7 Innhaldet i søknaden
7.1 Gjeldande rett
Skriftleg søknad skal sendast til kommunen der serveringsstaden ligg geografisk, før serveringsverksemda blir sett i gang. Søknaden skal innehalde spesifikke opplysningar som er nemnde i § 8. I tillegg til desse opplysningene skal kommunen innhente fråsegner frå politiet, og han kan innhente fråsegner frå andre offentlege myndigheiter.
Opplysningar som skal givast, er namn og adresser på løyvehavar, styrar (dagleg leiar) og avløysar, og staden serveringa skal drivast frå. Er løyvehavar ein juridisk person, skal også organisasjonsnummer opplysast. Det skal sendast inn dokumentasjon på faglege kvalifikasjonar, dvs. bestått etablerarprøve i samsvar med § 5, og skatteattest for den som skal drive serveringsstaden på si rekning.
I praksis er kravet om innlevering av skatteattest det mest sentrale. Skatteattesten inneheld opplysningar om forfallen, ikkje betalt skatte- og avgiftsgjeld. Skatteattesten blir utskriven av kommunekasseraren og skattefuten, og kan berre skrivast ut til den skatteattesten gjeld. Verdien av skatteattesten blir redusert viss han ikkje er oppdatert, og han må derfor vere innhenta straks før søknaden blir send inn. I mange tilfelle vil skatteattesten likevel ha liten eller ingen verdi, fordi søkjar er ein ny juridisk person, og skatteattest på vedkomande rettssubjekt finst såleis ikkje.
7.1.1 Det danske og svenske systemet
Erfaring i Danmark viser at både kvitvasking av pengar og andre former for økonomisk kriminalitet i restaurantbransjen er omfattande. Løyvemyndigheita har derfor gitt høve til å sjekke finansieringa av serveringsstaden gjennom lova. Den danske lova inneheld dermed ein meir vidtrekkande heimel for kva løyvemyndigheita kan krevje for å skrive ut serveringsløyve (gjeld berre stader som serverer alkohol) enn den norske. Løyvemyndigheitene får høve til å sjekke om den som søkjer serveringsløyve, er både personleg eigna og økonomisk eigna til det. Løyvemyndigheita kan krevje å få lagt fram både finansieringsplan, driftsbudsjett og likviditetsbudsjett (m.a. leigekontrakt), og dessutan om det må reknast for godtgjort at verksemda vil bli driven for søkjaren si eiga rekning og risiko, jf. lov om restaurations- og hotelvirksomhed § 12.
Private søkjarar av serveringsløyve må fylle ut eit skjema, der det skal gjerast greie for opplysningar om personalia, tidlegare arbeidsstader og utdanning, økonomiske forhold, ei oppstilling over finansieringa av serveringsstaden, budsjett for det første året, likviditetsbudsjett for serveringsstaden og privat likviditetsbudsjett.
Ervervs- og Selskabsstyrelsen, som forvaltar den danske lova, opplyser at løyvemyndigheita bruker heimelen til å gå grundig gjennom dei økonomiske forholda til søkjaren.
Den svenske alkohollagen opnar også for ei vurdering av om løyvehavar er økonomiske eigna. Serveringsløyve (knytt opp til alkohol) skal berre givast til den som viser at han/ho med omsyn til personlege og økonomiske forhold og omstenda elles er eigna til å utøve verksemda. Det skal også takast omsyn til om søkjaren er i stand til å oppfylle betalingspliktene sine til det offentlege, Alkohollagen 1994:1738, kapittel 7, 7 §.
7.2 Forslaget i høyringsnotatet
I høyringsnotatet vart det vurdert både om og kva for utvida opplysningskrav som vil vere formålstenlege i tilknyting til søknaden om serveringsløyve. Spesielt vart det framheva at tømming av driftsselskapet mot ein styrt konkurs og omfattande bruk av svart arbeidskraft er problem kontrollerande myndigheiter støyter på i denne bransjen. Dersom søkjar må leggje fram dokument som uansett må liggje føre hos ei seriøs verksemd, kan det til ein viss grad hindre eller vanskeleggjere verksemd som er tufta på useriøst grunnlag. Samtidig vil det offentlege på denne måten synleggjere kva for krav som naturleg blir stilte til ei seriøs verksemd før etablering. I høyringsnotatet vart det dermed foreslått å utvide krava til søknaden, slik at kommunen ved behov kan krevje leigekontrakt og finansieringsplan.
7.2.1 Leigekontrakt
Ved at serveringsstader blir styrte inn i konkurs for straks å gjenoppstå «i ny drakt», kan konkursar brukast bevisst til å slette gjeld etter at verdiar i driftsselskap er overførte til nye selskap. Restaurantverksemd er ofte organisert gjennom eigarselskap som eig lokala og driftsmidlane, og eit eige driftsselskap som står for den daglege drifta. Det er i hovudsak driftsselskapa som blir slått konkurs. Ein måte å styre pengane over i eigarselskapet på, kan for eksempel vere å ta svært høge leigeinntekter. På den måten blir driftsselskapet styrt mot ein konkurs, mens eigarselskapet får overført midlane. Erfaring skatteetaten har gjort, viser at enkelte utleigarar «går igjen» som utleigar i slike selskap.
Eit forslag i høyringsnotatet var at søkjar må vise fram leigekontrakt, i og med at det er eit naturleg supplement til søknaden. Leigekontrakten kan gi ein indikasjon på ein ofte vesentleg del av utgiftssida til serveringsstaden. Det er i alle fall inngått leigekontrakt før det blir søkt om serveringsløyve, sidan lova stiller krav om adressa serveringsstaden skal drivast frå. Departementet kan ikkje sjå at det vil vere ei unødig stor byrde for søkjar å måtte leggje fram kopi av leigekontrakten.
7.2.2 Finansieringsplan
Ein finansieringsplan vil gi ei oversikt over korleis kjøpet av serveringsstaden er finansiert. Normalt vil det vere ei blanding av eigenkapital, ordinære banklån, kassakredittar, privatlån og innskot frå medeigarar. Også andre finansieringsformer kan tenkjast. Ein finansieringsplan kan variere i omfang.
Eigenkapitalinnskottet vil vere viktig informasjon for løyvemyndigheita i tillegg til tingsinnskott. I tingsinnskottsomgrepet ligg det ein del uklare verdivurderingar. Eit oppsett over desse postane kan likevel bidra til å få fram at myndigheitene er merksame på desse forholda.
For den seriøse delen av bransjen vil det ikkje vere byrdefullt å leggje fram ein finansieringsplan. I høyringsnotatet vart det derfor foreslått at kommunen kan krevje at finansieringsplan blir lagd fram ved søknad om serveringsløyve.
7.2.3 Budsjett
For dei fleste bedrifter er det vanleg å planleggje drifta ved å setje opp eit budsjett. Budsjettet viser normalt neste års forventa utgifter og inntekter. På utgiftssida vil budsjettet vise forventa kostnader i samband med varekjøp, lønnskostnader, feriepengar og driftskostnader så som husleige, elektrisitet, reingjering, forsikring, revisjon og offentlege avgifter. Oppgiving av forventa lønnskostnader vil gi ein indikasjon på kor mange tilsette serveringsstaden reknar med å ha. På inntektssida vil budsjettet gi forventa varesal (rekna ut frå forventa belegg) og bruttoforteneste.
Departementet framheva i høyringsnotatet at det har vore vurdert om kommunen bør få høve til å krevje å få lagt fram budsjett ved søknad om serveringsløyve. Etter departementet si oppfatning vil eit budsjett ikkje nødvendigvis gi signal om den komande økonomien til verksemda. For det første vil utviklinga ofte gå i ei anna retning enn kva løyvesøkjar har lagt til grunn. I slike tilfelle har budsjettet ingen verdi. For det andre kan det vere vanskeleg å hente ut relevant informasjon frå eit budsjett sidan dette ofte krev spesialkompetanse. Etter departementet si oppfatning vil det ha liten verdi å innføre eit krav om budsjett ved søknad om serveringsløyve. Departementet bad i høyringsnotatet om høyringsinstansane si vurdering av spørsmålet.
7.2.4 Valfritt for kommunane å krevje dokumentasjon
Talet på serveringsstader, driftsform og oversyn i kvar enkelt kommune varierer. Det vil derfor vere store variasjonar i behovet for å gå så grundig gjennom dei økonomiske forholda slik det er beskrive ovanfor. Samtidig vil ein slik gjennomgang vere ressurskrevjande for enkelte kommunar.
I høyringsnotatet vart det derfor foreslått at det skal vere valfritt om ein vil krevje å få lagt fram den dokumentasjonen som er beskriven ovanfor, slik at føresegna blir utforma som ein kombinert skal- og kan-regel. På den måten kan kommunen sjølv avgjere frå søknad til søknad kor omfattande dokumentasjon han ønskjer å krevje. I høyringsnotatet vart det understreka at det truleg først og fremst vil vere aktuelt å be om utvida dokumentasjon i tilfelle der kontakt med lokalt politi eller resultatet av vandelsvurderinga tilseier det.
Viss kommunen ønskjer å be om utvida dokumentasjon i samband med alle søknader om serveringsløyve, bør kommunen opplyse om dette så tidleg som mogleg, slik at all dokumentasjon kan sendast samla til løyvemyndigheita.
7.3 Høyringsinstansane sitt syn
Svært mange av høyringsinstansane har uttala seg om forslaget. Høyringsinstansane er gjennomgåande positive, men er delte i synet på om ytterlegare dokumentasjon bør gjerast obligatorisk. Enkelte av høyringsinstansane ønskjer også at det blir stilt ytterlegare krav til søknaden i form av revisorgodkjend oversikt over inngåtte arbeidskontraktar og bevis for obligatorisk yrkesskadeforsikring. Dei peikar vidare på at forslaget har implikasjonar i forhold til verdipapirhandellova og børsforskrifta. Spørsmål om garanti for offentlege skattar og avgifter er også tekne opp.
Eidsvoll kommune støttar forslaget om å utvide krava til søknaden. Om budsjett uttalar kommunen:
Når det gjelder budsjett kan det selvfølgelig anføres at dette bare vil angi noen forutsetninger for hvordan eieren tenker seg eller håper at utviklingen ved et serveringssted vil være, men det vil gi bevillingsmyndigheten en pekepinn på realismen i etableringen. Harmonerer inntektssiden med utgifter til husleie, planlagt åpningstid og forventet antall besøkende, eller kan vi allerede ved søknadsbehandlingen ane at dette serveringsstedets levetid blir kort.
Bergen kommune sluttar seg i prinsippet til dei foreslåtte reglane om krav til søknaden. Kommunen uttalar at løyvemyndigheita i samsvar med vanlege forvaltningsmessige reglar er forplikta til å sørgje for at saka er tilstrekkeleg opplyst før vedtak blir fatta. Gjennom å bruke anten eit ferdigtrykt søknadsskjema eller eit eige skjema har kommunen dermed alt i dag gode sjansar til å utforme skjema sine slik at søkjar må gi dei opplysningane som er nødvendige for å kunne behandle søknaden. Bergen kommune støttar likevel forslaget i høyringsnotatet, og uttalar at det bør stå direkte i lova at kommunen kan krevje å få lagt fram leigekontrakt, finansieringsplan o.a., slik at uklarheiter omkring dette blir fjerna. Bergen kommune peikar vidare på at § 8 må få same innhald som føresegna i alkohollovas § 1-7, 3. ledd.
Drammen kommune uttalar at dei fleste kommunane bruker eit søknadsskjema som er utforma slik at det sikrar tilstrekkelege opplysningar i samband med søknaden. Dei meiner derfor at den foreslåtte detaljopplistinga av kva krav som skal vere med i søknaden, synest overflødig. Kommunen meiner at det vil vere formålstenleg å harmonisere føresegna med alkohollova § 1-7 tredje ledd slik at det kjem klart fram at kommunen kan påleggje søkjaren å dokumentere opplysningar som er nødvendige for å kunne ta stilling til om vandelskravet er oppfylt.
Oslo kommune ved Byrådsavdeling for næring og kultur peikar på at den type dokumentasjon som bør krevjast i samband med søknad om serveringsløyve, må sjåast i samanheng med kven som skal vandelsvurderast. Oslo kommune understrekar at det kan vere nødvendig å innhente dokumentasjon som ikkje går fram av det nye forslaget, for å avdekkje kven som har faktisk innverknad på verksemda, og meiner derfor det er uheldig med lite fleksible dokumentasjonskrav. Oslo kommune opplyser vidare at dei rutinemessig krev kopi av mellom anna leigekontrakt, aksjeeigarbok og revisors stadfesting på leigeforholdet, og i enkelte tilfelle opplysningar om finansiering og eventuell omsetning på ein stad som er i gang.
Om erfaringa med å vurdere om det ligg føre stråmannsverksemd, uttalar Oslo kommune:
Spørsmålet om hvordan virksomheten er finansiert kan være aktuelt når ligningskontoret opplyser at vedkommende som har startet opp stedet ikke har inntekt. Videre kan det være aktuelt å be om opplysninger om omsetning hvis det er behov for å vurdere om utleier oppebærer en vesentlig del av virksomhetens inntekter, og budsjett slik at leieprisen kan ses i sammenheng med forventet omsetning. Kommunen har liten erfaring med å kreve budsjett, men har derimot lang erfaring med å vurdere om det foreligger stråmannsvirksomhet. Dette er imidlertid meget ressurskrevende og vanskelig å bevise. En finansieringsplan med opplysninger om hvor pengene kommer fra kan ha en preventiv effekt, men da bør finansieringsplanen innføres som et fast dokumentasjonskrav, som kan etterprøves. Det bør vurderes å innføre en egenerklæring fra søker på ulike forhold som er relevante for driften av et serveringssted.
Sarpsborg kommune meiner at leigekontrakt og finansieringsplan kan vere eit nyttig supplement i enkelte saker, og støttar forslaget. Når det gjeld budsjett, uttalar Sarpsborg kommune at eit budsjett ikkje nødvendigvis gir riktige signal om økonomien til verksemda, og at det derfor er av avgrensa interesse, men at det likevel kan vere nyttig å ha høve til å be om budsjett i enkelte kommunar.
Porsgrunn kommune meiner § 8 punkta f og g i forslaget bør gjerast obligatoriske. For å styrkje kontrollen med tanke på svart arbeid bør det etter kommunen si oppfatning vere med eit punkt som gir kommunen høve til å krevje oversikt over inngåtte arbeidskontraktar.
Reiselivsbedriftenes Landsforening (RBL) uttalar at intensjonen med forslaget om å kunne krevje leigekontrakt og finansieringsplan er god, men stiller seg avvisande til at det blir innført eit slikt krav, fordi dei ikkje trur at det vil hindre eller vanskeleggjere stråmannsverksemd eller konkursrytteri. RBL meiner svært få kommunar har personar med dei nødvendige kvalifikasjonane til å vurdere dei økonomiske føresetnadene for utøving av næringsverksemd generelt, og endå mindre serveringsnæringa spesielt. Derfor meiner RBL at det bør vere opp til kvar enkelt næringsdrivande sjølv å vurdere både kva for leigeavtalar vedkomande skal inngå, og på kva økonomisk grunnlag ei verksemd skal startast. I og med at dei som skal avgjere søknaden, ikkje har dei nødvendige kvalifikasjonane, vil dette bli meir byråkrati som i verste fall kan føre til avslag på feil grunnlag. Når det gjeld budsjett, ser RBL liten vits i å innføre eit krav om at det må leggjast fram, og understrekar at dei vanskeleg kan sjå at dette skulle ha nokon nytteverdi for kommunen. For børsnoterte selskap kan det vere eit problem at opplysningar som kommunen ønskjer å få lagt fram, kan stri mot føresegner som desse selskapa er underlagde (teiepliktføresegner). RBL ber departementet sørgje for at dei nødvendige avklaringane er gjorde dersom forslaget blir fremma.
LO meiner punkta f og g bør gjerast obligatoriske. I tillegg meiner LO at det bør innførast eit nytt punkt der det blir kravd revisorgodkjend oversikt over inngåtte arbeidskontraktar og obligatorisk yrkesskadeforsikring. LO framhevar vidare at eit minstekrav må vere at arbeidsmiljøføresegnene blir følgde. Etter LOs vurdering vil dette vere eit nyttig verkemiddel i kampen mot svart arbeid og bidra til eit betre og meir ordna arbeidsmiljø for dei tilsette.
Hotell- og restaurantarbeiderforbundet (HRAF) er einig i hovudtrekka i forslaget, og meiner at § 8 punkta f og g bør gjerast obligatoriske. I tillegg meiner forbundet at det bør innførast eit nytt punkt der det blir kravd revisorgodkjend oversikt over inngåtte arbeidskontraktar og obligatorisk etablering av yrkesskadeforsikring. HRAF meiner det vil styrkje sjansen for effektiv kontroll, spesielt av svart arbeid, at det blir kravd dokumentasjon på dei som skal arbeide i bedrifta. Vidare uttalar dei at svært få bedrifter kan drive utan tilsette, og at det bør vere eit minimumskrav at ein oppfyller krava i arbeidsmiljølova til kontraktar med dei tilsette.
Foreningen Bedre Uteliv uttalar at det er viktig at lova har ei fullstendig opprekning av kva for dokumentasjon som kan krevjast. Vidare uttalar foreininga at det finst bedrifter som ikkje inngår skriftlege leigeavtalar mellom anna på grunn av konflikt med gardeigar, og at leigekontrakt ikkje kan skaffast fram i desse tilfella. Foreningen Bedre Uteliv meiner vidare at framlegging av finansieringsplanar lite truleg vil bidra til å avdekkje svart økonomi, i og med at eit sal som er tufta på bruk av svarte penger, neppe kjem fram av kjøpekontrakten. Foreininga meiner dermed at det er omsetninga som bør kontrollerast.
Kemnerkontoret i Oslo kommune uttalar at statistikken viser at problem knytte til restaurantbransjen ikkje har vorte vesentleg reduserte sidan serveringslova trådde i kraft i 1998. Kemnerkontoret foreslår derfor at ein vurderer om løyvemyndigheitene bør få høve til å krevje at løyvesøkjar stiller garanti for skattar og avgifter i ein oppstartingsperiode. Ifølgje kemnerkontoret har fleire land innført krav om garanti overfor det offentlege for skattar og avgifter. I Nederland er det mellom anna innført slike ordningar innanfor byggje- og anleggsbransjen, noko som skal ha bidrege til å redusere omfanget av svart arbeid i denne sektoren til eit minimum. Etter den danske restaurationslova § 10, 2. ledd, 4. pkt., kan ein i spesielle tilfelle stille krav om sikkerheit for gjeld til det offentlege. Kemnerkontoret i Oslo skriv vidare at dei erfarer at serveringsverksemder som går konkurs på eit tidleg stadium, hadde likviditetsproblem alt i oppstartsperioden. Kemnerkontoret meiner dermed at det kan vere formålstenleg å krevje budsjett som ein del av løyvesøknaden, mellom anna fordi løyvesøkjar dermed blir tvinga til å tenkje grundig gjennom det økonomiske fundamentet for verksemda.
Oslo Børs understrekar kor viktig det er at mottakar av informasjonen er underlagd teieplikt, og at denne blir handheva effektivt for å unngå lekkasje av informasjon og dermed risiko for innsidehandel og brot på den tilliten som verdipapirmarknaden er avhengig av for å fungere effektivt. Oslo Børs uttalar:
Således kreves jevnlig at det ved avgivelse av sensitiv informasjon inngås taushetspliktavtaler og at det noterte selskapet fører lister over personer som mottar opplysningene som kan oversendes tilsynsmyndighetene. Ved vurdering av om det skal innføres dokumentasjonsplikt av den art som foreslått i høringsforslagene må de legislative behovene holdes opp mot verdipapirmarkedenes behov for taushet. Spredning av informasjon til større kretser av personer taler også for at begrunnelse for informasjonsplikten bør være sterkere enn ellers.
Politidirektoratet uttalar seg ikkje om desse spørsmåla, men presiserer i høyringssvaret sitt at dei støttar høyringsfråsegnene frå Oslo politidistrikt . Oslo politidistrikt uttalar at det er nødvendig med ei lovendring som lettare kan gi politiet og andre kontrollmyndigheiter høve til å avsløre dei useriøse serveringsstadene. Dei foreslår derfor at alle serveringsstader får plikt til å gi opplysningar til offentlege myndigheiter om alle forhold knytte til stadens økonomi, mellom anna korleis aksjekapital, husleigedepositum, oppussing og liknande er finansiert. Oslo politidistrikt uttalar vidare at denne opplysningsplikta bør gjelde ved søknad om serveringsløyve, men også når serveringsstaden er i drift. Når det gjeld dei konkrete krava til søknaden, uttalar Oslo politidistrikt at det er ønskjeleg med så mykje informasjon som mogleg for at dei skal kunne utføre eit tilfredsstillande arbeid med søknadene.
7.4 Departementet si vurdering
Erfaringane med serveringslova sine krav til løyvesøkjarar er så langt positive. Problema med å avdekkje stråmannsverksemd er tilsynelatande framleis store. Våre erfaringar så langt tilseier likevel at strengare krav til søknaden gjer det vanskelegare for dei som driv uærleg på det økonomiske området, og departementet finn derfor grunn til å heimle ei utviding av kommunens moglegheiter til å krevje dokumentasjon i samband med søknaden.
Når det gjeld leigekontrakt, uttalar dei fleste av høyringsinstansane seg positivt til at kommunen skal kunne be om dette i samband med søknaden. Departementet reknar med at det berre i svært få tilfelle er inngått ein avtale utan skriftleg dokumentasjon, og i slike tilfelle må ei eigenerklæring om leigeforholdet kome i staden for ein kontrakt. Departementet foreslår derfor at ein innfører krav om at søkjaren må leggje fram leigekontrakt i samband med søknaden om serveringsløyve, i tråd med forslaget i høyringsnotatet.
I spørsmålet om det bør krevjast at søkjar legg fram finansieringsplan og budsjett, er høyringsinstansane delte. Dei fleste kommunane er positive til eit slikt krav, men fleire kommenterer at kommunane sjeldan har den faglege kompetansen som blir kravd for å gå djupt inn i materialet, og at dette dermed bør gjerast frivillig. Mange høyringsinstansar meiner at eit budsjett ikkje seier noko om den faktiske situasjonen, og dermed vil gi eit lite realistisk bilete av den reelle bereevna til verksemda. Fleire meiner også at det kan produserast standardoppsett.
Departementet meiner at krav om framlegging av slike dokument i søknadsprosessen kan gjere det vanskelegare for useriøse aktørar å etablere seg.
Viss kommunen ber om desse dokumenta, er det ein føresetnad at kommunen har kompetanse til å setje seg inn i dei. Ønskjer kommunen å sjå desse, kan det også vere aktuelt å knyte til seg fagpersonar i enkelttilfelle. Blir finansieringsplan og budsjett lagde fram for kommunen, ligg det implisitt at dokumenta må leggjast til grunn i avgjerda. Kommunen «godkjenner» på denne måten til ein viss grad opplysningane som kjem fram. Det kan derfor ikkje vere aktuelt å leggje dei same opplysningane til grunn i ei tilbakekallingssak, så sant det ikkje er kome fram tilleggsinformasjon eller supplerande opplysningar av annan art som til saman gir ein ny situasjon. Det vil dermed vere vanskelegere å bruke opplysningar som kjem fram i ein finansieringsplan eller eit budsjett, som argument for å stengje ein serveringsstad på eit seinare tidspunkt. Dette stiller krav til kommunens vurdering av framlagd dokumentasjon i søknaden.
Fleire av høyringsinstansane ønskjer å gjere desse krava obligatoriske. Departementet finn det likevel ikkje riktig å påleggje alle kommunar å innhente denne dokumentasjonen. Talet på serveringsstader er i nokre kommunar svært lågt, og behovet for ein slik utvida søknad vil dermed vere lite. Eit krav om at dette skal vere obligatorisk, kan dermed bli tyngjande for enkelte kommunar, og det er ikkje ei ønskt utvikling. Framlegging av denne dokumentasjonen vil også innebere ei ekstra byrde for løyvesøkjar. Det blir dermed foreslått at føresegna skal utformast som ein kombinert skal- og kan-regel i tråd med forslaget i høyringsnotatet. Enkelte av forslaga i odelstingsproposisjonen utvidar handlefridommen til kommunen, og forslaget er i tråd med dette.
Med omsyn til innhaldet i søknaden vil departementet også vise til samarbeidet med HOD, der formålet er å harmonisere vandelskravet så langt som mogleg. I samband med det ser departementet at det kan vere nødvendig å ha same tilgang på informasjon for å få til ei meir samanfallande behandling. Ifølgje alkohollova kan det krevjast at den som søkjer løyve, legg fram driftsbudsjett og likviditetsbudsjett. På denne bakgrunnen foreslår departementet at ein kan krevje å få lagt fram likviditetsbudsjett og driftsbudsjett i medhald av serveringslova, men at dette ikkje blir gjort obligatorisk.
Departementet meiner at det først og fremst vil vere aktuelt å be om utvida dokumentasjon i tilfelle der kontakt med lokalt politi eller resultatet av vandelsvurderinga tilseier det. I enkelte kommunar vil det vere naturleg å be om utvida dokumentasjon i alle søknader. Viss kommunen ønskjer å be om utvida dokumentasjon i samband med alle søknader om serveringsløyve, bør kommunen opplyse om dette så tidleg som mogleg i søknadsprosessen, slik at all dokumentasjon kan sendast samla til løyvemyndigheita.
Når det gjeld Oslo Børs’ kommentar om at det er teieplikt på enkelte opplysningar som inngår i ein finansieringsplan, meiner departementet at ein må ta omsyn til dette i forslaget til føresegn. I dag er svært få selskap som driv serveringsverksemd, børsnoterte. I den grad dette finst, foreslår departementet at ein innfører ei unntaksføresegn som er formulert slik at det ikkje skal opplysast om informasjon med teieplikt i samband med verdipapirhandellova og børsforskrifta. Vi unngår dermed eit system som pålegg kommunen å lage lister over kven som får tilgang til informasjonen med teieplikt.
I høyringsrunden kom det fram at enkelte kommunar alt no krev at det blir lagt fram leigekontrakt og enkelte andre dokument. Kravet er frå desse kommunane si side tufta på dei generelle prinsippa i forvaltningslova om at saka skal vere så godt opplyst som mogleg før det blir teke avgjerd i saka. Departementet finn grunn til å kommentere at lova er meint å vere dekkjande. Det same gjeld den foreslåtte endringa.
Justisdepartementet kommenterer at § 8 ikkje krev at søknaden skal innehalde opplysningar om persongruppa i § 6. JD kan dermed ikkje sjå korleis kommunen skal kunne kontrollere vandelen til dei vandelskravet gjeld for. Departementet ser at dette ikkje har kome med i høyringsnotatet, og foreslår derfor, som tidlegare nemnt, å endre § 8 bokstav c) slik at det også skal sendast inn opplysningar om namn og adresse på personar som skal vandelsvurderast.
Enkelte av høyringsinstansane etterlyser krav om å leggje fram revisorbekrefta arbeidskontrakt og yrkesskadeforsikring i samband med søknaden. Ingen av desse dokumenta vil det etter departementet si meining vere naturleg å leggje fram i ein søknad om serveringsløyve, då tilsetjingar ofte vil følgje først etter at søkjar har fått løyve.
Spørsmålet om å leggje fram garanti for offentlege skattar og avgifter er teke opp i høyringsrunden. Det er ikkje stilt slike krav i andre bransjar, og departementet meiner at det heller ikkje vil vere naturleg å stille slike krav i serveringsbransjen. Det skal også understrekast at offentlege fordringer har prioritet i konkurssaker.