Prop. 141 LS (2019–2020)

Endringer i lov 14. desember 2012 nr. 81 om gjennomføring i norsk rett av EØS-avtalen vedlegg V punkt 2 (forordning (EU) nr. 492/2011) om fri rørsle av arbeidstakarar innanfor EØS-området (EØS-arbeidstakarlova) og samtykke til godkjenning av EØS-komiteens beslutning nr. 302/2019 om innlemmelse i EØS-avtalen av forordning (EU) nr. 2016/589 om et europeisk nettverk for arbeidsformidling (EURES), tilgang til mobilitetstjenester for arbeidstakere og ytterligere integrasjon av arbeidsmarkedene og syv gjennomføringsbeslutninger

Til innholdsfortegnelse

4 Kommisjonens gjennomføringsavgjerd (EU) 2017/1255 av 11. juli 2017 om ein mal som gjer greie for dei nasjonale systema og framgangsmåtane for godkjenning av organisasjonar som EURES-medlemmer og -partnarar

EUROPAKOMMISJONEN HAR

med tilvising til traktaten om verkemåten til Den europeiske unionen,

med tilvising til europaparlaments- og rådsforordning (EU) 2016/589 av 13. april 2016 om eit europeisk nettverk for arbeidsformidlingar (EURES), tilgang til mobilitetstenester for arbeidstakarar og ytterlegare integrasjon av arbeidsmarknadene, og om endring av forordning (EU) nr. 492/2011 og (EU) nr. 1296/20131, særleg artikkel 11 nr. 8,

etter samråd med EURES-utvalet og

ut frå desse synsmåtane:

  • 1) Ved forordning (EU) 2016/589 vert det mellom anna fastsett grunnleggjande prinsipp og kriterium for godkjenning av EURES-medlemmer og -partnarar.

  • 2) I medhald av artikkel 11 nr. 1 i forordning (EU) 2016/589 skal kvar medlemsstat innan 13. mai 2018 ha innført eit system som skal nyttast til å godkjenne organisasjonar som EURES-medlemmer og -partnarar, til å overvake verksemda deira og om dei etterlever den gjeldande lovgjevinga når dei nyttar denne forordninga, og om naudsynt til å kalle tilbake godkjenninga deira.

  • 3) Organisasjonar som i medhald av artikkel 40 i forordning (EU) 2016/589 kan delta som EURES-medlemmer og -partnarar i ein overgangsperiode, bør, dersom dei framleis ønskjer å vere ein del av EURES-nettverket etter at overgangsperioden er gått ut, sende inn ein søknad som skal handsamast i desse godkjenningssystema.

  • 4) Offentlege arbeidsformidlingar som er utpeikte i medhald av artikkel 10 i forordning (EU) 2016/589, vert ikkje omfatta av godkjenningssystema, men bør oppfylle dei pliktene og dei kriteria som er fastsette i den nemnde artikkelen.

  • 5) I samsvar med artikkel 11 nr. 6 og 7 i forordning (EU) 2016/589 skal medlemsstatane, gjennom dei nasjonale samordningskontora sine, informere Det europeiske samordningskontoret om godkjenningssystema sine og om kva søknader som er godkjende, avslåtte eller kalla tilbake, og Det europeiske samordningskontoret skal sende opplysningane vidare til andre nasjonale samordningskontor.

  • 6) Ei systematisk utveksling av opplysningar og samarbeid mellom medlemsstatane kan medverke til å betre kvaliteten på utforminga og bruken av dei nasjonale godkjenningssystema.

  • 7) For å sikre ei open utveksling av opplysningar og gjensidig læring mellom medlemsstatane må det nyttast ein felles mal som gjer greie for dei nasjonale godkjenningssystema, og det må innførast ei ordning for utveksling av opplysningar.

  • 8) Det kan hende at malen etter kvart må tilpassast endringar på marknaden for rekrutteringstenester og anna utvikling. Difor er det viktig å innføre ein styringsmodell som sikrar eigna samråd og deltaking frå dei nasjonale samordningskontora, før endringar av malen vert vedtekne.

TEKE DENNE AVGJERDA:

Artikkel 1

Føremål

Ved denne avgjerda vert det fastsett kva mal som skal nyttast av medlemsstatane når dei skal gjere greie for dei systema for godkjenning av EURES-medlemmer og -partnarar som dei har innført i medhald av artikkel 11 nr. 1 i forordning (EU) 2016/589 (nasjonale godkjenningssystem), framgangsmåtane for endring av malen og ordningane for deling av opplysningar om godkjenningssystema med andre medlemsstatar.

Artikkel 2

Allmenne prinsipp

  • 1. Medlemsstatane skal dele opplysningar om godkjenningssystema sine i samsvar med ein felles mal som er nemnd i artikkel 6, og ajourføre desse opplysningane ved eventuelle endringar.

  • 2. Med omsyn til godkjenningssystema skal kvar medlemsstat syte for at følgjande oppgåver vert utførte:

    • a) Handsaming og vurdering av søknader om å verte EURES-medlemmer eller -partnarar.

    • b) Avgjerder om godkjenning eller avslag på slike søknader og om tilbakekalling av godkjenningar.

    • c) Handsaming av og avgjerder i klagesaker som gjeld dei avgjerdene som er nemnde i bokstav b), og tilbod om klagerett i samband med slike avgjerder.

    • d) Overvaking av etterlevinga til EURES-medlemmene og -partnarane når det gjeld det nasjonale godkjenningssystemet og pliktene i medhald av forordning (EU) 2016/589.

  • 3. Medlemsstatane skal syte for at søkjarane vert godt informerte om korleis søknadene deira vil verte handsama, særleg om utvekslinga av opplysningar med andre medlemsstatar om avgjerder som gjeld godkjenningar, overvaking og tilbakekallingar.

Artikkel 3

Rollene og ansvarsområda til dei nasjonale samordningskontora

I samsvar med artikkel 11 nr. 6 i forordning (EU) 2016/589 har dei nasjonale samordningskontora i dei høvesvise medlemsstatane ansvar for å informere Det europeiske samordningskontoret om det nasjonale godkjenningssystemet og bruken av det, særleg ved å

  • a) leggje fram opplysningar om det nasjonale godkjenningssystemet, medrekna alle gjeldande kriterium og krav, ved å sende inn den utfylte fellesmalen som er nemnd i artikkel 6, og om naudsynt ajourføre han,

  • b) melde frå til Det europeiske samordningskontoret om EURES-medlemmer og -partnarar som er vortne godkjende i samsvar med det nasjonale godkjenningssystemet,

  • c) melde frå til Det europeiske samordningskontoret om avslag på søknader om godkjenning som følgje av manglande etterleving, særleg av nr. 1 i avsnitt 1 i vedlegget til forordning (EU) 2016/589,

  • d) melde frå til Det europeiske samordningskontoret om tilbakekalling av godkjenningar av EURES-medlemmer og -partnarar og grunngjevingane for dette.

Artikkel 4

Rollene og ansvarsområda til Det europeiske samordningskontoret

  • 1. Det europeiske samordningskontoret skal ha ansvar for å støtte utvekslinga av opplysningar mellom medlemsstatane om dei nasjonale godkjenningssystema og måten dei fungerer på, særleg ved å

    • a) opprette og halde ved lag eit særskilt område på ekstranettet til EURES-portalen for å gjere følgjande tilgjengeleg for dei nasjonale samordningskontora:

      • i) Malen som er nemnd i artikkel 6, og andre tilhøyrande opplysningar om utfylling og innsending av malen.

      • ii) Alle opplysningane frå dei nasjonale samordningskontora om godkjenningssystema og bruken av dei i samsvar med forordning (EU) 2016/589 og denne avgjerda, samstundes som det vert teke omsyn til den plikta Det europeiske samordningskontoret har til å sende opplysningane om bruken vidare til andre nasjonale samordningskontor i samsvar med artikkel 11 nr. 6 og 7 i forordning (EU) 2016/589.

      • iii) Eit felles område for utveksling av opplysningar om oppretting og drift av nasjonale godkjenningssystem.

    • b) syte for eventuelle andre verktøy, opplæring og støtte som trengst for å lette utvekslinga av opplysningar og den gjensidige læringa når det gjeld godkjenningssystema,

    • c) jamleg melde frå til samordningsgruppa om korleis utvekslinga av opplysningar fungerer, og, om naudsynt gjere framlegg om endringar av malen og framgangsmåtane.

  • 2. Det europeiske samordningskontoret skal offentleggjere lista over EURES-medlemmer og -partnarar på EURES-portalen etter avtale med dei einskilde nasjonale samordningskontora.

Artikkel 5

Rollene og ansvarsområda til samordningsgruppa

  • 1. Samordningsgruppa skal overvake verksemda til dei nasjonale godkjenningssystema nøye og vere eit forum for utveksling av synspunkt og beste praksis med sikte på å betre verkemåten til systema.

  • 2. Ein gong i året skal samordningsgruppa gjennomgå bruken av denne avgjerda, som skal utgjere samordningsgruppa sitt bidrag til kommisjonsrapportane om verksemd og etterfølgjande vurderingar i samsvar med artikkel 33 og 35 i forordning (EU) 2016/589.

  • 3. Dersom det er behov for å tilpasse eller gjere endringar i det området på ekstranettet som er nemnt i artikkel 4 nr. 1 bokstav a), eller i annan tilhøyrande informasjon og dokumentasjon, skal Det europeiske samordningskontoret rådføre seg med samordningsgruppa før ein ny versjon vert vedteken, i samsvar med artikkel 14 i forordning (EU) 2016/589.

Artikkel 6

Mal

  • 1. Dei nasjonale samordningskontora skal nytte ein elektronisk versjon av den malen som er ført opp i vedlegget, til å gjere greie for dei nasjonale godkjenningssystema, dei gjeldande kriteria og krava og kva organ som er peikte ut til å ta hand om verksemda deira.

  • 2. Den utfylte malen skal sendast til Det europeiske samordningskontoret straks eit nasjonalt godkjenningssystem er vorte oppretta. Dersom det vert gjort endringar i opplysningane som er gjevne, skal det nasjonale samordningskontoret straks fylle ut og sende inn ein ny mal med ajourførte opplysningar.

Artikkel 7

Ikraftsetjing

  • 1. Denne avgjerda tek til å gjelde 20. dagen etter at ho er kunngjord i Tidend for Den europeiske unionen.

  • 2. Det europeiske samordningskontoret skal innan 1. desember 2017 gje dei nasjonale samordningskontora tilgang til den elektroniske versjonen av den malen som er nemnd i vedlegget, alle seinare endringar av malen og alle andre relevante retningslinjer som gjeld ekstranettet til EURES-portalen.

Utferda i Brussel 11. juli 2017.

For Kommisjonen

Jean-Claude Juncker

President

Vedlegg

Mal som dei nasjonale samordningskontora skal nytte til å leggje fram opplysningar om dei nasjonale systema og framgangsmåtane for godkjenning av organisasjonar som EURES-medlemmer og -partnarar

Den elektroniske versjonen av denne malen og alle konsoliderte utgåver som inneheld seinare endringar, er tilgjengeleg for dei nasjonale samordningskontora på ekstranettet til EURES-portalen.

  • I. RETTSGRUNNLAG

    Tilvising til nasjonal rett / nasjonale reglar.

  • II. FRAMGANGSMÅTE FOR Å VELJE UT EURES-MEDLEMMER OG -PARTNARAR

    • 1. Metode

      • a) Gjer greie for den metoden som er nytta til å velje ut EURES-medlemmer og -partnarar:

        • i) Innbyding til interesseteikning (open eller retta mot visse organisasjonar. Dersom svaret er ja, kva organisasjonar og kvifor?)

        • ii) Tildeling av kontraktar

        • iii) Invitasjonar (dersom svaret er ja, kva organisasjonar og kvifor?)

        • iv) Anna

      • b) Gjer greie for korleis offentleggjering vert sikra (vert til dømes meldingar offentleggjorde elektronisk?)

    • 2. Førebygging av interessekonfliktar

      Gjer greie for dei tiltaka som skal hindre interessekonfliktar, i medhald av artikkel 2 nr. 2 i denne avgjerda

    • 3. Tilrettelegging av prosessen fram til godkjenning ligg føre

      • a) Organ med ansvar for handsaming og vurdering av søknader

      • b) Oppgåvene til organet

    • 4. Godkjenningsprosessen/opplysningar til tredjemann

      • a) Organ med ansvar for avgjerder knytte til godkjenning/avslag basert på vurderinga av søknadene

      • b) Oppgåvene til organet

      • c) Perioden frå innlevering av søknad til søkjaren får melding om godkjenning/avslag

      • d) Gjer greie for korleis søkjarane får melding om godkjenning/avslag på søknadene sine

      • e) Gjer greie for korleis offentleggjeringa av dei utvalde EURES-medlemmene og -partnarane vert handtert for å sikre openheit

    • 5. Sikre rettstryggleik

      • a) Ansvarleg organ

      • b) Gjer greie for korleis klager som er knytte til godkjenningssystemet, vert handsama

      • c) Klagerett etter avslag på søknad

    • 6. Godkjenningsperiode

      Er godkjenninga tidsavgrensa? Dersom svaret er ja, kor lenge?

    • 7. Framgangsmåte for fornying av godkjenning

      Gjer greie for framgangsmåten og tidsplanen

    • 8. Søknadsgebyr

      Skal søkjarane betale gebyr? Dersom svaret er ja, korleis vert dei fastsette?

  • III. KRITERIUM FOR GODKJENNING

    • 1. Bruk av minstekriteria i vedlegg I til forordning (EU) 2016/589

    • 2. Eventuelle nasjonale kriterium og grunnar til at dei er naudsynte for føremåla som er fastsette i artikkel 11 nr. 2 i forordning (EU) 2016/589

  • IV. OVERVAKING

    • 1. Ansvarleg organ / Ansvarlege organ

    • 2. Metode (databasert, kontroll og revisjon, stikkprøvekontrollar osv.)

    • 3. Kontrollfrekvens

    • 4. Handsaming av klager som gjeld verksemda til EURES-medlemmer og -partnarar

    • 5. Følgjer av manglande etterleving av krava i godkjenningssystemet og av pliktene i medhald av forordning (EU) 2016/589

  • V. FRAMGANGSMÅTE FOR TILBAKEKALLING AV GODKJENNING

    • 1. Ansvarleg organ

    • 2. Oppgåvene til organet

    • 3. Gjer greie for framgangsmåten og tidsplanen for handsaming av slike saker

    • 4. Klagerett etter tilbakekalling

  • VI. KRITERIUM FOR TILBAKEKALLING AV GODKJENNING

    Oppgje dei nasjonale kriteria for tilbakekalling av godkjenningar

  • VII. LISTE OVER EURES-MEDLEMMER OG -PARTNARAR

    Den ajourførte lista over EURES-medlemmer og -partnarar skal leggjast ved malen når han vert sendt til Det europeiske samordningskontoret.

Fotnoter

1.

TEU L 107 av 22.4.2016, s. 1.

Til forsiden