3 Kommisjonens gjennomføringsavgjerd (EU) 2016/716 av 11. mai 2016 om oppheving av gjennomføringsavgjerd 2012/733/EU om gjennomføring av europaparlaments- og rådsforordning (EU) nr. 492/2011 med omsyn til arbeidsformidling og vidareføring av EURES
[meld under nummeret K(2016) 2772]
EUROPAKOMMISJONEN HAR
med tilvising til traktaten om verkemåten til Den europeiske unionen,
med tilvising til europaparlaments- og rådsforordning (EU) nr. 492/2011 av 5. april 2011 om fri rørsle for arbeidstakarar innanfor Unionen1, særleg artikkel 38, og
ut frå desse synsmåtane:
1) Rammereglane for EURES, som er fastsette i kapittel II i forordning (EU) nr. 492/2011, vert bytt ut med europaparlaments- og rådsforordning (EU) 2016/5892.
2) I Kommisjonens gjennomføringsavgjerd 2012/733/EU3 er det fastsett føresegner om verkemåten til det europeiske nettverket for arbeidsformidlingar (EURES-nettverket), særleg med omsyn til arbeidsformidling.
3) Forordning (EU) 2016/589 fastset nye reglar om arbeidsformidling og vidarefører EURES-nettverket ved å integrere alle dei aspekta som gjennomføringsavgjerd 2012/733/EU omfattar.
4) Av omsyn til rettstryggleiken og klarleiken bør difor gjennomføringsavgjerd 2012/733/EU opphevast seinast innan det tidspunktet då forordning (EU) 2016/589 tek til å gjelde.
TEKE DENNE AVGJERDA:
Artikkel 1
Gjennomføringsavgjerd 2012/733/EU vert oppheva med verknad frå 12. mai 2016, den datoen då forordning (EU) 2016/589 tek til å gjelde.
Artikkel 2
Denne avgjerda er retta til medlemsstatane.
Utferda i Brussel 11. mai 2016.
For Kommisjonen
Marianne THYSSEN
Medlem av Kommisjonen
Fotnoter
TEU L 141 av 27.5.2011, s. 1.
Europaparlaments- og rådsforordning (EU) 2016/589 av 13. april 2016 om eit europeisk nettverk for arbeidsformidlingar (EURES), tilgang til mobilitetstenester for arbeidstakarar og ytterlegare integrasjon av arbeidsmarknadene, og om endring av forordning (EU) nr. 492/2011 og (EU) nr. 1296/2013 (TEU L 107 av 22.4.2016, s. 1).
Kommisjonens gjennomføringsavgjerd 2012/733/EU av 26. november 2012 om gjennomføring av europaparlaments- og rådsforordning (EU) nr. 492/2011 med omsyn til arbeidsformidling og vidareføring av EURES (TEU L 328 av 28.11.2012, s. 21).