16 Delegering av løyvemyndigheita
16.1 Gjeldande rett på høyringstidspunktet
Serveringslova stiller kommunane fritt når det gjeld kva instans i kommunen som skal gjere vedtak i løyvesaker. Meir uklart har det vore om ein kommune har kunna delegere til andre organ utan heimel i lov. Sterke reelle omsyn kan likevel tale for at delegasjonsmyndigheit kan tolkast inn i kvart enkelte tilfelle. Dette kjem mellom anna fram av prosjektrapporten «Kartlegging av juridiske rammevilkår for interkommunalt samarbeid», skriven av høgskulelektor Ingun Sletnes og avgitt 17. februar 2003 til Kommunal- og regionaldepartementet.
Lov 25. september 1992 nr. 107 om kommuner og fylkeskommuner(kommuneloven) set dei rettslege rammene for høve til delegering av myndigheit for verksemd som er organisert etter lova. Etter kommunelova § 27 kan «myndighet til å treffe avgjørelser som angår virksomhetens drift og organisering» vere ei aktuell oppgåve for interkommunalt samarbeid. Av forarbeida til kommunelova går det fram at ein skal forstå avgrensinga til «drift og organisering» snevert. Eit vedtak om å innfri eller avslå ein søknad om serveringsløyve vil etter departementet si vurdering ikkje falle inn under dette omgrepet, og følgjeleg vil kommunelova § 27 ikkje gi heimel for å delegere løyvemyndigheita.
Lov 29. januar 1999 nr. 6 om interkommunale selskaper har ikkje reglar som seier noko om kommunane har høve til å overføre offentleg myndigheit til interkommunale selskap. I § 1 blir interkommunale selskap definerte som selskap der alle deltakarane er kommunar, fylkeskommunar eller interkommunale selskap. I utgangspunktet er det ikkje høve til å delegere offentleg myndigheit til slikt selskap utan heimel i særlov. Serveringslova inneheld per i dag ingen slik heimel.
Etter departementet si vurdering er det etter gjeldande rett ikkje heimel for kommunane til å delegere løyvemyndigheita etter serveringslova til ei interkommunal samanslutning.
16.2 Forslaget i høyringsnotatet
Høve til delegering
Departementet peika i høyringsdokumentet på at mange kommunar kan spare ressursar og tid ved å inngå eit samarbeid med tilgrensande kommunar om utøvinga av løyvemyndigheita. Ein del kommunar får få søknader i året, og det kan vere tidkrevjande å setje seg inn i løyvesystemet dei få gongene behovet oppstår. Det kan derfor vere ressurssparande for kommunar å samarbeide og samle kompetansen på ein stad eller i eitt organ som handterer serveringsløyva for området.
Andre kommunar får mange søknader om serveringsløyve kvart år. Også desse kommunane kan vere tente med eit samarbeid, for eksempel ved at dei kan opprette eit organ med særleg kunnskap om løyvesystemet i serveringslova.
Departementet peika vidare på at eit samarbeid mellom fleire kommunar også kan auke kunnskapen om løyvesystemet i serveringslova.
Departementet meinte òg at eit samarbeid kan vere ein fordel for den næringsdrivande. For det første vil lovbruken i samband med løyvebehandlinga bli lik innanfor det aktuelle geografiske området, og faren for forskjellsbehandling vil bli redusert. Den næringsdrivande kan truleg lettare overføre/utvide drifta av serveringsverksemda innanfor området samarbeidet omfattar, i og med at utøvarane av løyvemyndigheita alt har kjennskap til vedkomande og hans/hennar drift.
Om løyve skal givast, er i utgangspunktet ikkje ei skjønnsmessig avgjerd. Etter serveringslova § 3 har alle som oppfyller vilkåra i lova, krav på å få innvilga søknad om serveringsløyve. Vandelskravet i § 6 i lova er riktignok skjønnsmessig utforma, men departementet har trekt opp retningslinjer for korleis dette skjønnet skal utøvast. Det bør etter departementet si meining vere opp til kommunane å vurdere korleis oppgåvene etter serveringslova best kan løysast – om løyvesaker skal leggjast fram for kommunestyret eller formannskapet, eller om sakene skal delegerast internt i kommunen, til ein annan kommune eller til ei interkommunal samanslutning.
Etter departementet si oppfatning talar reelle omsyn for at kommunane bør få heimel til å delegere løyvemyndigheita, også ut av kommunen.
Av omsyn til samanhengen i regelverket bør ein også kunne delegere høvet til å stengje verksemder. Dersom det er ulike organ som har myndigheit til å innvilge serveringsløyve og til å vedta stenging, vil det vere ein risiko for at det ikkje er samsvar mellom lovbruken ved innvilginga og ved stenginga. Dette kan særleg vere eit problem i samband med fortolkinga av vandelskravet. Kommunen bør sjølv kunne bestemme om han berre ønskjer å overføre innvilgingskompetansen, og behalde tilbakekallingskompetansen sjølv, eller om begge myndigheiter skal overførast til eit anna organ.
På denne bakgrunnen vart det i høyringsnotatet foreslått at ein innfører ei ny føresegn, jf. § 3 fjerde ledd i lovforslaget, der kommunane får heimel til å delegere løyvemyndigheita til ei interkommunal samanslutning.
Forholdet til forvaltningslova og offentleglova
Dersom ein kommune delegerer løyvemyndigheita til ein annan kommune, vil saksbehandlande kommune vere forplikta til å følgje reglane i forvaltningslova og offentleglova.
Dersom løyvemyndigheita blir delegert til ei interkommunal samanslutning, vil avgjerd om innvilging eller tilbakekalling av serveringsløyve vere eit enkeltvedtak etter forvaltningslova, jf. forvaltningslova § 2 første ledd bokstav b. Det følgjer då av forvaltningslova § 1 at forvaltningslova gjeld. Også offentleglova gjeld for eit slik vedtak, jf. offentleghetslova § 1, jf. forvaltningslova § 1. All verksemd som har samanheng med den delegerte løyvemyndigheita, har så sterk tilknyting til offentleg verksemd at det er naturleg at begge lovene gjeld.
Klage
Vedtak som er gjort av ei interkommunal samanslutning eller av annan kommune, kan klagast inn for klageorganet for vertskommunen, dvs. fylkesmannen for den kommunen løyvespørsmålet etter serveringslova fell inn under. Dei vanlege klagereglane gjeld her. Det blir foreslått at høvet til å klage blir heimla i § 3 fjerde ledd andre punktum.
16.3 Høyringsinstansane sitt syn
Bergen kommune og Oslo kommune meiner høvet til å delegere løyvemyndigheita bør samordnast med alkohollova.
Trondheim kommune ser positivt på det utvida høvet til å delegere. Trondheim kommune uttalar at føresegna alternativt kan utelatast, slik at føresegnene i kommunelova gjeld.
Kristiansand kommune er ikkje einig i departementet si vurdering når det gjeld delegeringsføresegna, men uttalar at ein ikkje har noko imot at ei eventuelt frivillig delegeringsføresegn blir innført.
16.4 Departementet si vurdering
Etter at dette forslaget vart sendt på høyring, er kommunelova endra. Endringa av 15. desember 2006 tredde i kraft 1. januar 2007. Endringa fangar opp delegeringsspørsmålet gjennom dei nye reglane i §§ 28a til 28c. Departementet er einig med Trondheim kommune, og meiner dermed at § 3 fjerde ledd i forslaget ikkje lenger er relevant.