10 Heimel for politiet og kommunen til å kontrollere serveringsstader
10.1 Forslaget i høyringsnotatet
I § 1 i forskrift om orden og lukningstider av 1. juli 1983 for overnattings- og serveringssteder var det heimla høve for politiet til når som helst å gjennomføre ein inspeksjon av overnattings- og serveringsstaden. Føresetnaden var at det vart rekna som nødvendig for saksbehandlinga etter hotellova. Dette høvet gjaldt også for funksjonærar frå kommunen og fylkesmannen.
Både politiet og næringsorganisasjonane har overfor departementet uttrykt ønske om at denne heimelen blir innført på ny. Erfaring dei siste åra har vist at politiet har behov for å kunne krevje tilgjenge til å kontrollere stader på denne måten. Spesielt i dei større byane viser det seg at det er mykje bråk i helgane, og politiet ønskjer dermed ein direkte heimel i serveringslova for å kunne gjennomføre kontroll. Departementet foreslo i høyringsnotatet at tidlegare heimel i § 1 i forskrifta blir gjeninnført i § 13 i lova.
10.2 Høyringsinstansane sitt syn
Dei fleste høyringsinstansane er positive til forslaget. Bergen kommune, Oslo kommune, Trondheim kommune og RBL støttar forslaget. Trondheim kommune meiner spesielt at ein må leggje stor vekt på politiet sitt behov for ein slik heimel, men understrekar at også rettstryggleiken til serveringsstaden må sikrast. Bergen kommune ønskjer at høvet til kontroll ikkje blir avgrensa til dei tilfella der det er mistanke om lovbrot. RBL ønskjer at føresegna får eit tillegg om at eventuelle kontrollar skal gjerast på ein mest mogleg skånsam måte, og at det må setjast ein nærare frist for å få fram nødvendig dokumentasjon. Sarpsborg kommune støttar også forslaget.
Drammen kommune meiner det bør leggjast til ei ny føresegn som slår fast at også andre føresegner som regulerer verksemda, til kvar tid skal vere oppfylte. Etter kommunen si oppfatning kan det vere fornuftig å rekne opp ein del døme på kva krav det dreier seg om: branntryggleik, bruksgodkjenning etter plan- og bygningslova og liknande.
Justisdepartementet meiner forslaget om heimel for politiet til å gjennomføre kontroll er upresist. Tilsynelatande kan kontrollen vere grunngitt i ein generell mistanke om «lovbrot», mens det i høyringsnotatet blir vist til ei tidlegare føresegn der kontroll «ble ansett nødvendig for saksbehandlingen etter hotelloven». Justisdepartementet kommenterer at forholdet mellom lovforslaget og høyringsnotatet bør avklarast.
RBL støttar forslaget, men ønskjer dette tillegget til til paragrafen:
Kontroller som utøves enten av politiet eller andre som har tillatelse til det, skal gjennomføres på en for serveringsstedet skånsom måte, slik at den løpende drift blir minst mulig berørt. Skriftlig dokumentasjon som ikke er tilgjengelig på tidspunktet for kontrollen, skal frembringes innen en fastsatt frist. Eventuelle feil som blir avdekket eller pålegg som blir gitt skal skriftlig meddeles bedriften på stedet.
RBL grunngir dette ønsket med at den nødvendige dokumentasjonen er innelåst den tida administrasjonspersonalet ikkje er til stades. Av tryggleiksgrunnar er det heller ikkje opplagt at andre har tilgang til dei avlåste kontora på dei tidspunkta kontrollane skjer. Dessuten bruker ei rekkje verksemder eksterne rekneskapsbyrå, slik at dokumenta av den grunn ikkje er tilgjengelege om kvelden/natta eller i helga.
10.3 Departementet si vurdering
Departementet held fast ved forslaget i høyringsnotatet.
Når det gjeld RBLs ønske om å lovfeste at kontrollane skal skje på ein mest mogleg skånsam måte, er det departementet sitt syn at dette ikkje bør skrivast inn i sjølve lovteksten. Likevel finn departementet grunn til å understreke at vi er einige i at kontrollane skal utførast på ein slik måte at den faste drifta blir minst mogleg berørt. I det ligg det at det bør takast omsyn til at det er gjester på serveringsstaden ved kontrollen, og til at papir ofte kan liggje i låste skap eller anna som personalet ikkje har tilgang til. I ein del verksemder er det eksterne rekneskapsførarar, slik at dei nødvendige papira ikkje finst i lokala til serveringsstaden. I slike tilfelle vil det vere naturleg at kontrollørane viser omsyn og for eksempel set ein frist for verksemda til å skaffe fram dei nødvendige dokumenta.
Departementet finn det likevel ikkje naturleg å utvide kontrollføresegna, slik Drammen kommune tilrår, til å gjelde generell kontroll i samsvar med ulike lover. Departementet legg til grunn at formålet for serveringslova må vere retningsgivande for kontrollføresegna, og det er derfor ikkje ønskjeleg å utvide høvet til kontroll ut over det som er nødvendig for å forvalte føresegnene i serveringslova.
Justisdepartementet kommenterer at utkastet til lovtekst er vidare enn det departementet foreslår i høyringsbrevet. Nærings- og handelsdepartementet foreslår derfor å presisere i lovteksten at utgangspunktet for kontrollen må vere å følgje opp formålet for serveringslova.