I den samanhengen er det også sentralt at dess betre den alminnelege, tilpassa opplæringa blir handtert, dess færre elevar vil ha behov for spesialundervisning. I meldinga vart det foreslått lagt opp til at retten til spesialundervisning skulle stå ved lag, samtidig som det vart understreka at det er viktig å styrkje kvaliteten på spesialundervisninga. I meldinga vart det i tillegg foreslått lagt fram ei rekkje tiltak for å styrkje både den generelle, tilpassa opplæringa og spesialundervisninga. Desse foreslåtte tiltaka omfatta m.a. forsking og metodeutvikling, erfaringsspreiing, utviklingsarbeid og kompetanseutvikling ved den enkelte skolen og på dei ulike administrative nivåa i systemet. I denne samanhengen vart det vist til at det bør leggjast vekt på utvikling mot eit målretta tilsyn, basert på eit godt datagrunnlag. Sjølv om det i meldinga ikkje vart foreslått teke opp endringar i sjølve retten til spesialundervisning, uttalte departementet at det ville vurdere om saksbehandlingsreglane, under dette reglane om individuelle opplæringsplanar, kan forenklast.

I Innst. S. nr. 268 (2003-2004) uttalte komiteen at det er nødvendig å føre vidare lovføresegna om rett til spesialundervisning for å ta vare på rettstryggleiken for elevane. Komiteen føresette at denne retten ikkje blir svekt gjennom endringar i saksbehandlingskrava eller krava til individuelle opplæringsplanar.

I høringsutkastet viste departementet til premissane slik dei vart lagde i stortingsmeldinga og i innstillinga frå komiteen. Det vart ikkje foreslått endringar i sjølve retten til spesialundervisning. I høringa la departementet til grunn at det overordna utgangspunktet for vurderinga av saksbehandlingskrava må vere kva som kan fremje ei best mogleg tilpassa opplæring som tek hand om dei behova elevane har. Departementet peikte spesielt på betydninga av at reglane medverkar til optimal bruk av kompetansen og kapasiteten både ved den enkelte skolen og i PP-tenesta, samtidig som sentrale rettstryggleiksomsyn blir tilstrekkeleg tekne vare på.

Departementet uttalte vidare at ein vurderer det som gunstig med ei forenkling og oppmjuking av saksbehandlingsreglane i lova i tilknyting til vedtak om spesialundervisning. Samtidig uttalte departementet at enkelte gjeldande saksbehandlingsreglar bør bli tydelegare formulerte i lova.

På denne bakgrunnen foreslo departementet at det som i dag står i § 5-5 om innhaldet i opplæringa, blir redigert og teke inn i § 5-1. På denne måten vil alle reglane i kapittel 5 som har med innhaldet i spesialundervisninga å gjere, stå samla i éin paragraf.

Departementet foreslo vidare ei presisering i lova av når det må gjerast enkeltvedtak i samsvar med reglane i forvaltningslova. Forslaget inneber ingen innhaldsmessige endringar, men er ei presisering som inneber at dette går direkte fram av ordlyden.

Departementet foreslo også at det blir presisert i lova at eit enkeltvedtak om spesialundervisning skal vise kva som skal vere målet for opplæringa og kva tiltaka skal gå ut på. Forslaget er ei presisering av gjeldande rett og inneber ingen innhaldsmessige endringar. Departementet la til grunn for forslaget at vedtaket må vere så klart og tydeleg at det ikkje blir tvil om kva spesialundervisningstilbodet skal gå ut på.

Etter departementet si vurdering er ikkje lova klar når det gjeld forholdet mellom enkeltvedtaket og den individuelle opplæringsplanen. I praksis blir den individuelle opplæringsplanen utarbeidd av skolen innanfor ramma av enkeltvedtaket. Med den foreslåtte presiseringa i lova kan ein sjå enkeltvedtaket som ein individuell opplæringsplan. Den individuelle opplæringsplanen vil da liggje i vedtaket, og departementet foreslo derfor at den separate reguleringa av den individuelle opplæringsplanen som no følgjer av § 5-5, blir oppheva.

I høringsutkastet presiserte departementet at den foreslåtte omlegginga, der sjølve enkeltvedtaket blir definert som ein individuell opplæringsplan, ikkje betyr at enkeltvedtaka generelt sett må utformast meir detaljert enn i dag. Alt må ikkje nødvendigvis fastsetjast i vedtaket. Noko fleksibilitet må aksepterast, men vedtaket må vise kva fleksibiliteten består i. I enkeltvedtaket er det også mogleg å fastsetje at den individuelle opplæringsplanen skal konkretiserast ytterlegare av skolen innanfor ramma av vedtaket.

Departementet foreslo å føre vidare kravet om at skolen skal utarbeide ein halvårsrapport om den spesialundervisninga ein elev har fått. Det same gjeld kravet om at tilbodet om spesialundervisning så langt mogleg skal utformast i samarbeid med eleven og foreldra, og at det skal leggjast stor vekt på deira syn.

Vidare foreslo departementet at føresegna om at det skal liggje føre ei sakkunnig vurdering før det blir gjort vedtak om spesialundervisning, blir oppheva og erstatta med eit krav om at sakkunnig vurdering skal liggje føre når det er nødvendig for å opplyse saka. Departementet viste til at det også innanfor dagens ordning må gjerast ei skjønnsmessig vurdering når ein skal ta stilling til kva for elevar som bør visast til sakkunnig vurdering. Denne vurderinga blir neppe vanskelegare, sjølv om kravet om at det alltid må liggje føre sakkunnig vurdering når det skal gjerast enkeltvedtak, blir oppheva. Det avgjerande er om skolen, m.a. på bakgrunn av erfaring og dialog med eleven og foreldra, vil ha godt nok grunnlag for å gjere enkeltvedtak. Departementet viste vidare til at forslaget vil kunne medverke til at ressursane til sakkunnig vurdering blir brukte optimalt i høve til vanskane og behova, under dette også til å få frigjort ressursar til systemretta arbeid. I tillegg vil forslaget medverke til at elevar ikkje unødvendig må utsetjast for den belastninga det kan vere å gjennomgå ei sakkunnig vurdering.

Departementet foreslo også at gjeldande innhaldskrav til den sakkunnige vurderinga blir oppheva. Departementet meinte at slik innhaldskrava er formulerte, kan det stillast spørsmål ved kva for ein instans som er mest kompetent til å ta stilling til dei, skolen sjølv eller ein sakkunnig instans utanfor skolen. Svaret vil truleg variere både med kven av innhaldskrava det er tale om, og i høve til dei ulike kompetanseprofilane hos skolane og PP-tenestene. Truleg vil dei mest kvalifiserte vurderingane vanlegvis komme som resultat av nært samarbeid mellom den enkelte skolen og PP-tenesta, eventuelt også annan sakkunnig instans. Det vil kunne føre til uheldig bruk av utgreiingsressursane og den samla kompetansen dersom lova på dette området er for rigid utforma.

På denne bakgrunnen foreslo departementet ei føresegn i opplæringslova om at det skal innhentast sakkunnig vurdering når det er nødvendig, og at det ikkje lenger skal stillast særskilde innhaldskrav til denne vurderinga. Departementet viste til at det allereie følgjer av forvaltningslova § 17 at ei sak skal vere forsvarleg opplyst før det blir gjort enkeltvedtak. Dette inneber at kommunen/fylkeskommunen ikkje kan gjere vedtak om spesialundervisning utan at dette kravet i forvaltningslova er oppfylt, under dette med nødvendig bruk av sakkunnige.

I høringsutkastet presiserte departementet at det ikkje er meininga at forslaga skal redusere behovet for kompetanse og kapasitet i PP-tenesta. Departementet viste til betydninga av å få til ei god utvikling av denne tenesta, noko som også er i samsvar med St.meld. nr. 30 (2003-2004).

Vidare foreslo departementet å oppheve det særskilde grunngivingskravet i opplæringslova som gjeld dersom enkeltvedtaket avvik frå den sakkunnige vurderinga. Departementet grunngav forslaget med at kommunen/fylkeskommunen i alle tilfelle vil ha plikt til å grunngi vedtaket etter reglane i forvaltningslova. Departementet foreslo ingen endringar i den retten som eleven/foreldra har til å få gjort seg kjende med innhaldet i den sakkunnige vurderinga. Dette inneber at eleven/foreldra kan klage dersom vedtaksorganet ikkje gjer greie for eventuelle avvik i høve til den sakkunnige vurderinga på tilfredsstillande måte.

Departementet meinte at gjeldande reglar om at eleven/foreldra kan krevje at skolen gjer dei undersøkingane som er nødvendige for å finne ut om eleven treng spesialundervisning, og eventuelt kva slags opplæring eleven treng, er uheldig formulerte. Departementet viste til at det må leggjast til grunn at skolen har eit sjølvstendig ansvar for at desse spørsmåla blir tekne opp. Dette bør gå tydeleg fram av ordlyden i lova, og i høringsutkastet vart det foreslått ei omformulering i samsvar med det. Det ansvaret undervisningspersonalet har for å rapportere til rektor om eventuelle spesialundervisningsbehov, vart foreslått vidareført.

Etter gjeldande rett kan det klagast på vedtak om spesialundervisning til statleg klageinstans. For ytterlegare å sikre rettstryggleiken for eleven, foreslo departementet ei presisering i opplæringslova om at det kan klagast på at det ikkje er gjort enkeltvedtak innan rimeleg tid, eller at saksbehandlingsreglane på annan måte ikkje er følgde, f.eks. at det ikkje er innhenta sakkunnig vurdering. Klageinstansen her skal etter forslaget vere den same.

Som konsekvens av forslaga ovanfor foreslo departementet at opplæringslova § 4A-2 om spesialundervisning på grunnskolens område for vaksne blir justert i samsvar med dei ovannemnde forslaga. Det same gjeld for friskolar, jf. friskolelova § 3-6.

I tillegg foreslo departementet enkelte mindre tekniske justeringar.

5.3 Høringsinstansane

Det har ikkje komme innvendingar frå departementa mot dei foreslåtte endringane.

Blant fylkesmennene er det nokså delte meiningar om dei foreslåtte endringane samla sett, men vurderingane varierer også når det gjeld dei enkeltståande endringsforslaga. Det synest såleis ikkje å vere noko eintydig fleirtal.

Dei aller fleste fylkeskommunane stiller seg gjennomgåande positivt til dei foreslåtte endringane.

Av dei kommunane som har uttalt seg, seier ca. halvparten at det framleis bør vere slik at det alltid må innhentast sakkunnig vurdering i tilknyting til enkeltvedtak om spesialundervisning. Fleire av kommunane peiker på den utfordringa det vil bli for lærarane å måtte ta stilling til om det er nødvendig å innhente sakkunnig vurdering. Mange av kommunane meiner at lærarane i dag ikkje har tilstrekkeleg kompetanse til å ta stilling til dette aleine, og at tida ikkje er moden for ei slik endring. Det er også ein relativt stor del av kommunane, likevel mindre enn halvparten, som framleis vil halde ved lag innhaldskrava i lova til den sakkunnige vurderinga, slik at det ikkje blir for usikkert kva den sakkunnige vurderinga skal innehalde. Omtrent like mange uttaler at lova framleis bør krevje at det skal utarbeidast ein individuell opplæringsplan i tillegg til sjølve enkeltvedtaket. Dei peiker på at det er behov for ei ytterlegare konkretisering av undervisningsopplegget enn det som realistisk sett kan takast inn i eit enkeltvedtak.

Kommunenes Sentralforbunduttaler at det i lovteksten bør presiserast sterkare at prinsippet om tilpassa opplæring skal vere det overordna prinsippet når det gjeld spesialundervisning.

Utdanningsforbundetstiller seg positivt til dei fleste av endringsforslaga. Forbundet uttaler likevel at det bør presiserast i lova at enkeltvedtaket også skal seie noko om omfanget av spesialundervisninga. Dessutan meiner forbundet at det framleis bør vere presisert i lova at foreldra kan krevje at skolen gjer dei nødvendige undersøkingane av om ein elev treng spesialundervisning, sjølv om det blir presisert i lova at skolen har ei sjølvstendig plikt til å ta opp spørsmålet om det ligg føre eit behov for nærmare undersøkingar.

Utdanningsgruppenes Hovedorganisasjonsluttar seg til høringsfråsegna frå Utdanningsforbundet.

Norsk Skolelederforbundstiller seg positivt til endringsforslaga. Det same gjer Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund (YS),men YS presiserer at forslaga ikkje må føre til at dei rettane elevane har, blir svekte. Skolenes Landsforbundstiller seg positivt til dei fleste av endringsforslaga. Forbundet meiner likevel at det bør stå i lova at eleven/foreldra og læraren skal kunne krevje sakkunnig vurdering sjølv om skoleleiinga ikkje finn det nødvendig. Elevorganisasjonenstiller seg positivt til endringsforslaga. Elevorganisasjonen uttaler likevel at ønsket om mindre spesialundervisning og meir tilpassa opplæring for alle krev at det også blir sett inn andre verkemiddel.

Norsk Lektorlag, Landsorganisasjonen i Norge, Næringslivets Hovedorganisasjonhar ikkje merknader til forslaga. Foreldreutvalet for grunnskolen (FUG)stiller seg negativt til dei fleste av forslaga. FUG meiner at forslaga vil føre til svekt rettstryggleik. Barneombodetstiller seg negativt til forslaga, bortsett frå forslaget om å styrkje høvet til å klage.

Statens råd for funksjonshemmaser positivt på forlaget til presisering av når det skal gjerast enkeltvedtak, at sakkunnig vurdering ikkje alltid treng innhentast, og at innhaldskrava til sakkunnig vurdering blir tekne bort. Rådet stiller seg negativt til at det særskilde grunngivingskravet i opplæringslova blir teke bort og berre erstatta av det alminnelege grunngivingskravet i forvaltningslova. I tillegg meiner rådet at det framleis bør stå i lova at foreldra kan krevje at skolen gjer nærmare undersøkingar for å bringe på det reine om eleven har behov for spesialundervisning.

Institutt for spesialpedagogikk ved UIOsluttar seg ikkje til forslaga. Instituttet foreslår dessutan at det blir presisert i lova at den individuelle opplæringsplanen skal utarbeidast av skolen. Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO)sluttar seg heller ikkje til forslaga. FFO meiner at det er behov for meir kompetanse lokalt før ein går inn på den vegen som er foreslått.

Blant andre organisasjonar for ulike brukargrupper som i det vesentlege stiller seg negativt til forslaga, er Norges Handikapforbund, Dysleksiforbundet i Norge, Hørselhemmedes Landsforbund, Norsk foreldreforening for funksjonshemmde, Handikappede barns foreldreforening, ADHD-foreningen, Autismeforeningen i Norge, Støtteforeningen for kreftsyke barnog Innvandrernes Landsorganisasjon (INLO).Kontaktutvalet mellom innvandrarar og myndigheitene seier at ein bør tenkje seg godt om før ein vedtek å gjennomføre dei foreslåtte endringane.

Norsk Psykologforeningstiller seg negativt til mange av forslaga, men sluttar seg til forslaget om å ta bort innhaldskrava til den sakkunnige vurderinga.

Norsk forening for pedagogisk psykologistiller seg negativt til å ta bort det obligatoriske kravet om sakkunnig vurdering og kravet til innhaldet i denne vurderinga. Foreininga er positiv til forslaget om at enkeltvedtaket blir gjort til individuell opplæringsplan.

Universitets- og Høgskolerådetstiller seg negativt til forslaga i dagens situasjon, idet rådet viser til at det er nødvendig med meir kompetanse lokalt.

Sametingetønskjer å halde på kravet om obligatorisk sakkunnig vurdering i samband med spesialundervisning.

Enkelte av friskoleorganisasjonane peiker på at på grunn av den spesielle stillinga friskolane har overfor kommunane, er det på dette området viktig at det skal vere sakkunnig vurdering når det er spørsmål om spesialundervisning.

5.4 Vurderingar og forslag frå departementet

Departementet foreslår i hovudtrekk at forslaga i høringsutkastet blir følgde opp, men på grunnlag av høringsfråsegnene foreslår departementet nokre endringar i høve til høringsutkastet.

Enkeltvedtak og individuell opplæringsplan

Departementet foreslår, i samsvar med høringsutkastet, å endre lovteksten slik at eit enkeltvedtak om spesialundervisning skal sjåast på som ein individuell opplæringsplan. Den særskilde reguleringa av denne planen etter gjeldande lov opphevast.

Gjeldande krav om kva eit enkeltvedtak om spesialundervisning skal innehalde, og kva ein individuell opplæringsplan skal innehalde, inneber ein omgrepsbruk som tilseier at dette tilsynelatande dreier seg om det same, noko som skaper uklare tilhøve. I sitt rettleiingshefte om spesialundervisning har departementet tolka føresegna om individuell opplæringsplan slik at det dreier seg om ei ytterlegare konkretisering frå skolen si side av enkeltvedtaket. Departementet meiner likevel at forholdet mellom enkeltvedtaket og skolen si konkretisering av dette vedtaket bør komme tydelegare til uttrykk i lova enn det gjer etter gjeldande reglar. Spesielt ut frå rettstryggleiksmessige omsyn meiner departementet det er viktig at enkeltvedtaket er så godt utforma at det er mogleg å sjå kva for undervisningsopplegg enkeltvedtaket inneber. Enkeltvedtaket må ha eit innhald som kan praktiserast av skolen i den vidare oppfølginga. På den andre sida må det naturleg nok vere eit visst rom for fleksibilitet i opplegget, fordi ein elles kan risikere at dei behov eleven har, ikkje blir tilstrekkeleg tekne hand om.

Departementet vil i tillegg understreke betydninga av at opplæringsopplegget må kunne evaluerast.

Forslaget om å presisere innhaldskrava for enkeltvedtak i lova gjer det formålstenleg å bruke nemninga individuell opplæringsplan på dette vedtaket.

Det er verken mogleg eller formålstenleg å regulere alle detaljar i den praktiske gjennomføringa av opplæringa i den individuelle opplæringsplanen. Departementet meiner derfor det bør synleggjerast i lovteksten at den individuelle opplæringsplanen kan konkretiserast ytterlegare av skolen innanfor dei rammene som er gitt i planen.

I høringsbrevet foreslo departementet at dei tilfella da det må gjerast enkeltvedtak i samsvar med reglane i forvaltningslova, blir presiserte i lovteksten. Departementet har komme til at dette ikkje bør regulerast særskilt i opplæringslova. Departementet viser likevel til forslaget til nytt punktum i § 5-1 andre ledd, og til dei spesielle merknadene til føresegna i punkt 16.1.

Sakkunnig vurdering

I samsvar med høringsutkastet foreslår departementet å oppheve kravet om at det alltid skal liggje føre sakkunnig vurdering før det blir gjort enkeltvedtak. Departementet foreslår at dette blir erstatta av eit krav om at det skal vere sakkunnig vurdering når det er nødvendig for å opplyse saka. I lys av høringa foreslår departementet likevel at det også skal utarbeidast sakkunnig vurdering når eleven/foreldra ber om det. På denne måten blir lova noko meir smidig enn i dag, samtidig som ein kan unngå uheldige konfliktar mellom skolen og eleven/foreldra. I den grad skolen ikkje sjølv har den nødvendige kompetanse eller kapasitet til å gjennomføre ei forsvarleg vurdering i den enkelte saka, vil det etter departementet sitt forslag vere nødvendig å innhente sakkunnig vurdering. Forslaget om å innhente sakkunnig vurdering når det er nødvendig for å opplyse saka, må sjåast i samanheng med kravet i § 17 i forvaltningslova om at saka må vere så godt opplyst som mogleg før det blir gjort vedtak. Forslaget her inneber i realiteten ei presisering av kravet i forvaltningslova.

På bakgrunn av fleire av dei innspela som har komme frå høringsinstansane, foreslår departementet å føre vidare krava til innhaldet i den sakkunnige vurderinga. Departementet sluttar seg til synspunkta om at gjeldande krav til innhaldet i den sakkunnige vurderinga framleis skal vere relevante i dei tilfella da det er nødvendig å innhente ei slik vurdering.

Grunngivingskravet

I høringsutkastet foreslo departementet å oppheve det særskilde grunngivingskravet i opplæringslova som gjeld dersom enkeltvedtaket avvik frå den sakkunnige vurderinga. Forslaget var grunngitt med at kommunen/fylkeskommunen har plikt til å grunngi vedtaket etter reglane i forvaltningslova. På grunnlag av dei synspunkta som kom fram i høringsrunden, foreslår departementet likevel ein særregel i opplæringslova om at grunngivinga for enkeltvedtaket skal vise kvifor opplæringstilbodet er i samsvar med lova. Etter dagens reglar gjeld det særskilde grunngivingskravet i dei tilfella da vedtaket om spesialundervisning avvik frå den sakkunnige vurderinga. Som følgje av forslaget om å oppheve kravet om at det alltid skal utarbeidast sakkunnig vurdering, må føresegna om det særskilde grunngivingskravet endrast.

Vurdering av behovet for spesialundervisning

I samsvar med høringsutkastet og dei synspunkta som er fremja frå fleire av høringsinstansane, foreslår departementet å presisere i lova at skolen har eit sjølvstendig ansvar for å ta opp spørsmålet om spesialundervisning. Forslaget inneber ingen reelle endringar i høve til gjeldande lov, men inneber at skolen sitt sjølvstendige ansvar kjem klarare fram i lovteksten.

I motsetning til forslaget i høringsutkastet og i lys av høringsinstansane sitt syn foreslår departementet å føre vidare føresegna om at eleven/foreldra kan krevje at skolen gjer nødvendige undersøkingar.

I samsvar med høringsutkastet foreslår departementet at kravet om samtykke frå eleven/foreldra til at det kan innhentast sakkunnig vurdering og for å gi spesialundervisning, blir ståande ved lag.

Klagerett

I høringsutkastet vart det foreslått ein særregel i opplæringslova om sjølvstendig klagerett på at saksbehandlingsreglane ikkje er følgde. Forslaget stod i samanheng med forslaget om ikkje å føre vidare føresegna om at eleven/foreldra kan krevje at skolen gjer nødvendige undersøkingar, jf. ovanfor.

Departementet viser til at klageinstansen etter reglane i forvaltningslova kan ta omsyn til saksbehandlingsfeil når klageinstansen behandlar ein klage på sjølve enkeltvedtaket om spesialundervisning.

På denne bakgrunnen foreslår departementet ingen særregel om sjølvstendig klagerett på at saksbehandlingsreglane ikkje er følgde.

I samsvar med høringsutkastet foreslår departementet likevel ei endring i opplæringslova som gir klagerett for eleven/foreldra dersom det ikkje er gjort enkeltvedtak innan rimeleg tid.

Departementet foreslår nokre systematiske endringar i opplæringslova som følgje av endringane her. Departementet meiner m.a. at det er formålstenleg å samle alle saksbehandlingsreglane i éin paragraf, § 5-2.

Departementet viser elles til lovutkastet og til merknadene til føresegnene i kapittel 16.

Til forsida