Ot.prp. nr. 69 (2006-2007)

Om lov om endringer i lov om serveringsvirksomhet (serveringsloven)

Til innhaldsliste

4 Virkeområdet og løyvesystemet

4.1 Gjeldande rett

Den som «vil gjøre seg næring av å drive serveringssted», må ha løyve som er gitt av kommunen. Næringsomgrepet blir tolka slik at alle som serverer mat og/eller drikke, og der forholda ligg til rette for fortæring på staden, må ha løyve. I praksis omfattar dette tradisjonelle restaurantar, kafear, gatekjøkken, bensinstasjonar med gatekjøkkenmat, potetvogner, bakeri med tilknytt kafédrift osv. Omgrepet blir avgrensa mot cateringverksemd og mot kioskar som berre sel vanlege kioskvarer, inklusive varme pølser. I lova er det gjort unntak for mellom anna helseinstitusjonar, skular, ein del kantiner, tog, fly, båtar i rutetrafikk og ideelle foreiningar.

Dagens skilje mellom løyvefri kioskverksemd og løyvepliktig gatekjøkkenverksemd blir drege ved vanlege kioskvarer. Ein serveringsstad blir dermed rekna som serveringsstad i lova sin forstand når staden i tillegg til kioskvarer sel annan gatekjøkkenmat enn varme pølser og brød. Dersom ein kiosk i tillegg til varme pølser sel bagettar, bollar eller liknande, vil han likevel falle utanfor virkeområdet for lova dersom ikkje verksemda kan karakteriserast som ein kafé. Avgrensinga av næringsomgrepet byggjer på lang fast praksis.

Hovudregelen blir innsnevra noko gjennom unntaket i § 2 bokstav a), som avgrensar virkeområdet mot «servering som ikke skjer i næring». Med dette meiner ein at drifta av ein serveringsstad må vere forretningsmessig organisert, ha eit visst preg av offentlegheit og regelmessigheit for å kome inn under virkeområdet.

4.2 Erfaring med dagens virkeområde

Eit av hovudargumenta for serveringslova var å kjempe mot kriminalitetsutviklinga i bransjen og å motverke den illojale konkurransen kriminaliteten medførte. Det vart også lagt vekt på å sikre forsvarleg drift av serveringsstader og å gi bransjen stabile og føreseielege rammevilkår. Omsyna høyrer saman. Dersom delar av bransjen driv i strid med norsk lov på eitt eller fleire område, kan dette gi seg utslag i at desse aktørane kan halde eit lågare prisnivå enn lovlydige konkurrentar. Konkurransevridingane medfører at det blir vanskeleg å drive seriøst. Hovudformålet med revisjonen er derfor å kjempe vidare mot kriminaliteten i serveringsbransjen, og dermed sikre interessene til dei seriøse næringsdrivande. Nærings- og handelsdepartementet ønskjer også å forenkle regelverket og skape betre harmoni med alkohollova.

Avgrensinga mot servering av annan mat enn varme pølser har historiske årsaker. Myndigheitene på si side hadde ikkje noko ønske om å regulere rein kioskverksemd. Sal av varme pølser har ofte vore ein del av tradisjonell kioskdrift i Noreg, og kioskar med pølsesal har dermed ikkje hatt løyveplikt. Utviklinga har gitt stadig nye former for servering, slik at også den tradisjonelle pølsekiosken ofte har eit utvida tilbod av mat. Dei ikkje-tradisjonelle serveringsstadene får eit stadig større tilbod av mat og ferdigmat som utfordrar grensene for virkeområdet. For eksempel skal både bensinstasjonar som sel mat ut over varme pølser, og storkioskar med tilsvarande tilbod, ha serveringsløyve etter dagens regel. Dette blir praktisert noko ulikt rundt om i kommunane, og departementet har derfor sett på virkeområdet for serveringslova i lys av utviklinga i bransjen.

Departementet ønskte vidare å gå gjennom føresegna med tanke på å forsterke engasjementet mot kriminalitet og konkurransevriding, samtidig som departementet vil vurdere om det kan gjerast innskrenkingar, utan at dette fortrengjer formålet for lova.

4.3 Kan virkeområdet for løyveplikt innskrenkast?

I høyringsbrevet av 7. november 2003 stilte departementet spørsmål ved om det er ønskjeleg/nødvendig å regulere alle typar serveringsstader gjennom serveringslova for å oppnå formålet for lova.

Eit utgangspunkt for vurderinga var også at det uavhengig av serveringslova finst eit sett av reglar som må følgjast for den som ønskjer å starte og drive ein serveringsstad. Eksempel på dette er:

  • næringsmiddellovgiving der det mellom anna blir stilt krav til hygiene

  • generelle brannvernforskrifter

  • krav til bokføring og rekneskap

  • skatte- og avgiftsføresegner

  • krav til opphalds- og arbeidsløyve

  • føresegnene i alkohollova

  • arbeidsmiljøføresegner

Mange sider ved drifta av ein serveringsstad er med andre ord regulerte i spesiallovgiving som blir brukt direkte, uavhengig av serveringslova. Serveringslova er eit supplement som gjer det mogleg å sjå ulike lovbrot i samanheng over tid, og å koordinere tiltak for å hindre ei useriøs verksemd.

Løyvesystemet kan vere ressurskrevjande både for kommunane og næringa. Ein del mindre verksemder, for eksempel bokkafear og konditori, fell ikkje naturleg inn under den typen verksemd serveringslova i utgangspunktet ønskte å regulere. Det kan vere grunn til å gå ut frå at desse verksemdene ikkje er gjenstand for hovudtyngda av svart økonomi og annan kriminalitet. Det kan verke urimeleg å belaste denne typen serveringsstader med dei kostnadene løyveplikta medfører. Departementet var oppteke av at kriminalitetsproblemet i serveringsbransjen ofte ser ut til å vere knytt til spesielle typar av serveringsverksemder, og at det kunne verke unødvendig å påleggje alle serveringsstader løyveplikt. Departementet ønskte derfor å opne opp for ei avgrensing av løyveplikta. Vårt utgangspunkt var likevel at alle serveringsstader bør vere underlagde kontrollsystemet.

Det har vist seg problematisk å finne ei god og naturleg grense for ei snevrare løyveplikt. I ei slik vurdering vil det vere mogleg å foreslå ei matematisk grunngiving i forhold til storleiken på omsetninga, talet på sitjeplassar, talet på tilsette eller liknande. Departementet fryktar likevel at ei slik avgrensing vil gi grobotn for omgåingar, og at ho kan bli vanskeleg å praktisere i relasjon til formålet for lova.

Avgrensinga av virkeområdet for serveringslova bør utformast slik at regelverket både er enkelt å handheve for myndigheitene og enkelt å etterleve for næringa. Regelverket bør ikkje vere lett å omgå, og må ikkje vere konkurransevridande. Dersom det er mogleg å tilpasse verksemda ved mindre omleggingar, og såleis falle utanfor løyveplikta, kan regelverket lett bli konkurransevridande. Det er lite ønskjeleg viss utforminga av regelverket kan påverke næringa i val av profil og type organisering. Av slike grunnar bør løyveplikta knytast opp mot eit klart og føreseieleg kriterium som ikkje kan tolkast på ulike måtar, og som det er enkelt for kommunen å følgje.

Vurderinga må skje i lys av ei avveging av kriminalitetsbiletet i forhold til dei ressursane som blir sette inn på å avdekkje ulovlegheiter. Nærings- og handelsdepartementet meiner at det er viktig å skjerpe regelverket for å setje ein stoppar for meir omfattande kriminalitet, men at det kan bli urimeleg å halde på eit så tungt regelverk vis à vis mindre verksemder. I arbeidet mot kriminalitet i serveringsbransjen er det viktig at ressursane blir sette inn der behovet er størst. Samtidig ønskjer departementet at regelverket ikkje skal vere unødvendig belastande for dei delane av bransjen der det ikkje er påvist så utbreidd og/eller systematisk kriminalitet. Det vil frigjere ressursar for kommunen til å gå djupare inn i problema der kriminaliteten synest å vere mest omfattande.

4.4 Opphavleg forslag, høyringsnotat av 7. november 2003

I det første høyringsnotatet stilte departementet spørsmål om det var behov for å halde på ei så omfattande løyveplikt som serveringslova i dag heimlar. Departementet meinte at det var viktig å skjerpe regelverket for å setje ein stoppar for meir omfattande kriminalitet, men at det kunne bli urimeleg å halde på ei så omfattande løyveplikt for alle verksemder.

Departementet foreslo dermed å innføre eit todelt system der berre dei verksemdene som serverer alkohol, måtte ha serveringsløyve. Alle serveringsstader skulle likevel omfattast av eit etterfølgjande kontrollsystem. Samtidig vart det foreslått at virkeområdet for lova skulle utvidast, ved at også dei verksemdene som berre serverer pølser, skulle omfattast av kontrollen.

4.4.1 Eit todelt system

Departementet foreslo at ein skulle halde på eit eige serveringsløyve berre for verksemder som skjenkjer alkohol. Å setje grensa ved skjenking av alkohol vil neppe føre til at serveringsstader prøver å unngå løyveplikt ved å leggje om drifta, og alkohol som løyvekriterium vil dermed sjeldan få konkurransevridande konsekvensar.

Departementet foreslo opphavleg at ein framleis skulle kontrollere verksemder som ikkje vart løyvepliktige etter det nye forslaget. Sjølv om det har gitt positive resultat at politiet har vist ekstra interesse for serveringsbransjen, meinte departementet at nytten av kontrollar ikkje nødvendigvis vil rettferdiggjere den belastninga mindre serveringsstader blir pålagde gjennom løyveplikta. Det vart foreslått at både regelen om mellombels og permanent stenging av serveringsstaden vart gjord uavhengig av eventuelt løyve. På denne måten meinte departementet at omsynet til ei effektiv kontrollmoglegheit vart vegen opp mot omsynet til dei næringsdrivande og dei belastningane ei løyveplikt medfører.

Eit reint kontrollsystem ville ikkje vere eit like effektivt verkemiddel som kontroll kombinert med eit løyvesystem, men departementet meinte likevel at forslaget sameinte ønsket om forenkling med ønsket om framleis nedkjemping av kriminaliteten i serveringsbransjen.

Etter forslaget vart virkeområdet for lova også utvida ved at unntaket for varme pølser vart oppheva. Dette hadde følgjer for kva stader politiet og kommunane hadde heimel til å kontrollere, og for opningstidsføresegnene.

4.4.2 Høyringsinstansane sitt syn

Dei fleste av høyringsinstansane var kritiske til det opphavlege forslaget frå departementet.

Fleire høyringsinstansar peika særleg på at kriminalitetsbiletet i bransjen ikkje berre er knytt til verksemder som skjenkjer alkohol, men også i stor grad til serveringsstader utan alkoholløyve, som for eksempel gatekjøkken, kebabrestaurantar og kafear. Fleire uttala at dei frykta at forslaget ville føre til ein auke av kriminaliteten i bransjen.

Det vart spesielt framheva at eit kontrollsystem for verksemder som ikkje er omfatta av løyveplikta, i praksis vil vere lite effektiv. Utan eit løyvesystem vil det vere vanskeleg for kommunen å fange opp nyetableringar og endringar i eksisterande verksemder. Mange fryktar at etterfølgjande kontrollar i staden for førebygging gjennom eit løyvesystem kan gjere bransjen meir open for useriøse og kriminelle aktørar.

Høyringsinstansane peika også på dei positive effektane ved etableringsprøven. Ei innskrenking av virkeområdet vil medføre at stader utan løyve kan bli drivne av personar utan bransjekunnskap og kompetanse når det gjeld økonomi og regelverk, noko som er ein føresetnad for ein «rein og kvit» bransje.

LO, Skattedirektoratet, Foreningen Bedre Uteliv og Oslo kommune Skattekontor stilte seg negative til forslaget. Desse peika mellom anna på at kontrollane som har vore gjennomførte i bransjen, avslører mange former for kriminalitet som ikkje er avgrensa til servering av alkohol. Høyringsinstansane frykta at forslaget ville gjere bransjen endå meir open for useriøse og kriminelle aktørar. Etter LOs vurdering er det heller ikkje i forbrukarane, myndigheitene eller den seriøse delen av bransjen si interesse at forslaget blir gjennomført.

Politidirektoratet framheva at dei over lengre tid har sett at fleire «små» etablissement er skalkeskjul for kriminell verksemd, og uttala at ein vil risikere at useriøse aktørar i større grad etablerer seg med mindre serveringsstader, så som kebab- og gatekjøkken og liknande. Politidirektoratet frykta også at det blir vanskeleg å førebyggje kriminalitet, viss vandelskravet ikkje må fyllast.

Hotell- og restaurantarbeiderforbundet og Reiselivsbedriftenes landsforening (RBL)1 uttala at moglegheitene for økonomisk kriminalitet er til stades også ved serveringsstader utan alkohol­løyve. RBL peika på at det i framtida vil bli etablert fleire og fleire former for konsept for serveringstilbod utan alkoholservering. Sjølve «pølseomgrepet» er etter kvart godt innarbeidd, og burde framleis setje den «nedre» grensa for om verksemda treng serveringsløyve.

Oslo kommune støtta departementet i forslaget om å oppheve skiljet mellom løyvefri kioskverksemd og løyvepliktig gatekjøkkenverksemd. Kommunen meiner utviklinga den seinare tida viser at grensa ved kioskvarer inklusive varme pølser ikkje lenger er praktisk eller naturleg.

4.5 Revidert forslag til virkeområde, høyringsnotat frå mai 2004

På bakgrunn av at dei fleste av høyringsinstansane var negative til departementet sitt forslag til virkeområde, sende departementet ut eit nytt forslag til avgrensing av virkeområdet.

Dagens virkeområde er lett å praktisere. Dei problema som har oppstått rundt unntaket for varme pølser, kjem av forsøk på å omgå regelen og ikkje av at ein er usikker på kva for produkt som kan reknast for å vere ei pølse. Det eksisterer mykje praksis rundt føresegna, og det er heller ingen av høyringsinstansane som tek avstand frå dagens virkeområde. Departementet meinte dermed at det ville vere fornuftig å halde på dagens virkeområde. Av omsyn til arbeidsbelastninga i kommunane og av omsyn til næringa kan det likevel vere ønskjeleg å halde bestemte delar av næringa utanom løyveplikta.

Departementet foreslo at ein innfører ein forskriftsheimel for å kunne unnta bestemte delar av næringa frå virkeområdet og dermed løyveplikta. Ein slik heimel skulle berre gi høve til å unnta bestemte typar av verksemder, ikkje enkelte serveringsstader. Servering i storkioskar, bakeri og bensinstasjonar ville vere eksempel på verksemder som det kunne vere aktuelt å unnta i forskrift.

Departementet foreslo at forskriftsheimelen vart lagd til kommunane, fordi det er kommunane som best veit kvar grensa bør setjast for å sikre dei lokale behova.

Ved at forskrifter blir sende på høyring, får næringa høve til å uttale seg om dei foreslåtte unntaka, samtidig som det på ein formålstenleg måte vil vere mogleg å tilpasse det løyvepliktige området i takt med utviklinga i bransjen. Gjennom forskriftsarbeidet må kommunane grunngi kvifor det er ønskjeleg med unntak frå hovudregelen i lova om løyveplikt.

4.6 Høyringsinstansane sitt syn

Dei fleste kommunane støtta departementet sitt nye forslag til virkeområde.

Bergen kommune, Trondheim kommune, Drammen kommune, Kristiansand kommune, Sarpsborg kommune og Rendalen kommune støttar forslaget frå departementet. Dei uttalar mellom anna at ordninga er i samsvar med kommunane sitt ønske om å kunne effektivisere løyvesystemet, ved at dei får eit regelverk som er basert på kommunens storleik og behov. Dei uttalar også at det er viktig å setje inn ressursane der det erfaringsmessig skjer flest lovbrot, og at dette først og fremst gjeld stader som også har skjenkjeløyve. Sarpsborg kommune,Molde kommune og Østa kommune meiner likevel at unntaka bør heimlast direkte i lov, slik at virkeområdet for lova er likt for alle kommunar. Bjugn kommune meiner at lokale forskrifter til alkohol- og serveringslov kan vere eit godt hjelpemiddel i samband med behandling av søknader.

Oslo kommune held primært fast ved standpunktet sitt om at skiljet mellom løyvefri kioskverksemd og løyvepliktig gatekjøkkenverksemd bør opphevast. Sekundært støttar kommunen departementet sitt forslag der kommunen får forskriftsmyndigheit til å unnta bestemte delar av næringa frå virkeområdet. Kommunen framhevar at kommunane har dei beste føresetnadene for å vurdere lokale forhold.

Justisdepartementet er positiv til at det nye utkastet gir betre høve til å kunne førebyggje kriminalitet knytt til serveringsbransjen og for politiet til å utøve nødvendig kontroll med bransjen. Justisdepartementet meiner at denne moglegheita til å gi kommunen forskriftsheimel ikkje må bli så vid at det i realiteten kan undergrave moglegheitene til å kontrollere delar av bransjen.

Arbeids- og administrasjonsdepartementet meiner kravet om serveringsløyve bør opphevast for alle serveringsstader fordi eit slikt krav kan verke etableringshindrande og dermed avgrensande på konkurransen. Kravet til løyve kan også medføre at kommunane bruker regelverket på ein konkurranseavgrensande måte. AAD meiner at ein kan oppnå tilsvarande kontroll på ein mindre konkurranseavgrensande måte dersom kravet til løyve blir erstatta med ei meldeplikt.

Foreningen Bedre Uteliv (BU) meiner at vandelskravet i løyvelovgivinga ikkje er eigna til å løyse problem med illegal drift. BU meiner dokumentasjon av omsetning åleine kan løyse problema med svart omsetning. BU framhevar at forskrifter om bruk av kasseapparat til registrering av omsetning er knytt opp mot stader som har serveringsløyve. Av den grunn støttar BU det nye forslaget frå departementet slik at også verksemder som er utan alkoholservering, blir tekne inn i gruppa som blir omhandla av dei nemnde forskriftene. Den gamle «pølseforskrifta» set ei grei og kjend grense for løyveplikta. BU tilrår at bedriftsinterne kantiner som er drivne av eksterne drivarselskap, blir unnatekne i § 2.

Skattedirektoratet går imot forslaget frå departementet om å opne for kommunale unntak frå virkeområdet. Direktoratet understrekar at omfanget av uregelmessigheiter i serveringsbransjen er såpass omfattande at det er behov for å halde fast ved eit høgt kontrollnivå, og dette omfattar krav til løyve etter serveringslova. Direktoratet peikar vidare på at serveringsbransjen er prega av at ulike verksemder, for eksempel storkioskar og bensinstasjonar, utviklar serveringstilbod som kan samanliknast med serveringsstader som ein klart har meint skal falle inn under virkeområdet for serveringslova. Etter direktoratet si oppfatning er det viktig med kontroll overfor all serveringsverksemd i kommunen. I utgangspunktet er direktoratet derfor skeptisk til lovendringar som kan medføre at grupper av serveringsstader blir unnatekne frå løyvekravet. Ein kommunal forskriftsheimel kan føre til ulik praksis i kommunane, og direktoratet ønskjer einskapleg regelverk på kontrollområdet.

LO går imot departementet sitt forslag til endra virkeområde. LO meiner at departementet må prioritere tiltak som kan vere med på å betre den generelle tilstanden i bransjen, framfor å unnta større delar av bransjen frå løyveplikta. LO framhevar særleg dei positive effektane ved etablerarprøven. Dei foreslåtte endringane vil etter LOs skjønn skape ei uheldig konkurransevriding mellom bedrifter som må ha serveringsløyve, og bedrifter som er unnatekne frå løyvekrav, men som i realiteten har det same serveringstilbudet. LO fryktar vidare at forslaget vil innebere stor kreativitet når det gjeld regelomgåing og press på arbeidsvilkåra i ein bransje med eit stort innslag av deltidstilsette og kvinner. LO meiner derfor at dagens regleverk om løyve må vidareførast.

RBL støttar ikkje det nye forslaget frå departementet. RBL peikar i denne samanhengen på at dei er opptekne av at serveringsbedriftene skal konkurrere ut ifrå dei same rammevilkåra. Ved at kvar enkelt kommune skal kunne ta stilling til kva for serveringstilbod som skal falle innanfor eller utanfor virkeområdet for lova, risikerer ein at bedrifter som ligg nær kvarandre geografisk, men i kvar sin kommune, får forskjellige rammevilkår for si verksemdsutøving. RBL si haldning er at dagens system verkar tilfredsstillande, og at det er viktig at all form for serveringsverksemd fell inn under virkeområdet for serveringslova. RBL peikar vidare på at dersom nemninga, som for eksempel storkiosk, bakeri og bensinstasjon, og ikkje næringsutøvinga blir avgjerande for om ei verksemd skal falle innanfor eller utanfor serveringslova, er ein på galne vegar. Utviklinga går i retning av at forskjellige verksemder utviklar serveringstilbod som eit supplement til anna næringsverksemd som er på høgd med ein rein serveringsstad. Etter RBL si oppfatning skal slik supplerande serveringsverksemd vere underlagd det same regelverket som anna serveringsverksemd. RBL peikar på at den overordna målsetjinga om kriminalitetsnedkjemping må gå framfor omsynet til arbeidsbelastninga for kommunane.

4.7 Departementet si vurdering

Dei fleste høyringsinstansane framhevar dei positive effektane kravet om serveringsløyve har. Hovudinnvendinga mot det opphavlege forslaget frå departementet om etterkontroll utan føregåande løyve var nettopp at forslaget var for snevert, og at ei slik innsnevring ville redusere den kriminalitetsnedkjempande effekten ved lova. Det er derfor, etter departementet si vurdering, ikkje aktuelt å oppheve ordninga med serveringsløyve no.

Departementet legg stor vekt på at både LO, Skattedirektoratet og bransjen sjølv ved RBL åtvarar mot å innføre eit forskriftsbasert høve til å gjere unntak. Grunngivinga er at ein i ei tid der kriminalitetsutviklinga i bransjen er eit stort problem, ikkje bør ta vekk ein barriere. Ulike reguleringsregime mellom kommunane er lite ønskjelege for næringa.

Nærings- og handelsdepartementet ønskjer å vekte høyringsmerknadene slik at vi kjem denne skepsisen i møte, og vil derfor ikkje foreslå ei endring på dette punktet. Det betyr i praksis at alle som skal drive serveringsverksemd, framleis må søkje om serveringsløyve.

Dagens virkeområde blir delvis avgrensa gjennom unntaksføresegnene i § 2 andre ledd og delvis gjennom fortolking av innhaldet i hovudregelen.

Departementet støttar ikkje Foreningen Bedre Uteliv i at bedriftsinterne kantiner som er drivne av eksterne drivarselskap, blir unnatekne i § 2. Eksterne drivarar av kantiner er kommersielle aktørar på lik linje med andre, og departementet finn ikkje grunnlag for å stille desse i ei særstilling.

4.8 Nærare om den nedre grensa for virkeområdet

Spørsmålet om den nedre grensa for virkeområdet har vore drøfta både i første og i andre høyringsrunde og har vore kommentert av fleire høyringsinstansar.

Sjølv om det gjennom åra har vore gjort ulike meir og mindre kreative forsøk på å tilpasse ulike produkt til «pølseomgrepet», har avgrensinga vist seg å fungere godt i praksis. Regelen er godt innarbeidd og grei å forvalte. Alle veit kva ei varm pølse faktisk er, også dei som prøver å rulle hamburgerar og kalle det pølser.

Avgrensing mot varme pølser er historisk bestemt. Då regulering av serveringsstader i si tid vart etablert, eksisterte ikkje gatekjøkkenkulturen slik vi kjenner han i dag. Serveringsstader følgde eit tradisjonelt konsept. I tillegg til tradisjonelle serveringsstader fanst det kioskar som ofte selde varme pølser som eit tradisjonelt supplement til ordinære kioskvarer. Lovgivar fann det derfor naturleg å avgrense virkeområdet mot kiosk slik at kioskane kunne halde fram med å selje pølser utan løyve.

Gatekjøkkenkulturen har i ettertid vakse fram og pregar i dag marknaden. Gatekjøkken er løyvepliktige. Dette gjeld også gatekjøkken i bensinstasjonar og liknande. Det er vara som blir seld til fortæring på staden, som avgjer løyveplikta. På den måten vil ein bensinstasjon som sel varme pølser, gå fri av løyveplikta, mens den som sel hamburgerar, er løyvepliktig. Opningstidsføresegnene følgjer løyveplikta. Løyvepliktige gatekjøkken må derfor rette seg etter opningstidsføresegnene i serveringslova, mens pølsekioskar kan halde ope permanent. Dette gir ei forskjellsbehandling som kan synast kunstig og ikkje grunngitt, og som heller ikkje er tilsikta. Grunngivinga for «pølseunntaket» var omsynet til å halde den tradisjonelle kioskkulturen utanfor løyvesystemet. At unntaket i praksis også har hatt innverknad på anna verksemd som for eksempel bensinstasjonar, var ikkje tilsikta, og kan derfor ikkje brukast som grunn for å halde fast ved unntaket.

Blant anna fordi den historisk bestemte grunngivinga langt på veg har falle bort, og på grunn av dei utilsikta forskjellane skiljet fører til, har departementet kome til at det er uheldig å vidareføre avgrensinga. Departementet foreslår dermed å endre virkeområdet for lova slik at sal av varme pølser krev serveringsløyve på lik fot med gatekjøkken. Å inkludere varme pølser i løyveplikta gjer at det i dagens gatekjøkkenkultur blir reinare linjer mellom løyvepliktig og løyvefri verksemd. Mogleg konkurransevriding mellom verksemder som sel varme pølser og for eksempel hamburgerar, blir fjerna gjennom at det blir gitt like rammevilkår.

I lys av kriminalitetsutvikling i bransjen kan ein også sjå på dette som ei skjerping av regelverket, sjølv om den viktigaste grunngivinga er at det er unaturleg å halde fram med dette skiljet. Regelen vil ikkje ramme pølsesalet som idrettslag og foreiningar driv ved idrettsarrangement, når dei fell inn under unntaksføresegna i § 2.

Fjerning av pølseunntaket vil auke talet på løyvepliktige verksemder kraftig, samtidig som fleire stader enn tidlegare vil bli omfatta av opningstidsføresegnene som er fastsette i samsvar med lova. Når unntaket for pølser blir oppheva, vil fleire stader enn tidlegare også falle inn under kontrollmyndigheita til politiet og kommunane og det etterfølgjande høvet til stenging.

I praksis vil politiet og/eller kommunen truleg gå inn og kontrollere denne typen stader relativt sjeldan. Alle verksemder må følgje norsk lov, og både bokettersyn og andre former for kontrollar av offentlege myndigheiter er alt heimla i andre lover. Vidare tilbyr dei fleste av dei serveringsstadene som i dag held døgnope, også annan mat enn pølser, og desse serveringsstadene skal derfor også i dag ha løyve.

Dagens pølseunntak refererer seg til ei fortolking av § 2. Departementet vil understreke at unntaket blir fjerna, ved å utvide ordlyden i § 2 med ei markering av at «alle» serveringsstader skal ha løyve. Ved å understreke at alle som driv serveringsverksemd fell inn under § 2, meiner departementet at pølseunntaket som nedre grense i lova er oppheva.

Sjølv om unntaket for sal av varme pølser blir oppheva, må det framleis gjerast ei avgrensing mot sal av matvarer. I fortolking av «servering» må det, som no, vurderast om maten/drikken blir bydd fram til fortæring på staden.

Departementet er merksam på at det kan oppstå problem både for næringsdrivande og for kommunar viss verksemdene som er omfatta av utvidinga, skulle måtte søkje om løyve etter at denne endringslova trer i kraft. Departementet ønskjer å gjere utvidinga av virkeområdet så smidig som mogleg og foreslår derfor ei overgangsføresegn i § 20 slik at eksisterande serveringsverksemd som no fell inn under lova, ikkje skal søkje om løyve. Desse verksemdene blir etter at lova tek til å gjelde, betrakta som serveringsstad med løyve. Verksemda må dermed følgje serveringslova i den vidare verksemda, og fylle krava til for eksempel vandel og opningstider i drifta framover.

I overgangsføresegnene blir også dagens styrar friteken frå etablerarprøven så lenge han er dagleg leiar i gjeldande bedrift. Ved skifte av dagleg leiar må kravet til etablerarprøve oppfyllast.

Bortsett frå unntaket for pølser er tidlegare praksis og fråsegner knytte til virkeområdet for serveringslova framleis relevante.

Fotnotar

1.

Reiselivsbedriftenes landsforening har seinere skifta namn til NHO Reiseliv.

Til forsida