1 Avgjerd i EØS-komiteen nr. 302/2019 av 13. desember 2019 om endring av vedlegg V (Fri rørsle for arbeidstakarar) og protokoll 31 (om samarbeid på særlege område utanfor dei fire fridommane) til EØS-avtala
EØS-KOMITEEN HAR –
med tilvising til avtala om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, heretter kalla EØS-avtala,
særleg artikkel 86 og 98,
og ut frå desse synsmåtane:
1. Europaparlaments- og rådsforordning (EU) 2016/589 av 13. april 2016 om eit europeisk nettverk for arbeidsformidlingar (EURES), tilgang til mobilitetstenester for arbeidstakarar og ytterlegare integrasjon av arbeidsmarknadene, og om endring av forordning (EU) nr. 492/2011 og (EU) nr. 1296/20131 skal takast inn i EØS-avtala.
2. Kommisjonens gjennomføringsavgjerd (EU) 2016/716 av 11. mai 2016 om oppheving av gjennomføringsavgjerd 2012/733/EU om gjennomføring av europaparlaments- og rådsforordning (EU) nr. 492/2011 med omsyn til arbeidsformidling og vidareføring av EURES2 skal takast inn i EØSavtala.
3. Kommisjonens gjennomføringsavgjerd (EU) 2017/1255 av 11. juli 2017 om ein mal som gjer greie for dei nasjonale systema og framgangsmåtane for godkjenning av organisasjonar som EURESmedlemmer og -partnarar3 skal takast inn i EØS-avtala.
4. Kommisjonens gjennomføringsavgjerd (EU) 2017/1256 av 11. juli 2017 om malar og framgangsmåtar for utveksling av opplysningar på unionsplan om dei nasjonale arbeidsprogramma til EURES-nettverket4 skal takast inn i EØS-avtala.
5. Kommisjonens gjennomføringsavgjerd (EU) 2017/1257 av 11. juli 2017 om dei tekniske standardane og formata som er naudsynte for å innføre eit einsarta system som gjer det mogleg å kople ledige stillingar saman med jobbsøknader og CV-ar på EURES-portalen5 skal takast inn i EØS-avtala.
6. Kommisjonens gjennomføringsavgjerd (EU) 2018/170 av 2. februar 2018 om einsarta detaljerte spesifikasjonar for datainnsamling og -analyse med sikte på overvaking og vurdering av verkemåten til EURES-nettverket6 skal takast inn i EØS-avtala.
7. Kommisjonens gjennomføringsavgjerd (EU) 2018/1020 av 18. juli 2018 om vedtaking og ajourføring av lista over ferdigheiter, kompetansar og yrke i den europeiske klassifiseringa til bruk ved automatisert matching gjennom den felles IT-plattforma for EURES7 skal takast inn i EØSavtala.
8. Kommisjonens gjennomføringsavgjerd (EU) 2018/1021 av 18. juli 2018 om vedtaking av dei tekniske standardane og formata som er naudsynte for å gjennomføre automatisert matching gjennom den felles IT-plattforma, ved bruk av den europeiske klassifiseringa og samverknaden mellom nasjonale system og den europeiske klassifiseringa8 skal takast inn i EØS-avtala. 2020/EØS/14/30 5.3.2020 EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende Nr. 14/53
9. Gjennomføringsavgjerd (EU) 2016/716 opphevar Kommisjonens gjennomføringsavgjerd 2012/733/EU9, som er teken inn i EØS-avtala og difor skal opphevast i EØS-avtala.
10. Vedlegg V og protokoll 31 til EØS-avtala bør difor endrast –
TEKE DENNE AVGJERDA:
Artikkel 1
I vedlegg V til EØS-avtala vert det gjort følgjande endringar:
1. I nr. 2 (europaparlaments- og rådsforordning (EU) nr. 492/2011) vert følgjande lagt til «, endret ved: – 32016 R 0589: Europaparlaments- og rådsforordning (EU) 2016/589 av 13. april 2016 (EUT L 107 av 22.4.2016, s. 1).»
2. Etter nr. 8 (europaparlaments- og rådsdirektiv 2014/54/EU) skal nye nr. 9–9f lyde:
«9. 32016 R 0589: Europaparlaments- og rådsforordning (EU) 2016/589 av 13. april 2016 om eit europeisk nettverk for arbeidsformidlingar (EURES), tilgang til mobilitetstenester for arbeidstakarar og ytterlegare integrasjon av arbeidsmarknadene, og om endring av forordning (EU) nr. 492/2011 og (EU) nr. 1296/2013 (EUT L 107 av 22.4.2016, s. 1).
For føremåla med denne avtala skal føresegnene i forordninga lesast med følgjande tilpassingar:
a. Orda ‘artikkel 45 i TVEU’ vert bytte ut med orda ‘artikkel 28 i EØS-avtala’.
b. Ordet ‘unionsborgarane’ vert bytt ut med orda ‘borgarar frå EU-medlemsstatane og EFTA-statane’.
c. I artikkel 6:
i. tilvisingar til artikkel 3 i traktaten om Den europeiske unionen og til artikkel 145 i traktaten om verkemåten til Den europeiske unionen skal ikkje gjelde.
ii. i bokstav d) vert orda ‘i samsvar med unionsretten’ bytte ut med orda ‘i samsvar med gjeldande regelverk i medhald av EØS-avtala’.
d. I artikkel 9 nr. 4 bokstav c) vert orda ‘EU-reglar og -ordningar’ bytte ut med orda ‘gjeldande reglar og ordningar i medhald av EØS-avtala’.
e. I artikkel 34 vert ordet ‘unionsretten’ bytt ut med orda ‘gjeldande regelverk i medhald av EØS-avtala’.
9a. 32017 D 1255: Kommisjonens gjennomføringsavgjerd (EU) 2017/1255 av 11. juli 2017 om ein mal som gjer greie for dei nasjonale systema og framgangsmåtane for godkjenning av organisasjonar som EURES-medlemmer og -partnarar (EUT L 179 av 12.7.2017, s. 18).
9b. 32017 D 1256: Kommisjonens gjennomføringsavgjerd (EU) 2017/1256 av 11. juli 2017 om malar og framgangsmåtar for utveksling av opplysningar på unionsplan om dei nasjonale arbeidsprogramma til EURES-nettverket (EUT L 179 av 12.7.2017, s. 24).
9c. 32017 D 1257: Kommisjonens gjennomføringsavgjerd (EU) 2017/1257 av 11. juli 2017 om dei tekniske standardane og formata som er naudsynte for å innføre eit einsarta system som gjer det mogleg å kople ledige stillingar saman med jobbsøknader og CV-ar på EURESportalen (EUT L 179 av 12.7.2017, s. 32). Nr. 14/54 EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende 5.3.2020
9d. 32018 D 0170: Kommisjonens gjennomføringsavgjerd (EU) 2018/170 av 2. februar 2018 om einsarta detaljerte spesifikasjonar for datainnsamling og -analyse med sikte på overvaking og vurdering av verkemåten til EURES-nettverket (EUT L 31 av 3.2.2018, s. 104).
9e. 32018 D 1020: Kommisjonens gjennomføringsavgjerd (EU) 2018/1020 av 18. juli 2018 om vedtaking og ajourføring av lista over ferdigheiter, kompetansar og yrke i den europeiske klassifiseringa til bruk ved automatisert matching gjennom den felles IT-plattforma for EURES (EUT L 183 av 19.7.2018, s. 17).
9f. 32018 D 1021: Kommisjonens gjennomføringsavgjerd (EU) 2018/1021 av 18. juli 2018 om vedtaking av dei tekniske standardane og formata som er naudsynte for å gjennomføre automatisert matching gjennom den felles IT-plattforma, ved bruk av den europeiske klassifiseringa og samverknaden mellom nasjonale system og den europeiske klassifiseringa (EUT L 183 av 19.7.2018, s. 20).» Teksta i nr. 2a (Kommisjonens gjennomføringsavgjerd 2012/733/EU) utgår.
Artikkel 2
I EØS-avtala protokoll 31 artikkel 15 nr. 8 tredje strekpunktet første leddet (europaparlamentets- og rådsforordning (EU) nr. 1296/2013) vert følgjande lagt til:
«, endret ved:
32016 R 0589: Europaparlaments- og rådsforordning (EU) 2016/589 av 13. april 2016 (EUT L 107 av 22.4.2016, s. 1).»
Artikkel 3
Teksta til forordning (EU) 2016/589 og gjennomføringsavgjerd (EU) 2017/1255, (EU) 2017/1256, (EU) 2017/1257, (EU) 2018/170, (EU) 2018/1020 og (EU) 2018/1021 på islandsk og norsk, som vil verte kunngjord i EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen, skal verte gyldig.
Artikkel 4
Denne avgjerda tek til å gjelde 14. desember 2019, på det vilkåret at alle meldingar etter artikkel 103 nr. 1 i EØS-avtala er sende inn.
Artikkel 5
Denne avgjerda skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen.
Utferda i Brussel, 13. desember 2019.
For EØS-komiteen
Gunnar Pálsson
Formann
Fotnoter
TEU L 107 av 22.4.2016, s. 1.
TEU L 125 av 13.5.2016, s. 24
TEU L 179 av 12.7.2017, s. 18.
TEU L 179 av 12.7.2017, s. 24
TEU L 179 av 12.7.2017, s. 32.
TEU L 31 av 3.2.2018, s. 104.
TEU L 183 av 19.7.2018, s. 17.
TEU L 183 av 19.7.2018, s. 20.
TEU L 328 av 28.11.2012, s. 21.