Ot.prp. nr. 57 (2004-2005)

Om lov om endringar i opplæringslova og friskolelova

Til innhaldsliste

Forslag til lov om endringar i opplæringslova og friskolelova

I

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa blir det gjort følgjande endringar:

§ 2-3 nytt andre ledd skal lyde:

Grunnskolen er delt i eit barnetrinn og eit ungdomstrinn. Barnetrinnet omfattar 1.-7. årstrinn og ungdomstrinnet omfattar 8.-10. årstrinn.

Noverande andre til fjerde ledd blir tredje til femte ledd.

§ 2-3 tredje ledd skal lyde:

Departementet gir forskrifter om fag, om mål for opplæringa, om omfanget av opplæringa i faga og om gjennomføringa av opplæringa. Departementet gir forskrifter om vurdering av elevar og privatistar og om klage på vurderinga, om eksamen og om dokumentasjon.

§ 2-3 fjerde ledd skal lyde:

Elevane skal vere aktivt med i opplæringa. Undervisningspersonalet skal tilretteleggje og gjennomføre opplæringa i samsvar med læreplanar gitt etter lova her. Rektor skal organisere skolen i samsvar med første leddet og forskrifter etter tredje leddet og i samsvar med § 1-2 og forskrifter etter § 1-3.

§ 2-4 fjerde ledd skal lyde:

Eleven skal etter skriftleg melding frå foreldre få fritak frå dei delar av undervisninga ved den enkelte skolen som dei ut frå eigen religion eller eige livssyn opplever som utøving av annan religion eller tilslutning til anna livssyn. Dette kan m.a. vere religiøse aktivitetar i eller utanfor klasserommet. Skolen skal ved melding om fritak, så langt det er råd og særleg på 1.-4. årstrinn, søkje å finne løysingar ved å leggje til rette for differensiert undervisning innanfor læreplanen.

§ 3-1 tredje ledd skal lyde:

Heile retten må normalt takast ut i løpet av ein samanhengande periode på fem år, eller seks år når opplæringa heilt eller delvis blir gitt i lærebedrift, og innan utgangen av det året vedkommande fyller 24 år. Fylkeskommunen kan etter søknad gi eleven, lærlingen eller lærekandidaten løyve til utsetjing eller avbrot i opplæringa utan at retten tek slutt. Departementet gir forskrifter om kva forhold som skal gi rett til utsetjing eller avbrot.

§ 3-1 sjette ledd skal lyde:

Søkjarar har rett til inntak til eitt av tre alternative utdanningsprogram på vidaregåande trinn 1 som dei har søkt på, og til to års vidaregåande opplæring innanfor utdanningsprogrammet. Søkjarar som etter kapittel 5 i lova har rett til spesialundervisning, og som på grunnlag av sakkunnig vurdering har særlege behov for eit særskilt utdanningsprogram på vidaregåande trinn 1, har rett til inntak til dette utdanningsprogrammet etter forskrift fastsett av departementet.

§ 3-3 andre ledd skal lyde:

Opplæringa i skole skal omfatte vidaregåande trinn 1, vidaregåande trinn 2 og vidaregåande trinn 3. Kvart trinn skal normalt ha lengd som eitt skoleår.

§ 3-4 første ledd skal lyde:

Departementet gir forskrifter om trinn og programområde, om fag, om mål for opplæringa, om omfanget av opplæringa i faga og om gjennomføringa av opplæringa. Departementet gir forskrifter om vurdering av elevar, lærlingar, lærekandidatar, privatistar og praksiskandidatar, om klage på vurderinga, om eksamen, om fag- og sveineprøve og om dokumentasjon. Departementet gir forskrifter om godskriving av tidlegare gjennomgådd opplæring eller praksis.

§ 3-6 første ledd skal lyde:

Fylkeskommunen skal ha ei oppfølgingsteneste for ungdom som har rett til opplæring etter § 3-1, og som ikkje er i opplæring eller i arbeid. Tenesta gjeld til og med det året dei fyller 21 år. Tenesta omfattar også ungdom som har tapt opplæringsretten etter § 3-8 eller § 4-6.

§ 3-8 andre ledd skal lyde:

Når ein elev vedvarande har vist ei framferd som i alvorleg grad går ut over orden og arbeidsro på skolen, eller når ein elev alvorleg forsømmer pliktene sine, kan eleven visast bort for resten av skoleåret. I samband med eit vedtak om bortvising for resten av skoleåret kan fylkeskommunen også vedta at eleven skal miste retten til vidaregåande opplæring etter § 3-1. Fylkeskommunen kan ikkje overlate til eit organ på skolen å treffe vedtak etter leddet her om bortvising eller tap av retten til vidaregåande opplæring.

§ 3-9 tredje ledd skal lyde:

Retten til opplæring i og på teiknspråk etter andre leddet er avgrensa til dei utdanningsprogramma og programområda desse skolane gir tilbod på. Delar av dette opplæringstilbodet kan givast med tolk.

§ 4-2 fjerde ledd skal lyde:

Lærekandidatar som ikkje har eller ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, har rett til spesialundervisning etter kapittel 5. For slik opplæring gjeld § 5-1 bortsett frå andre leddet tredje punktum, og § 5-2 tilsvarande.

§ 4-4 første ledd skal lyde:

Opplæringa av lærlingen og lærekandidaten skal skje i samsvar med den fastsette læreplanen. Dersom lærekandidaten har krav på spesialundervisning etter kapittel 5, gjeld også kravet om enkeltvedtak med individuell opplæringsplan, jf. § 5-2 første ledd. Lærlingen og lærekandidaten skal få fri til å gjennomføre teoriopplæringa utanfor lærebedrifta. For fag med teorikrav ut over vidaregåande trinn 1 og vidaregåande trinn 2 må lærebedrifta dekkje kostnadene for tilleggsopplæringa.

§ 4A-2 tredje ledd skal lyde:

For opplæring etter denne paragrafen gjeld § 5-1 andreleddet bortsett frå tredje punktum, og § 5-2 tilsvarande så langt dei passar.

Kapittel 5 overskrifta skal lyde:

Kapittel 5 Spesialundervisning

§ 5-1 andre ledd skal lyde:

I vurderinga av kva for opplæringstilbod som skal givast, skal det særleg leggjast vekt på utviklingsutsiktene til eleven. Opplæringstilbodet skal ha eit slikt innhald at det samla tilbodet kan gi eleven eit forsvarleg utbytte av opplæringa i forhold til andre elevar og i forhold til dei opplæringsmåla som er realistiske for eleven. Elevar som får spesialundervisning, skal ha det same totale undervisningstimetalet som gjeld andre elevar, jf. §§ 2-2 og 3-2. Reglane om mål og innhald i opplæringa i denne lova og i forskrifta til denne lova gjeld for spesialundervisning så langt dei passar.

Ny § 5-2 skal lyde:

§ 5-2 Saksbehandlinga i tilknyting til vedtak om spesialundervisning

Eit enkeltvedtak om spesialundervisning etter § 5-1 skal vere ein individuell opplæringsplan som fastset kva som skal vere mål for og innhald i opplæringa, og kva dei særskilde tiltaka for eleven elles skal gå ut på, under dette omfanget av tiltaka. Så langt det er nødvendig, skal den individuelle opplæringsplanen konkretiserast ytterlegare av skolen.

Når det er nødvendig for å få opplyst saka, eller når eleven eller foreldra ber om det, skal det liggje føre sakkunnig vurdering før det blir gjort enkeltvedtak etter første ledd. Den sakkunnige vurderinga skal blant anna greie ut og ta standpunkt til

  • eleven sitt utbytte av det ordinære opplæringstilbodet

  • lærevanskar hos eleven og andre særlege forhold som er viktige for opplæringa

  • realistiske opplæringsmål for eleven

  • om ein kan hjelpe på dei vanskane eleven har innanfor det ordinære opplæringstilbodet

  • kva for opplæring som gir eit forsvarleg opplæringstilbod.

Skolen har ansvar for å ta opp spørsmålet om spesialundervisning, og eventuelt kva opplæring eleven treng, men eleven eller foreldra kan også krevje at skolen gjer nødvendige undersøkingar. Undervisningspersonalet skal melde frå til rektor når det er behov for spesialundervisning. Tilbod om spesialundervisning skal så langt råd er, formast ut i samarbeid med eleven og foreldra, og det skal leggjast stor vekt på deira syn.

Før det blir gjort sakkunnig vurdering, og før det blir gjort vedtak om å setje i gong spesialundervisning, skal det innhentast samtykke frå eleven eller foreldra. Med dei avgrensingane som følgjer av reglane om teieplikt og § 19 i forvaltningslova, har eleven eller foreldra rett til å gjere seg kjende med innhaldet i den sakkunnige vurderinga.

Grunngivinga for eit enkeltvedtak etter første ledd skal vise at opplæringstilbodet er i samsvar med lova.

Det er høve til å klage på at det ikkje er gjort enkeltvedtak som nemnt i første ledd innan rimeleg tid. § 15-2 om statleg klageinstans gjeld for slik klage.

Når det blir gitt spesialundervisning, skal skolen kvart halvår utarbeide ein skriftleg rapport som gir oversikt over den opplæringa eleven har fått og ei vurdering av utviklinga til eleven. Skolen sender rapporten til eleven eller foreldra og til kommunen eller fylkeskommunen.

Noverande §§ 5-3 til 5-5 blir oppheva.

Noverande § 5-6 blir ny § 5-3.

Noverande § 5-7 blir ny § 5-4.

§ 5-4 andre ledd skal lyde:

For spesialpedagogisk hjelp gjeld § 5-2 så langt den passar.

Noverande § 5-8 blir ny § 5-5.

Noverande § 5-9 blir ny § 5-6.

§ 6-3 andre ledd skal lyde:

Departementet kan gi forskrifter om at visse skolar skal tilby opplæring i eller på samisk eller i særskilde samiske fag i den vidaregåande opplæringa innanfor visse kurs eller for visse grupper. Fylkeskommunen kan også elles tilby slik opplæring.

§ 9-1 andre ledd skal lyde:

Opplæringa i skolen skal leiast av rektorar. Rektorane skal halde seg fortrulege med den daglege verksemda i skolane og arbeide for å vidareutvikle verksemda. Den som skal tilsetjast som rektor, må ha pedagogisk kompetanse og nødvendige leiareigenskapar. Rektorar kan tilsetjast på åremål.

§ 9-4 andre ledd skal lyde:

Norske lærebøker som blir brukte i skolen, skal vere i samsvar med læreboknormalen slik denne er fastsett i forskrifter med heimel i lov 11. april 1980 nr. 5 om målbruk i offentleg teneste. Med lærebøker er her meint alle trykte læremiddel som elevane regelmessig bruker for å nå vesentlege delar av kompetansemåla i eit fag.

§ 9a-6 første ledd skal lyde:

Samarbeidsutvalet, skoleutvalet, skolemiljøutvalet og dessutan elevrådet og foreldrerådet skal haldast løpande underretta om alle tilhøve-deriblant hendingar, planar og vedtak-som har vesentleg betydning for skolemiljøet. Råda og utvala har på førespurnad rett til å få framlagt dokumentasjon for det systematiske helse-, miljø- og tryggleiksarbeidet ved skolen.

§ 10-8 skal lyde:

§ 10-8 Kompetanseutvikling

Skoleeigaren har ansvar for å ha riktig og nødvendig kompetanse i verksemda. Skoleeigaren skal ha eit system som gir undervisningspersonale, skoleleiarar og personale med særoppgåver i skoleverket høve til nødvendig kompetanseutvikling, med sikte på å fornye og utvide den faglege og pedagogiske kunnskapen og å halde seg orienterte om og vere på høgd med utviklinga i skolen og samfunnet.

§ 10-9 nytt tredje ledd skal lyde :

Den som skal tilsetjast i vidaregåande skole, må leggje fram politiattest. Attesten skal vise om vedkommande er sikta, tiltalt eller dømd for seksuelle overgrep.

§ 10-9 noverande tredje ledd blir fjerde ledd.

Ny § 11-1a skal lyde:

§ 11-1a Skolemiljøutval ved grunnskolar

Ved kvar grunnskole skal det vere eit skolemiljøutval. I skolemiljøutvalet skal elevane, foreldrerådet, dei tilsette, skoleleiinga og kommunen vere representerte. Skolemiljøutvalet skal vere sett saman slik at representantane for elevane og foreldra til saman er i fleirtal.

Samarbeidsutvalet kan sjølv vere skolemiljøutval. Når samarbeidsutvalet fungerer som skolemiljøutval, må det oppnemnast tilleggsrepresentantar for elevane og foreldra, slik at dei samla får fleirtal.

Elevrepresentantane skal ikkje vere til stades når saker som er omfatta av lovfesta teieplikt blir behandla i skolemiljøutvalet. Når elevane ikkje er til stades, skal foreldrerepresentantane ha dobbeltstemme tilsvarande bortfallet av elevrepresentantane sine stemmer, eller talet på foreldrerepresentantar aukast tilsvarande.

Skolemiljøutvalet skal medverke til at skolen, dei tilsette, elevane og foreldra tek aktivt del i arbeidet for å skape eit godt skolemiljø. Skolemiljøutvalet har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skolemiljøet, jf. kapittel 9a.

Ny § 11-5a skal lyde:

§ 11-5a Skolemiljøutval ved vidaregåande skolar

Ved kvar vidaregåande skole skal det vere eit skolemiljøutval. I skolemiljøutvalet skal elevane, dei tilsette, skoleleiinga og fylkeskommunen vere representerte. Skolemiljøutvalet skal vere sett saman slik at representantane for elevane er i fleirtal.

Skoleutvalet kan sjølv vere skolemiljøutval. Når skoleutvalet fungerer som skolemiljøutval, må det oppnemnast ein eller fleire tilleggsrepresentantar for elevane, slik at dei får fleirtal.

Skolemiljøutvalet skal medverke til at skolen, dei tilsette og elevane tek aktivt del i arbeidet for å skape eit godt skolemiljø. Skolemiljøutvalet har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skolemiljøet, jf. kapittel 9a.

§ 13-3 tredje ledd skal lyde:

Departementet gir forskrifter eller pålegg i enkelttilfelle om kven som skal reknast som busett i fylkeskommunen. Departementet kan gi forskrifter om at heimfylket i rimeleg grad har ansvaret for å refundere utgifter i samband med vidaregåande opplæring i eit anna fylke.Departementet kan påleggje fylkeskommunen å setje i gang vidaregåande opplæringstilbod som omfattar søkjarar frå andre fylke.

§ 13-4 tredje ledd skal lyde:

Departementet kan gi forskrifter om heimreiser, reisefølgje og opphald for dei som må innlosjerast for å få hjelp eller opplæring etter denne lova, dessutan forskrifter om skoleskyss, skyssgodtgjersle og heimfylket sitt ansvar for å refundere utgifter til skyss i samband med vidaregåande opplæring i eit anna fylke.

§ 15-2 skal lyde:

Departementet er klageinstans for enkeltvedtak i grunnskolen og for enkeltvedtak om spesialpedagogisk hjelp før opplæringspliktig alder etter § 5-4.

Departementet er klageinstans for enkeltvedtak om inntak og spesialundervisning i den vidaregåande opplæringa, enkeltvedtak om tap av retten til vidaregåande opplæring etter § 3-8 og § 4-6, enkeltvedtak om opplæring i inntil to år ekstra etter § 3-1 femte leddet og enkeltvedtak om fysiske og psykososiale miljøforhold etter § 9a-2 og § 9a-3.

I samband med klage på inntak til vidaregåande opplæring kan departementet ikkje overprøve eit vedtak i fylkeskommunen om kva for utdanningsprogram på vidaregåande trinn 1 eller programområde på vidaregåande trinn 2 og 3, eller kva for skole ein søkjar skal takast inn på. For slike vedtak gjeld reglane om klageinstans i § 28 i forvaltningslova. Departementet er klageinstans for enkeltvedtak om inntak til eit særskilt utdanningsprogram på vidaregåande trinn 1 på grunnlag av sakkunnig vurdering.

Fylkeskommunen er klageinstans for enkeltvedtak i yrkesopplæringsnemnda.

I følgjande føresegner i opplæringslova skal omgrepet «klassetrinn» erstattast med «årstrinn»:

§§ 2-5, 2-7, 2-10, 6-2, 7-1, 9-4, 9A-5, 10-1, 11-2, 13-7 og 16-2.

II

I lov 4. juli 2003 nr. 84 om frittståande skolar blir det gjort følgjande endringar:

§ 3-1 fjerde ledd skal lyde:

Melding om inntak av elevar i grunnskolar skal sendast til heimkommunen til eleven. Melding om inntak til vidaregåande skolar skal sendast til heimfylket til eleven. Skolen skal melde frå til heimfylket om behovet for læreplass når eleven er teken inn på vidaregåande trinn 2.

§ 3-6 første ledd skal lyde:

Opplæringslova § 5-1 om rett til spesialundervisning og § 5-2 om saksbehandlinga i samband med vedtak om spesialundervisning gjeld tilsvarande.

§ 3-10 andre ledd skal lyde:

Når ein elev i vidaregåande skole vedvarande har vist ei framferd som i alvorleg grad går ut over orden og arbeidsro på skolen, eller når ein elev alvorleg forsømmer pliktene sine, kan eleven etter vedtak av fylkeskommunen visast bort for resten av skoleåret. I samband med eit vedtak om bortvising for resten av skoleåret kan fylkeskommunen også vedta at eleven skal miste retten til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1. Fylkeskommunen kan ikkje overlate til skolen å gjere vedtak etter leddet her om bortvisning eller tap av retten til vidaregåande opplæring.

§ 4-3 nytt tredje ledd skal lyde:

Den som skal tilsetjast i ein vidaregåande skole godkjend etter lova her, må leggje fram politiattest. Attesten skal vise om vedkomande er sikta, tiltalt eller dømd for seksuelle overgrep.

§ 4-3 noverande tredje ledd blir fjerde ledd.

§ 5-2 andre ledd ny bokstav i) skal lyde:

i) sørgje for å ha rett og nødvendig kompetanse i verksemda. Styret skal ha eit system som gir undervisningspersonale, skoleleiarar og personale med særoppgåver ved skolen høve til nødvendig kompetanseutvikling, med sikte på å fornye og utvide den faglege og pedagogiske kunnskapen og å halde seg orienterte om og vere på høgd med utviklinga i skolen og samfunnet.

§ 5-2 fjerde ledd skal lyde:

I andre saker enn dei som følgjer av andre og tredje ledd, kan styret med 2/3 fleirtal delegere avgjerdsretten.

§ 6A-8 nytt første ledd skal lyde:

Alle offentlege driftstilskot og eigendelar frå elevane skal kome elevane til gode. Dette inneber mellom anna at skolen ikkje kan

a) gi utbyte eller på annan måte overføre overskot til eigarane eller deira nærståande, verken når skolen er i drift eller ved opphør av drifta

b) pådra seg kostnader i form av leigeutgifter for eigedom eller lokale som tilhører skolens eigarar eller deira nærståande, eller på annan måte pådra seg kostnader som kan innebere at alle offentlege tilskot eller eigendelar frå elevane ikkje kjem elevane til gode.

Noverande første til tredje ledd blir andre til fjerde ledd.

III

Lova gjeld frå det tidspunkt Kongen fastset. Dei enkelte føresegnene i lova kan setjast i verk til ulik tid.

Departementet kan i forskrift fastsetje overgangsreglar.

Til forsida