Prop. 141 LS (2019–2020)

Endringer i lov 14. desember 2012 nr. 81 om gjennomføring i norsk rett av EØS-avtalen vedlegg V punkt 2 (forordning (EU) nr. 492/2011) om fri rørsle av arbeidstakarar innanfor EØS-området (EØS-arbeidstakarlova) og samtykke til godkjenning av EØS-komiteens beslutning nr. 302/2019 om innlemmelse i EØS-avtalen av forordning (EU) nr. 2016/589 om et europeisk nettverk for arbeidsformidling (EURES), tilgang til mobilitetstjenester for arbeidstakere og ytterligere integrasjon av arbeidsmarkedene og syv gjennomføringsbeslutninger

Til innholdsfortegnelse

7 Kommisjonens gjennomføringsavgjerd (EU) 2018/170 av 2. februar 2018 om einsarta detaljerte spesifikasjonar for datainnsamling og -analyse med sikte på overvaking og vurdering av verkemåten til EURES-nettverket

EUROPAKOMMISJONEN HAR

med tilvising til traktaten om verkemåten til Den europeiske unionen,

med tilvising til europaparlaments- og rådsforordning (EU) 2016/589 av 13. april 2016 om eit europeisk nettverk for arbeidsformidlingar (EURES), tilgang til mobilitetstenester for arbeidstakarar og ytterlegare integrasjon av arbeidsmarknadene, og om endring av forordning (EU) nr. 492/2011 og (EU) nr. 1296/20131, særleg artikkel 32 nr. 3, og

ut frå desse synsmåtane:

  • 1) I artikkel 32 nr. 1 i forordning (EU) 2016/589 er det fastsett krav til medlemsstatane om å innføre framgangsmåtar for å samle inn data om EURES-verksemd som vert gjennomført på nasjonalt plan.

  • 2) For at resultata og verksemda til EURES-nettverket skal kunne målast på ein nøyaktig og konsekvent måte må det innførast ei felles ramme for omgrep og framgangsmåtar, og det må definerast indikatorar for og krav til kva data som minst skal samlast inn.

  • 3) Ei slik ramme for omgrep og framgangsmåtar bør vere til hjelp til å vurdere framgangen som vert gjord for å nå måla for EURES-nettverket i medhald av forordning (EU) 2016/589.

  • 4) For å kunne måle resultata til EURES-nettverket på ein utførleg måte og vurdere verkemåten til nettverket best mogleg bør ytterlegare to dimensjonar inngå i ramma i tillegg til dei tre dimensjonane for støttetenester til arbeidstakarar og arbeidsgjevarar som er nemnde i artikkel 32 nr. 1 i forordning (EU) 2016/589, nemleg informasjon og rettleiing, sysselsetjingsresultat og nøgde brukarar. Dei to tilleggsdimensjonane ved EURES-verksemda er tverrgåande støtte, til dømes opplæring, og kommunikasjon, samarbeid og oppsøkjande verksemd, til dømes rekrutteringstilskipingar og tiltak for å sikre open informasjon om arbeidsmarknaden. Ved å ta med desse to tilleggsdimensjonane i systemet for måling av EURES-resultat kan dei ulike krava til opplysningar som er fastsette i forordning (EU) 2016/589, oppfyllast, og systemet for måling av EURES-resultat vert kompatibelt med andre rapporteringssystem som er fastsette i den nemnde forordninga. Dette vil gje ei best mogleg utnytting av dei potensielle føremonene ved EURES-nettverket, samstundes som medlemsstatane vil få redusert rapporteringsbyrda si.

  • 5) For å lette arbeidet med datainnsamling og -analyse og unngå dobbeltarbeid bør ramma byggje vidare på eksisterande praksis i medlemsstatane, særleg praksisen innanfor dei offentlege arbeidsformidlingane.

  • 6) Ramma må vere fleksibel nok til at alternative datakjelder eller innsamlingsmetodar kan nyttast i tilfelle der dei direkte resultata frå særskilde former for verksemd, til dømes rekruttering og arbeidsformidling, kan vere vanskelege å måle på ein direkte måte.

  • 7) All eventuell samverknad med ordningane og framgangsmåtane for årleg planlegging, overvaking og vurdering av verksemda til EURES-nettverket i samsvar med artikkel 31 i forordning (EU) 2016/589, bør utnyttast, særleg ved at det vert teke omsyn til analysen av resultatmålinga i seinare nasjonale arbeidsprogram.

  • 8) Ramma bør gje høve til effektiv forvalting av EURES-verksemda på nasjonalt plan og på unionsplan og medverke til å vurdere når det er behov for strategiske endringar eller driftsendringar. Ho bør fremje utviklinga av ein resultatmålingskultur innanfor EURES-nettverket, der resultatorientering, kostnadseffektivitet og ansvarleg utgiftsføring er viktige faktorar.

  • 9) Ramma bør tene som ei ordning for å samle inn kvantitative og kvalitative data som kan jamførast, med sikte på å måle dei formene for EURES-verksemd som er omfatta, men all analyse og tolking må gjerast med aktsemd og på grunnlag av nasjonale tilhøve, til dømes arbeidsmarknadssituasjonen, organisasjonsstrukturen og den overordna strategien for mobilitet. Difor bør medlemsstatane ha ansvaret for analysen på nasjonalt plan.

  • 10) Dei tiltaka som er fastsette i denne avgjerda, er i samsvar med fråsegna frå EURES-utvalet.

TEKE DENNE AVGJERDA:

Artikkel 1

Føremål, verkeområde og definisjonar

  • 1. Ved denne avgjerda vert det innført einsarta detaljerte spesifikasjonar for datainnsamling og -analyse for å kunne overvake og vurdere verkemåten til EURES-nettverket med eit system for måling av EURES-resultat, ved å definere resultatdimensjonar som skal målast, resultatindikatorar, moglege datakjelder og framgangsmåtar for datainnsamling og -analyse.

  • 2. Systemet for måling av EURES-resultat skal mellom anna nyttast til

    • a) innsamling, deling og felles analyse av dei opplysningane som er nemnde i artikkel 30 i forordning (EU) 2016/589,

    • b) vurdering av ressurstildelingar og prioriteringar i samband med programplanlegginga av EURES-verksemd som er nemnd i artikkel 31 i forordning (EU) 2016/589,

    • c) vurdering av forretningsmodellar og organisering av EURES-nettverket og andre viktige punkt i verksemdsrapportane til EU-institusjonane og i den etterfølgjande vurderingsrapporten, slik det er nemnt i høvesvis artikkel 33 og 35 i forordning (EU) 2016/589.

  • 3. I denne avgjerda tyder

    • a) «resultatdimensjonar» dei følgjande områda av EURES-verksemd som skal målast ved hjelp av indikatorar:

      • 1) Informasjon og rettleiing.

      • 2) Sysselsetjingsresultat.

      • 3) Nøgde brukarar.

      • 4) Kommunikasjon, samarbeid og oppsøkjande verksemd.

      • 5) Tverrgåande støtte.

    • b) «resultatindikatorar» dei følgjande indikatorane som er knytte direkte til EURES-verksemd og samarbeid i nettverket:

      • 1) «grunnleggjande indikatorar», som er knytte til EURES-verksemda som dei einskilde medlemsstatane utfører med omsyn til støttetenester til arbeidstakarar og arbeidsgjevarar, i samsvar med artikkel 32 nr. 1 i forordning (EU) 2016/589,

      • 2) «nettverksindikatorar», som er knytte til den generelle verksemda til EURES-nettverket, medrekna data som krevst i medhald av andre føresegner i forordning (EU) 2016/589, og data som vert samla inn av Det europeiske samordningskontoret,

    • c) «situasjonsavhengige indikatorar» indikatorar som er knytte til arbeidsmarknaden, sysselsetjingspolitikken og organisasjonsstrukturen i EURES, og som kan stamme frå andre kjelder enn dei som EURES rår over,

    • d) «kontakt» all samhandling mellom personalet til EURES-medlemmer og -partnarar og ein brukar (arbeidstakar eller arbeidsgjevar) som gjeld arbeidskraftmobilitet innanfor EU,

    • e) «tilskiping» alle planlagde hendingar som vert arrangerte av eller har deltaking frå EURES-medlemmer eller -partnarar med sikte på å informere om arbeidskraftmobilitet innanfor EU eller å leggje til rette for rekruttering og arbeidsformidling, til dømes jobbmesser, konferansar og informasjonsmøte,

    • f) «formidla jobbar» resultatet av prosessen med å fylle ei ledig stilling, slik det er definert i artikkel 3 nr. 3 i forordning (EU) 2016/589, medrekna tilgang til lærling- og praktikantplassar,

    • g) «jobbsøknad» eitt eller fleire dokument som ein søkjar sender til ein arbeidsgjevar eller ei arbeidsformidlingsteneste som eit ledd i prosessen med å informere ein arbeidsgjevar om at søkjaren er tilgjengeleg og ønskjer tilsetjing på ein viss arbeidsplass eller i ei viss stilling.

Artikkel 2

Allmenne prinsipp

  • 1. Kvar medlemsstat skal innføre ei ordning for å samle inn data som er fastsette i denne avgjerda, frå dei respektive nasjonale EURES-medlemmene og -partnarane og frå alle andre kjelder som kan skaffe til vegar naudsynte data.

  • 2. Data som er samla inn og verifiserte, skal overførast til Det europeiske samordningskontoret ved hjelp av ein felles mal og i samsvar med framgangsmåtane i artikkel 7.

  • 3. Dersom det er føremålstenleg i dei tilfella der data ikkje er lett tilgjengelege, skal medlemsstatane syte for at alternative datakjelder eller innsamlingsmetodar vert nytta og gjorde tilbørleg greie for.

  • 4. Medlemsstatane skal gjere sitt beste for å samarbeide med kvarandre og Kommisjonen for å sikre best mogleg kvalitet på inndata, og skal opplyse om eventuelle dobbeltteljingar, særleg når dei legg fram og analyserer data.

  • 5. Etter datainnsamlinga innanfor ramma av systemet for måling av EURES-resultat, skal det utførast ein årleg dataanalyse av resultata på nasjonalt plan i nært samband med den årlege programplanleggingssyklusen for EURES-verksemd på nasjonalt plan, slik det er fastsett i artikkel 31 i forordning (EU) 2016/589. Systemet for måling av EURES-resultat skal nyttast til å fastsetje resultata av den verksemda som vart planlagd og utført i det føregåande kalenderåret, og som skal analyserast og nyttast når det skal utarbeidast nye nasjonale arbeidsprogram for det neste kalenderåret.

  • 6. Dataanalysen som er nemnd i nr. 5, skal støtte framlegginga av innsamla data ved å gjere greie for dei vilkåra som ligg til grunn for resultata, eventuelle avgrensingar i metoden for datainnsamlinga og eventuelle avgrensingar med omsyn kor godt eigna dei er til å måle den verksemda som faktisk er utført. Kvar medlemsstat skal ha ansvaret for sin eigen dataanalyse og syte for at data vert forståtte og lagde fram i ein relevant nasjonal samanheng.

  • 7. Dataanalysen som er nemnd i nr. 5, skal medverke til ei betre forståing av kva data og resultat som er oppnådde i den aktuelle nasjonale samanhengen. Dataanalysen skal dessutan medverke til å identifisere sterke og svake sider ved EURES-verksemda over tid i den aktuelle medlemsstaten, og dermed vere til støtte for overvaking, vurdering og eventuelt avgjerdstaking som gjeld strategiske endringar og driftsendringar på nasjonalt plan.

  • 8. Kommisjonen skal støtte analyseprosessen til dei einskilde medlemsstatane ved å utarbeide nasjonale data, leggje fram aggregerte EU-data, dele data i EURES-nettverket, spreie data i samsvar med artikkel 8 og rette merksemd mot samverknad og spørsmål av felles interesse.

Artikkel 3

Rollene og ansvarsområda til dei nasjonale samordningskontora

Dei nasjonale samordningskontora i dei respektive medlemsstatane skal ha ansvaret for å

  • a) samle inn data frå EURES-medlemmer og -partnarar, og eventuelt frå andre kjelder,

  • b) sikre at data frå EURES-medlemmene og -partnarane er einsarta og oppfyller dei kvalitetsstandardane som det nasjonale samordningskontoret og EURES-medlemmene og -partnarane som det gjeld, er vortne samde om,

  • c) sende over data som er samla inn og verifiserte, til Det europeiske samordningskontoret i samsvar med artikkel 7, ved hjelp av dei indikatorane som er nemnde i artikkel 9,

  • d) utføre analysen av indikatorane på nasjonalt plan,

  • e) gjere alle naudsynte og høvelege tiltak på grunnlag av analyseresultatet.

Artikkel 4

Rollene og ansvarsområda til Det europeiske samordningskontoret

  • 1. Det europeiske samordningskontoret skal ha ansvaret for å støtte innsamlinga og analysen av dataindikatorar, særleg ved å

    • a) opprette og halde ved lag eit særskilt område på ekstranettet til EURES-portalen for å gjere følgjande tilgjengeleg for dei nasjonale samordningskontora:

      • i) Den elektroniske versjonen av lista over indikatorar og dei moglege datakjeldene som er nemnde i artikkel 9.

      • ii) Den malen for overføring av data som er nemnd i artikkel 2 nr. 2, og andre tilhøyrande opplysningar om utfylling og innsending av malen.

      • iii) Dei verktøya, den dokumentasjonen og dei retningslinjene som er naudsynte for å utveksle og analysere data.

    • b) medverke til at medlemsstatane nyttar artikkel 31 og 32 i forordning (EU) 2016/589 på ein einsarta måte,

    • c) leggje til rette for utveksling av beste praksis,

    • d) identifisere samverknad og område for felles tiltak,

    • e) utarbeide nasjonale data med sikte på å leggje fram aggregerte EU-data,

    • f) leggje fram indikatorar og opplysningar om straumar og mønster i arbeidskraftmobiliteten på europeisk plan i samsvar med artikkel 29 i forordning (EU) 2016/589.

  • 2. Det europeiske samordningskontoret skal dele resultata frå systemet for måling av EURES-resultat i EURES-nettverket og spreie desse opplysningane i samsvar med artikkel 8.

Artikkel 5

Rollene og ansvarsområda til EURES-medlemmer og -partnarar

EURES-medlemmer og -partnarar skal medverke til systemet for måling av EURES-resultat ved å leggje fram verifiserte data om verksemda si innanfor ramma av dei relevante resultatdimensjonane og med dei indikatorane og intervalla som er fastsette av det ansvarlege nasjonale samordningskontoret.

Artikkel 6

Rollene og ansvarsområda til samordningsgruppa

  • 1. Samordningsgruppa skal overvake gjennomføringa av artikkel 32 i forordning (EU) 2016/589 nøye og vere eit forum for utveksling av synspunkt og beste praksis med sikte på å betre verkemåten til systemet for måling av EURES-resultat.

  • 2. Ein gong i året skal samordningsgruppa gjennomgå bruken av denne avgjerda. Denne gjennomgåinga skal utgjere samordningsgruppa sitt bidrag til kommisjonsrapportane om verksemd og etterfølgjande vurderingar i samsvar med artikkel 33 og 35 i forordning (EU) 2016/589.

  • 3. Eventuelle endringar av listene, malane, verktøya, dokumentasjonen og retningslinjene som er nemnde i artikkel 4 nr. 1 bokstav a), skal avtalast med samordningsgruppa før dei kan gjennomførast.

  • 4. Samordningsgruppa skal avgjere korleis resultata av systemet for måling av EURES-resultat skal spreiast.

Artikkel 7

Framgangsmåtar

  • 1. Dersom det ikkje er oppført noko anna i lista over indikatorar, som er nemnd i artikkel 9, skal dei nasjonale samordningskontora to gongar i året sende over data som er samla inn i samsvar med denne avgjerda, til Det europeiske samordningskontoret. Data for tidsrommet januar til juni skal sendast inn i august, og data for tidsrommet frå juli til desember i det føregåande kalenderåret skal sendast inn i februar.

  • 2. Dataanalysen skal utførast årleg i dei tre første månadene i året etter det året datainnsamlinga fann stad. Resultata av analysen skal leggjast fram i samband med rapporteringa om gjennomføringa av den verksemda som er fastsett i det nasjonale arbeidsprogrammet, slik det er nemnt i artikkel 3 i Kommisjonens gjennomføringsavgjerd (EU) 2017/12562.

Artikkel 8

Deling og spreiing av opplysningar

  • 1. Innsamla data og analysane av dei skal gjerast tilgjengelege for dei nasjonale samordningskontora og EURES-medlemmene og -partnarane på eit særskilt område på ekstranettet til EURES-portalen.

  • 2. Det europeiske samordningskontoret skal nytte relevante data frå systemet for måling av EURES-resultat som eit bidrag frå EURES til kommisjonsrapportane om verkemåten til den indre marknaden.

  • 3. Eventuelle andre former for spreiing skal skje i medhald av den spreiingsstrategien som samordningsgruppa har vedteke.

Artikkel 9

Liste over indikatorar

Dei nasjonale samordningskontora skal samle inn, analysere og sende over data til Det europeiske samordningskontoret i samsvar med den lista over indikatorar og dei moglege datakjeldene som er oppførte i vedlegget.

Artikkel 10

Ikraftsetjing

Denne avgjerda tek til å gjelde 20. dagen etter at ho er kunngjord i Tidend for Den europeiske unionen.

Plikta til å leggje fram data i samsvar med denne avgjerda tek til å gjelde frå og med referanseåret 2018.

Utferda i Brussel 2. februar 2018.

For Kommisjonen

Jean-Claude Juncker

President

Vedlegg

Liste over indikatorar som skal nyttast ved levering av data til systemet for måling av EURES-resultat

Den elektroniske versjonen av denne lista og eventuelle konsoliderte utgåver som inneheld seinare endringar, er tilgjengelege for dei nasjonale samordningskontora på ekstranettet til EURES-portalen.

  • I. GRUNNLEGGJANDE INDIKATORAR

    • 1. Mottekne og handsama jobbsøknader

      • Måling: Talet på jobbsøknader frå innanlandske arbeidstakarar og frå arbeidstakarar i andre statar, eventuelt inndelte etter kjønn.

        Denne indikatoren måler talet på jobbsøknader som er mottekne og handsama av personalet til EURES-medlemmer og -partnarar med sikte på å fremje matching og arbeidsformidling for arbeidstakarar innanfor EU.

      • Moglege datakjelder: EURES-medlemmer og -partnarar, undersøkingar, andre administrative data om verksemd, andre administrative eller statistiske data.

      • Resultatdimensjon: Sysselsetjingsresultat.

      • Datainnsamlingsperiode: Kvart halvår.

    • 2. Mottekne og handsama opplysningar om ledige stillingar

      • Måling: Talet på ledige stillingar frå innanlandske arbeidsgjevarar og frå arbeidsgjevarar i andre statar.

        Denne indikatoren måler talet på ledige stillingar som er mottekne og handsama av personalet til EURES-medlemmer og -partnarar med sikte på å fremje matching og arbeidsformidling for arbeidsgjevarar innanfor EU.

      • Moglege datakjelder: EURES-medlemmer og -partnarar, undersøkingar, andre administrative data om verksemd, andre administrative eller statistiske data.

      • Resultatdimensjon: Sysselsetjingsresultat.

      • Datainnsamlingsperiode: Kvart halvår.

    • 3. Formidla jobbar som følgje av rekrutteringsverksemd eller arbeidsformidling

      • Måling: Talet på innanlandske arbeidssøkjarar som har fått jobb i ein annan stat, og utanlandske arbeidssøkjarar som har fått jobb i den aktuelle staten, eventuelt inndelte etter kjønn.

        Denne indikatoren måler resultata av den rekrutteringsverksemda og arbeidsformidlinga som EURES-nettverket utfører, på grunnlag av talet på jobbar som er formidla som følgje av dei støttetenestene som personalet til EURES-medlemmer og -partnarar tilbyr.

        Analysen av denne indikatoren skal utførast i nær tilknyting til dei grunnleggjande indikatorane 1 og 2 med omsyn til talet på ledige stillingar og jobbsøknader som er mottekne og handsama.

        For å unngå mogleg dobbeltteljing bør talet på jobbar som er formidla gjennom målretta tverrnasjonale rekrutteringsprosjekt, rapporterast separat.

      • Moglege datakjelder: EURES-medlemmer og -partnarar, undersøkingar, andre administrative data om verksemd, andre administrative eller statistiske data.

      • Resultatdimensjon: Sysselsetjingsresultat.

      • Datainnsamlingsperiode: Kvart halvår.

    • 4. Informasjon og rettleiing til arbeidstakarar og arbeidsgjevarar

      • Måling:

        • a) Talet på individuelle kontaktar med arbeidstakarar.

        • b) Talet på individuelle kontaktar med arbeidsgjevarar.

      Desse indikatorane måler kor mykje og kva slags samhandling det er med brukarane, og dermed intensiteten i relasjonen mellom personalet til EURES-medlemmer og -partnarar og mellom dei respektive arbeidstakarane og arbeidsgjevarane.

      For arbeidstakarar og arbeidsgjevarar bør talet på individuelle kontaktar delast inn etter opphav og emne: «allmenne opplysningar om EURES», «rekruttering/arbeidsformidling», «levekår og arbeidsvilkår/sosial tryggleik/utdanning og opplæring» eller «verksemd over landegrensene».

      • Moglege datakjelder: EURES-medlemmer og -partnarar, undersøkingar, andre administrative data om verksemd, andre administrative eller statistiske data.

      • Resultatdimensjon: Informasjon og rettleiing.

      • Datainnsamlingsperiode: Kvart halvår.

    • 5. Kor nøgde brukarane er med støttetenestene

      • Måling: Denne indikatoren måler kor nøgde arbeidstakarane og arbeidsgjevarane er med den informasjonen og rettleiinga og dei rekrutterings- og jobbsøkingstenestene som personalet til EURES-medlemmer og -partnarar tilbyr dei.

      • Moglege datakjelder: EURES-medlemmer og -partnarar, andre administrative data om verksemd, undersøkingar frå nasjonale samordningskontor eller frå EURES-medlemmer og -partnarar.

      • Resultatdimensjon: Nøgde brukarar.

      • Datainnsamlingsperiode: Årleg.

  • II. NETTVERKSINDIKATORAR

    • 1. Opplæringsverksemd for personale som arbeider i organisasjonar som deltek i EURES-nettverket

      • Måling:

        • a) Talet på personar som har fått førebuande EURES-opplæring på nasjonalt plan.

        • b) Talet på personar som har fått EURES-opplæring på europeisk plan.

      Desse indikatorane måler læring innanfor EURES-nettverket og innsats for å sikre at personalet har tilstrekkeleg kompetanse. Opplæringsførebuande verksemd omfattar all verksemd som førebur personalet til EURES-medlemmer og -partnarar på å kunne utøve EURES-støttetenester (i samsvar med artikkel 9 nr. 3 i forordning (EU) 2016/589), medan opplæring på europeisk plan omfattar leksjonar og EURES-tilskipingar som vert samordna av Det europeiske samordningskontoret (i samsvar med artikkel 8 nr. 1 i forordning (EU) 2016/589).

      • Moglege datakjelder: Nasjonale samordningskontor for opplæringsførebuande verksemd, Det europeiske samordningskontoret for opplæringsverksemd på europeisk plan.

      • Resultatdimensjon: Tverrgåande støtte.

      • Datainnsamlingsperiode: Kvart halvår.

    • 2. Kor nøgde brukarane er med nettbasert brukarstøtte for EURES-portalen

      • Måling: Denne indikatoren måler kor nøgde brukarane er med måten brukarstøttetenesta handsamar førespurnader om den tekniske drifta av EURES-portalen på, og den generelle kunnskapen deira om EURES-nettverket og EURES-portalen. Brukarar av EURES-portalen omfattar arbeidstakarar, arbeidsgjevarar, nasjonale samordningskontor, EURES-medlemmer og EURES-partnarar.

      • Rettleiande hovuddatakjelde: Det europeiske samordningskontoret.

      • Resultatdimensjon: Tverrgåande støtte / nøgde brukarar.

      • Datainnsamlingsperiode: Årleg.

    • 3. Resultat i sosiale medium

      • Måling: Talet på innlegg, talet på tilhengjarar/følgjarar, rekkjevidd/inntrykk og engasjement per kanal i sosiale medium.

        Desse indikatorane måler i kva grad EURES-nettverket er til stades i sosiale medium og effekten av dei ulike kanalane i sosiale medium.

      • Moglege datakjelder: EURES-medlemmer og -partnarar, Det europeiske samordningskontoret.

      • Resultatdimensjon: Kommunikasjon, samarbeid og oppsøkjande verksemd.

      • Datainnsamlingsperiode: Kvart halvår.

    • 4. Ledige stillingar som vert offentleggjorde og lagde ut på EURES-portalen av EURES-medlemmer og -partnarar

      • Måling:

        • a) Det samla talet på ledige stillingar frå EURES-medlemmer og -partnarar.

        • b) Det samla talet på ledige stillingar som er offentleggjorde av EURES-medlemmer og -partnarar.

        • c) Talet på ledige stillingar som er gjorde tilgjengelege på EURES-portalen gjennom éin samordna kanal.

      Desse indikatorane måler talet på ledige stillingar som EURES-medlemmer og, der det er relevant, EURES-partnarar har gjort tilgjengelege på EURES-portalen, jamført med talet på ledige stillingar som er offentleggjorde, og jamført med talet på ledige stillingar som desse organisasjonane tilbyr. I prinsippet skal alle ledige stillingar som er offentleggjorde, gjerast tilgjengelege. I samsvar med artikkel 17 i forordning (EU) 2016/589 finst det likevel nokre få moglege unntak.

      • Moglege datakjelder: EURES-medlemmer og -partnarar, Det europeiske samordningskontoret, andre administrative eller statistiske data.

      • Resultatdimensjon: Kommunikasjon, samarbeid og oppsøkjande verksemd/sysselsetjingsresultat.

      • Datainnsamlingsperiode: Årleg.

    • 5. Marknadsdelen til EURES-medlemmene og, der det er relevant, EURES-partnarane, av marknaden for ledige stillingar på nasjonalt plan

      • Måling:

        • a) Talet på ledige stillingar som er gjorde tilgjengelege på EURES-portalen gjennom éin samordna kanal.

        • b) Det samla talet på ledige stillingar på medlemsstatsplan.

      Desse indikatorane jamfører talet på ledige stillingar som er gjorde tilgjengelege på EURES-portalen, med det samla talet på ledige stillingar som er tilgjengelege i staten. Dette gjev ein peikepinn om kor stor del av den samla arbeidsmarknaden som EURES dekkjer, og i kva grad EURES medverkar til ein open arbeidsmarknad.

      Desse indikatorane gjeld føresegna i artikkel 9 nr. 2 bokstav c) i forordning (EU) nr. 2016/589.

      • Moglege datakjelder: EURES-medlemmer og -partnarar, Eurostat, Det europeiske samordningskontoret, andre administrative eller statistiske data.

      • Resultatdimensjon: Kommunikasjon, samarbeid og oppsøkjande verksemd / sysselsetjingsresultat.

      • Datainnsamlingsperiode: Årleg.

    • 6. Talet på vitja tilskipingar og på personar som det har lukkast å nå ut til

      • Måling: Desse indikatorane gjev opplysningar om talet på rekrutterings- og informasjonstilskipingar som EURES-medlemmene og -partnarane har vitja, og talet på personar som dei har lukkast å nå ut til gjennom desse tilskipingane.

      • Moglege datakjelder: EURES-medlemmer og -partnarar, andre administrative data om verksemda.

      • Resultatdimensjon: Kommunikasjon, samarbeid og oppsøkjande verksemd.

      • Datainnsamlingsperiode: Kvart halvår.

    • 7. Grad av samhandling med andre statar i nettverket sett under eitt

      • Måling:

        • a) Talet på statar som EURES-medlemmene og -partnarane har samarbeidd med i samband med EURES-rekrutteringsverksemd.

        • b) Talet på gjennomførte samarbeidsprosjekt for rekruttering.

      Desse indikatorane måler graden av samhandling i EURES-nettverket ved hjelp av innsamla opplysningar om førekomsten av tverrnasjonalt samarbeid mellom EURES-medlemmer og -partnarar (talet på rekrutteringsprosjekt med organisasjonar i andre statar).

      • Moglege datakjelder: EURES-medlemmer og -partnarar, programplanleggingssyklus, partnarskap over landegrensene og prosjektdeltakarar i målretta mobilitetsprogram.

      • Resultatdimensjon: Kommunikasjon, samarbeid og oppsøkjande verksemd.

      • Datainnsamlingsperiode: Kvart halvår.

    • 8. Talet på einskilde gjester på EURES-portalen

      • Måling: Denne indikatoren måler talet på einskilde gjester på EURES-portalen og gjev ein peikepinn på kor godt eigna dei nettbaserte verktøya som er tilgjengelege på EURES-portalen, er.

      • Rettleiande hovuddatakjelde: Det europeiske samordningskontoret.

      • Resultatdimensjon: Kommunikasjon, samarbeid og oppsøkjande verksemd.

      • Datainnsamlingsperiode: Kvart halvår.

    • 9. Arbeidssøkjarprofilar som er registrerte i EURES-portalen

      • Måling:

        • a) Talet på arbeidssøkjarprofilar som er registrerte via sjølvhjelpsfunksjonen i EURES-portalen.

        • b) Talet på arbeidssøkjarprofilar som er overførte til EURES-portalen gjennom éin samordna kanal.

      Desse indikatorane måler talet på arbeidstakarar som aktivt har valt å opprette ein profil direkte på EURES-portalen ved hjelp av sjølvhjelpsfunksjonen i portalen, eller som har gjeve samtykke til å gjere profilopplysningane sine tilgjengelege på nasjonale portalar eller i andre IT-system i samsvar med artikkel 17 nr. 1 og 3 i forordning (EU) 2016/589. Talet på aktive profilar gjev ein peikepinn om kor godt eigna EURES-portalen er som eit matching-/arbeidsformidlingsverktøy, og om etterspurnaden etter EURES-støttetenester blant arbeidstakarane.

      • Rettleiande hovuddatakjelde: Det europeiske samordningskontoret.

      • Resultatdimensjon: Kommunikasjon, samarbeid og oppsøkjande verksemd.

      • Datainnsamlingsperiode: Kvart halvår.

    • 10. Arbeidsgjevarar som er registrerte på EURES-portalen

      • Måling: Denne indikatoren måler talet på arbeidsgjevarar som nyttar sjølvhjelpsfunksjonen på EURES-portalen. Indikatoren gjev ein peikepinn om etterspurnaden etter arbeidskraft som potensielt kan dekkjast gjennom arbeidskraftmobiliteten innanfor EU, og kor nøgde brukarane er med funksjonane og informasjonen på EURES-portalen.

      • Rettleiande hovuddatakjelde: Det europeiske samordningskontoret.

      • Resultatdimensjon: Kommunikasjon, samarbeid og oppsøkjande verksemd.

      • Datainnsamlingsperiode: Kvart halvår.

    • 11. Kor nøgde brukarane er med funksjonane og informasjonen på EURES-portalen

      • Måling: Denne indikatoren måler kor nøgde arbeidstakarane og arbeidsgjevarane er på ulike tidspunkt når dei nyttar EURES-portalen.

      • Rettleiande hovuddatakjelde: Det europeiske samordningskontoret.

      • Resultatdimensjon: Kommunikasjon, samarbeid og oppsøkjande verksemd / nøgde brukarar.

      • Datainnsamlingsperiode: Årleg.

Fotnoter

1.

TEU L 107 av 22.4.2016, s. 1.

2.

Kommisjonens gjennomføringsavgjerd (EU) 2017/1256 av 11. juli 2017 om malar og framgangsmåtar for utveksling av opplysningar på unionsplan om dei nasjonale arbeidsprogramma til EURES-nettverket (TEU L 179 av 12.7.2017, s. 24).

Til forsiden