9 Føresetnader/vilkår for løyvet
9.1 Gjeldande rett
I Ot. prp. nr. 55 (1996-97) om lov om serveringsvirksomhet (serveringsloven) blir det uttala i merknadene til § 3:
Dersom kravene er oppfylt (lovens krav for å få innvilget bevilling), har den som søker krav på å få serveringsbevilling. Loven er ikke ment å være en næringsreguleringslov som baseres på behovprøving. Kommunen har ikke anledning til å sette et tak på antall serveringssteder i kommunen, eller stille ytterligere vilkår enn det som følger av loven her. Bevillingshaver er også forpliktet til å innhente de tillatelser som er nødvendige i henhold til annen lovgivning eller forskrifter, som f.eks. etter næringsmiddellovgivningen, plan- og bygningslovgivningen, brannvernlovgivningen e.l.
I kapittel 9.2 heiter det vidare:
De bygningsmessige krav som er begrunnet i arbeidsmiljø og brannvern er etter departementets oppfatning tilstrekkelig regulert i arbeidsmiljølovgivningen og lov 5. juni 1987 nr. 27 om brannvern mv. med lokale brannforskrifter. Vi vil for øvrig bemerke at en godkjennelse av serveringsstedet etter serveringsloven ikke innebærer at bevillingshaver derved er fritatt fra å innhente de tillatelser som måtte være nødvendig etter andre lover og forskrifter. Et slikt forbehold kan dessuten gjerne inntas i bevillingsvedtaket.
Etter gjeldande rett har kommunen dermed ikkje heimel til å setje vilkår for løyvet, men kommunen kan ta inn eit atterhald i løyvet om at andre offentlege løyve må vere innhenta.
9.2 Forslaget i høyringsnotatet
Departementet har motteke fleire spørsmål om kommunens rett til å setje vilkår for løyvet.
Departementet vurderer det slik at kommunen bør få høve til å gi løyve på vilkår av at krav i serveringslova er oppfylte innan ein nærare fastsett tidsfrist. Kommunen bør for eksempel kunne innvilge eit serveringsløyve under føresetnad av at dagleg leiar kan leggje fram bevis for avlagd etablerarprøve innan for eksempel fire veker. Dersom vilkåret ikkje er innfridd innan den fristen kommunen set, må serveringsstaden stengje straks. Det er opp til kommunens skjønn om han ønskjer å innvilge eit serveringsløyve med eit slikt vilkår, eller om han vil avslå å gi løyve inntil alle krav i serveringslova er oppfylte. Sidan serveringsstaden kan starte drifta sjølv om vilkåret enno ikkje er innfridd, må fristane som blir sette av kommunen, vere relativt korte, sjeldan meir enn fire veker.
Det vart foreslått at høvet til å setje dei nemnde vilkåra for løyvet skulle heimlast i nytt tredje ledd i § 3, «Kommunen kan sette som vilkår for bevillingen at krav i §§ 3 og 5 oppfylles innen en nærmere fastsatt tidsfrist».
9.3 Høyringsinstansane sitt syn
Oslo kommune, Drammen kommune og Trondheim kommune er positive til at departementet vil innføre ein heimel som gir høve til å setje fristar for oppfylling av vilkår i serveringslova. Oslo kommune gir som eksempel vilkår om at andre offentlege løyve skal vere på plass. Drammen kommune peikar på at det for eksempel bør kunne knytast som vilkår til løyvet at staden har ordensvakt.
Bergen kommune ser ikkje behov for ei føresegn om at kommunen kan setje som vilkår for løyvet at krav i §§ 3 og 5 skal oppfyllast innan ein nærare fastsett tidsfrist. Ved ei formulering som den foreslåtte kan ein kome i den situasjonen at det blir gitt løyve utan at verksemda har dagleg leiar, og utan at nokon i verksemda har avlagt etablerarprøven. Lova må etter kommunen si oppfatning leggje opp til at etablerarprøven er bestått før løyvet blir utskrive. Dersom etablerarprøven kan avleggjast etter gitt løyve, ser kommunen for seg mykje unødvendig arbeid ved å få enkelte til å avleggje etablerarprøven. I verste fall må ein også kalle tilbake løyvet, og i samarbeid med politiet stengje verksemda. Dette unngår ein viss ein set krav om bestått etablerarprøve før løyve blir skrive ut.
9.4 Departementet si vurdering
Dei fleste av høyringsinstansane som har uttala seg om spørsmålet, er positive til departementet sitt forslag om å gjere det mogleg for kommunane å setje vilkår for løyvet. Bergen kommune meiner det kan by på ekstraarbeid for kommunen dersom det for eksempel blir gitt løyve før etablerarprøve er avlagd. Det er opp til kvar enkelte kommune om han ønskjer å gi løyve under bestemte vilkår, eller om alle forhold må på plass før løyve blir gitt. Dersom kommunen meiner det vil by på meirarbeid å gi løyve under vilkår, kan kommunen la vere å bruke denne moglegheita. Av den grunn ser ikkje departementet problem ved å innføre heimelen.
Departementet støttar ikkje Drammen kommune sitt forslag om at det bør kunne knytast som vilkår til løyvet at staden har ordensvakt. Det er etter departementet sitt forslag til lovendring berre heimel til å fastsetje vilkår som nemnde i § 3 i lova, jf. §§ 3 og 5, og departementet foreslår at ein held fast ved denne avgrensinga. Kravet om ordensvakter blir behandla i § 16 i lovforslaget. Etter denne føresegna kan ein stad påleggjast å ha ordensvakt dersom politiet finn dette nødvendig. Myndigheita til å avgjere spørsmålet om ordensvakt er såleis lagd til politiet, og kommunen bør derfor ikkje kunne påleggjast å ta stilling til dette spørsmålet når han behandlar løyvet.
Til Oslo kommunes merknad ønskjer departementet å peike på at heller ikkje andre offentlege løyve er nemnde som vilkår i serveringslova, og forholdet fell såleis utanfor departementet sitt forslag. Men etter gjeldande rett er det høve til å setje som føresetnad for løyvet at andre offentlege løyve er på plass før verksemda startar, jf. kapittel 9.2 i Ot. prp. nr. 55 (1996-97).
Departementet held etter dette fast ved forslaget i høyringsnotatet.