Prop. 141 LS (2019–2020)

Endringer i lov 14. desember 2012 nr. 81 om gjennomføring i norsk rett av EØS-avtalen vedlegg V punkt 2 (forordning (EU) nr. 492/2011) om fri rørsle av arbeidstakarar innanfor EØS-området (EØS-arbeidstakarlova) og samtykke til godkjenning av EØS-komiteens beslutning nr. 302/2019 om innlemmelse i EØS-avtalen av forordning (EU) nr. 2016/589 om et europeisk nettverk for arbeidsformidling (EURES), tilgang til mobilitetstjenester for arbeidstakere og ytterligere integrasjon av arbeidsmarkedene og syv gjennomføringsbeslutninger

Til innholdsfortegnelse

5 Kommisjonens gjennomføringsavgjerd (EU) 2017/1256 av 11. juli 2017 om malar og framgangsmåtar for utveksling av opplysningar på unionsplan om dei nasjonale arbeidsprogramma til EURES-nettverket

EUROPAKOMMISJONEN HAR

med tilvising til traktaten om verkemåten til Den europeiske unionen,

med tilvising til europaparlaments- og rådsforordning (EU) 2016/589 av 13. april 2016 om eit europeisk nettverk for arbeidsformidlingar (EURES), tilgang til mobilitetstenester for arbeidstakarar og ytterlegare integrasjon av arbeidsmarknadene, og om endring av forordning (EU) nr. 492/2011 og (EU) nr. 1296/20131, særleg artikkel 31 nr. 5,

etter samråd med EURES-utvalet og

ut frå desse synsmåtane:

  • 1) I medhald av forordning (EU) 2016/589 bør det innførast eit effektivt system på unionsplan som Kommisjonen og medlemsstatane kan nytte til å utveksle opplysningar om tilbod av og etterspurnad etter arbeidskraft nasjonalt, regionalt og sektorvis, og som medlemsstatane kan nytte som grunnlag til å støtte opp under det praktiske samarbeidet innanfor EURES-nettverket.

  • 2) I artikkel 30 nr. 1 i forordning (EU) 2016/589 er det fastsett at medlemsstatane skal samle inn og analysere opplysningar som er fordelte på kjønn, om under- og overskot av arbeidskraft på nasjonale og sektorvise arbeidsmarknader, med særleg vekt på dei mest sårbare gruppene på arbeidsmarknaden og dei regionane som er hardast råka av arbeidsløyse, og om EURES-verksemd på nasjonalt plan og på tvers av landegrensene, der det er relevant.

  • 3) I artikkel 31 nr. 1 i forordning (EU) 2016/589 er det fastsett krav til dei nasjonale samordningskontora om å utarbeide nasjonale arbeidsprogram for verksemda til EURES-nettverket i dei respektive medlemsstatane. Ei utveksling av nasjonale arbeidsprogram mellom medlemsstatane innanfor ramma av ein programplanleggingssyklus bør gjere det mogleg for dei nasjonale samordningskontora å rette ressursane i EURES-nettverket inn mot føremålstenlege tiltak og prosjekt, slik at utviklinga av nettverket kan styrast i retning av eit meir resultatorientert verktøy som kan tilpassast behova til arbeidstakarar og arbeidsgjevarar i samsvar med dynamikken i arbeidsmarknadene.

  • 4) Utvekslinga mellom dei nasjonale samordningskontora og Det europeiske samordningskontoret av dei respektive arbeidsprogramma deira og ein felles analyse av utkasta vil betre verkemåten til nettverket, skape større klarleik og styrkje samarbeidet innanfor nettverket.

  • 5) For å gjennomføre artikkel 31 i forordning (EU) 2016/589 bør dei nasjonale samordningskontora, som eit ledd i førebuinga av det nasjonale arbeidsprogrammet, samle inn og undersøkje dei opplysningane som er nemnde i denne artikkelen, og som er tilgjengelege på nasjonalt plan, og dei vert oppmoda til å ta omsyn til alle relevante rapportar og dokument som er tilgjengelege på unionsplan.

  • 6) I medhald av artikkel 31 nr. 2 i forordning (EU) 2016/589 bør dei nasjonale samordningskontora årleg utarbeide nasjonale arbeidsprogram og gjere greie for den viktigaste verksemda som skal gjennomførast innanfor EURES-nettverket, dei samla menneskelege ressursane og økonomiske midlane som er tildelte for å gjennomføre verksemda, og ordningane for å overvake og vurdere den planlagde verksemda.

  • 7) Europakommisjonen skal fastsetje ein felles mal for nasjonale arbeidsprogram, og malen skal ha ein struktur som speglar att det overordna målet for forordning (EU) 2016/589, for såleis å sikre at alle medlemsstatane identifiserer den viktigaste verksemda som skal utførast med omsyn til støttetenester til både arbeidstakarar og arbeidsgjevarar som er nemnde i artikkel 21–28 i forordning (EU) 2016/589.

  • 8) Det bør fastsetjast ein felles tidsplan for utarbeiding av dei nasjonale arbeidsprogramma på grunnlag av dei røynslene som er gjorde under samarbeidet om felles programplanlegging dei nasjonale samordningskontora imellom, i samsvar med Kommisjonens gjennomføringsavgjerd 2012/733/EU2 og med tilstrekkeleg fleksibilitet med tanke på dei ulike nasjonale systema.

  • 9) All eventuell samverknad mellom ordningane og framgangsmåtane for datainnsamling og -analyse på ulike område der EURES-verksemda vert utført på nasjonalt plan i samsvar med artikkel 32 i forordning (EU) 2016/589, bør utnyttast, særleg på ein slik måte at dei nasjonale arbeidsprogramma nyttar indikatorar som byggjer på eksisterande praksis innanfor dei offentlege arbeidsformidlingane, og som er konsekvente og medverkar til datainnsamlinga som er nemnd i dei gjennomføringsrettsaktene som skal vedtakast i medhald av artikkel 32 nr. 3 i forordning (EU) 2016/589.

  • 10) EURES-personalet til EURES-medlemmer og -partnarar bør ha tilgang til relevante opplysningar om dei nasjonale arbeidsprogramma, slik at dei lettare kan medverke til å nå dei måla som er fastsette for EURES-nettverket i artikkel 6 i forordning (EU) 2016/589.

  • 11) Dei opplysningane som er samla inn gjennom dei nasjonale arbeidsprogramma med omsyn til verksemd og resultat, kan utgjere eit viktig bidrag i utarbeidinga av rapporten om EURES-verksemda som Kommisjonen i medhald av artikkel 33 i forordning (EU) 2016/589 skal leggje fram for Europaparlamentet, Rådet, Det europeiske økonomi- og sosialutvalet og Regionutvalet annakvart år, og det er difor naudsynt å undersøkje kva delar av arbeidsprogramma som kan gjerast tilgjengelege for dette føremålet.

TEKE DENNE AVGJERDA:

Artikkel 1

Føremål

I denne avgjerda er det fastsett kva ordningar som er naudsynte for å utveksle opplysningar innanfor EURES-nettverket om programplanlegging av verksemda til nettverket.

For dette føremålet vert det i denne avgjerda fastsett kva mal dei nasjonale samordningskontora skal nytte når dei utarbeider dei nasjonale arbeidsprogramma sine i medhald av artikkel 31 nr. 2 i forordning (EU) 2016/589, og kva framgangsmåtar som skal nyttast til å utveksle opplysningar som er knytte til dei nasjonale arbeidsprogramma på unionsplan.

Artikkel 2

Organisering av programplanleggingssyklusen

  • 1. Kvart nasjonale samordningskontor skal årleg utarbeide eit nasjonalt arbeidsprogram for verksemda til EURES-nettverket i dei respektive medlemsstatane sine, i samsvar med malen i vedlegg I.

  • 2. Utkasta til nasjonale arbeidsprogram skal gjerast tilgjengelege for alle nasjonale samordningskontor, som vil få høve til å forhøyre seg om den planlagde verksemda og gjere framlegg om samarbeid og utveksling av opplysningar i samband med verksemda.

  • 3. Dei representantane for partane i arbeidslivet på unionsplan som deltek i samordningsgruppa, skal få høve til å uttale seg om utkasta til nasjonale arbeidsprogram.

  • 4. Etter at fristen for å uttale seg har gått ut, skal dei endelege nasjonale arbeidsprogramma gjerast tilgjengelege for alle nasjonale samordningskontor.

  • 5. Dei nasjonale arbeidsprogramma skal i størst mogleg grad nytte dei indikatorane og måla som gjeld for gjennomføringsrettsaktene som skal vedtakast i medhald av artikkel 32 nr. 3 i forordning (EU) 2016/589.

  • 6. Dei nasjonale arbeidsprogramma kan nytte andre indikatorar i tillegg.

  • 7. Dei nasjonale samordningskontora skal årleg rapportere om gjennomføringa av dei nasjonale arbeidsprogramma og leggje fram resultata av den planlagde verksemda.

Artikkel 3

Rollene og ansvarsområda til dei nasjonale samordningskontora

Dei nasjonale samordningskontora i dei respektive medlemsstatane skal ha ansvaret for å

  • a) samle inn, analysere og dele dei opplysningane som er naudsynte i medhald av artikkel 30 i forordning (EU) 2016/589, med sikte på å førebu utkasta sine til nasjonalt arbeidsprogram,

  • b) utarbeide dei nasjonale arbeidsprogramma sine ved hjelp av malen i vedlegg I,

  • c) halde fristane som er fastsette i vedlegg II for innlevering av utkast til nasjonale arbeidsprogram,

  • d) gjere utkastet sitt til nasjonalt arbeidsprogram tilgjengeleg for nettverket ved å nytte dei metodane som Det europeiske samordningskontoret har fastsett,

  • e) delta i ei felles gjennomgåing av utkasta til nasjonale arbeidsprogram med sikte på å ferdigstille desse programma og auke det praktiske samarbeidet om yting av støttetenester til arbeidstakarar og arbeidsgjevarar,

  • f) ferdigstille dei nasjonale arbeidsprogramma etter den felles gjennomgåinga,

  • g) ajourføre dei nasjonale arbeidsprogramma når det krevst og gjere ajourføringane tilgjengelege for nettverket ved å nytte dei metodane som Det europeiske samordningskontoret har fastsett,

  • h) rapportere om gjennomføringa av verksemd som er fastsett i dei nasjonale arbeidsprogramma, innan dei fristane som er fastsette i vedlegg II.

Artikkel 4

Rollene og ansvarsområda til Det europeiske samordningskontoret

Det europeiske samordningskontoret skal ha ansvaret for å støtte utvekslinga av opplysningar mellom medlemsstatane om dei nasjonale arbeidsprogramma og den felles gjennomgåinga, særleg ved å

  • a) dele opplysningar som er relevante for artikkel 30 i forordning (EU) 2016/589 og er tilgjengelege på unionsplan, med dei nasjonale samordningskontora som støtte i førebuinga deira av utkast til nasjonale arbeidsprogram,

  • b) utvikle og halde ved lag eit verktøy på ekstranettet til EURES-portalen som gjer malen som er nemnd i artikkel 7, tilgjengeleg for dei nasjonale samordningskontora, saman med andre tilhøyrande opplysningar om korleis malen skal fyllast ut og sendast inn, og gje dei nasjonale samordningskontora høve til å gjennomgå og uttale seg om kvarandre sine utkast til nasjonale arbeidsprogram,

  • c) overvake etterlevinga av dei fristane som er fastsette i vedlegg II for oversending av utkast til nasjonale arbeidsprogram, og av den felles gjennomgåinga og rapporteringa om korleis dei nasjonale arbeidsprogramma er gjennomførte,

  • d) syte for eventuelle andre verktøy og den opplæringa og støtta som trengst for å lette utvekslinga av opplysningar og den gjensidige læringa når det gjeld programplanleggingssyklusen,

  • e) gjere relevante delar av programplanleggingssyklusen tilgjengelege for heile EURES-nettverket på eit særskilt område på ekstranettet til EURES-portalen, med sikte på å skape større klarleik og betre den gjensidige læringa,

  • f) oppmuntre dei nasjonale samordningskontora til å syte for at artikkel 31 og 32 i forordning (EU) 2016/589 vert nytta på ein einsarta måte,

  • g) jamleg melde frå til samordningsgruppa om korleis programplanleggingssyklusen fungerer, og om naudsynt gjere framlegg om endringar av malen og framgangsmåtane.

Artikkel 5

Rollene og ansvarsområda til EURES-medlemmer og -partnarar

EURES-medlemmer og -partnarar skal medverke til programplanleggingssyklusen for EURES ved å

  • a) leggje fram opplysningar om kva økonomiske midlar og menneskelege ressursar dei har tilgjengeleg, og kva verksemd som skal inngå i det nasjonale arbeidsprogrammet,

  • b) gjennomføre den relevante verksemda som inngår i det nasjonale arbeidsprogrammet,

  • c) leggje fram opplysningar om gjennomføringa av verksemda deira som skal inngå i den nasjonale verksemdsrapporten.

Artikkel 6

Rollene og ansvarsområda til samordningsgruppa

  • 1. Samordningsgruppa skal overvake bruken av artikkel 31 i forordning (EU) 2016/589 nøye og vere eit forum for utveksling av synspunkt og beste praksis med sikte på å betre verkemåten til programplanleggingssyklusen for EURES.

  • 2. Ein gong i året skal samordningsgruppa gjennomgå bruken av denne avgjerda, og denne gjennomgåinga skal utgjere EURES-samordningsgruppa sitt bidrag til kommisjonsrapportane om verksemd og etterfølgjande vurderingar i samsvar med artikkel 33 og 35 i forordning (EU) 2016/589.

  • 3. Samordningsgruppa skal avgjere kva delar av dei nasjonale arbeidsprogramma og dei nasjonale verksemdsrapportane som er relevante for heile EURES-personalet, og som difor bør vere tilgjengelege på ekstranettet til EURES-portalen for å sikre at programplanleggingssyklusen for EURES vert gjennomført på ein føremålstenleg måte og at måla for EURES-nettverka vert nådde slik det er fastsett i artikkel 6 i forordning (EU) 2016/589.

  • 4. Samordningsgruppa skal avgjere kva opplysningar frå programplanleggingssyklusen som er relevante for og kan nyttast til å utarbeide rapportane om EURES-verksemd i samsvar med artikkel 33 i forordning (EU) 2016/589.

Artikkel 7

Mal

  • 1. Dei nasjonale samordningskontora skal nytte ein elektronisk versjon av den malen som er oppført i vedlegg I når dei utarbeider dei nasjonale arbeidsprogramma sine.

  • 2. Dei nasjonale samordningskontora kan ta med all verksemd som dei finn føremålstenleg, i kvart avsnitt av malen som er oppført i vedlegg I.

  • 3. Dersom det er behov for å tilpasse eller endre det verktøyet som er nemnt i artikkel 4 bokstav b) eller annan tilhøyrande informasjon og dokumentasjon, skal Det europeiske samordningskontoret rådføre seg med samordningsgruppa før ein ny versjon vert vedteken, i samsvar med artikkel 14 i forordning (EU) 2016/589.

Artikkel 8

Framgangsmåte

  • 1. Dei nasjonale samordningskontora skal følgje den tidsplanen som er oppført i vedlegg II når dei utarbeider dei nasjonale arbeidsprogramma sine.

  • 2. Etter at dei nasjonale arbeidsprogramma er vedtekne, kan programma eller delar av dei gjerast tilgjengelege for EURES-nettverket på ekstranettet til EURES-portalen.

Artikkel 9

Ikraftsetjing

Denne avgjerda tek til å gjelde 20. dagen etter at ho er kunngjord i Tidend for Den europeiske unionen.

Utferda i Brussel 11. juli 2017.

For Kommisjonen

Jean-Claude Juncker

President

Vedlegg I

Mal som dei nasjonale samordningskontora skal nytte når dei utarbeider dei årlege arbeidsprogramma sine

Den elektroniske versjonen av denne malen og alle konsoliderte versjonar som inneheld seinare endringar, er tilgjengelege for dei nasjonale samordningskontora på EURES-portalen.

Verksemda som er nemnd nedanfor i dei ulike avsnitta av malen, er rettleiande og ikkje uttømmande.

  • 1. SAMANDRAG

    Dette avsnittet skal gje ei kortfatta oversikt over prioriteringane og den viktigaste verksemda i arbeidsprogrammet i referanseperioden.

  • 2. GENERELLE STØTTETENESTER

    • 2.1. Støttetenester for arbeidstakarar

      Dette avsnittet skal gje ei oversikt over verksemd til støtte for arbeidstakarane, til dømes

      • matching og arbeidsformidling (medrekna hjelp til å utarbeide jobbsøknader og CV-ar),

      • tilrettelegging av rekrutteringstilskipingar,

      • allmenne opplysningar og rettleiing,

      • spesifikke opplysningar og rettleiing (til dømes om arbeidsvilkår og levekår i ein mottakarstat),

      • andre tenester (dersom det er relevant).

    • 2.2. Støttetenester for arbeidsgjevarar

      Dette avsnittet skal gje ei oversikt over verksemd til støtte for arbeidsgjevarane, medrekna særleg støtte for små og mellomstore føretak, til dømes

      • matching og arbeidsformidling (medrekna hjelp til å utarbeide jobbkrav og utlyse ledige stillingar),

      • tilrettelegging av rekrutteringstilskipingar,

      • allmenne opplysningar og rettleiing,

      • opplysningar om særlege reglar for rekruttering frå ein annan medlemsstat, og om faktorar som kan lette slik rekruttering,

      • andre tenester (dersom det er relevant).

  • 3. SÆRLEGE STØTTETENESTER

    • 3.1. Støtte til lærling- og praktikantplassar

    • 3.2. Støttetenester i grenseregionar

      Dette avsnittet skal gje ei oversikt over verksemd til støtte for grensearbeidarar og arbeidsgjevarar på arbeidsmarknaden i grenseregionar, til dømes

      • matching og arbeidsformidling,

      • opplysningar som er relevante for den særlege situasjonen til grensearbeidarar og arbeidsgjevarar i grenseregionar,

      • utvikling av løysingar for eitt einskilt felles kontaktpunkt til støtte for grensearbeidarar og arbeidsgjevarar i grenseregionar,

      • andre tenester (dersom det er relevant).

    • 3.3. Støtte etter rekruttering

      Dette avsnittet skal gje ei oversikt over verksemd som vert utført for å sikre betre integrering av mobile arbeidstakarar på ein ny arbeidsplass, til dømes

      • allmenne opplysningar/haldningsskapande tiltak for arbeidsgjevarar med omsyn til integrering av rekrutterte arbeidstakarar,

      • opplysningar om tilgjengelege opplæringstiltak som er relevante for integreringa av arbeidstakarar (til dømes språkopplæring),

      • andre tenester (dersom det er relevant).

    • 3.4. Anna verksemd og bidrag til andre program

      Dette avsnittet skal gje opplysningar om deltaking i særlege mobilitetsordningar for arbeidstakarar som får økonomisk støtte frå EU eller frå nasjonale kjelder, deltaking i tosidige eller fleirsidige prosjekt for mobilitet for arbeidstakarar, og anna verksemd som ikkje passar inn i dei kategoriane som er nemnde ovanfor.

  • 4. RESSURSAR OG STYRING

    • 4.1. Menneskelege ressursar

      Det estimerte samla talet på heiltidstilsette blant personale som arbeider innanfor EURES-nettverket (nasjonalt samordningskontor, EURES-medlemmer og -partnarar)

    • 4.2. Økonomiske ressursar

      Den estimerte tildelinga av ressursar som er tilgjengelege i euro for desse medlemsorganisasjonane, inndelt etter finansieringskjelder, det vil seie nasjonale midlar, EU-midlar (dersom det er relevant) og andre kjelder (dersom det er relevant).

    • 4.3. IT/infrastruktur

      IT-verktøya og -infrastrukturen som skal nyttast særskilt til EURES-verksemd, og tilgangen til andre verktøy som vert delte med EURES-medlemmer (til dømes den generelle infrastrukturen til offentlege arbeidsformidlingar) og EURES-partnarar.

    • 4.4. Styring

      Dette avsnittet skal gje ei oversikt over verksemd til støtte for verkemåten til dei nasjonale nettverka, til dømes

      • haldningsskapande tiltak for dei nasjonale nettverka,

      • samverknad og samarbeid mellom dei nasjonale samordningskontora og EURES-medlemmer og -partnarar i dei nasjonale nettverka,

      • utvikling av nye og nyskapande tiltak retta mot tenesteyting,

      • samarbeid med andre interessepartar, til dømes partane i arbeidslivet, andre nettverk, tenesteytarar innanfor karriererådgjeving, handelskammer, styresmakter med ansvar for sosial tryggleik og skattlegging osv.

    • 4.5. Opplæring

      Dette avsnittet skal gje opplysningar om opplæring (medrekna førebuande opplæring) på nasjonalt, regionalt og lokalt plan, og eventuelt om anna læringsverksemd som fremjar utvikling av ferdigheiter og kunnskap innanfor nettverket.

    • 4.6. Kommunikasjon

      Dette avsnittet skal gje ei oversikt over dei særlege tiltaka som følgjer av dei nasjonale kommunikasjonsplanane og/eller av EURES-kommunikasjonsstrategien og eventuelt av anna viktig kommunikasjonsverksemd og andre viktige haldningsskapande tiltak som etter planen skal gjennomførast i referanseperioden, og som er relevante for dei støttetenestene som er oppførte i avsnitt 2 og 3 ovanfor.

    • 4.7. Overvaking og vurdering av verksemd

      Dette avsnittet skal gje ei oversikt over dei verktøya som skal nyttast til å måle resultata og verknadene av EURES-verksemd på nasjonalt plan.

Vedlegg II

Tidsplan for utarbeiding av det årlege nasjonale arbeidsprogrammet

  • 1. FØREBUINGSFASE

    Dei nasjonale samordningskontora skal syte for at det vert samla inn opplysningar om under- og overskot av arbeidskraft på dei nasjonale og sektorspesifikke arbeidsmarknadene, og at desse opplysningane vert analyserte og delte, med særleg vekt på dei mest sårbare gruppene på arbeidsmarknaden og dei regionane som er hardast råka av arbeidsløyse, samstundes som det vert teke omsyn til opplysningar om mobilitetsstraumar og -mønster.

  • 2. UTARBEIDINGSFASE

    Dei nasjonale samordningskontora skal utarbeide ein første versjon av det nasjonale arbeidsprogrammet ved hjelp av dei opplysningane som er samla inn i førebuingsfasen, innan 31. oktober i år N – 1. Utkasta skal gjerast tilgjengelege på eit særskilt område på ekstranettet til EURES-portalen.

  • 3. FASE FOR FELLES GJENNOMGÅING

    Dei nasjonale samordningskontora skal i fellesskap gjennomgå utkastet til dei årlege arbeidsprogramma innan 31. desember i år N – 1.

  • 4. VEDTAKINGSFASE

    Dei nasjonale samordningskontora skal ferdigstille dei nasjonale arbeidsprogramma, samstundes som dei tek omsyn til tilbakemeldingane som er mottekne i gjennomgåingsfasen, innan 31. januar i år N.

  • 5. GJENNOMFØRINGSFASE

    Dei årlege nasjonale arbeidsprogramma skal gjennomførast frå januar til desember i år N.

  • 6. RAPPORTERINGSFASE

    Dei nasjonale samordningskontora skal samle inn opplysningar om resultata og rapportere om gjennomføringa av det nasjonale arbeidsprogrammet innan 31. mars i år N + 1.

Fotnoter

1.

TEU L 107 av 22.4.2016, s. 1.

2.

Kommisjonens gjennomføringsavgjerd 2012/733/EU av 26. november 2012 om gjennomføring av europaparlaments- og rådsforordning (EU) nr. 492/2011 med omsyn til arbeidsformidling og vidareføring av EURES (TEU L 328 av 28.11.2012, s. 21).

Til forsiden