St.meld. nr. 28 (2008-2009)

Om samarbeidet i Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OSSE) i 2008

Til innhaldsliste

6 Vedtak nr. 5/08. Styrking av strafferettslege reaksjonar på menneskehandel gjennom ei brei tilnærming

Ministerrådet,

som framhevar at det er svært uroleg over at menneskehandel framleis er utbreidd i OSSE-området,

som tek omsyn til at menneskehandel er eit alvorleg og avskyeleg lovbrot som krenkjer menneskeverdet og undergrev menneskerettane og grunnleggjande fridomar, og som organiserte kriminelle nettverk lever av,

som tek Europarådets konvensjon om tiltak mot menneskehandel til etterretning,

som stadfestar alle OSSE sine skyldnader til å nedkjempe menneskehandel, med særleg vekt på OSSEs handlingsplan mot menneskehandel, medrekna tillegget om å vareta barns særlege trong for vern og hjelp som offer for menneskehandel (OSSE-handlingsplanen) og trongen for gjennomføring av desse,

som tek opp att at spesialrepresentanten og samordnaren for nedkjemping av menneskehandel (spesialrepresentanten) spelar ei viktig rolle når det gjeld å hjelpe deltakarstatane med å gjennomføre OSSE-skyldnadene når det gjeld nedkjemping av menneskehandel,

som tek opp att at det er uroleg over at, trass i langvarige tiltak på internasjonalt, regionalt og nasjonalt plan, er talet på offer for menneskehandel som har vorte identifiserte og hjelpte framleis lite, og få menneskehandlarar har vorte stilte for retten,

som erkjenner at å gje offer for menneskehandel tilstrekkeleg vern og hjelp og å identifisere fleire offer er føresetnader for ein høveleg strafferettsleg reaksjon, medrekna straffeforfølging av menneskehandlarar og deira medskuldige, på menneskehandel,

som tek opp att at skyldnaden til å nedkjempe denne forma for kriminalitet like mykje gjeld opphavs-, transitt- og mottakarland,

som stadfestar at vi støttar tiltak som deltakarstatane i samarbeid med internasjonale og regionale organisasjonar, ikkje-statlege organisasjonar og andre relevante organ har gjort når det gjeld å vurdere ei omfattande, samordna og integrert tilnærming til nedkjemping av menneskehandel, som omfattar mellom anna tiltak for å førebyggje menneskehandel og for å verne og hjelpe offer, med full respekt for menneskerettane deira, og for å straffeforfølgje menneskehandlarar, samt til nedkjemping av aktivitetane til grenseoverskridande kriminelle organisasjonar og andre som tener på menneskehandelen,

som merkar seg OSSE-konferansen om vellukka straffeforfølging av menneskehandel: utfordringar og god praksis, som vart halden i Helsingfors 10. og 11. september 2008,

som er fast bestemt på å fremje effektive strafferettslege reaksjonar på menneskehandel,

  1. oppmodar dei deltakarstatane som enno ikkje har gjort det, til å sikre at alle former for menneskehandel, slik dette omgrepet er definert i OSSE-handlingsplanen, er straffbare i den nasjonale lovgjevinga, og at gjerningsmennene bak menneskehandel ikkje går straffrie,

  2. oppmodar deltakarstatane til å sikre at opplæringa i nedkjemping av menneskehandel er med i pensum for rettshandhevingspersonell, og at det vert gjeve spesialopplæring i nedkjemping av menneskehandel for aktuelle tenestemenn i dei nasjonale påtalemaktene og domstolane. Kvar deltakarstat skal ta omsyn til politikk og følgjer med omsyn til menneskehandel når militært og sivilt personell vert sendt utanlands,

  3. ber innstendig deltakarstatane om å sikre at rettshandhevingsorgan og eventuelt domstolane samarbeider med kvarandre og med andre organ, medrekna sosialtenestene, og, der det høver, med relevante organisasjonar i sivilsamfunnet for å lette identifiseringa av offer for menneskehandel,

  4. oppmodar deltakarstatane der det høver, og der det finst heimel for det i lovene deira, til å sikre at organisasjonar i sivilsamfunnet som arbeider med å verne rettane til offer for menneskehandel, kan gje hjelp og støtte til offer også i straffesaker, og, i denne samanhengen, å vurdere å opprette samarbeid mellom rettshandhevingsorgan og organisasjonar i sivilsamfunnet,

  5. oppmodar deltakarstatane til å sikre, når styresmaktene har rimeleg grunn til å tru at ein person er offer for menneskehandel, at vedkomande ikkje vert utvist før identifiseringsprosessen er tilstrekkeleg fullført, og vedkomande har fått høveleg hjelp, medrekna, dersom det krevst etter nasjonal lovgjeving, ein høveleg rekonvalesens- og refleksjonsperiode då vedkommande ikkje skal utvisast,

  6. oppmodar deltakarstatane til å sikre at offer for menneskehandel har tilgang utan ugrunna opphald til ein trygg stad å bu, psykologisk og medisinsk hjelp og rådgjeving om deira juridiske rettar og tilgjengelege tenester,

  7. oppmodar dei deltakarstatane som enno ikkje har gjort det, til å sørgje for særlege verne- og hjelpetiltak for barn som er offer for menneskehandel, gjennom heile straffesaka, i samsvar med prinsippa om kva som er best for barnet, ikkje-diskriminering, deltaking og at barnet kan verte høyrd,

  8. ber innstendig dei deltakarstatane som enno ikkje har gjort det, om å sikre at etterforsking av eller straffeforfølging i samband med menneskehandel ikkje er avhengig av at eit offer har meldt saka eller sett fram klage,

  9. oppmodar deltakarstatane til å halde fram arbeidet med å sikre at offer for menneskehandel vert handsama på ein måte som gjer at alle får fullt utbyte av menneskerettane utan å verte utsett for trugsmål eller trakassering, og å erkjenne at offer treng tilstrekkeleg tid til å kome seg etter traume,

  10. oppmodar deltakarstatane til å gjere tiltak i samsvar med deira respektive lover slik at offer for menneskehandel kan verte tilkjende ei rettferdig og høveleg skadebot for skade som dei har lidd, og kan krevje skadebot i straffesaker og/eller sivilsaker,

  11. manar nasjonale rettshandhevings- og straffeforfølgingsorgan til å samarbeide meir med relevante internasjonale organ, mellom andre Interpol og Europol, og med rettshandhevingsorgana i andre deltakarstatar, til dømes ved bruk av kontaktpersonar eller felles etterforskingslag, der dette vil gjere strafferettslege reaksjonar meir effektive,

  12. ber innstendig deltakarstatane om å intensivere tiltak for å sprenge menneskehandelsnettverk, mellom anna ved økonomisk etterforsking, etterforsking av kvitvasking av pengar i samband med menneskehandel og frysing eller inndraging av midlane til menneskehandlarar,

  13. pålegg spesialrepresentanten, innanfor ramma av dei føreliggjande ressursane og som ein del av den regelmessige rapporteringa til Det faste rådet, å tilrå, i samarbeid med deltakarstatane, måtar å gjere strafferettslege reaksjonar på menneskehandel endå betre på.

Til forsida