3 Forslag om nye nemningar på nivå og grupper av fag i vidaregåande opplæring
3.1 Gjeldande rett
Departementet viser til omtalen av høringsutkastet nedanfor, punkt 3.2, når det gjeld omgrep som er brukte etter gjeldande rett.
3.2 Høringsutkastet frå departementet
Forslaget i høringsutkastet er i samsvar med forslaga i St.meld. nr. 30 (2003-2004). Departementet uttrykte behov for nye nemningar for å markere den fornyinga som er nødvendig i vidaregåande opplæring. Der dette er omtalt i Innst. S. nr. 268 (2003-2004), får det tilslutning.
I høringsutkastet gav departementet uttrykk for at forslaget om nye nemningar vil gjere det tydelegare at det første året i vidaregåande opplæring er ei vidareføring frå grunnskolen og ein del av eit heilskapleg løp i grunnopplæringa. Dei foreslåtte nemningane viser også samanheng og progresjon mellom dei tre åra med vidaregåande opplæring. Departementet presiserte at dei foreslåtte endringane ikkje inneber endringar med rettsleg betydning.
Følgjande nye nemningar vart foreslått til erstatning for dei eksisterande:
Eksisterande nemningar | Nye nemningar |
Studieretningar | Utdanningsprogram |
Grunnkurs (GK) | Vidaregåande trinn 1 (Vg1) |
Vidaregåande kurs 1 (VKI) | Vidaregåande trinn 2 (Vg2) |
Vidaregåande kurs 2 (VKII) | Vidaregåande trinn 3 (Vg3) |
Kurs | Programområde |
Felles allmenne fag | Fellesfag (FF) |
Studieretningsfag | Felles programfag (FPF) |
Valfag/studieretningsfag | Valfrie programfag (VPF) i studieførebuande utdanningsprogram |
Valfag/studieretningsfag | Prosjekt til fordjuping (PF) i yrkesførebuande utdanningsprogram |
Det vart foreslått at tilsvarande endringar også blir gjorde gjeldande i friskolelova.
3.3 Høringsinstansane
Det er sterk og eintydig oppslutning blant høringsinstansane om å innføre nye nemningar på nivå og grupper av fag i vidaregåande opplæring. Alle høringsinstansane, deriblant fylkeskommunane, er svært positive til forslaget og uttaler at innføring av dei nye nemningane vil innebere ei klargjering samanlikna med dei eksisterande. Somme har konkrete merknader til enkelte av nemningane i forslaget. Desse blir omtalte i det følgjande.
Skolenes Landsforbundforeslår at nemninga «kurs» blir ståande, at den eksisterande nemninga «studieretningsfag» blir «programfag», og at «valfag/studieretningsfag» får nemninga «valfrie programfag».
Fylkesmannen i Aust-Agderoppmodar departementet om å vurdere nivånemningane «11.», «12.» og «13. trinn». Dette vil etter fylkesmannens vurdering klargjere at vidaregåande opplæring er ein del av grunnopplæringa, og samtidig få fram at opplæringslova gjeld tilsvarande på dette nivået.
Norsk Lektorlager derimot kritisk til den hyppige omtalen av vidaregåande opplæring som del av grunnopplæringa, og meiner at dette tilslører at opplæring på dette nivået faktisk ikkje er obligatorisk opplæring. Norsk Lektorlag ønskjer i tillegg at dagens «kurs» blir erstatta med nemninga «studielinje» i staden for det foreslåtte «programområde».
Fylkesmannen i Østfolduttaler at det kan vere forvirrande at den eksisterande nemninga «kurs» i forslaget får både nemningane «trinn» og «programområde».
Fylkesmannen i Opplandstøttar ikkje forslaget om innføring av nemninga «Prosjekt til fordjuping i yrkesførebuande utdanningsprogram». Fylkesmannen viser til at innføring av omgrepet prosjekt kan bli tolka slik at lova krev bruk av ein bestemt undervisningsmetode, noko som vil bryte med innhaldet i stortingsmeldinga.
3.4 Vurderingar og forslag frå departementet
Departementet meiner at å innføre dei foreslåtte nemningane inneber ei ønskt klargjering, og vurderer det ikkje slik at dei ovannemnde innvendingane frå enkelte høringsinstansar gir grunnlag for endringar i dette synet. Høringa viser sterk og eintydig støtte til å innføre dei foreslåtte nemningane til erstatning for dei eksisterande.
Departementet fremjar forslag om endringar i opplæringslova og friskolelova i samsvar med høringsbrevet. Forslaget inneber at det blir gjort endringar i fleire føresegner i opplæringslova og friskolelova, og at dei foreslåtte nemningane blir innarbeidde i forskriftene til opplæringslova og friskolelova, deriblant i læreplanane.
Elles viser departementet til lovutkastet og merknadene i kapittel 16.