8 Kommisjonens gjennomføringsavgjerd (EU) 2018/1020 av 18. juli 2018 om vedtaking og ajourføring av lista over ferdigheiter, kompetansar og yrke i den europeiske klassifiseringa til bruk ved automatisert matching gjennom den felles IT-plattforma for EURES
EUROPAKOMMISJONEN HAR
med tilvising til traktaten om verkemåten til Den europeiske unionen,
med tilvising til europaparlaments- og rådsforordning (EU) 2016/589 av 13. april 2016 om eit europeisk nettverk for arbeidsformidlingar (EURES), tilgang til mobilitetstenester for arbeidstakarar og ytterlegare integrasjon av arbeidsmarknadene, og om endring av forordning (EU) nr. 492/2011 og (EU) nr. 1296/20131, særleg artikkel 19 nr. 2, og
ut frå desse synsmåtane:
1) Ved forordning (EU) 2016/589 vert det innført ei felles IT-plattform som gjer det mogleg å kople saman ledige stillingar med jobbsøknader og CV-ar (arbeidssøkjarprofilar) i EU og gjere dei tilgjengelege på EURES-portalen.
2) For at ledige stillingar skal kunne koplast saman med arbeidssøkjarprofilar, må opplysningane utvekslast med eit einsarta system, slik det er definert i artikkel 17 i forordning (EU) 2016/589, på grunnlag av felles tekniske standardar og format.
3) For å lette utvekslinga av opplysningar om ledige stillingar og arbeidssøkjarprofilar og sikre matching av høg kvalitet på ulike språk og i ulike nasjonale samanhengar, bør det nyttast ein detaljert, fleirspråkleg terminologi til å gjere greie for yrke, ferdigheiter og kompetansar. Slik terminologi skal tene som eit felles referansepunkt ved utveksling av opplysningar om kandidatar eller om ledige stillingar ved tverrnasjonal jobbmatching, og skal syte for at meiningsinnhaldet i opplysningane ikkje går tapt.
4) Artikkel 19 i forordning (EU) 2016/589 inneheld difor føresegner om bruk av ei europeisk klassifisering for å nå den graden av samverknad som er naudsynt for å sikre matching av høg kvalitet gjennom den felles IT-plattforma.
5) For dette føremålet har Kommisjonen samarbeidd tett med medlemsstatane og interessepartar om å utarbeide den europeiske klassifiseringa av ferdigheiter, kompetansar, kvalifikasjonar og yrke (ESCO). Kommisjonen har oppnemnt ei ESCO-arbeidsgruppe for medlemsstatane for å sikre eit tett samarbeid med desse statane. I tillegg har Kommisjonen oppnemnt vedlikehaldsutvalet for ESCO, som gjev tekniske råd om forvalting, ajourføring, gjennomføring og kvalitetstrygging av ESCO. Interessepartane har òg medverka til å utvikle ESCO gjennom referansegrupper og internettbaserte samråd.
6) Kommisjonen har rådført seg med ESCO-arbeidsgruppa for medlemsstatane om ESCO-klassifiseringa og om omsetjingane av desse før den første versjonen av ESCO vart offentleggjort på alle dei offisielle EU-språka 28. juli 2017.
7) Den fleirspråklege lista over ferdigheiter, kompetansar og yrke i den første versjonen av ESCO bør difor vedtakast som europeisk klassifisering slik det er fastsett i artikkel 19 i forordning (EU) 2016/589.
8) For kvart yrke, kvar ferdigheit eller kvar kompetanse bør desse listene som eit minstekrav innehalde éi nemning på kvart offisielle EU-språk, ein eintydig identifikator (URI), ei forklaring og, med omsyn til yrke, ei konvertering til ein oppdatert versjon av den internasjonale standarden for yrkesgruppering (ISCO).
9) Den europeiske klassifiseringa bør utgjere eit stabilt referansepunkt for EURES og moglegvis andre jobbplattformer når det gjeld fleirspråkleg matching på nett, men utviklinga på arbeidsmarknaden, innanfor terminologi og matchingteknologi vil gjere det naudsynt med jamlege ajourføringar. Framgangsmåten for å vedta ein ajourført versjon av den europeiske klassifiseringa skal byggje på eit godt samarbeid mellom Kommisjonen og medlemsstatane.
10) Dei tiltaka som er fastsette i denne avgjerda, er i samsvar med fråsegna frå EURES-utvalet.
TEKE DENNE AVGJERDA:
Artikkel 1
Føremål, verkeområde og definisjonar
1. Ved denne avgjerda vert det fastsett ei liste over ferdigheiter, kompetansar og yrke for den europeiske klassifiseringa som skal nyttast på den felles IT-plattforma for EURES, slik det er fastsett i artikkel 19 i forordning (EU) 2016/589, saman med framgangsmåtar for ajourføring og gjennomgåing av lista.
2. I denne avgjerda tyder
a) «ferdigheiter og kompetansar»
1) «kunnskap» som resultatet av informasjon som er tileigna gjennom læring, og som utgjer eit sett med fakta, prinsipp, teoriar og praksis som er knytt til eit arbeidsområde eller studiefelt,
2) «ferdigheiter» som evna til å kunne nytte kunnskap og røynsler til å utføre oppgåver og løyse problem,
3) «kompetansar» som den dokumenterte evna til å nytte kunnskap, ferdigheiter og personlege, sosiale og/eller metodiske evner i arbeids- eller studiesituasjonar og i fagleg og personleg utvikling,
b) «yrke» ei gruppe stillingar med tilnærma like arbeidsoppgåver og med krav om tilnærma like ferdigheiter, medan «arbeid» tyder eit sett med arbeidsoppgåver og ansvarsområde som vert utførte av éin person i ein viss arbeidsrelatert samanheng,
c) «liste» ei opprekning av eintydige identifikatorar som representerer yrke eller ferdigheiter og kompetansar, saman med metadata,
d) «mindre korreksjonar» endringar av dei vedtekne listene over ferdigheiter, kompetansar og yrke i den europeiske klassifiseringa for å rette omsetjings- eller stavefeil og andre innlysande feil som verken endrar måten klassifiseringa er bygd opp på eller meininga med uttrykka, eller anna innhald,
e) «ESCO-tenesteplattform» den allment tilgjengelege nettstaden der Kommisjonen legg fram den europeiske klassifiseringa av ferdigheiter, kompetansar, kvalifikasjonar og yrke2.
Artikkel 2
Oppretting av lista
Lista over ferdigheiter, kompetansar og yrke i den europeiske klassifiseringa som er nemnd i artikkel 19 nr. 2 i forordning (EU) 2016/589, skal omfatte følgjande:
a) Yrke som er offentleggjorde 28. juli 2017 på ESCO-tenesteplattforma som ein del av den europeiske klassifiseringa av ferdigheiter, kompetansar, kvalifikasjonar og yrke.
b) Ferdigheiter og kompetansar som er offentleggjorde 28. juli 2017 på ESCO-tenesteplattforma som ein del av den europeiske klassifiseringa av ferdigheiter, kompetansar, kvalifikasjonar og yrke.
Artikkel 3
Ajourføring av lista
1. For å spegle endringar på arbeidsmarknaden, innanfor utdanning og opplæring eller når det gjeld terminologi, skal Kommisjonen, saman med medlemsstatane, jamleg gjennomgå behovet for å ajourføre listene over ferdigheiter, kompetansar og yrke i den europeiske klassifiseringa som skal nyttast på EURES-portalen.
2. Før det vert gjort framlegg om å vedta ein ajourført versjon av lista over yrke, ferdigheiter og kompetansar i den europeiske klassifiseringa som er nemnd i artikkel 2, ved å endre eller byte ut denne avgjerda, skal Kommisjonen rådføre seg med samordningsgruppa for EURES, som er nemnd i artikkel 14 i forordning (EU) 2016/589, og med ESCO-arbeidsgruppa for medlemsstatane.
3. Mindre korreksjonar av lista skal ikkje reknast som vedtaking av nye ajourførte versjonar av klassifiseringa. Kommisjonen skal likevel melde frå til medlemsstatane gjennom samordningsgruppa for EURES og ESCO-arbeidsgruppa for medlemsstatane i god tid og minst 30 dagar før han gjer slike mindre korreksjonar.
Artikkel 4
Offentleggjering av lista
1. Det europeiske samordningskontoret for EURES skal syte for at lista over yrke, ferdigheiter og kompetansar i den europeiske klassifiseringa, og eventuelle ajourførte versjonar av lista, vert gjorde tilgjengelege på ESCO-tenesteplattforma på internett.
2. Det europeiske samordningskontoret for EURES skal òg gjere lista tilgjengeleg for medlemsstatane i eit format som lettar arbeidet deira med å opprette og ajourføre registeret i samsvar med artikkel 19 nr. 3 i forordning (EU) 2016/589.
Artikkel 5
Ikraftsetjing
Denne avgjerda tek til å gjelde 20. dagen etter at ho er kunngjord i Tidend for Den europeiske unionen.
Utferda i Brussel 18. juli 2018.
For Kommisjonen
Jean-Claude Juncker
President