1 Hovudinnhaldet i proposisjonen
Nærings- og handelsdepartementet fremmar med dette forslag til endringar i lov 13. juni 1997 nr. 55 om serveringsverksemd (serveringslova). Lova vil delvis erstatte og delvis supplere dagens reglar.
Kapittel 2 og 3 inneheld bakgrunn og gjeldande rett, og dessutan ei vurdering av behovet for ei lovendring.
I kapittel 4 foreslår departementet endringar i grensene for virkeområdet. Den nedste grensa for virkeområdet blir endra slik at dagens unntak for varme pølser fell bort. Kioskar, gatekjøkken og liknande som serverer varme pølser, vil etter dette vere løyvepliktige.
I kapittel 5 foreslår departementet å erstatte omgrepet styrar med omgrepet dagleg leiar og å fjerne kravet til avløysar.
I kapittel 6 om vandelskravet blir det foreslått ei utviding av personkretsen. På denne måten oppnår ein ei betre harmonisering med alkohollova. Det blir også gjort framlegg om ei endring slik at tilvisinga til straffbare forhold blir fjerna. Dermed blir det i større grad mogleg å ta omsyn til lovbrot som ikkje er strafflagde.
I kapittel 7 blir det foreslått å gjere det lettare for kommunen å krevje framlagd skriftleg dokumentasjon ved løyvesøknader. Forslaget inneber at kommunen kan velje å krevje å få sjå leigekontrakt, finansieringsplan, driftsbudsjett og likviditetsbudsjett.
I kapittel 8 blir dagens ordning med etablerarprøve vurdert, utan at departementet finn grunn til å foreslå realitetsendringar.
I kapittel 9 foreslår departementet at det skal innførast heimel for kommunen til å setje som vilkår for løyvet at krav i serveringslova §§ 3 og 5 blir oppfylte innan ein nærare fastsett tidsfrist.
Kapittel 10 inneheld forslag om å gi heimel til politiet og kommunen til å kontrollere serveringsstader.
I kapittel 11 foreslår departementet at opningstidene blir lagde inn under det kommunale sjølvstyret ved at kvar enkelt kommune sjølv må fastsetje opningstider som gjeld for serveringsstadene i kommunen. Samtidig foreslår departementet å oppheve normalopningstidene.
Tidlegare gav hotellova politiet heimel til å nekte gjester tilgjenge til serveringsstader. Departementet foreslår i kapittel 12 å innføre ein slik heimel på ny.
I kapittel 13 og 14 drøftar ein ei utviding av retten til å stengje ein serveringsstad mellombels eller permanent. Departementet foreslår ei utviding av politiet sin rett til å stengje ein serveringsstad frå fire til sju dagar. Vidare foreslår departementet ei utviding av den retten kommunen har til å stengje ein serveringsstad mellombels i § 18.
I kapittel 15 drøftar departementet gebyrspørsmålet, mens vi i kapittel 16 vurderer spørsmåla rundt delegering av løyvemyndigheit.