18 Økonomiske og administrative konsekvensar
18.1 Innleiing
Den foreslåtte endringa i omfanget av løyveplikta vil føre til at ei større mengd verksemder som tidlegare ikkje hadde løyve, no fell inn under løyveplikta. Det finst ikkje tilgjengelege statistikkar på kor mange kioskar som finst, og det er dermed vanskeleg å anslå både kor mange kioskar som finst, og kor mange av desse igjen som sel pølser. Nærings- og handelsdepartementet legg likevel til grunn at det vil vere ein auke i talet på nye verksemder som no fell inn under løyveplikta etter lova. Samtidig foreslår departementet at desse nye løyvepliktige verksemdene skal kunne drive vidare utan å søkje om løyve. Først når det kjem ei endring i drifta, blir løyveplikta utløyst. Det er dermed lagt opp til at kommunens meirarbeid som er knytt til desse til løyvesøknadene, skal kome gradvis. Men under drifta vil krava til vandel gjelde, samtidig som kommunen har rett til å kontrollere staden i tråd med reglane i lova.
I første omgang blir det berre kommunens etterfølgjande høve til kontroll som blir utvida. Høvet til å gå inn og kontrollere stader er likevel frivillig. Kvar enkelt kommune kan dermed sjølv regulere i kva grad desse nye løyvepliktige stadene skal kontrollerast.
Det er eit forholdsvis stort apparat som blir sett i gang når det blir søkt om serveringsløyve. Både kommuneadministrasjonen og andre offentlege etatar som politiet og skatteetaten er pålagde oppgåver etter lova. I tillegg avlegg dagleg leiar etablerarprøven, med dei ressursane dette krev både til opplæring og prøveavlegging. Den totale arbeidsbelastninga ved utskriving av serveringsløyve til dei større og dei mindre serveringsstadene blir rekna for å vere omtrent lik. Informasjon frå kommunane viser at den totale arbeidsbelastninga knytt til forvaltninga av regelverket er svært varierande frå kommune til kommune. Det er store variasjonar i talet på serveringsstader i kvar enkelt kommune, men kostnadene knytte til serveringslova utgjer totalt sett ein liten del av kommunens utgifter.
For å belyse størrelsen på utgiftene som er knytte til kvar enkelt søknad, hentar departementet følgjande frå Ot.prp. nr. 55 (1997-98) om lov om serveringsvirksomhet, punkt 16.1:
Det foreligger f eks ingen landsoversikt over årlig antall søknader om overnattings- og serveringsbevilling, og det vil være et relativt omfattende arbeid å lage en slik oversikt. Her er det store variasjoner fra kommune til kommune. Det er også problematisk for den enkelte kommune som bevillingsmyndighet å kvantifisere hvilke kostnader de i dag har i forbindelse med behandling av bevillingssøknader etter hotelloven. Dette skyldes bl a at saker etter hotelloven kun utgjør en brøkdel av den totale saksmengde og at kommunenes saksbehandlere hovedsakelig er opptatt med andre arbeidsoppgaver. I enkelte kommuner skilles det heller ikke mellom behandling av bevillingssøknader etter hotelloven og alkoholloven. Den enkelte saksbehandlers behandlingstid på bevillingssøknader varierer fra kommune til kommune avhengig av bl.a. kommunens størrelse og hvor effektive saksbehandlingsrutiner som er etablert.
Det er tilsvarende problematisk å beregne konkrete kostnader for andre offentlige organer som er involvert i behandlingen av en bevillingssøknad, slik som f eks politiet, næringsmiddeltilsynet, skatte- og avgiftsmyndighetene, tollmyndighetene o.l. Begrunnelsen for dette er den samme som nevnt overfor i forhold til kommunene.
Desse vurderingane er skrivne med utgangspunkt i den gamle hotellova, men dei gjeld tilsvarande for arbeidet i samband med serveringslova. Det er likevel ikkje tvil om at det knyter seg kostnader til dagens løyvesystem både for det offentlege og for dei næringsdrivande. I den grad kommunen vel å gjennomføre den grundigare søknadsbehandlinga som er skissert i § 8, vil kvar enkelt søknad også krevje større ressursar.
18.2 Konsekvensar for det offentlege
Det eksisterer ca. 6 000 restaurantar som må ha serveringsløyve etter gjeldande serveringslov. (Kjelde: Statistisk Sentralbyrås statistikk over hotell- og restaurantverksemd, 2005.) I tillegg finst det ei mengd gatekjøkken, storkioskar og kafear som etter lova også må ha løyve. Ifølgje tal frå Statistisk Sentralbyrå er det dessutan i underkant av 1300 bensinstasjonar i Norge (Strukturstatistikk, Varehandel, Hovudtal for føretak etter næringshovudgruppe. 50.5 Detaljhandel med drivstoff til motorvogn), og ein går ut frå at temmeleg mange av desse sel pølser og/eller gatekjøkkenmat og dermed fell innanfor virkeområdet for serveringslova.
I Ot.prp. nr. 55 (1996-97) vart det anslått at effektiv saksbehandlingstid på ein løyvesøknad var to timar. Dette var utrekningar som var laga ut frå den dåverande hotellova, men departementet legg til grunn at dei same forholda gjer seg gjeldande etter løyvesystemet i serveringslova. I tillegg går det noko tid på å organisere avlegginga av etablerarprøven. Kommunen har fått høve til å ta eit gebyr på kr 300 i samband med denne prøven, men fleire kommunar melder at det ikkje er nok til å dekkje kostnadene. Talet på søknader som årleg blir behandla i kvar kommune, varierer sterkt, og det finst heller inga landsoversikt over talet på søknader per år.
Endringsforslaget medfører ein auke i talet på søknader for dei fleste kommunar, men det må takast utgangspunkt i at belastninga med søknader vil bli omtrent som i dag. Samtidig foreslår departementet ei utviding i forhold til dei krava som skal kunne stillast til søknaden, og den kretsen av personar som skal kunne vandelsvurderast. Men etter § 8 andre ledd i lovforslaget er det opp til kommunen å vurdere om det er behov for og ønskjeleg å krevje ekstra opplysningar i tilknyting til søknaden om serveringsløyve. Desse forholda kan medføre auka arbeidsbelastning for kommunen.
Kommunelova har reglar som gjer at kommunen kan velje å samordne utøvinga av løyvemyndigheita med andre kommunar. Det kan spare kommunane for tid og ressursar.
Harmoniseringa med enkelte føresegner i alkohollova kan også føre til enklare saksbehandling. Totalt sett legg departementet til grunn at arbeidsbelastninga vil gå noko opp i dei fleste kommunar.
Politiet har etter gjeldande rett høve til å stengje ein serveringsstad for inntil fire dagar, jf. § 17, mellom anna av omsyn til ro og orden. Politiet har også heimel til å krevje ordensvakt og å krevje at det blir gjennomført kurs for ordensvakter, jf. § 16. Departementet foreslår eit nytt ledd i føresegna om ordensvakter der politiet får heimel for å vise bort ein person for lengre tid. Departementet kan ikkje sjå at forslaget vil medføre auka ressursbehov hos politiet, då politiet også i dag er til stades i konfliktar på serveringsstaden. Forslaget krev derfor ikkje at politiet er til stades i større grad, og § 16, tredje ledd gir ikkje politiet ei handlingsplikt, men ein sjanse til å løyse ein situasjon på ein meir formålstenleg måte. Ved å vise bort ein gjest for lengre tid vil ein prøve å unngå bråk i den perioden. Tanken med endringa er ikkje ei auka byrde, men ein ressurssparande sjanse.
18.3 Konsekvensar for dei næringsdrivande
For dei næringsdrivande som fell inn under virkeområda i lova, medfører revisjonsforslaget at kommunen kan krevje meir omfattande opplysningar og dokumentasjon ved søknad om serveringsløyve. For dei fleste vil dette likevel vere opplysningar som alt finst i skriftleg form, og det vil derfor ikkje krevje store ressursar.
Forslaget om å gi politiet moglegheit til å stengje ein stad i inntil sju dagar i staden for fire dagar, kan få store konsekvensar for kvar enkelt som blir ramma. Omsetninga kan bli borte i sju i staden for fire dagar, mens faste kostnader som lønn, leige osv. likevel går sin gang. Samtidig kan ein utvida stengingsperiode medføre at matvarer må kastast. Departementet reknar med at dette høvet vil bli brukt i lita utstrekning, og at berre særskilt grove overtramp vil medføre stenging i opptil sju dagar. For den seriøse næringsdrivande vil denne endringa derfor ikkje medføre store konsekvensar.