4 Forslag om endringar i lovheimlane for fastsetjing av læreplanar og omfanget av opplæringa
4.1 Gjeldande rett
Dagens læreplanheimel for grunnskolen i opplæringslova § 2-3 andre ledd fastset m.a. at læreplanen for grunnskolen skal angi sentrale arbeidsmåtar i faga, og at det skal vere både kunnskaps- og dugleiksmål og hovudmoment i opplæringa i det enkelte faget, knytte til hovudtrinna i grunnskolen.
Gjeldande læreplanheimel for vidaregåande opplæring i opplæringslova § 3-4 har ei noko vidare formulering, men også for dette nivået er det fastlagt at læreplanane i tillegg til å fastsetje innhaldet i opplæringa skal seie noko om korleis opplæringa skal gjennomførast. Det går fram av lova at læreplanar er forskrifter.
Departementet har heimel for å fastsetje forskrifter om den samla tida til opplæring både for grunnskolen og for den vidaregåande opplæringa, jf. opplæringslova §§ 2-2 og 3-2.
Vidare blir fordelinga av timetalet i grunnskolen til dei enkelte faga regulert gjennom forskrift, jf. opplæringslova § 2-3. Det følgjer dessutan av lova at timane skal leggjast til det enkelte hovudtrinnet, med lokal fridom til å leggje timar i faget til det enkelte årstrinnet. Dette er følgt opp i læreplanen for grunnskolen og i forskrifta til opplæringslova kapittel 1.
For vidaregåande opplæring er timetalet for det enkelte faget bunde til kvart enkelt år gjennom forskrift, jf. opplæringslova § 3-4 første ledd.
Departementet presiserer at den generelle delen av læreplanen, som ikkje er omfatta av forslaget nedanfor under punkt 4.4., er heimla i opplæringslova § 1-3, ikkje i dei ovannemnde læreplanheimlane for dei respektive skoleslaga.
4.2 Høringsutkastet frå departementet
Høringsutkastet frå departementet er i samsvar med vurderingane og forslaga i St.meld. nr. 30 (2003-2004). I høringsutkastet vart det vist til at komiteen i innstillinga slutta seg til forslaga i meldinga. Fleirtalet i komiteen ønskte likevel nemninga «Læringsplakaten» i staden for «Skoleplakaten».
Meldinga la opp til at det skal fastsetjast nye læreplanar for alle faga i grunnskolen og vidaregåande opplæring, men at den generelle delen av læreplanen, som gjeld for heile grunnopplæringa, skal stå ved lag. Læreplanane skal innehalde forpliktande, kompetansebeskrivande mål for faga, men dei skal likevel ikkje binde opp bruken av metodar og arbeidsmåtar i opplæringa. Læreplanane skal framleis fastsetjast som forskrifter.
I meldinga vart det vidare foreslått at den delen av læreplanen for grunnskolen som har tittelen Prinsipp og retningslinjer for opplæringa i grunnskulen(også kalla Brua),og som dannar overgangen mellom den generelle delen og læreplanane for faga, skal erstattast av ein meir kortfatta «Skoleplakat» med nærmare oppgitte krav til opplæringa. Denne plakaten skal etter forslaget gjelde for både grunnskolen og den vidaregåande opplæringa.
I høringsutkastet viste departementet til at det i meldinga vart lagt til grunn at høvet til at alle kan få tilpassa opplæring i forhold til evner og føresetnader, skal styrkjast. I samsvar med dette vart det foreslått i høringsutkastet at det bør vere mogleg med tilbod om alternative opplegg i form av unntak frå læreplanane for spesielle elevgrupper. Forslaget innebar at det skal vere mogleg for elevar i grunnskolen å arbeide med fag innanfor vidaregåande opplæring, medan elevar i vidaregåande opplæring skal kunne arbeide med fag innanfor universitets- og høgskolesystemet. Det vart presisert at desse forslaga ikkje inneber innføring av nye rettar på området.
For begge skoleslaga skal det etter forslaget framleis fastsetjast eit samla minstetimetal som den enkelte eleven har rett til å få.
Departementet foreslo på denne bakgrunnen å endre heimlane for å fastsetje læreplanar slik at nye læreplanar ikkje skal binde opp bruken av metodar og arbeidsmåtar.
Departementet foreslo vidare at lovheimlane for å gi forskrifter om nye læreplanar og om omfanget av opplæringa i faga bør utformast på tilnærma same måte for grunnskolen og den vidaregåande opplæringa. Departementet uttalte at lovheimlane også bør utformast så ope at dei tillèt seinare justeringar i forskriftene dersom det viser seg nødvendig.
Departementet viste til at det følgjer av både meldinga og innstillinga at elevar som får opplæring i tre språk i ungdomsskolen, og elevar med minoritetsspråkleg bakgrunn som får eller har fått særskild opplæring etter opplæringslova § 2-8, bør få fritak frå det andre framandspråket dersom dei ønskjer det. Departementet føresette også at elevar som får fritak, skal få alternativ undervisning. Derfor foreslo departementet at dei nye læreplanheimlane bør opne for å gi forskrifter som gjer unntak frå læreplanane for særskilde elevgrupper med behov for alternative opplæringsopplegg, utan at dette blir definert som spesialundervisning.
Vidare viste departementet til meldinga når det gjeld elevar som har nådd dei måla som normalt gjeld i det enkelte faget. I samsvar med forslaget i meldinga foreslo departementet at det da bør givast høve til å strekkje seg utover desse måla. Utforminga av dei nye læreplanheimlane må etter forslaget frå departementet ta omsyn til dette.
4.3 Høringsinstansane
Det er få høringsinstansar som har uttalt seg direkte om dette forslaget. I den grad høringsinstansane har uttalt seg, får forslaga gjennomgåande støtte. Enkelte av høringsinstansane, deriblant også ein del av organisasjonane for dei funksjonshemma, f.eks. Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO), er likevel bekymra for at elevgrupper gjennom seinare forskriftsfastsetjing skal kunne få unntak frå læreplanane utan at dette blir sett på som spesialundervisning med tilhørande enkeltvedtak.
4.4 Vurderingar og forslag frå departementet
Departementet foreslår ei endring i opplæringslova i samsvar med høringsutkastet.
Forslaget om ny læreplanheimel vil m.a. også opne for å gi forskrifter som gjer unntak frå læreplanane for særskilde elevgrupper med behov for alternative opplæringsopplegg, utan at dette blir definert som spesialundervisning. Departementet presiserer at dette ikkje betyr at nokon blir fråteken retten til å følgje ei opplæring som tek utgangspunkt i dei ordinære læreplanane. Dette vil f.eks. særleg gjelde elevar som får opplæring i tre språk i ungdomsskolen, og elevar med minoritetsspråkleg bakgrunn som får eller har fått særskild opplæring etter opplæringslova § 2-8. Desse bør få fritak frå det andre framandspråket dersom dei ønskjer det. Departementet føreset at elevar som får slikt fritak, skal få alternativ undervisning.
Det er meininga at dei nye læreplanheimlane for grunnskolen og den vidaregåande opplæringa også skal gi heimel for fastsetjing av Læringsplakaten, jf. St.meld. nr. 30 (2003-2004) og Innst. S. nr. 268 (2003-2004). Det er dessutan meininga at dei generelle læreplanheimlane også kan nyttast til å fastsetje ein tilpassa Læringsplakat for samisk grunnopplæring.
Elles viser departementet til lovutkastet og merknadene til føresegnene i kapittel 16.