9 Kommisjonens gjennomføringsavgjerd (EU) 2018/1021 av 18. juli 2018 om vedtaking av dei tekniske standardane og formata som er naudsynte for å gjennomføre automatisert matching gjennom den felles IT-plattforma, ved bruk av den europeiske klassifiseringa og samverknaden mellom nasjonale system og den europeiske klassifiseringa
EUROPAKOMMISJONEN HAR
med tilvising til traktaten om verkemåten til Den europeiske unionen,
med tilvising til europaparlaments- og rådsforordning (EU) 2016/589 av 13. april 2016 om eit europeisk nettverk for arbeidsformidlingar (EURES), tilgang til mobilitetstenester for arbeidstakarar og ytterlegare integrasjon av arbeidsmarknadene, og om endring av forordning (EU) nr. 492/2011 og (EU) nr. 1296/20131, særleg artikkel 19 nr. 6, og
ut frå desse synsmåtane:
1) Ved forordning (EU) 2016/589 vert det innført ei felles IT-plattform som gjer det mogleg å kople saman ledige stillingar med jobbsøknader og CV-ar (arbeidssøkjarprofilar) i EU.
2) For at ledige stillingar skal kunne koplast saman med jobbsøknader og arbeidssøkjarprofilar, må slike opplysningar utvekslast med eit einsarta system, slik det er definert i artikkel 17 i forordning (EU) 2016/589, på grunnlag av felles tekniske standardar og format.
3) For å sikre fleirspråkleg matching av høg kvalitet på den felles IT-plattforma er det i artikkel 19 i forordning (EU) 2016/589 fastsett at det skal nyttast ei europeisk klassifisering av ferdigheiter, kompetansar og yrke.
4) Medlemsstatar som vel å ikkje nytte den europeiske klassifiseringa i dei nasjonale systema sine over ledige stillingar og arbeidssøkjarprofilar som er knytte til éin samordna kanal, i samsvar med artikkel 18 i forordning (EU) 2016/589, må av samverknadsomsyn utføre ei konvertering mellom klassifiseringane som vert nytta i desse systema, og den europeiske klassifiseringa.
5) Det må opprettast register og tabellar som jamleg vert oppdaterte, for at ei konvertering mellom nasjonale, regionale og sektorvise klassifiseringar og den europeiske klassifiseringa skal vere mogleg.
6) Kommisjonen skal, for å lette opprettinga og oppdateringa av slike konverteringsregister og -tabellar og påfølgjande utveksling av opplysningar som byggjer på konverteringa, stille naudsynte tekniske standardar og format til rådvelde og tilby støtte gjennom høvelege tekniske program.
7) Ved å offentleggjere og dele dei nasjonale konverteringstabellane med andre medlemsstatar og Kommisjonen vil medlemsstatane medverke til å utvikle og betre den europeiske klassifiseringa og dei tenestene og verktøya som vert stilte til rådvelde av EURES, til dømes algoritmane før søkje- og matchingmotorar.
8) Dei tiltaka som er fastsette i denne avgjerda, er i samsvar med fråsegna frå EURES-utvalet.
TEKE DENNE AVGJERDA:
Artikkel 1
Mål og verkeområde
I denne avgjerda er det fastsett kva tekniske standardar og format som er naudsynte for å gjennomføre automatisert matching gjennom den felles IT-plattforma, ved bruk av den europeiske klassifiseringa og samverknaden mellom nasjonale system og den europeiske klassifiseringa.
Artikkel 2
Definisjonar
I denne avgjerda tyder
a) «konverteringstabellar» maskinleselege jamføringstabellar som uttrykkjer korleis omgrep i éi klassifisering er knytte til eitt eller fleire omgrep i ei anna klassifisering. Konverteringstabellar vert nytta til automatisk kodekonvertering av opplysningar med sikte på automatisert matching gjennom den felles IT-plattforma,
b) «maskinleseleg» at opplysningar vert framstilte i eit format som kan handsamast av ei datamaskin,
c) «kodekonvertering» prosessen med å konvertere opplysningar frå éi kodeform til ei anna,
d) «syntaks» reglane og prosedyrane for strukturert framstilling av opplysningar,
e) «ESCO-tenesteplattform» den allment tilgjengelege nettstaden der Kommisjonen legg fram den europeiske klassifiseringa av ferdigheiter, kompetansar, kvalifikasjonar og yrke2.
Artikkel 3
Utarbeiding av konverteringstabellar
1. Medlemsstatar som nyttar nasjonale, regionale eller sektorvise klassifiseringar når dei registrerer opplysningar om yrke, ferdigheiter eller kompetansar i nasjonale system for ledige stillingar eller i arbeidssøkjarprofilar som er knytte til éin samordna kanal, slik det er fastsett i artikkel 18 i forordning (EU) 2016/589, skal, for å gjere opplysningane tilgjengelege på EURES-portalen i samsvar med artikkel 17 nr. 1 i forordning (EU) 2016/589, utarbeide og nytte maskinleselege konverteringstabellar mellom kvar av desse nasjonale, regionale og sektorvise klassifiseringane og den europeiske klassifiseringa som er vedteken i medhald av artikkel 19 nr. 2 i forordning (EU) 2016/589.
2. Medlemsstatane skal utarbeide desse tabellane i samsvar med felles tekniske standardar og format som tillèt ei effektiv gjennomføring av automatisert matching gjennom den felles IT-plattforma, slik det er nemnt i artikkel 19 nr. 6 i forordning (EU) 2016/589.
3. Dei tekniske standardane og formata som er nemnde i nr. 2, skal omfatte
a) dei opplysningane som skal inngå i konverteringstabellane,
b) ein syntaks som skal uttrykkje desse opplysningane.
4. Det europeiske samordningskontoret for EURES skal informere om og stille til rådvelde dei tekniske standardane og formata som er nemnde i nr. 2, på ekstranettet til EURES-portalen3.
5. I samsvar med artikkel 19 nr. 5 i forordning (EU) 2016/589 skal Europakommisjonen og Det europeiske samordningskontoret for EURES støtte medlemsstatane i konverteringsarbeidet. Dei skal særleg stille til rådvelde eit dataprogram som kan medverke til å støtte opprettinga og oppdateringa av register og konverteringstabellar.
6. Medlemsstatar som nyttar den europeiske klassifiseringa på nasjonalt plan, i samsvar med artikkel 19 nr. 4 i forordning (EU) 2016/589, treng ikkje å utarbeide konverteringstabellar slik det er gjort greie for i denne avgjerda.
7. I samsvar med framgangsmåtane i artikkel 6 kan Det europeiske samordningskontoret for EURES oppdatere dei tekniske standardane og formata.
Artikkel 4
Samverknad med den felles IT-plattforma gjennom konverteringstabellar
Konverteringstabellane som er nemnde i artikkel 3, skal nyttast til automatisk kodekonvertering av opplysningar om ledige stillingar eller arbeidssøkjarprofilar med sikte på automatisert matching gjennom den felles IT-plattforma. Medlemsstatane skal syte for at kodane i dei nasjonale, regionale og sektorvise klassifiseringane deira for ledige stillingar og arbeidssøkjarprofilar i medhald av artikkel 17 nr. 1 i forordning (EU) 2016/589, vert bytte ut eller utfylte med tilsvarande kodar i den europeiske klassifiseringa ved å nytte konverteringstabellane til kodekonvertering før opplysningane vert gjorde tilgjengelege på EURES-portalen.
Artikkel 5
Offentleggjering av konverteringstabellar
Medlemsstatane skal gjere konverteringstabellane sine tilgjengelege ved å offentleggjere dei på ESCO-tenesteplattforma ved bruk av dei standardane og formata som er fastsette i artikkel 3 nr. 2.
Artikkel 6
Styring og oppdatering av dei tekniske standardane og formata
1. Alle medlemsstatane skal peike ut eit einskilt kontaktpunkt som alle førespurnader, spørsmål og meldingar om bruken av denne avgjerda kan rettast til, og gjennom dei nasjonale EURES-samordningskontora sine gje Det europeiske samordningskontoret for EURES nærmare opplysningar om dette kontaktpunktet.
2. Ein gong i året skal samordningsgruppa for EURES, som er nemnd i artikkel 14 i forordning (EU) 2016/589, gjennomgå bruken av denne avgjerda.
3. Det europeiske samordningskontoret for EURES kan oppdatere dei tekniske standardane og formata som er nemnde i artikkel 3 nr. 2, dersom dette er naudsynt for å oppnå ei effektiv automatisert matching gjennom den felles IT-plattforma.
4. Før ein ny versjon av dei tekniske standardane og formata kan vedtakast og gjerast tilgjengeleg på ekstranettet til EURES-portalen, skal Det europeiske samordningskontoret for EURES formelt rådføre seg med samordningsgruppa for EURES.
Artikkel 7
Ikraftsetjing
Denne avgjerda tek til å gjelde 20. dagen etter at ho er kunngjord i Tidend for Den europeiske unionen.
Utferda i Brussel 18. juli 2018.
For Kommisjonen
Jean-Claude Juncker
President