Ot.prp. nr. 69 (2006-2007)

Om lov om endringer i lov om serveringsvirksomhet (serveringsloven)

Til innhaldsliste

2 Bakgrunn for lovforslaget

2.1 Innleiing

Lov 13. juni 1997 nr. 55 om serveringsverksemd (serveringslova) tok til å gjelde 1. januar 1998. Same dato vart lov 3. juni 1983 nr. 52 om overnattings- og serveringsstader (hotellova) med forskrifter oppheva.

Bakgrunnen for serveringslova var den kriminalitetsutviklinga ein hadde fått i delar av serveringsbransjen, og den konkurransevridinga dette medførte. Serveringslova var meint som eit verkemiddel for å få slutt på den næringspolitisk uheldige utviklinga, samtidig som lova skulle ta vare på bransjen sitt behov for klare og føreseielege rammevilkår. Omsynet til å skape stabile rammevilkår for dei seriøse næringsdrivande er framleis viktig. Formålet med denne revisjonen er først og fremst å setje inn ytterlegare tiltak mot kriminalitetsutviklinga i bransjen, samtidig som departementet vil sjå om det er mogleg å forenkle. Verksemder som ikkje betaler pliktige skattar og avgifter, vil kunne tilby prisar som underbyr tilboda frå dei seriøse aktørane. Dette skaper problem for dei seriøse aktørane, og medfører konkurransevridingar. Revisjonen skal derfor verne om interessene til dei seriøse næringsdrivande ved å motverke kriminalitet i bransjen.

I Ot.prp. nr. 55 (1996-97) vart det understreka at det er vanskeleg å vurdere i kva grad den nye lova ville vere i stand til å motverke kriminalitetsutviklinga i bransjen. Samtidig framheva departementet at det å særregulere enkelte bransjar framfor andre berre bør gjerast dersom sterke grunnar talar for det. Det vart derfor foreslått å gjennomføre ei evaluering av serveringslova for å vurdere om ho har fått den tilsikta effekten. Samtidig bør det vurderast om anna lovgiving har vore med på å påverke forholda i bransjen, og om det framleis er nødvendig med særregulering av bransjen.

Utviklinga i bransjen dei siste åra tyder ikkje på at forholda har betra seg nemneverdig. Politiet har i dei siste åra gjennomført ei rekkje kontrollar av forholda i bransjen, og det blir rapportert om mange lovbrot (sjå nedanfor). Det kan såleis stillast spørsmål ved om serveringslova er verksam i forhold til det å halde nede kriminaliteten i bransjen. Eit viktig ledd i kampen mot kriminaliteten er å sikre kommunikasjon mellom dei etatane som kontrollerer ulike sider av verksemda. Oppheving av teieplikta mellom politi, skatte- og avgiftsmyndigheitene, tollmyndigheitene, Næringsmiddeltilsynet (no Mattilsynet), Arbeidstilsynet og kommunane som løyvehavar var noko av det nye som vart innført gjennom serveringslova. På denne måten har serveringslova sikra kommunikasjonsflyten mellom kommunen og etatane, noko det etter departementet si oppfatning er klart behov for også framover.

I denne revisjonen vil departementet prøve å gjere serveringslova meir effektiv i arbeidet med å stanse kriminaliteten i bransjen. Etter det departementet kan sjå, er det behov for å halde fast ved ei serveringslov som har til formål å få vekk kriminaliteten serveringsbransjen slit med. Departementet foreslår derfor endringar og tilpassingar for å oppnå større effekt og for å oppnå forenkling for næringa så vel som myndigheiter.

2.2 Endringsbehov

Formålet med lovgjennomgangen er dels å få klargjort i kva grad siktemålet med å redusere kriminalitet i bransjen er nådd, og dels i kva grad anna lovgiving har vore med på å påverke forholda i bransjen, slik at det er unødvendig å halde fast ved ei særregulering.

Departementet baserer vurderingane sine dels på eigne erfaringar med lova, dels på tilbakemeldingar frå kommunane og fylkeskommunane, og dels på informasjon som er komen fram i kontakt med politiet og næringsorganisasjonane. Tilbakemeldingane går eintydig i retning av at det framleis er problem med lovbrot og misferd av forskjellige slag i denne bransjen, og at ein slik sett ikkje er i mål når det gjeld å redusere kriminaliteten i og i tilknyting til bransjen. Både bransjen og kommunane har gitt uttrykk for at dei ønskjer at lova blir vidareført, for å nå målet om reduksjon av kriminaliteten og dermed betre konkurransevilkåra i næringa. Departementet ser det derfor slik at tida ikkje er inne for å avslutte dagens særregulering. Samtidig ser departementet eit behov for å vurdere tilstrammingar i forhold til dei useriøse aktørane. Departementet foreslår også ei betre harmonisering med tilsvarande føresegner i alkohollova. Nærings- og handelsdepartementet har i denne prosessen samarbeidd med Helse- og omsorgsdepartementet (tidligare Sosialdepartementet og Arbeids- og ­sosialdepartementet).

2.3 Høyring

Høyringsnotatet dette forslaget byggjer på, har vore sendt ut i to omgangar.

Det første høyringsnotatet vart sendt ut 7. november 2003 med høyringsfrist 10. februar 2004. I høyringsnotatet vart det foreslått å avgrense løyveplikta til berre å gjelde verksemder som er underlagde kravet om skjenkjeløyve etter alkohollova, mens alle serveringsstader skulle omfattast av kontroll- og sanksjonssystemet i lova. Vidare vart det foreslått eit meir målretta sanksjonssystem. I tillegg inneheldt høyringsnotatet forslag om å harmonisere vandelsføresegna med den tilsvarande føresegna i alkohollova.

Høyringsnotatet vart sendt til desse høyringsinstansane:

  • Alle departementa

  • Alle fylkesmennene

  • Følgjande kommunar: Alstadhaug, Asker, Bergen, Bjugn, Bærum, Drammen, Eidsvoll, Fredrikstad, Frogn, Gjøvik, Halden, Hamar, Haugesund, Horten, Jølster, Karasjok, Kristiansand, Kristiansund, Lillehammer, Molde, Moss, Oslo, Porsgrunn, Rendalen, Sande, Sandefjord, Sandnes, Sarpsborg, Stavanger, Suldal, Søgne, Sørum, Tromsø, Trondheim, Tønsberg, Ørsta og Ålesund

  • Politidistrikta i Oslo, Bergen, Trondheim, Troms og Rogaland

  • Reiselivsbedriftenes Landsforening (RBL)

  • Hotell- og restaurantarbeiderforbundet

  • Næringslivets Hovedorganisasjon

  • Landsorganisasjonen i Norge

  • Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon

  • Kommunenes Sentralforbund

  • Arbeidstilsynet 2. distrikt Oslo

  • Toll- og avgiftsdirektoratet

  • Skattedirektoratet

  • Foreningen Bedre Uteliv, v/advokatfirmaet Nor Law D.A.

  • Oslo fylkesskattekontor

  • Oslo kemnerkontor

  • African Youth in Norway

  • Antirasistisk Senter

  • Innvandrernes Landsorganisasjon

  • Islamsk kvinnegruppe Norge

  • Juss-Buss – Innvandrergruppa

  • Jussformidlingen, Bergen

  • Likestillingsombodet

  • MIRA Ressurssenter

  • NON Fighting Generation

  • Norges Juristforbund

  • Organisasjonen mot offentlig diskriminering (OMOD)

  • Pakistansk Studentforening

  • PMV – Senter for helse, dialog og utvikling

  • Riksadvokaten

  • Selvhjelp for innvandrere og flyktninger

  • Senter mot etnisk diskriminering (SMED)

  • SINTEF – IFIM

  • SOS Rasisme

Nærings- og handelsdepartementet fekk desse høyringssvara:

Barne- og familiedepartementet, Fiskeridepartementet, Forsvarsdepartementet, Kultur- og kyrkjedepartementet, Miljøverndepartementet, Samferdselsdepartementet, Utdannings- og forskingsdepartementet, Utanriksdepartementet, Fylkesmannen i Vestfold, Horten kommune, Søgne kommune, Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon, Kommunenes Sentralforbund og Toll- og avgiftsdirektoratet har ingen merknader til høyringsnotatet.

Arbeids- og administrasjonsdepartementet, Justis- og politidepartementet, Landbruksdepartementet, Finansdepartementet, Helsedepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet, Sosialdepartementet, Fylkesmannen i Aust-Agder, Fylkesmannen i Buskerud, Fylkesmannen i Oslo og Akershus, Bergen kommune, Bjugn kommune, Bærum kommune, Drammen kommune, Eidsvoll kommune, Fredrikstad kommune, Frogn kommune, Hamar kommune, Kristiansand kommune, Porsgrunn kommune, Trondheim kommune, Oslo kommune Byrådsavdelingen for næring og byutvikling, Oslo kommune kemnerkontoret, Rendalen kommune, Sarpsborg kommune, Stavanger kommune, Ørsta kommune, Politidirektoratet, Troms politidistrikt, Arbeidstilsynet, Foreningen Bedre Uteliv, Hotell- og restaurantarbeiderforbundet, Innvandrernes Landsorganisasjon, Kontaktutvalget mellom innvandrere og myndigheiter (KIM), Landsorganisasjonen i Norge, Organisasjon mot offentlig diskriminering (OMOD), Reiselivsbedriftenes Landsforening, Riksadvokatembetet, Senter mot etnisk diskriminering, Skattedirektoratet og Utlendingsdirektoratet har alle hatt merknader til høyringsnotatet.

Departementet har også fått høyringsfråsegner frå Oslo Børs og Norsk petroleumsinstitutt.

Det andre høyringsnotatet vart sendt ut 13. mai 2004 med høyringsfrist 25. juni 2004. Høyringa avgrensa seg til eit nytt forslag til virkeområde. Bakgrunnen for det nye forslaget til virkeområde var at dei fleste høyringsinstansane uttala seg negativt til det opphavlege forslaget frå departementet. Dermed ønskte departementet å sende eit nytt forslag til avgrensing av virkeområdet på høyring.

Departementet foreslo å halde fast ved dagens virkeområde, men slik at kommunen ville få forskriftsheimel til å unnta bestemte typar av verksemder frå virkeområdet.

Høyringsnotatet vart sendt til desse høyringsinstansane:

  • Alle departementa

  • Alle fylkesmenn

  • Følgjande kommunar: Asker, Bergen, Bjugn, Bærum, Drammen, Eidsvoll, Fredrikstad, Gjøvik, Halden, Hamar, Haugesund, Horten, Kristiansand, Kristiansund, Lillehammer, Molde, Moss, Oslo, Porsgrunn, Rendalen, Sandefjord, Sarpsborg, Stavanger, Søgne, Tromsø, Trondheim, Tønsberg, Ålesund.

  • Politidirektoratet

  • Reiselivsbedriftenes Landsforening

  • Hotell- og restaurantarbeiderforbundet

  • Næringslivets Hovedorganisasjon

  • Landsorganisasjonen i Norge

  • Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon

  • Kommunenes Sentralforbund

  • Arbeidstilsynet

  • Tolldirektoratet

  • Skattedirektoratet

  • Foreningen Bedre Uteliv

  • Oslo fylkesskattekontor

  • Oslo kemnerkontor

Nærings- og handelsdepartementet har fått desse høyringssvara:

Barne- og familiedepartementet, Helsedepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet, Landbruksdepartementet, Miljøverndepartementet, Samferdselsdepartementet, Utdannings- og forskingsdepartementet, Utanriksdepartementet, Fylkesmannen i Oslo og Akershus, Kommunenes Sentralforbund og Toll- og avgiftsdirektoratet har ingen merknader til høyringsnotatet.

Arbeids- og administrasjonsdepartementet, Finansdepartementet, Forsvarsdepartementet, Justis- og politidepartementet, Sosialdepartementet, Fylkesmannen i Vest-Agder, Bergen kommune, Bjugn kommune, Drammen kommune, Kristiansand kommune, Molde kommune, Odda kommune, Oslo kommune Byrådsavdelingen for næring- og byutvikling, Rendalen kommune, Sarpsborg kommune, Trondheim kommune, Ørsta kommune, Foreningen Bedre Uteliv, Landsorganisasjonen i Norge, Reiselivsbedriftenes Landsforening og Skattedirektoratet har alle hatt merknader til høyringsnotatet.

2.4 Lov om forbod mot diskriminering

Etnisk diskriminering ved restaurantar, skjenkjestader og andre utestader er eit alvorleg problem som har fått aukande politisk merksemd dei siste åra. Påstandar om etnisk diskriminering ved ein utestad kan vere vanskelege å bevise, og det er derfor vanskeleg å seie noko om omfanget. Både politiet og kommunen er trekte inn i arbeidet for å redusere denne forma for diskriminering, og både straffelova, serveringslova og alkohollova er brukte som verkemiddel i dette arbeidet.

Lov av 3. juni 2005 nr. 33 om forbud mot diskriminering på grunn av etnisitet, religion mv. (diskrimineringslova) vart vedteken av Stortinget i juni 2005, og trådde i kraft 1. januar 2006.

Etnisk eller religiøs diskriminering i samband med tilgang til utestader er omfatta av det generelle forbodet i lova, jf. § 4. Samtidig har handhevingsapparatet knytt til diskrimineringslova, Likestillings- og diskrimineringsnemnda, verkemiddel mot utestaddiskriminering, som for eksempel stansing. Det er understreka i forarbeida (Ot.prp. nr. 33 (2004-2005)) at ein berre kan påleggje utestaden å stanse diskrimineringa, og ikkje sjølve verksemda.

Slik serveringslova er formulert i dag, kan diskriminering på grunnlag av etnisitet leggjast til grunn i vandelsvurderinga, jf. § 6 og tilhøyrande suspensjons- og stengingsføresegner i kap. 4 i lova. Også det at politiet har høve til å påleggje serveringsstader å ha godkjende ordensvakter, kan medverke til at utestaddiskriminering blir mindre utbreidd.

Nærings- og handelsdepartementet samarbeidde med Kommunal- og regionaldepartementet om korleis problema med utestaddiskriminering kan nedkjempast i endå større grad. Nærings- og handelsdepartementet vurderer særskilde tiltak for å sikre eit meir effektivt vern i samband med denne revisjonen. Lova ligg no under arbeidsområdet til Arbeids- og inkluderingsdepartementet.

Til forsida