8 Forslag om ansvar for kompetanseutvikling
8.1 Gjeldande rett
Kommunen, fylkeskommunen og staten er i opplæringslova § 10-8 pålagde plikt til å medverke til at undervisningspersonale, skoleleiarar og personale med særoppgåver i skoleverket får høve til etterutdanning. Opplæringslova har ingen eksplisitt regel om vidareutdanning.
Det finst inga tilsvarande føresegn i friskolelova.
8.2 Høringsutkastet frå departementet
Høringsutkastet frå departementet er i samsvar med vurderingane og forslaga i St. meld. nr. 30 (2003-2004) og med Innst. S. nr. 268 (2003-2004).
Departementet viste m.a. til at det i meldinga ble foreslått mange tiltak som har som mål å skape ein betre skole. Føresetnadene for at desse tiltaka skal kunne gjennomførast, er avhengige av at lærarane m.a. har rett og tilstrekkeleg kompetanse. I meldinga vart det understreka at det er skoleeigarane som har ansvaret for kompetanseutviklinga i skolen; det gjeld både etter- og vidareutdanning av det pedagogiske personalet.
I høringsutkastet gav departementet uttrykk for at formuleringa i opplæringslova § 10-8 er noko svak når det gjeld den plikta skoleeigarane har til å sørgje for tilstrekkeleg og kontinuerleg kompetanseutvikling. Departementet meinte at det bør vere heilt klart at ansvaret for nødvendig samla kompetanseutvikling må liggje på skoleeigarane.
Ut frå dette foreslo departementet ei endring i opplæringslova § 10-8, slik at det ansvaret skoleeigarane har for kompetanseutvikling i eigne verksemder, kjem tydelegare fram. Det vart foreslått ei tilsvarande føresegn i friskolelova.
8.3 Høringsinstansane
Høringsfråsegnene er nokså eintydig positive til endringsforslaget slik det ligg føre. Det blir understreka at høringsinstansane er tilfredse med presiseringa av at ansvaret for kompetanseutvikling (både etter- og vidareutdanning) heilt ut ligg hos skoleeigarane. Det er 105 høringsinstansar som har uttalt seg; av desse er det 13 som ikkje har merknader, medan 92 aktivt støttar forslaget. Av dei 92 som støttar forslaget, har 41 merknader til departementet sine vurderingar av dei økonomiske konsekvensane av forslaget.
Ei hovudinnvending mot forslaget er at statens ansvar ikkje er tilstrekkeleg klargjort. Somme av høringsinstansane viser i denne samanhengen til at det bør komme fram i lova at staten har økonomisk ansvar, i alle fall i samband med reformer og nasjonale satsingar.
Fleirtalet av dei som har uttalt seg til forslaget, inklusive Kommunenes Sentralforbund (KS),er av den oppfatning at endringa i lovteksten vil medføre auka kostnader for skoleeigarane, først og fremst når det gjeld etter- og vidareutdanning av allereie tilsett undervisningspersonale. Statens ansvar for å sikre skoleeigarane økonomi til å drive løpande kompetanseutvikling og god personalpolitikk blir etterlyst. Eit fåtal høringsinstansar meiner at plikt for dei tilsette til å delta i kompetanseutvikling bør lovfestast. KS meiner lovteksten bør presisere at skoleeigarane har rett til å ta dei nødvendige avgjerslene når det gjeld val av kompetanseutviklingstiltak.
8.4 Vurderingar og forslag frå departementet
Departementet foreslår endringar i opplæringslova og i friskolelova i samsvar med høringsforslaget.
Departementet viser til at av alle ressursar i skolen er kompetanse og motivasjon hos lærarane den faktoren som påverkar elevprestasjonane mest. Etter departementets syn krev derfor kvalitetsutvikling i skoleverket at den enkelte skolen både har høve til å rekruttere kompetente, engasjerte og motiverte lærarar og skoleleiarar og verkemiddel som gjer det mogleg å halde på og utvikle personalressursane. Auka handlefridom gir både nye moglegheiter og større ansvar for skoleeigaren. Dette inneber også at skoleeigaren må sørgje for at det alltid er tilstrekkeleg kompetanse i skolane.
Kompetansebehova i skolen i samband med reformer og endringar i læreplanverket kan løysast gjennom nyrekruttering og/eller etter- og vidareutdanning av dei som allereie er tilsette i skoleverket. Den vesentlege delen av kompetanseutviklinga må etter departementets syn skje gjennom etter- og vidareutdanning av dei som allereie er tilsette.
Nemninga kompetanseutvikling blir ofte brukt som ei samlenemning for etter- og vidareutdanning, sjølv om desse tiltaka normalt har ulike formål og ulikt innhald. Med «vidareutdanning» meiner departementet utdanning som har som formål å auke den formelle, faglege og pedagogiske kompetansen hos den enkelte læraren. Vidareutdanning gir formell kompetanse i form av studiepoeng/vekttal. Vidareutdanning har tradisjonelt vore noko den enkelte læraren har sytt for på eige initiativ, og har i liten grad vore styrt av skoleeigaren.
Etterutdanning gir ikkje ny formell kompetanse i form i studiepoeng/vekttal. Denne utdanninga omfattar kurs, seminar o.l., der oppdatering ofte er det viktigaste formålet. I skoleverket har etterutdanninga tradisjonelt vore skoleeigarane sitt ansvar og derfor lang på veg styrt av skoleeigarane.
Departementet viser til dei høringsinstansane som foreslår å lovfeste plikt for dei tilsette til å delta i kompetanseutvikling. Etter departementets syn ligg dette spørsmålet innanfor ramma av arbeidsgivarens styringsrett, og det er derfor ikkje formålstenleg å regulere det i lova. Det same gjeld forslaget frå enkelte høringsinstansar om å lovfeste skoleeigarens rett til å ta dei nødvendige avgjerslene når det gjeld val av kompetanseutviklingstiltak.
Etter departementets syn er formuleringa i opplæringslova § 10-8 ikkje tilstrekkeleg klar med tanke på den plikt skoleeigarane har til å sørgje for tilstrekkeleg og kontinuerleg kompetanseutvikling. Departementet meiner det bør gjerast klart at ansvaret for nødvendig, samla kompetanseutvikling må liggje hos skoleeigarane. Når det gjeld vidareutdanning, er det viktig at den enkelte skoleeigaren får høve til å prioritere og vedta denne etter det behovet verksemda har. Skoleeigaren må likevel, i den grad det er mogleg, kunne gi rom for behov den enkelte læraren har for å fornye seg gjennom sjølvvald etterutdanning, og ikkje einsidig leggje vekt på skoleeigar sine behov. Departementet legg til grunn at det same må gjelde for friskolane.
På denne bakgrunnen foreslår departementet at opplæringslova og friskolelova blir endra slik at det ansvaret skoleeigarane har for kompetanseutvikling i eigne verksemder, kjem tydelegare fram.
Departementet viser til lovutkastet og merknadene til føresegnene i kapittel 16.